Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna:

Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

11. Oppsummering og konklusjon

11.1. Grunnlaget for samisk yrkesopplæring

Grunnlaget for samisk opplæring er at samane som eige folk og urfolk på Nordkalotten har ein eigen kultur, eit eige språk, eigne kunnskapstradisjonar og eit eige kunnskapsbehov i forhold til næringsutvikling og samfunnsbygging i sine område. Ei opplæring ut frå standardiserte nasjonale læreplanar kan ikkje tilfredsstille samane sine opplæringsbehov. Samane sin rett til eiga opplæring er fastslått i internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert. Sentrale styringsdokument som Opplæringslova og generell læreplan har og slått fast at ei samisk opplæring er avgjørande for bevaring og vidareutvikling av samisk kultur og utvikling av samisk identitet. Innafor grunnskolen og høgskolen har ein langt på veg lagt dette til grunn. Derimot har vidaregåande opplæring for samar i langt mindre grad blitt bygd på samisk språk og kultur, noko som er grundig dokumentert i evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94.

Målet om styrking av elevane sin samiske identitet gjeld i like stor grad for elevar på landsomfattande yrkesfag, som for elevar på allmennfag og på særlige samiske linjer. Opplæringa i yrkesfag skal samtidig, for samiske såvel som for norske elevar, bygge opp ein yrkesidentitet. Skal skolen for samiske yrkesfagelevar kunne kunne oppfylle målet om utvikling av både samisk identitet og yrkesidentitet, må også yrkesfaga ha ei samisk vinkling, både ut frå samiske tradisjonar og dagens næringsliv i samiske område.

11.2. Kjelder til samisk kunnskap

Eg har i denne oppgåva dokumentert at det finst ein samisk kunnskap innafor kvart av dei fire yrkesfaga som i dag finst i samiske vidaregåande skolar, men der læreplanane i dag ikkje har noko samisk innhald. Eg har og vist kva slags kjelder som finst til denne kunnskapen.

11.2.1. Skriftlige kjelder

For mekaniske fag finst det i dag svært få skriftlige kjelder. For dei andre tre faga finst det ei rekke skriftlige kjelder. Relativt lite av dette er til sals i bokhandlar, ein vil vere avhengig av bibliotek, ofte Samisk spesialbibliotek.

Det er behov for både å samle kunnskapen i oppslagsverk og å lage lærebøker eller emnehefte til bruk for lærarar og elevar. Dette bør komme både på samisk og norsk. Dei skriftlige kjeldene som finst er i all hovudsak trykte. Det er svært lite tilgjengelig

i digitalisert form. Det finst nokre ganske få relevante sider på internett og så vidt eg veit enno ikkje noko relevant stoff på CD-ROM. Ved framtidig læremiddelutvikling bør desse media og bli tatt i bruk.

11.2.2. Film/video

Film og video er i svært liten grad utnytta som medium til å dokumentere og formidle samisk kunnskap i yrkesfag, sjøl om det finst nokre få filmar som med fordel kan brukast i skolen.

11.2.3. Museum

Dei musea eg har besøkt viser at det der finst ganske mye dokumentasjon på tidligare tiders samiske kunnskap i form av bruksgjenstandar, reiskap og verktøy. Det gjeld særlig for byggfag og mekaniske fag. Dette kan utnyttas i undervisninga gjennom museumsbesøk og i læremiddelproduksjon. Særlig for mekaniske fag er det viktig å arbeide vidare med registrering av gjenstandar i musea, med sikte på å utvikle meir skriftlig materiell.

11.2.4. Munnlige kjelder

Det er mange samiske fagfolk, med eller utan formell utdanning, som har stor kunnskap om samisk tradisjon på desse områda. Denne kunnskapen kan ein nytte i undervisninga, gjennom gjesteførelesarar og instruktørar og ved at elevar blir utplasserte i bedriftar og hos folk som jobbar for seg sjølve. Det kan og gjørast gjennom at elevar og lærarar intervjuar fagfolk om arbeidsprosessar, tar bilete, film og bandopptak, som så igjen kan nyttast til å lage læremiddel for andre elevar. Innsamling / avfotografering av gamle arbeidsreiskapar har i fleire tilfelle blitt brukt i grunnskolen, og kan og i større grad nyttast i vidaregåande skole. I nokre tilfelle har dette arbeidet ført til meir permanente utstillingar på skolen eller i lokalsamfunnet, til artiklar i aviser og tidsskrift234 eller til emnehefte som seinare kan brukast i undervisninga.235

11.3. Svar på problemstillingane

I kapittel 2.1. stilte eg ei hovudproblemstilling og ei rekke delproblemstillingar. Eg vil no ta oppsummeringa i omvendt rekkefølge, i det eg går gjennom kvar av delproblemstillingane, som eit grunnlag for å kunne svare på hovudproblemstillinga til slutt. I konklusjonane på kvart kapittel har eg langt på veg svara på kvar delproblemstilling. Eg vil derfor her gi eit samandrag av det som er behandla i kaptttel 3-6. I kapitla 7-10 er konklusjonane bare gitt for kvart fag. Eg oppsummerer dette her, samtidig som eg trekker ut det som er felles for faga og det som skiljer.

