Frå tradisjon til yrkeskunnskap

Samisk kunnskap i yrkesfag

Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk

Sámegiel veršuvdna:

Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain

Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001

Til startsida for denne oppgåva

10. Mekaniske fag

Det vi i dag kallar mekaniske fag i skolen er ei fortsetting av det som først blei kalla "jern og metall", seinare "maskin og mekanikar". Sjølv om både kunststoff og databehandling har kome inn i opplæringa, er framleis kjerna i fagområdet behandling av jern og andre metall, i form av sponskjærande tilarbeiding, plastisk tilarbeiding og samanføying. Innafor metallbearbeiding er det naudsynt med ei avgrensing. Eg reknar her arbeid i jern, koppar, aluminium og legeringar av desse metalla til mekaniske fag, mens bearbeiding av sølv, gull og tinn reknast til formgivingsfag / duodji.

Gamalt og nytt i transportmiddel. Nærast ein slede av tradisjonell type for persontransport. Denne er laga for reinskyss, men skjekene er bytta ut med eit drag av jern for å feste på skuter.
(Govva: SL)
Smia på den samiske husmannsplassen Kjelvik, Sørfold i Nordland er ei av svært få samiske smier som er bevart til vår tid.
(Govva: SL)

Historisk kan vi føre mekaniske fag tilbake til jernalderen og bronsealderen, og den første "fagmannen" på området var smeden. Smedyrket var ein vesentlig del av mekaniske fag fram til ut på 60-70-talet, både i arbeidslivet og skolen. I dag er svært mye av denne fagkunnskapen borte. Delar av smedfaget er vidareført i forskjellige former for varmebehandling av stål, som herding og anløping, delvis i sveising, lodding og skjærebrenning. Men i den grad ein i dag varmar opp stål for å forme det, har som regel gassbrennaren overtatt for smiessa. Nokre få fagfolk har forsøkt å vekke til live smedtradisjonen. 213Sponskjerande tilarbeiding i metall går tilbake til sliping med steinbryne, men er først og fremst eit resultat av den industrielle revolusjonen og bruken av elektrisitet til å drive bormaskinar og dreiebenkar.

Mekanikarfag oppsto med den industrielle revolusjonen og etter kvart skilde det seg ut fleire greinar. I eit leksikon frå 1912 er det sagt at ein mekanikar er ein som held maskinane i industrien i orden, det vi seinare kallar ein industrimekanikar 214. Eigne yrke som kjøretøymekanikar var enno ikkje utvikla. Seinare fikk vi fag som bilmekanikar, flymekanikar, landbruksmaskinmekanikar osv.

Mekaniske fag han seiast å bestå av to hovuddelar: å lage og å reparere. Det tidligare grunnkurset i jern og metall eller maskin og mekanikar la all vekt på å lage ting i metall. Etterkvart har det blitt større vekt på reparasjonsarbeid, men dette er enno langt under halvparten av grunnkurset. Derimot er det ofte reparasjonar, særlig av kjøretøy, som er elevane si fremste interesse. Med den nye læreplanen frå slutten av 1980-talet og seinare Reform 94 har grunnkurset i mekaniske fag fått eit sterkare innslag av elektrofag og automatisering.

Eg vil her halde meg til dei tradisjonelle mekaniske faga som er nemnde over.

10.1. Mekaniske fag i Sápmi

10.1.1. Historisk bakgrunn

Tilbake til svært gamal tid er det funne metallgjenstandar som må vere brukt av samar. Mens det er skreve mye om samane si bearbeiding av skinn, horn og tre, er det svært lite å finne om metallbearbeiding. Mangelen på kjelder gjør at ein ofte bare kan dokumentere samisk bruk. Spørsmålet om graden av samisk produksjon blir ofte ståande ope.

Særlig i svenske kjelder blir det hevda at samane ikkje har hatt eigen produksjon av metallgjenstandar. I eit oversiktsverk over samisk kultur blir det hevda at "Tennet är den enda metall som samerna själva bearbetat...." 215 og frå Vapstenområdet blir det opplyst: "Af metall tillverkade lapparna ej en enda husgerådssak. Allt hvad han behöfde af metaller, köpte han, och det var ej mycket." 216

Reindriftsinspektør Kristian Nissen hevda i 1920 ei liknande oppfatning:

"Til kniverne hører jo foruten skaft og slire ogsaa, og det først og fremst, et blad. Bladet er dog forholdsvis sjelden av finsk arbeide. Man finner ganske visst somme steder finner som smeder, men det er for finnerne et tillært haandverk. Kniver, økser og andre staal- og jernvarer har finnerne elles alltid pleiet at kjøpe fra sine naboer, skandinaver, kvæner og russere. Heller ikke andet metalarbeide har været øvet av finnerne i nævneverdig utstrekning." 217

Med denne framstillinga ønsker eg å vise at desse kategoriske påstandane i alle fall ikkje er gyldige for heile det samiske området. Det materialet eg har funne tyder på at her er store regionale forskjellar. Mens samane i nokre område synest å ha hatt minimal produksjon av metallgjenstandar, har ein i andre område ikkje bare laga eigne jernting, men og smidd for ikkje-samar. Dei undersøkingane eg har gjort tyder på at metallarbeid har vore såpass vanlig blant samar at den stoda dei nemnde svenske kjeldene syner, snarare har vore unnataket enn regelen.

Den eldste metallgjenstanden som er funne i Noreg er trulig ein 4000 år gamal koppardolk frå Varanger. 218 I Nord-Noreg er det gjort spreidde funn av bronsegjenstandar, i andre delar av Sápmi er det funne meir. Det meste kom nok utafrå, men støyping av bronse er kjent i alle fall frå Sør-Varanger og Kolahalvøya. 219Dei første jernreiskapane samane brukte var trulig resultat av byttehandel. Det er uklart i kor stor grad samane sjølve har utvunne myrmalm og produsert jern. I dei kjeldene eg kjenner til er kjent bare tre jernvinner i Nord-Noreg og ikkje sikker dokumentasjon på jernutvinning i Finnmark før Sydvaranger starta opp først på 1900-talet.

I alle fall frå 16-1700-talet kjenner vi til samiske smedar, som tildels solgte produkta sine til nordmenn. På 1700-talet var dei fleste smedane i Vesterålen samar. 220 Smedane dreiv og oftast anna arbeid, f.eks. snikkararbeid i tillegg til jordbruk og/eller fiske. Når eg har reist rundt i samiske område i samband med denne oppgåva, har eg hørt om samiske smedar i Snåsa, Sørfold, Tysfjord, Kåfjord, Porsanger, Karasjok, Lebesby, Nesseby, Inari og Utsjok. Det tyder på at smedhandverket har vore ganske utbreidd blant samar i alle fall på norsk og finsk side. I Karasjok har familien Strømeng samanhengande smedtradisjonar frå 1700-talet. Den gamle smia deira var i bruk til 1950-talet og er framleis intakt.221 Frå delar av Finnmark fortellast det at det i første rekke var kvenar som var smedar. Dei hadde med seg smikunsten når dei kom vandrande nordover. Når dei rydda seg ein gard, sette dei og ofte opp smie. Frå Guovdageaidnu fortellast det om både innvandra og omvandrande finske smedar. Det er vanskelig å gi ei sikker framstilling av smedtradisjonar i heile det samiske området, ettersom det er undersøkt og skreve lite om dette. Dei fleste stadene eg har vore fortellast det at smedtradisjonen no er borte.

