Frå tradisjon til yrkeskunnskap
Samisk kunnskap i yrkesfag
Hovudfagsoppgåve i yrkespedagogikk
Sámegiel veršuvdna: Árbevierus fidnomáhttui - Sámi máhttu fidnofágain
Svein Lund
Høgskolen i Akershus, 2001
Til startsida for denne oppgåva
Kortversjon
1. Utgangspunktet
Utgangspunktet for oppgåva er eit ønske om at samisk vidaregåande opplæring i større
grad skal bygge på samisk kultur og samisk kunnskap. Bakgrunnen min for å skrive dette er at
eg har vore i samisk vidaregåande opplæring eit år som elev og eit tiår som lærar, deltatt i
evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 og laga utkast til revidert
strategisk plan for Styret for de samiske videregående skolene.
Evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 peika på at det
innafor mange fag finst samisk kunnskap, som ikkje kjem godt nok fram i dagens skole. Eg
ønsker med dette å konkretisere kva slags samisk kunnskap som finst på nokre fagområde og
gi nokre idear om korleis denne kan brukas til å utvikle samisk vidaregåande opplæring.
1.1. Samisk opplæring i globalt perspektiv
Med utgangspunkt i slagordet "Tenke globalt - handle lokalt", trekker eg linjer mellom dei
samiske vidaregåande skolane og arbeidet for utdanning for urfolk i verda.
1.2. Skolen og det samiske samfunnet
Opplæringa i det tradisjonelle samiske samfunnet var i første rekke ei praktisk
opplæring i det ein måtte kunne for å livberge seg. Samanvevd med den praktiske kunnskapen
blei det og formidla teoretisk forståing, sosiale normer og tradisjonar. Undervisnings- og
læringsmetodane var i første rekke deltaking i praktisk arbeid og etterlikning av dei vaksne
sitt arbeid i leik.
Den formelle opplæringa i skole blei innført og styrt av storsamfunnet.
Den gamle skolen sto for samiske elevar som ei framand verd. Verken elevar eller foreldre
var særlig motiverte for å gjøre meir ut av skolegangen enn høgst naudsynt.
Frå slutten av 1960-talet har samisk språk og kultur så smått fått innpass i det norske
skoleverket. Men framleis er det den norske skolen som ligg til grunn.
1.3. Kva er samisk vidaregåande opplæring?
Eg bygger på denne definisjonen av samisk vidaregåande opplæring: all opplæring
ved de samiske videregående skolene, opplæring i andre videregående skoler i samisk
språk, norsk for samiske elever, i samiske emner og fag, opplæring for lærlinger i
samiske fag og veilednings- og andre tjenester for slike elever og lærlinger.
1.4. Mellom samisk og norsk
Dei samiske vidaregåande skolar har levd med det doble kravet om å skulle gi ei
samisk utdanning og samtidig ei nasjonal utdanning. Det ei uavklart korleis ein skal ein
prioritere mellom desse måla og dette spørsmålet er mye diskutert på skolane.
1.5. Mellom yrkesfag og allmennfag
Dagens vidaregåande opplæring er oppstått ut frå to opplæringstradisjonar; ein yrkesbasert og
ein akademisk. Av dei samiske vidaregåande skolane har ein bakgrunn som yrkesskole, den andre som gymnas/handelsskole. Begge skolane har no både yrkesfag og allmennfag.
1.6. Mellom samisk og yrkesfag?
Dei samiske vidaregåande skolane har både motsetning mellom samisk og norsk og mellom yrkesfag og allmennfag. Det kan verke som konflikt mellom å styrke yrkesfag og å styrke samisk språk og innhald i skolen.
Den samiske befolkninga har i langt mindre grad enn majoritetsbefolkninga fått del i den norske folkeopplysningstradisjonen, etter som dei har vore nekta retten til opplæring i og på eige språk. Den samiske opplæringa har i første rekke vore bygd ut på det allmenne og akademiske området. Samar har hovudsakelig fått yrkesutdanning på norsk og blitt
sosialiserte inn i eit norsk fagmiljø.
Samisktalande yrkesfaglærarar har sjeldan fått lære å lese og skrive morsmålet.