* Gir internasjonale konvensjonar og norsk lovverk føringar for samisk opplæring som tilseier endringar i dagens praksis? (kap. 3)
Internasjonale konvensjonar og norsk lovverk legg sterke føringar både for at alle elevar i landet skal få opplæring om samisk kultur og samiske samfunnsforhold og for at samane har rett til ei eiga opplæring, der samisk språk, kultur og kunnskap er sentrale element, samtidig som opplæringa skal gi dei grunnlag for å delta i storsamfunnet.
Dagens samiske vidaregåande opplæring har i liten grad eit samisk innhald. Det er eit gjennomgåande ønske frå lærarar om å styrke det samiske innhaldet. Læreplanane bør endrast gjennom at samiske emne i større grad blir tatt inn i dei nasjonale læreplanane og at det blir utarbeida eigne samiske læreplanar og/eller metodiske rettleiingar.

* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet? (kap. 4)
Vilkår for at skolen samtidig kan bidra til å styrke yrkesidentitet og samisk identitet er på eine sida at yrkesopplæringa knyter seg til samiske tradisjonar innafor fagfeltet og på andre sida at opplæring i samisk kultur og språk blir knytta til elevane sin situasjon og knytta saman med den yrkesfaglige opplæringa.

* Kva kjenneteiknar samisk kunnskap? Kva nytte kan ein ha av samisk kunnskap i skolen? (kap.5)
Med samisk kunnskap meiner eg den kunnskapen som har vore eller er i bruk i samiske område og som samar meiner at høyrer til eller er typisk for samfunnet deira. Dette omfattar både tradisjonell praktiske kunnskap, praktisk kunnskap for det moderne samiske samfunnet og teoretisk kunnskap om samisk språk, historie, kultur og samfunn.
Den tradisjonelle samiske kunnskapen kan vere ei viktig motvekt mot den einsidige teknologiske og økonomiske tenkinga som dominerer samfunnet i dag, og bl.a. lære oss noko om korleis ein kan utnytte naturen utan å forbruke han. Samisk kunnskap i skolen kan bidra til å gi framtidige generasjonar eit grunnlag for meir fornuftig forvaltning av bruken av naturressursane. I tillegg vil samisk kunnskap i skolen kunne styrke motivasjon for læring, styrke samisk identitet og gi grunnlag for etablering av arbeidsplassar, samt auke majoritetsbefolkninga si forståing for samane sin situasjon og urfolk og minoritetar generelt.

* Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring? (kap.6)
Etter som læreplanar er "speilbilde av det samfunnet ser på som verdifullt, nyttig, ønskelig og passende" seier dei mye om samfunnet sitt syn på urfolk og andre minoritetar, og på den særeigne kunnskapen deira. I eit utdanningssystem som er bygd på læreplanar er eit av hovudvilkåra for å sikre opplæring om samiske spørsmål at dette er spesifikt oppgitt i læreplanen. Lokalt læreplanarbeid og yrkessentrerte læreplanar er to prinsipp som vil kunne gi betre vilkår for samisk opplæring enn dagens målstyrte og sentralstyrte læreplanar. I Reform 94 er læreplanane for dei yrkesfaglige grunnkursa bygd opp på forskjellig vis. Nokre læreplanar verkar i stor grad som hinder for samisk opplæring, mens andre gir betre rom.
I Noreg er læreplanverket for grunnskolen basert på tre prinsipp som så langt ikkje har slått gjennom i vidaregåande opplæring:

• Samiske emne i alle nasjonale læreplanar.
• Eigne samiske læreplanar i dei fleste fag.
• Ein eigen fellesdel for samisk opplæring.

Eit hovudvilkår for å styrke samisk kunnskap i skolen er at desse prinsippa og blir lagt til grunn for vidaregåande opplæring. Utgangspunktet mitt er at det bør vere eigne samiske læreplanar når det finst ein eigen samisk kunnskap i faget og det samiske samfunnet har behov for at denne kunnskapen blir formidla gjennom skolen.