Ole Johan Nicodemussen har tatt vare på dei første båtmotorane som kom til Revsbotn.
(Govva: Basia Głowacka)
Ein gamal og ein ny skuter. Ein slede er av tradisjonell og ein av moderne type.
(Govva: SL)

Samiske område blei på nokre område modernisert og mekanisert seinare enn størstedelen av Norden forøvrig, men i dag kan ein seie at samar ikkje ligg tilbake for nordmenn i å ta i bruk mekaniske hjelpemiddel. Det er såvidt eg kjenner til ikkje gjort noka samanfatting av mekaniseringa i Sápmi. Eg har heller ikkje gjort grundige undersøkingar på dette området, men eg vil nemne nokre spreidde historiske fakta, i hovudsaka sett frå Guovdageaidnu, for å trekke nokre linjer til mekanisk utdanning og arbeid.

Dei første maskinane som blei tatt i bruk i husholdninga, var symaskinar, i Guovdageaidnu frå heilt sist på 1800-talet. Det første motordrevne framkomstmiddelet var påhengsmotor på elvebåt. Postbåten som frakta posten frå Virdnejávri og oppover Guovdageaidnuelva fikk motor allereie i 1920. Vegane blei seint utbygde i samiske område. Fram til krigen og tildels lenger gikk enno mye transport med rein, hest og båt.

Ved Guovdageainnu gilišillju har dei desse gamle ljåane som begge er heimesmidde, den øvste er norsk type, den nederste er finsk type.
(Govva: SL)
Snowmobilen som kjørte mellom Guovdageaidnu og Kárášjohka.
(Foto: Jan Harr. Kjelde: Keskitalo: Guovdageainnu suohkangirji / Kautokeino sognebok)

Tidlig på 50-talet kom snowmobilen, som bl.a. kjørte rute mellom Guovdageaidnu og Kárášjohka. Gjennombrotet for mekaniske hjelpemiddel kom på 60-talet. Først kom traktoren i jordbruket, den første kom til Guovdageaidnu i 1954. Seinare kom snøskuteren, som fikk sitt gjennombrot i reindrifta i siste halvdel av 60-talet, og som seinare blei allemannseige både for hausting i utmarka og for fritidsbruk. Da snøskuter overtok etter kjørerein som trekkraft, blei det og endringar på sledane. Dels kom det nye sledetypar tilpassa skuter, dels brukte ein gamle typar av treslede, men med ei anna form for drag. I staden for to skjeker tok ein i bruk eit drag av jern, festa med patentlås bak på skuteren. Dette har vore ei populær elevoppgåve ved SVSRS.

Bilen blei og etter kvart allemannseige. På 80-talet kom barmarkskjøretøy, som har vore svært omstridt innafor både reindrift og anna bruk. Også andre mekaniske hjelpemiddel blei tatt i bruk i reindrift og utmarksnæring, f.eks. motorsag og strømaggregat. I hushaldningane blei mekaniske og elektriske hjelpemiddel etter kvart vanlige på linje med resten av landet. Denne utviklinga førte til auka interesse for mekanisk arbeid og auka behov for folk som kunne gjøre reparasjonar.

På kysten var det i mellomkrigstida at samiske fiskarar byrja å få motorar i båtane.

Ettersom mekaniserte hjelpemiddel blei tatt i bruk, lærte folk seg og å reparere desse. Svært mange blei etter kvart flinke mekanikarar, sjølv om dei færraste hadde gått på skole og lært mekaniske fag.

Lærar og elev i dreiebenken ved Samisk videregående skole og reindriftskole, 1989.
(Govva: SL)
Slike arbeidsplassar finst knapt lenger i Sápmi. Sydvarangers mekaniske verkstad, Kirkenes 1988.
(Govva: SL)
Lite er bevart frå den første mekaniseringa i Sápmi. Denne dampmaskinen, laga i Sverige i 1918, fann eg i Mertajärvi i svensk Karesuando. Eg har ikkje klart å finne ut korleis denne maskinen har hamna her.
(Govva: SL)

10.1.2. Særtrekk ved mekaniske fag i samisk miljø i dag

I dei samiske innlands- og fjordkommunane i Finnmark er næringslivet prega av lite utvikla industri. Det er svært få arbeidsplassar for f.eks. industrimekanikarar, sveisarar og maskinarbeidarar. Derimot har området ein kjøretøypark minst på høgde med landsgjennomsnittet. I tillegg til "normal" mengde med bilar, er her svært mange utmarkskjøretøy som snøskuter og firehjulssykkel. Her er og ein god del traktorar og andre jordbruksmaskinar, anleggsmaskinar og lastebilar. Det er ein del mindre verkstader for reparasjon og service for kjøretøy og småmaskinar av forskjellige slag, men få har offentlig godkjenning. Forholdsvis få av dei tilsette har fagbrev. I tillegg til kjøretøyverkstadane er det eit visst behov for folk med mekanisk utdanning ved eller i tilknytning til reinslakteri og nokre mindre produksjonsbedrifter.

Mange som har tatt meir eller mindre mekanisk utdanning arbeider i jordbruk eller reindrift, som sjåførar, vaktmestrar, ved bensinstasjonar eller i andre yrke der dei har bruk for delar av det dei har lært i denne utdanninga. Tidligare har gruvedrift gitt ein del arbeidsplassar for folk med kunnskapar i mekaniske fag, men der er for tida nokså liten aktivitet.

10.2. Samisk kunnskap i mekaniske fag

10.2.1. Kva slags samisk kunnskap?

Vi kan grovt dele samisk kunnskap i mekaniske fag i to delar:

* Kunnskap om samiske tradisjonar i metallbearbeiding.
Med dette meiner eg bearbeiding av jern- og kopparlegeringar til bruksgjenstandar, der dette arbeidet har vore gjort i samiske område og/eller av samar. Bearbeidingsmetodane er i hovudsaka dei same som andre folkeslag har brukt, men nokre av gjenstandane er særeigne eller særlig utbreidde innafor samisk kultur.
* Kunnskap om mekaniske hjelpemiddel som er særlig viktige i samiske samfunn.
I vår tid gjeld dette særlig terrengkjøretøy og sledar / tilhengarar til desse. Kjøretøyproduksjonen skjer ikkje i samiske område, men her har vore ein del produksjon av tilhengarar og sledar.

10.2.2. Skriftlige kjelder

Innafor mekaniske fag finst det langt færre skriftlige kjelder om samisk kunnskap enn i dei andre yrkesfaga i samisk vidaregåande skole. Det er lite litteratur både om samiske metallbearbeidingstradisjonar og om mekaniseringa i Sápmi. Det er i tillegg dårlig med lærebøker i dei emnene innafor mekaniske fag som er særlig aktuelle for samiske område, slik som reparasjon av terrengkjøretøy. Det finst ikkje trykte kjelder skreve av samiske fagfolk. Eg har ikkje klart å oppspore ein einaste trykt fagtekst på samisk, og heller ikkje nokon skjønnlitterær tekst frå eit mekanisk miljø.

Eg har funne 21 skriftlige kjelder, men dei fleste kjeldene er på kanten av å vere relevante for mekaniske fag. Ofte kan emne som gjeld dette fagområdet vere omtalt med få setningar i ei heil bok. Få av kjeldene er skreve av samar, trulig bare 6-7, eller knapt ein tredel. 6 av kjeldene er på samisk eller samisk i lag med andre språk, 8 på norsk, 6 på svensk og 1 på finsk. I litteraturlista har eg ikkje tatt med instruksjonsbøker og lærebøker om kjøretøy, når desse ikkje har hatt noko tilknyting til samisk miljø.

I 1999 blei det utgitt ei ordliste for mekaniske fag med definisjonar og omsetting til norsk, finsk og engelsk. Desse termane er godkjente av Samisk språkråd.

Eg har ikkje funne relevante filmar i tilknytning til dette fagområdet.

Oversikt over litteratur står i vedlegg 1.4.

Heimesmidde pulkjern, Guovdageainnu gilišillju.
(Govva: SL)
Etnografisk museum i St. Petersburg har utstilt ein figur av ein nenets-smed i arbeid.
(Govva: Basia Głowacka)

10.2.3. Museum og private utstillingar

Eit museum skal vise bruksgjenstandar og pyntegjenstandar som har vore i bruk gjennom tidene. Eit godt museum skal gjerne og vise noko av produksjonsprosessen bak desse gjenstandane. I museum i Norden og andre land har eg fleire stader funne heile smier, i nokre tilfelle har desse til og med vore i bruk, som levande museum 222. Bare ein gong kan eg hugse å ha sett ei utstilling som viser smiarbeid hos eit urfolk, nemlig ein nenetsisk smed med utstyr på Etnografisk museum i St. Petersburg, Russland. På tekniske museum kan ein finne mye som illustrerer utviklinga innafor mekaniske fag, frå gamle bormaskinar og dreiebenkar til dei eldste kjøretøya og dampmaskinane.

Kva kan ein vente å finne i samiske samlingar av gjenstandar som er relevante i forhold til mekaniske fag? Eg ser i alle fall tre område som etter mi meining burde vere representerte. For det første jernreiskapar som er laga og brukt av samar. For det andre ein dokumentasjon av smedfaget, som har vore utbreidd over mesteparten av det samiske området. For det tredje eksempel på den tekniske utviklinga, særlig dei siste 30-40 åra.

Eg har ved besøk i samiske museum forsøkt å sjå spesielt etter dette, og her er noko av det eg fann: Fleire museum har jerngjenstandar som kan vere resultat av samisk smiarbeid. Det kan vere knivar, ljåar, økser, holjern, skraper, fangstsakser, skjerdingar og reinbjøller. Eit eksempel på sær-samisk smiarbeid er beslag på pulkar. Frå Karasjok blir det fortalt at gamle folk kan sjå på desse beslaga kven som har laga dei.

Desse gjenstandane blir i regelen utstilt som reiskap til bruk for jordbruk, reindrift, jakt, duodji og hushaldning. Det blir som regel ikkje opplyst verken kor eller korleis dei er laga. Når eg har spurt, veit dei som jobbar på musea vanligvis lite om opphavet. Desse produkta av mekanisk arbeid blir ikkje framstilt som dette. Det er ikkje mogleg ut frå gjenstandane vi finn i musea å fastslå om desse er laga av samar eller kjøpt / bytta frå nabofolka.

Jerngjenstandane er sjeldan funne verdig til nokon framståande plass eller eiga omtale på skilt. Skal ein legge merke til desse gjenstandane må ein sjå spesielt etter dei. Ein kan for eksempel finne ein utstoppa rein med ei bjølle om halsen eller ein skjerding som held gryta over bålet i gamma. Trulig ligg det langt meir i magasina enn det som er utstilt. Ved tre samiske museer der eg har samanlikna utstillinga og magasinet (Árran, Várjjat Sámi Musea og Sámi vuorká-dávvirat) er det minst 3-4 gonger så mange jerngjenstandar i magasinet som i utstillinga. Ved Guovdageaidnu gilišillju er det derimot forholdsvis mange jerngjenstandar utstilt, omlag dobbelt så mye er i magasinet, men dette er i stor grad dublettar til dei som er i utstillinga.

Ved Sámi vuorká-dávvirat i Kárášjohka er delar av ei smie stua bort i magasinet. I Sørfold er den samiske husmannsplassen Kjelvik restaurert. Her er det ei smie, der både grua og ei rekke reiskapar er bevart og alt ligg klart til å fyre opp (foto). Dette er Sørfold kommune sitt markeringspunkt i Fotefar mot nord. I Finnmark har Kvenmuseet i Vadsø smie, og ei smie er planlagt satt opp på Kventunet i Børselv.

Nokre få museum har utstilt gjenstandar som viser mekaniseringa i Sápmi, f.eks. ein symaskin, ein snøskuter eller ein elvebåt med påhengsmotor. Slike gjenstandar har eg bl.a. funne i musea i Rovaniemi, Tysfjord og Karasjok. Men der er gjerne bare eit par mekaniske kjøretøy eller andre hjelpemiddel å finne i kvart museum.

Det finst og gjenstandar i private samlingar som er offentlig tilgjengelig. I verkstedet til knivsmed Strømeng i Kárášjohka står ei gamal smie. På Juhls sølvsmie er det ei større samling av samiske bruksgjenstandar. Av jern er det bl.a. jiehkku, skirttet og to fangstsakser.

Oversikt over det eg har funne i museum står i vedlegg 2.4.

Smiesse og blåsebelg i magasinet til De samiske samlinger i Kárášjohka
(Govva: SL)
Arnt Fjellstad i Hattfjelldal demonstrerer jervefella som far hans smidde.
(Govva: SL)
Gamal Arkimedes påhengsmotor i museet i Tysfjord.
(Govva: SL)

10.2.4. Munnlige kjelder

Som eg har vist tidligare har det over mesteparten av det samiske busettingsområde vore ein smedtradisjon. Dei fleste stader slutta ein å smi da mekanisering og fabrikkproduksjon overtok på 50- og 60-talet. Eg har i fleire år vore på leiting etter folk som kjenner til gamle smedarbeidstradisjonar, men nesten overalt får eg svar som: "Far min var smed, men han døydde for ti år sidan". Ein må i stor grad nøye seg med andrehandskjelder, som i beste fall har tatt vare på nokre smidde gjenstandar og verktøy. I sørsamiske område traff eg to karar som kunne fortelle at fedrene deira var smedar. Den eine av smedane var reineigar og smidde samtidig bl.a. reinbjøller, både for eige bruk og for sal. Ingen ting av dette er bevart. Dette er det einaste tilfelle eg har støytt på av kombinasjonen reindriftsame/smed. Den andre smeden var bonde og snikkar. Han laga bl.a. ting for reindrifta, som bjøller og tang for å gjelde rein. Nokre få ting er bevart, bl.a. ei saks for å fange jerv og gaupe.