* Kva for særeigen samisk kunnskap og særeige samisk nærings- og arbeidsliv finst det i tilknytning til kvar av desse studieretningane:

- hotell- og næringsmiddelfag (kap.7)
Det finst ein rik samisk tradisjon i sanking av lokale råvarer, oppbevaring og tilreiing av matrettar.
Det finst nokre mindre bedrifter innafor hotell- og restaurantnæringa og nokre næringsmiddelindustribedrifter som nyttar samisk mattradisjon, men dei fleste bedrifter i samiske området gjør dette i ganske liten grad. Her er derfor eit stort potensiale for større utnytting av lokale råvarer og samiske oppskrifter.
- helse- og sosialfag (kap. 8)
Det er ein rik samisk folkemedisintradisjon. Denne er tildels særeigen, til dels er det folkemedisinråd som og har vore kjent av nabofolka, men som samane har bevart i større grad.
Ved helseinstitusjonar og sosiale institusjonar med samiske pasientar/klientar er det stort behov for at personalet har god kjennskap til samisk språk og kultur, slik at dei kan gi ei rett behandling.

- byggfag (kap. 9)
Det er ein lang samisk byggetradisjon, i første rekke i form av gammer og stabbur av forskjellige slag. Her er stor grad av geografisk variasjon. Det er og særtrekk for samiske områder i materialbruk og planløysingar for trehus.
I nyare tid er samiske byggetradisjonar tatt i bruk i moderne bygg, i første rekke større bygg som hotell, kyrkjer og kulturhus. Samtidig er det kome ein ny marknad for bygging av tradisjonelle gammer og stabbur for skolar, barnehagar og museer.

- mekaniske fag (kap. 10)
Det finst ein fleire hundre år gamal smedtradisjon blant samar, og ein har tildels laga gjenstandar som er særlig knytta til samisk næring og levemåte. Denne tradisjonen er langt på veg utdøydd, men delar av den føras vidare i produksjonen av sameknivar.
Innafor mekaniske fag er dagens næringsliv i samiske område prega av bruk, vedlikehald og reparasjon av terrengkjøretøy og andre småmaskinar.

Eg vil så samanfatte dette for alle fire faga som heilskap:
I denne oppgåva har eg dokumentert at alle desse fire faga har ein tradisjon i samiske miljø, som i større eller mindre grad skil seg ut frå det som er vanlig i norskdominerte miljø. Denne tradisjonen omfattar større eller mindre del av fagområdet. Noko av denne kunnskapen kan seiast å vere særeigen samisk, anna er tradisjonell kunnskap som har vore brukt av samar, men som og har vore kjent blant andre folkeslag. For alle fire faga gjeld og at det er særeigne forhold i dagens arbeids- og næringsliv og/eller mogleg å utnytte samisk kunnskap i næringsutvikling. Bruk av denne kunnskapen i skolen vil kunne gjøre opplæringa meir relevant for elevane, foreldra og lokalsamfunna.

* Tilseier dette i såfall at det bør gjøras endringar i læreplanverket som ligg til grunn for samisk vidaregåande opplæring innafor dei nemnde yrkesfaga?
Dei internasjonale og nasjonale overordna retningslinjene for urfolksopplæring tilseier at samane har rett til ei eiga opplæring med utgangspunkt i tradisjonane og behova deira. Undersøkinga mi av samisk kunnskap og næringsliv på desse fagområda syner at det er eit grunnlag for eiga opplæring. Ei slik opplæring kan organiserast på mange vis, innafor eller utafor det nasjonale skolesystemet. Innafor dagens vidaregåande opplæring i Noreg er læreplansystemet bygd opp slik at dette vanskelig kan gjørast på ein tilfredstillande måte utan at det blir utarbeida eigne samiske læreplanar. Diskusjonen om samiske læreplanar har så langt mest konsentrert seg om allmenne fag og særeigne samiske fag som reindrift og duodji. Gjennom denne oppgåva har eg dokumentert at innføring av samiske læreplanar og er aktuelt for fleire yrkesfag som til no har vore underviste etter nasjonale læreplanar.

Samiske læreplanar i yrkesfag må utarbeidast ut i frå ein kombinasjon av samisk tradisjon innafor faget og dagens og morgondagens arbeidsliv innafor kvart fagområde. Skolen vil gjennom å kombinere tradisjon og dagens næringsliv kunne bidra til både kulturbevaring, kulturutvikling og næringsutvikling, f.eks. gjennom å styrke bruken av samisk byggetradisjon og mattradisjonar innafor dagens samiske samfunn og i turistnæringa.