Frå ei rekke samiske lokalsamfunn har eg fått høre at der før i tida var mange samar som var flinke til å smi. Eg har fått fleire tips om eldre folk som veit meir om smitradisjonane, men så langt har eg ikkje hatt tid å følge opp alle. Dette syner at det framleis er mogleg å hente inn munnlig kunnskap og i nokre tilfelle og praktisk kunnskap, men dei som kan dette er ofte så gamle at det hastar å gjøre noko med det. Det er nokre få samiske knivmakarar som har heldt vedlike eller tatt opp igjen kunsten å smi knivblad. Slike finst i alle fall i Hemnesberget i Nordland, Bárši i Ohcejohka, Anár og Kárášjohka. Allsidige samiske smedar som lagar eit breitt utval av smiprodukt finst knapt lenger, men eit stykke på veg finst det likevel folk med kunnskapar som kan utnyttast i skolen.

10.3. Mekaniske fag i samisk vidaregåande opplæring

10.3.1. Historisk utvikling

Ved Statens heimeyrkesskole for samar starta allereie i 1960 eittårig kurs i jern- og metall, seinare maskin og mekanikar og mekaniske fag. Frå 1967 brukte skolen dei nasjonale læreplanane for verkstadskolen, deretter har ein følgt dei skiftande nasjonale læreplanane. I 1982 blei det bygd ut med VK1 mekanikar som var ei allmenn oppfølging av grunnkurset og ikkje innretta mot noko særskilt fagbrev. Det var ei ulempe at elevane ikkje fikk ei fullstendig utdanning, men kan ha hatt fordelar med at ein kunne innrette seg på lokalt arbeid. Frå 1989 blei det lagt om til landbruksmekanikar VK1 og VK2 . I tråd med Reform 94 blei landbruksmekanikar VK1 endra til arbeidsmaskinar VK1 frå 1995 og VK2 forsvann frå skolen. Ettersom det ikkje var mogleg å finne lærlingeplassar, betydde dette og at landbruksmekanikarutdanninga i Finnmark blei nedlagt. Dei siste åra har det ikkje vore satt igang VK1 ved skolen.

Ved Samisk videregående skole i Kárášjohka starta ein med grunnkurs i mekaniske fag over 2 år i 1997. I fleire år har det vore arbeida for å få ei VK1-linje for småmaskinar. Dette har så langt ikkje ført fram.

Ved sida av studieretning for mekaniske fag, har grunnkurs naturbruk nokre timar tekniske fag. I Guovdageaidnu brukar dei den same verkstaden som mekaniske fag, og for desse elevane er det og aktuelt å lage nokre av dei same gjenstandane som eg nemner seinare i dette kapitlet.

10.3.2. Læreplanar

Undervisninga i mekaniske fag ved dei samiske vidaregåande skolane har så langt eg kjenner til vore bygd på 8 forskjellige læreplanar 223. Ingen av desse har nemnt lærestoff eller mål med særlig tilknytning til samisk kultur og samiske område. Dei har heller ikkje vektlagt lokale tradisjonar og lokalt næringsliv generelt. Dette står i motsetning til ein del andre fag som i alle fall nemner at opplæringa skal ta opp lokale tradisjonar, som lokal mat eller lokal byggeskikk. Dei øvingsrekkene som tidligare sto sentralt i grunnkurset inneheldt ingen gjenstandar som var i vanlig bruk i lokalsamfunnet. Under målformuleringane i gjeldande læreplan finn ein mye om kunnskapar, dugleik, tryggleik, yrkesetikk og forskrifter, men ingenting om kultur, identitet og livsmiljø (jf. § 1 i opplæringslova). Når vi snakkar om samisk innhald i faget vil dette derfor ikkje vere snakk om læreplanfesta innhald. Eit slikt innhald må komme på lokalt initiativ, i første rekke frå lærarane på mekanisk avdeling. I kor stor grad dei får til det, vil bl.a. bli avgjort av:

- Om læreplanane gir emnemessig og tidsmessig plass til dette, eller om ein har ein detaljert plan å følge som fyller all tid.
- Om lærarane har interesse for og kunnskapar om tradisjonelle samiske og lokale gjenstandar og maskinar brukt i lokalt næringsliv.
- Om lærarane har kompetanse og kapasitet til sjølve å utarbeide naudsynte læremiddel.

Om ein samanliknar læreplanane for mekaniske fag grunnkurs før og etter Reform 94, ser ein at det etter den gamle planen var meir rom for val av lokale tema, gjennom at planen var delt i 75% kjernestoff og 25% tilvalsstoff. Etter Reform 94 finst det ikkje lenger nokon tilvalsdel og dei obligatoriske måla i læreplanen meir enn fyller opp den tida som er til rådvelde. Samtidig er allmennfaga utvida med 3 timar pr. veke og elektrofag med 3 timar, slik at det blir 6 timar mindre til mekaniske fag. For å få inn eit samisk innhald i undervisninga stillast det ganske store krav til lærarane, både til kompetanse, inititativ og arbeidskapasitet.

10.3.3. Samisk innhald i undervisninga

Ved dei samiske vidaregåande skolane har ein forsøkt å tilpasse undervisninga både til aktuelt lokalt næringsliv og til samisk kultur. Det har ein gjort på to område:

* produksjon av metallgjenstandar brukt i samiske næringar, f. eks. reinbjølle og skinnskrape.
* reparasjon av mindre kjøretøy og motorar.

Ved Samisk videregående skole og reindriftskole innførte vi i løpet av 90-talet som elevøvingar gjenstandar som kniv, slededrag, reinbjølle, skjerding og jiehkku (skinnskrape). Fleire lærarar bidro på forskjellig vis med sine kunnskapar i å utforme modellar og ein produksjonsprosess tilpassa det verktøyet og dei maskinane vi hadde. Lærarar og tildels elevar utarbeida teikningar og arbeidsrettleiingar. Dette arbeidet måtte vi, anten vi ville eller ikkje, tilpasse til dagens bearbeidingsmetodar, ettersom den gamle smia var blitt utrangert og det ikkje var kjøpt inn ei ny. Vi skar derfor ut knivblad med platesaks og vinkelslipar og bøygde jiehkku med hjelp av gassflamme. Tanken var samtidig å ta opp igjen den gamle smitradisjonen. Ein søknad om middel til dette blei avvist av skoleleiinga, men vi fann likevel middel på budsjettet til innkjøp av smiesse. Dette skjedde like før eg slutta på skolen sommaren 1998, og da eg sist besøkte skolen var smiessa kasta ut. Det har og vore eksperimentert med å lage lavvoomnar. Dette kan vere ei oppgåve i største laget for grunnkurselevar, men om ein får igang igjen VK1, kan det vere aktuelt. Etter at eg slutta har ein skaffa teikning til lavvoomn.

Uansett kva som måtte stå og ikkje stå i læreplanen, er dei fleste elevar som velger mekaniske fag mest interessert i å skru. I indre Finnmark vil det i første rekke seie å reparere kjøretøy og lage tilleggsutstyr til desse. Mest populære er snøskuter, moped og firehjulssykkel. Dette var så populært at lærarane nokre år var nøydd til å sette grenser for kor stor del av tida elevane kan bruke på dette, dersom dei nokonlunde skulle kunne oppfylle måla i læreplanen. Etter som det her var samsvar mellom elevane sine interesser og behova i det lokale næringslivet, arbeida lærarane for å gi større rom for dette i opplæringa enn det som gikk fram av læreplanen. I tillegg til at elevane fikk bruke ein del av skoletida til reparasjonar på slike kjøretøy, forsøkte vi å ta dette opp i teoriundervisninga. Vi innførte motorlære på grunnkurs, sjølv om dette ikkje sto i læreplanen. Nokre år har det vore arrangert kveldsopen skole ein kveld i veka. Denne blei nesten bare brukt til arbeid på kjøretøy.

Med unnatak av meg, har alle lærarar i mekaniske fag ved dei to samiske vidaregåande skolane dei siste 12 åra vore frå samisk område, og dei har hatt rimelig god kjennskap til

samisk kultur, språk og lokalt næringsliv. Dei fleste, framleis med unnatak av meg, har og vore flinke mekanikarar på snøskuter, firehjulssykkel og andre småmaskinar. To av lærarane byrja tidlig på 90-talet arbeid med å utvikle eit læremiddel dei ville kalle "Maskiner i reindrift og utmark". Dette skulle ta opp 4 småmaskinar: snøskuter, moped, påhengsmotor og motorsag. Dessverre har dette arbeidet ikkje blitt fullført.

På VK1 og VK2 landbruksmekanikar blei slike maskinar som er i bruk i reindrift og utmarksnæringar gjort til ein fast del av det alle elevar skulle igjennom, på kostnad av mindre relevante maskinar som f.eks. skurtreskarar. Samtidig blei det arbeida for å få småmaskinar godkjent som eige fag. Dette blei enno meir aktuelt etter at Reform 94 erstatta landbruksmekanikarlinja med VK1 arbeidsmaskinar, noko som ga mindre plass til småmaskinar enn før. Etter initiativ frå skolane søkte Samisk utdanningsråd departementet om godkjenning av fagbrevsordning og VK1-tilbod for småmaskinar. Med småmaskinar meinte ein da maskinar som skuter, motorsykkel/moped, terrengkjøretøy, strømaggregat, plenklippar, snøfresar, påhengmotor, tråkkemaskin, motorsag og kompressor. Men departementet avslo dette grunngitt med at "opplæringen i stor grad dekkes av motorsykkelfaget".224

Som oppsummering kan vi seie at det typiske yrkeslivet innafor mekaniske fag i dei samiske kommunane er lite representert i dagens læreplanar. Det har til no ikkje vore mogleg å få gjennomslag verken for eit fagbrev eller for eit VK1-tilbod som er tilpassa næringslivet i desse områda.

Denne skjellplogen, som er utstilt på Árran, er tydelig heimesmidd. I Tysfjord var det mange samiske smedar.
(Govva: SL)
Slededrag som blir laga av stålrør.
(Maskinteikning: SL, etter teikning av Per Aarseth.)

10.4. Nokre gamle jernreiskapar

I dei faga eg har behandla i kapitla 7-9, har eg på eine sida vist til den samiske kunnskapen innafor fagområdet og kjelder til denne, på andre sida har eg analysert dagens læreplan og undervisning, som i liten grad gir plass for denne kunnskapen. Det neste steget vil da naturlig vere å vise med konkrete eksempel korleis denne samiske kunnskapen kan nyttast i skolen. For å gjøre dette bør ein ha både fagkunnskap og undervisningsrøynsle i faget. Derfor tar eg dette siste steget bare i det faget der eg sjølv har fagkunnskap og røynsle frå undervisning; mekaniske fag.

Eg vil her ta for meg fire produkt av jern/stål som er kjente frå samiske område; kniv (niibi), reinbjølle (biellu), skjerding (skirttet) og skinnskrape (jiehkku). Alle desse produkta er egna som øvingsoppgåve i mekaniske fag, tildels og i andre fag som reindrift og duodji. Eg vil sjå litt på korleis desse gjenstandane har vore laga og brukt og seie litt om korleis dei kan brukast i samisk vidaregåande opplæring i dag.

10.4.1. Kniv (niibi)

Ein bestemt knivtype blir gjerne kalla "samekniv", men samane har brukt og brukar ei rekke knivtypar. Blant desse vil eg nemne tre hovudtypar som er mye utbreidd:

* storkniv, samisk stuoraniibi, kallast ofte samekniv eller finnkniv. Blada er 7-10 tommar lange. Brukast bl.a. til slakting/partering og hogging av kvistar og busker.
* tollekniv, samisk buvku. Formen er i hovudsak som norsk tollekniv, men samiske knivar skil seg ut gjennom materiale og dekor på skaft og slire.
* merkekniv er ein kniv med svært kort blad som blir brukt til merking av rein.

Konrad Nielsen har i Lappisk ordbok samla ei rekke ord for knivar, som eg gjengir her i original rettskriving og norsk forklaring. (Sjå samisk versjon.) Her er det slåande at det er særlig rikt ordforråd for dårlige knivar.

Fleire bøker om samisk kulturhistorie tar opp samiske knivtypar. Nokre bøker om duodji tar opp laging av sameknivar, men det er helst skaft og slire, og ikkje knivblad som blir behandla der. Det har kome ut fleire bøker om knivlaging som tar meir utgangspunkt i norsk enn i samisk tradisjon. Nokre av desse gir grundig informasjon om smiing av knivblad.225

Abraham Mikkelsen i Nesseby var ein av dei første som satte i gang produksjon av sameknivar i større omfang. Varanger Samiske Museum har stilt ut denne monteren som viser produksjonsprosessen. Foto: SL.
(Govva: SL)

Det var tidligare mange som smidde knivar sjølve. Det er relativt få som kan den kunsten i dag, både blant samar og nordmenn. Dei fleste samiske knivprodusentane i dag kjøper knivblada ferdige frå knivfabrikkar i Sør-Noreg eller i utlandet. Nokre få samiske duojárar smir knivblada sjølve, men det er gjerne til svært forseggjorte knivar med eit høgt prisnivå.

Ved SVSRS hadde lærarar og elevar allereie før eg byrja å jobbe der eksperimentert med å lage knivar. Materialet var da gjerne gamle sagblad eller fjørstål frå bilfjører. I mi tid kjøpte vi inn 2-3 mm tjukke plater med herdbart stål og elevane skar ut kniv med tange i eitt stykke, med maskinsaks og vinkelslipar. Deretter blei kniven slipa og herda. Dette blei noko halvhjarta, fordi vi sjeldan kom så langt som at elevane laga skaft, og aldri til at dei laga slire. Ei vidareutvikling av dette ville føresatt eit samarbeid med duodjiavdelinga, men så langt kom vi i alle fall ikkje i mi tid. Vi hadde og på planen å gå vidare til å smi knivblad, men vi var ikkje kome lenger enn til å kjøpe smiesse da eg slutta på skolen. Dette har ikkje blitt følgt opp seinare.