Yrkesfaga må i større grad ta opp faget si historie og sette denne saman med den samiske kulturhistoria. Eit viktig tiltak vil vere å innføre valfaget samisk kulturkunnskap også på yrkesfaglige linjer, eventuelt som obligatorisk fag. Faget må i såfall yrkesrettast på same vis som andre felles allmenne fag.

Ved revisjon av dei nasjonale læreplanane på desse fagområda bør det i alle faga i større grad leggast vekt på tilpassing til lokal kultur og lokalt nærings- og arbeidsliv. Læreplanane for helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag bør få samiske emne som alle elevar i landet skal få ei viss innføring i. Dette gjeld både for grunnkurs og visse vidaregåande kurs, som f.eks. kokkefag, kjøttfag og hjelpepleiar.

På dette grunnlaget vil eg gå tilbake til hovudproblemstillinga:
Korleis kan opplæringa på yrkesfaglige studieretningar i samisk vidaregåande opplæring både gi grunnlag for yrkesaktivitet / vidare studier og styrke samisk kultur og identitet?

For å nå dette doble målet må yrkesopplæringa knyttast til dei samiske tradisjonane som er innafor kvart fagområde. Samtidig må samisk kulturkunnskap få ein framtredande plass på alle studieretningar, og opplæringa i samisk kulturkunnskap må knyttast til yrkesfaga.

Gjennom oppgåva har eg peika på ein del område der opplæringa bør endrast for i større grad å nå dette målet. Eg vil avslutte med å foreslå nokre hovudtiltak, som etter mi oppfatting vil vere viktige steg i den retninga:

• Det innførast samiske læreplanar for desse fire grunnkursa: hotell- og næringsmiddelfag, helse- og sosialfag, byggfag og mekaniske fag.
• Småmaskinar bør godkjennast som eige fagbrev og eiga VK1-linje.
• Nasjonale læreplanar må legge større vekt på lokal tilpassing og i nokre fag må det innførast samiske emne.
• Det gjennomførast ein eigen plan for utarbeiding av læremiddel og skolering av lærarar i samiske emne for desse yrkesfaga.
• Planlegging og budsjettering av samisk yrkesopplæring må bygge på at tileigning av tradisjonell samisk kunnskap gjennom utplassering, ekskursjonar, gjesteinstruktørar og førelesarar er ein sentral og nødvendig del av opplæringa.

Om desse tiltaka blir vedtatt og gjennomført vil den nemnde seminartittelen ikkje bare vere ein visjon, men godt på veg mot ein realitet:
Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk vidaregåande opplæring.

11.4. Vegar vidare

Mens eg har arbeida med denne oppgåva har eg stadig oppdaga nye problemstillingar som kallar på utreiingar og løysingar. Dessverre har eg vore nøydd å sette strek over mange tankebanar og sidevegar som eg gjerne skulle ha følgt vidare. Det einaste eg kan gjøre er å nemne nokre av dei til slutt, i von om at det kan inspirere andre til å fortsette langs nokre av dei vegane der eg var nøydd å sette bom. Ei slik liste kan sjølvsagt aldri bli komplett og heller ikkje særlig systematisk, men eg vil nemne nokre område der eg vil vone at andre vil ta over stafettpinnen og forske vidare.

11.4.1. Frå samisk til norsk perspektiv

Når eg har konsentrert meg om samisk innhald, tyder det ikkje at det er einaste område der eg meiner det har noko for seg med større vekt på dei lokale og kulturelle aspekta innafor yrkesfagopplæring i Noreg. Ein av ideane eg hadde frå starten var å sjå korleis lokale / regionale variasjonar i kultur og levemåte gjenspegla seg i opplæringa. Dette måtte eg kutte ut da oppgåva var i ferd med å vekse over alle grenser, men her er eit par spørsmål til vidare arbeid:

* Korleis ivaretar ein lokale norske byggetradisjonar og mattradisjonar ved opplæringa i byggfag og hotell- og næringsmiddelfag rundt i Noreg?
* Er det forskjell på kva dei lagar på mekaniske fag i område dominert av jordbruk, fiskeri og industri?

11.4.2. Ut i verda

Dei problemstillingane er har vore innom i oppgåva har i stor grad parallellar langt ut over Noregs grenser. Eg har bare så vidt vore innom yrkesopplæring for samane i andre land og for andre urfolk i verda. Det ville vore svært interessant å hatt eit betre grunnlag for å samanlikne dei med stoda for samane i Noreg.

Eg har forsøkt å vise korleis norske læreplanmodellar påverkar yrkesopplæringa og det samiske innhaldet. Men eg har i svært liten grad fått sett på andre land sine læreplanmodellar og yrkesopplæringsmodellar. Blant anna veit eg at nokre land legg større vekt på kulturelle forhold i yrkesopplæringa. Her ligg det og utfordringar for forskinga, bl.a. for dei som vil skrive oppgåver i yrkespedagogikk.