I lag med ein annan mekanikarlærar hadde eg for nokre år sidan kontakt med ein lokal knivmakar, der vi skulle forsøke å hjelpe til slik at han kunne også lage knivblada sjølv. Dette prosjektet stranda bl.a. på manglande finansiering.

10.4.2. Bjølle (biellu)

Bjøller har vore brukt i mange hundre år på tamdyr som rein, sau, ku og hest. Bjøllene har hatt forskjellige funksjonar; å fortelle gjetarane kor dyra er, plassert på leiardyret bidra til å samle flokken eller leie i ei bestemt retning og skremme rovdyr. Folk har ofte brukt bjøller for å samle husdyra. Bjøller har og blitt hengt på sleden. Nokre stader i verda har bjøller vore brukt som musikkinstrument, men dette er ikkje kjent blant samane.

Bjøller har vore laga av mange slags metall, særlig bronse, messing, koppar og stål. Framstillingsmåtane har vore støyping og bøying av plate. Støypte bjøller har vore av messing, koppar eller bronse, bjøller av metallplate helst av stål, men også bjøller av koppar og messingplate finst. Ein del stålbjøller er belagt med messing utvendig. Bjøller av plate har vore samanføydd på forskjellig vis; gjennom lodding, sveising, klinking og lokking.

Bjøller kan ha rundt, ovalt, kvadratisk eller rektangulært tverrsnitt. Nesten alltid er bjølla konisk, så ho er vidare mot opninga. I nokre få tilfelle har eg sett sylindriske bjøller. Det finst og bjøller som er vidast på midten og smalare ved opninga.

Eg har ikkje funne nokre skriftlige kjelder som oppsummerer bjøllebruk verken i samisk eller norsk tradisjon. Munnlige kjelder i Guovdageaidnu opplyser at der tradisjonelt har vore forskjellige bjøller for forskjellige dyr, som rein, sau, ku og hest. (I andre område synast denne forskjellen å ha vore mindre.) Reinbjøller har som regel rektangulært tverrsnitt, og er laga av stålplate, ofte belagt med messing. Storleik og tildels form kan variere etter bruken, som bjølle for kjørerein (heargebiellu) og for simle (áldobiellu). Det er og forskjellige namn etter storleik og lyd. Ei stor bjølle for kjørerein, med djup tone, blir kalla roŋge, ei bjølle med fin, høg låt skiŋga.

Reinbjøller har ofte skilt seg frå bjøller for andre dyr med at dei har hatt svært kort hank. Dette har samanheng med at ein ikkje brukte klave på reinen, men at bjølla hang i ei lærreim. Kubjøller har gjerne vore kvadratiske i tverrsnitt og ofte støypte. Sauebjøller er mindre enn reinbjøller, men av samme form og materiale. Når ein kjørte med hest var det vanlig med dombjølle eller samisk golka, ei rund, hol bjølle med kuler inni. Både hest og rein kunne og ved særskilte høve ha seletøyet pynta med små koniske bjøller med rundt tverrsnitt, støypte av messing eller bronse. Desse kallast på samisk for divga. Dei kan og vere dekorert med mønster på.

Tidligare har det vore mange som laga eigne bjøller, evt. for sal til naboar og kjentfolk. Blant anna var det i Tana fleire som smidde eigne bjøller. Men eg kjenner ikkje til at nokon i samiske område har laga bjøller for sal i større omfang. Mye av desse tradisjonane er i ferd med å bli borte, bl.a. fordi det knapt er nokon som lagar bjøller heime lenger. Dei bjøllene som no finst i sal i Guovdageaidnu kjem frå Os husdyrmerkefabrikk i Østerdalen. Dei produserer same bjøllemodellen for alle slags bjølledyr. Dette er blekkbjøller av stål, belagt med messing. Samanføyingsmetoden er punktsveising. Dei leverast i 7 storleikar, frå 5,5 til 12 cm (bredde = høgde), alle leveras med T eller L-hank. I varekatalogen deira opplysast det for kvar bjølle om dei passar for geit, sau, kalv, kvige, hest eller ku. Ingenting er sagt om rein, men ved Venor 226opplyser dei at dei sel alle storleikane som reinbjølle. Også støypte bjøller blir i dag kjøpte frå ein fabrikk i Hedmark.

Arbeidsteikning til stor reinbjølle
(Teikning: SL)
Arbeidsteikning til stor reinbjølle
(Teikning: SL)
Forskjellige bjølletyper stilt ut på i Kárášjohka. Nederst dombjelle, golka, øverst divga.
(Govva: SL)

I Noreg synast blekkbjølle (spellebiellu) å vere vanligast. I Finland er derimot støypte bjøller mest brukt. Desse hadde tradisjonelt høgast status, ettersom blekkbjøller var noko "alle" kunne lage. Dei støpte bjøllene kjem oftast frå eit bjøllestøyperi sør om Rovaniemi.

Blekkbjøllene av stål ser ofte heimelaga ut, mens dei eg har sett av messing og koppar verkar fabrikklaga. Det er svært vanskelig å finne ut kor bjøllene kjem frå, i dei musea eg har spurt veit dei ikkje kven som har laga dei, eller kor dei er kjøpt.

Ved SVSRS hendte det fleire gongar at det kom reineigarar med gamle bjøller som var så slitte og/eller rusta at det var hol på dei. Dei spurte da om vi kunne reparere dei, for dei ville gjerne ha dei gamle bjøllene i bruk. Eg kom da på ideen at om vi kunne reparere bjøller, burde vi og kunne lage nye. Så eg studerte konstruksjonen på desse bjøllene og teikna av ei av dei. Ut i frå denne teikninga laga eg ein modell og så forbetra eg teikninga ut frå dei røynslene eg gjorde i praksis. Deretter lot vi elevane forsøke og det endte opp med at bjølle blei ein fast del av den lokale arbeidsrekka vår. Vi fann ut at dette var ei svært god øvingsoppgåve i platearbeid og sveising eller lodding. Samtidig ga det opplæringa i mekaniske fag ei nærare tilknyting til lokalsamfunnet og samisk kultur.

10.4.3. Skjerding (skirttet)

Ein skjerding er ein jernreiskap for å henge gryte over open eld. Han er regulerbar i høgda gjennom skar som er skore i eit flatt jern. Eg brukar her ordet skjerding bare om denne typen. Det finst og enklare opphengingsreiskapar av kjetting med krokar, desse blir på samisk kalla riggi. Eg har og sett ein slags mellomting; av form som skjerding, men bøyd av tjukk ståltråd.

Skjerdingar er gjennom tidene brukt av og laga av både samar og nordmenn, og eg har funne svært like typer i samiske og norske museum. Eg har så langt ikkje funne teikn på at ein kan skilje ut ein "samisk type" og ein "norsk type", variasjonane synast å gå på tvers av etniske grenser. Når ein i dag likevel kan beteikne skjerding som typisk samisk, er det fordi bruken har heldt seg betre her, på grunn av at ein i større utstrekning har nytta boligar med open eld fram mot vår tid. Bare i samisk miljø har eg funne skjerdingar i bruk.

Dei eksemplara eg har funne i bruk og i museum er alle av jern. Men i ein rapport frå Lyngen på slutten av 1800-talet227, blir det fortalt om skjerding av tre. Her er og ei teikning av ein skjerding, som skil seg ut frå alle andre eg har sett på eit viktig punkt: Hakka er på den nedre delen, det vis seie at hakka har opningen nedover, mens vanligvis er hakka på den øvre delen av skjerdingen, slik at den nedre delen heng i hakka.

Arbeidsteikning til skjerding.
(Maskinteikna av meg etter blyantteikning av Aage Olsen.)

Elles varierer dei eksemplara eg har funne i museum, på bilete og i bruk i samiske gammer og lavvuar, i nokre trekk:

- grunne eller djupe hakk
- øvre og nedre krok vendt motsett veg eller same vegen.
- øvst på nedre stanga er det anten festa ein laus ring som hengast i eit av hakka på den øvste stanga eller stanga er forlenga med ei bøygd plate med spor i.

Eg har sett skjerdingar i ei rekke samiske museum, men der eg har spurt har dei ikkje visst kven som har laga dei. Derimot har eg klart å oppspore kven som har laga nokre skjerdingar som eg har sett i bruk. Det har då vore samar i lokalsamfunnet. Eg kjenner imidlertid ikkje til at nokon har smidd skjerdingar i større mengde for salg.

Ved SVSRS byrja vi med skjerding som elevøving på midten av 90-talet. Vi fikk da tak i ein gamal skjerding og teikna denne av. Da folk frå bygda fikk sjå at vi laga slike, blei dei svært interesserte og fleire ville gjerne bestille ein. Da eg våren 2001 besøkte Samisk videregående skole i Kárášjohka, såg eg at elevane der var i full gang med å lage skjerdingar.

10.4.4. Skinnskrape (jiehkku)

I heile det arktiske området har det å bearbeide skinn til klede og andre bruksgjenstandar vore eit viktig arbeid. Det har vore brukt skraper av forskjellig form og materiale. Tidligare var det skraper av bein og stein, i seinare tid har ein nesten bare brukt stål. I Nesseby fann eg likevel ei skrape i bruk som var laga av stein etter steinaldermodell. Formen på skrapene varierer tildels etter typen av skinn og etter kva for operasjon som skal utføras, men ein kan og finne forskjellige former for skrape til same operasjon i ulike kulturområde.

I samiske område har eg i alle fall funne fire heilt forskjellige konstruksjonar:

Dragjern
Dette kallast på samisk dipmadanruovdi 228 og er ein slags lang kniv som i kvar ende anten har:
a. handtak av tre
b. ein bøygd spiss som kan slåast inn i ei trestamme. Denne kallast på svensk dragjärn, på vapstensamisk (nordlig sørsamisk): gesemruote.229
c. jernet bøygd til ei løkke. Denne kallar Konrad Nielsen 230spier'ko (spierku). Kåven 1995 oversetter spierku med "bråk". Ifølge Nielsen var denne reiskapen allereie på hans tid gått ut av bruk.

Tre former for skrape som er utstilt på Nordisk Samisk Institutt. Øverst dragjern, i midten jiehkku, nederst barkskrape.
(Govva: SL)

Barkskrape
Barkskrapa har kløyvd skaft og tverregg. I Guovdageaidnu blir ho kalla for skuohpá eller guohpá, i Tysfjord for skuoppa. Lenger aust kallar ein denne faskkan eller faskkanas. Denne har eg funne i fleire museum. I Salten laga ein slike av nedslitte ljåar.231

Ei-hands-skrape for skinn
Denne kallast på samisk for neaskin-ruovdi. Bladet på skrapa er flatt og det er ein lang bogeforma tverregg. Skaftet kan vere parallelt med eggen som på grønlandsk modell (ulu) eller vinkelrett på eggen som den norske modellen.232 Denne typen er i liten grad brukt av samar.

Jiehkku

Jiehkku er ei S-forma tohandsskrape med treskaft, det finst ikkje noko norsk namn på denne modellen. Om ein samanliknar med andre folkeslag i det arktiske området, ser ein at dei alle har dreve med skinnskraping. Tohandsskraper er og utbreidd hos andre folkeslag, mens den S-forma typen ser ut til å vere særeige samisk. Museumsstyraren i Guovdageaidnu forklarer kvifor ein føretrekk S-forma: "På grunn av S-formen, så trykker jernet ned emnet foran og skraper lenger bak, og på den måten både rettes og strekkes emnet under skinnberedningen."233

Eg vil her konsentrere meg om jiehkku, både fordi denne er mest brukt i sámi duodji og fordi det sett frå mekaniske fag i vidaregåande skole er størst utfordring å lage denne.

Fellestrekk ved jiehkku er ved sida av S-formen at jernet er smalast på midten, at eggen er runda av og at det er festa til trehandtaket med ein eller to skruar gjennom ho midt på jernet. Vanligast er eitt hol, men eg har og sett fleire med to hol. Dei fleste jiehkkuar er like i begge endar, andre har ei rekke skar skore inn i den eine eggen. Ingen av jiehkkuane eg har sett på museum har slike skar. Duojárár fortel at dette er ei nyutvikling dei siste par tiåra.

Jiehkku blei trulig forma gjennom oppvarming i smiesse og banking på ambolt. Da vi tok opp jiehkku-produksjon ved SVSRS hadde vi lite å halde oss til. Vi fann ut at det kunne vere ein fordel med ein jigg å bøye jiehkkuen etter, og eg laga ei teikning av ein slik. Elevane laga da først sin eigen jigg før dei laga jiehkku.

10.5. Konklusjon om mekaniske fag

I samiske område er det lange tradisjonar i produksjon av reiskapar og andre gjenstandar av metall, særlig av stål. Den samiske smedtradisjonen synast å ha vore sterk i mesteparten av det samiske området, i alle fall frå 16-1700-talet fram til på 1950-60-talet. Det er no svært få som held denne ved like, men ein del eldre folk har kunnskapar som dei ikkje brukar aktivt. Denne tradisjonen er i svært liten grad dokumentert i skriftlige kjelder. I offentlige og private museum er det ei rekke jerngjenstandar som samar har brukt i reindrift, jordbruk, fiske, jakt og duodji. Men der er sjeldan dokumentert kven som har laga dei ulike gjenstandane. Det er derfor vanskelig å seie kor mye som samane har laga sjølve og kor mye dei har kjøpt utafrå eller frå nordmenn/kvenar i lokalsamfunnet.