11.4.3. Vaksenopplæring

I denne oppgåva har eg heldt meg til den ordinære yrkesopplæringa i vidaregåande skole, i første rekke grunnkursa, delvis VK1 og VK2. Men eg har ikkje sett på vaksenopplæring, som er i ferd med å bli ein svært vesentlig del av vidaregåande opplæring. Samiske område har eit ekstra stort vaksenopplæringsbehov på grunn av etterslep i utdanningnivå. Men ein har og eit ekstra behov i tillegg til den grunnleggande vaksenopplæringa. Den samiske kunnskapen, som i langt større grad bør komme inn i ordinær vidaregåande opplæring, bør og inn i grunnleggande vaksenopplæring. Samtidig bør det på både vidaregåande nivå og høgskolenivå bli gitt vaksenopplæring i samiske emne som til no har blitt forsømt i den ordinære opplæringa. Det vil seie f.eks. kurs om samisk helsestell for hjelpepleiarar og sjukepleiarar, kurs i samisk matlaging for kokkar osv. Her bør det vere store oppgåver bl.a. for dei samiske vidaregåande skolane, for Samisk høgskole og for Universitetet i Tromsø.

11.4.4. Konkrete undervisningsopplegg

Innafor mekaniske fag har eg vist 4 gjenstandar i samisk tradisjon og korleis desse kan brukast i opplæringa. Innafor dei andre faga har eg ikkje gjort noko liknande, ettersom eg ikkje har fagkompetanse på dei områda. Vidareutvikling her er ei utfordring til fagfolka på desse områda, ein del arbeid er nok allereie gjort på skolane, men utan at det har kome på prent.

11.4.5. Munnlige kjelder

Eg har i denne oppgåva brukt ei mengde munnlige kjelder, men eg har ikkje systematisk oppsøkt samiske fagfolk på desse områda for å intervjue dei. Dette var med i den opprinnelige arbeidsplanen min, som eg måtte kutte ned på fordi det blei for omfattande, og fordi eg under arbeidet med oppgåva har hatt forholdsvis kort tid i samiske område. Her ligg trulig mye tradisjonell kunnskap som ikkje er nedteikna, innafor alle dei fire fagområda.

11.4.6. Yrkesidentitet

Da eg skulle skrive om yrkesidentitet og etnisk identitet, søkte eg materiale om yrkesidentitet. Eg oppdaga da at verken på samisk eller norsk er det skreve noko særlig om yrkesidentitet for arbeidarar innafor handverks- og industrifag, eller for andre yrke med utdanning innafor vidaregåande opplæring. Særlig er det skreve lite eller ingenting om korleis yrkesutdanning kan bidra til utvikling av yrkesidenititet. Her ligg ei stor utfordring til yrkespedagogar.

11.4.7. Arbeidsmetodar

I kapittel 2.2.1. nemnte eg at det var tre område der samisk opplæring kunne skilje seg frå anna opplæring i Noreg; gjennom undervisningsspråk, innhald og arbeidsmetodar. Denne oppgåva har nesten bare behandla innhaldssida. I samband med innføringa av meir samisk innhald i skolen ser eg behov for forsking og utviklingsarbeid for å utvikle arbeidsmetodar som er meir i tråd med barneoppsedings- og læringstradisjon hos samar og andre urfolk. Her kan vere interessant å sjå om ein kan finne likskap mellom samisk opplæringstradisjon og yrkesopplæringstradisjonar og nokre nyare pedagogiske idear, som ansvar for eiga læring.

11.4.8. Læreplanprinsipp

Dagens målstyrte læreplanar er gjennomførte både i grunnskole og vidaregåande opplæring utan ein offentlig debatt om kva for alternative læreplantyper som kunne ha vore vurdert . Eg saknar ei analyse av forskjellige læreplanprinsipp og kva for konsekvensar dei har for opplæringa. Sjølv vonar eg å få sjansen til å arbeide vidare med dette, særlig med tanke på å kunne vise alternativ til dei prinsippa Reform 94 bygger på.


234.Eksempel: Nilsen, Barbro og Hoaas, Monica: Det e her eg høre tel! Menneske og miljø i Nord-Troms 1979

235.Eksempel: Pålsrud, Kari / Mathisen, Mai-Lisbeth: Korsen va det før i tida? Om husstell, husflid, jordbruk og fiske. Skoledirektøren i Finnmark 1986


Startsida mi
sveilund@online.no