Mekaniseringa gjorde sitt inntog i det samiske samfunnet til ein viss grad på 20-talet (båtmotorar), i indre strøk skaut mekaniseringa først fart på 50-60-talet. Lite av dette er dokumentert i skriftlige kjelder og museum. Dagens samiske samfunn er i stor grad mekanisert og moderne teknologi er i bruk i dei fleste næringar. Likevel er det klare særtrekk i forhold til storsamfunnet. Særlig gjeld dette område der reindrifta står sterkt. Det er lite industri, men desto meir kjøretøy og mekaniske hjelpemiddel til bruk i reindrift og utmarksnæringar. Reparasjon og vedlikehald av desse har i liten grad fått plass i dei nasjonale læreplanane for mekaniske fag.

Læreplanar og lærebøker i mekaniske fag er laga for det norske storsamfunnet, i første rekke for industrisamfunnet i byar og tettstader. Det er ikkje lagt opp til ei tilpassing til lokale forhold, verken når det gjeld faget si historie og kultur eller når det gjeld dagens næringsliv.

Ei samisk opplæring i mekaniske fag bør derfor ha to vinklingar som skil seg ut frå den nasjonale opplæringa:

- knytte opplæringa til tradisjonane i metallbearbeiding i samiske område
- innrette reparasjonsarbeid mot maskinar som brukast i samiske næringar og elles i lokalsamfunnet
Frå dei samiske vidaregåande skolane har det vore gjort fleire forsøk på ei slik innretting på begge desse områda. Dette har eit stykke på veg ført til at opplæringa har blitt meir nær og realistisk for elevane, og at også mekaniske fag har hatt eit visst samisk innhald. Men det har samtidig vore og er framleis ein del hindringar i dette arbeidet:
- Læreplanane er så omfattande at det er vanskelig å finne plass til det ein ønsker å arbeide med.
- Det finst ingen læremiddel og minimalt med skriftlige kjelder for denne undervisninga.
- Lærarane har avgrensa kunnskap om desse emna, og det er ingen kurs dei kan gå.
- Det er vanskelig å finne folk utafor skolen med slike kunnskapar, og om ein finn det, finst det lite pengar til å leige dei inn som gjesteførelesarar / -instruktørar.
- KUF har avvist forslaget frå dei samiske vidaregåande skolane og Samisk utdanningsråd om oppretting av VK1 småmaskiner.

Verktøy for mekanisk arbeid og bygningsarbeid, utstilt på Guovdageainnu gilišillju. Merk loddebolten helt til høgre på venstre plata. Foto: SL. Mekánalaš barggu ja huksenbarggu biergasat, Guovdageainnu gilišilju čájáhusas. Fuomaš golve mii lea olgešbealde gurut pláhtas.

For å sikre samisk opplæring i mekaniske fag, bør det derfor bli utarbeida eigen samisk læreplan for mekaniske fag grunnkurs. I tillegg bør det opprettast fagbrev og VK1 for småmaskinar. Dei to samiske vidaregåande skolane vil da kunne alternere mellom å tilby denne faget, da det krev forholdsvis lite tungt utstyr og mindre verkstadplass enn mange andre mekaniske fag.

Eg har nemnt nokre eksempel på gjenstandar i samisk tradisjon som ein kan ta inn i skolen si øvingsrekke. Det er i tillegg ønskelig å bruke gjesteførelesarar / instruktørar i den grad det er mogleg å finne. For å få kjennskap til samisk metallbearbeidingstradisjon, vil museumsbesøk vere ein hovudmetode, da det er lite å finne i skriftlige kjelder.

Når det gjeld bruk av mekaniske hjelpemiddel i det moderne samiske samfunnet, er det to hovudmetodar som ein kan bruke. Den eine er å ta imot kjøretøy og maskinar til reparasjon på skolen, den andre å organisere utplassering i lokale bedrifter.


213.Eit eksempel er Håvard Bergland, hovudforfattar av læreverket «Mekanikarpermen», som og har skreve bøker om knivsmiing og anna smedarbeid.

214. Illustreret norsk Konversationsleksikon, Aschehoug 1912, bd. 5, s. 645

215.Fjellström, Phebe: Samernas samhälle. Norstedts 1986, s. 475

216. Pettersson, Olof Petter: Kristoffer Sjulssons minnen. Nordiska museet 1979, s. 207

217. Nissen, Kristian: Finsk kunstsans - finsk husflid I: Otterbech (red): Kulturverdier hos Norges finner Aschehoug 1920 s. 95

218.Myklevoll, Lars Børge H.: Hvem kom først? Om framveksten av samisk etnisitet og identitet. I: Bårjås. Árran 1999, s. 40. Denne dolken er utstilt på Várjját Sámi Musea i Varangerbotn.

219.Usjakov, I.F., Dastsjinskij, S.N.: Ловозеро (Lovozero). Murmansk bokforlag 1988, s.9

210. Borgos: De er her ennå. Samisk historie i Vesterålen. 1999. s.16.

221.http://www.finnmark.net/naringsliv/artikler/070401-stromeng.htm

222. Jamtli historieland, Östersund, Sverige

223.Det har i alle fall vore følgande planar: grunnkurs: jern og metall, maskin og mek, mekaniske fag før og etter Reform 94, VK1: mekanikar, landbruksmekanikar, arbeidsmaskinar, VK2: landbruksmekanikar

224.Brev fra KUF, 27.11.98, med tittelen: «Vedr. småmaskinfaget som nytt fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet». Historia om småmaskinar VK1 er skildra i NSI: Samisk videregående opplæring - rettigheter og innhold, kap.5.7.7.

225. Dette gjeld særlig Håvard Bergland sine bøker: Knivsmeden. Universitetsforlaget 1990 og Kunsten å smi.

226.Venor er ein bedrift i Guovdageaidnu som lagar lavvoar og sel utstyr for reindriftsnæring og friluftsliv,

227.Thommassen, Ole: Lappenes forhold. Sámi giellaguovddáš 1999, s. 23 Eg er ikkje heilt sikker på kor pålitelig denne kjelda er i dette spørsmålet, ettersom skjerdingen på teikninga heller der ut til å vere laga av jern enn av tre.

228.Ordet dipmadanruovdi kan omsettast med «mjukningsjern», og er i alle fall i bruk i Guovdageaidnu og Kárášjohka, i følge duodjilærar Ellen Marit Eira Solbakke.

229.K. Sjulssons minnen s. 189. På nordsamisk skulle dette bli geassinruovdi, men eg finn ikkje dette ordet nokon stad. Dette er kanskje det same som Fjällström kallar altam-ruoute.

230.Konrad Nielsen: Lappisk ordbok. Universitetsforlaget 1932-64.

231.Storjord, Thorbjørn: Samene i Nord-Salten. Th. Blaasvær 1993

232.Den eg kallar «norsk» har eg funne på SVSRS, men ikkje i samiske museer eller skriftlige kjelder. Ifølge duojárar er dette ein nordisk, ikkje-samisk modell.

233. Keskitalo, Alf Isak: Guovdageainnu suohkangirji / Kautokeino sognebok, Guovdageainnu suohkan 1998, s. 549


Til neste kapittel
Startsida mi
sveilund@online.no