Som lærar i samiske vidaregåande skole har eg opplevd desse motsetningane. Eg har norsk bakgrunn, har lært samisk i vaksen alder og har utdanning frå både yrkesfag og allmennfag. Som lærar arbeida eg både for å styrke yrkesfaga og for å
styrke samisk språk og innhald.
Krav om samisk innhald i vidaregåande skole har mest konsenterert seg om duodji og reindrift, samt visse allmennfag. som historie, geografi, samfunnskunnskap og religion. Dei siste åra har det kome sterkare krav om samisk innhald også i landsomfattande
yrkesfag.
2. Vegen
2.1. Problemstilling
Overordna problemstilling:
Korleis kan opplæringa på yrkesfaglige studieretningar i samisk vidaregåande opplæring
både gi grunnlag for yrkesaktivitet / vidare studier og styrke samisk kultur og identitet?
Underproblemstillingar:
* Kva for føringar gir internasjonale konvensjonar og norsk lovverk for samisk opplæring, og kor bør dette føre til endringar i dagens praksis?
* Korleis kan elevar i samisk vidaregåande opplæring utvikle både yrkesidentitet og samisk identitet?
* Kva kjenneteiknar samisk kunnskap? Kva nytte kan ein ha av samisk kunnskap i skolen?
* Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring?
* Kva for særeigen samisk kunnskap og særeige samisk nærings- og arbeidsliv finst det i tilknytning til kvar av studieretningane:
- hotell- og næringsmiddelfag
- helse- og sosialfag
- byggfag
- mekaniske fag
* Tilseier dette at det bør gjøras endringar i læreplanverket som ligg til grunn for samisk
vidaregåande opplæring innafor dei nemnde yrkesfaga?
2.2. Utdjuping og avgrensing
Eg tar i liten grad opp undervisningsspråk og arbeidsmetodar og legg hovudvekta på innhaldet. Hovudvekta ligg på samisk vidaregåande opplæring på norsk side, særlig dei samiske vidaregåande skolane. Samtidig ser eg etter samisk kunnskap i heile det samiske området. I analysa av næringslivet i samiske område legg eg hovudvekta på kommnane i
forvaltningsområdet for samisk språk.
Faggrenser kan vere uklare og skolen sine faggrenser høver ofte ikkje overens med samisk tradisjon. Eg har likevel tatt utgangspunkt i dei fire "ikkje-samiske" yrkesfaga som no finst ved dei samiske vidaregåande skolane.
2.3. Modellar for samisk forsking
Forskarar som forskar i urfolksspørsmål diskuterer skiljene mellom å forske på, for og med ei gruppe. Samane har kjempa for sjølv å få styringa over forskinga om samiske spørsmål. Eg tar utgangspunkt i ønsket om å forske med dei som forskinga gjeld og drøftar eigne metodar i forhold til to hovudmodellar: "Objekts-modellen" og "Prosess-modellen". Eg
har forsøkt å bruke prosessmodellen, men bare klart det i ein viss grad.
2.4. Kjeldene mine
Eg brukar eit breitt spekter av kjelder og metodar for innsamling av materiale. Det er naudsynt å vere kritisk til kjeldene da mye er skreve av folk med avgrensa fagkunnskap og/eller kulturforståing.
Det finst ei rekke skriftlige kjelder til samisk kunnskap. Mesteparten er skreve av ikkje-samar. Når samar har skreve,
er det helst akademikarar, verken fagfolk frå vidaregåande opplæring eller yrkesfaglærarar.
Eg har samla skriftlig materiale gjennom leiting i bibliotek, bokhandlar og tips frå fagfolk i samiske miljø.
Det finst mange samiske gjenstandar utstilte i samiske spesialmuseum, museum med eigne samiske avdelingar, lokale bygdemuseum og private samlingar. Eg har systematisk gått gjennom ein del av dei for å finne ting med tilknytting til dei fire aktuelle yrkesfaga.
Målsettinga med museumsundersøkingane har vore å kunne seie noko om kva som finst av dokumentasjon på tidligare tiders samiske kunnskap i form av bruksgjenstandar, reiskap og verktøy, med tanke på bruk av museum i opplæring og læremiddelproduksjon.
Ei viktig kjelde har vore lærarar ved samiske vidaregåande skolar. Det bygger eg vesentlig på intervju eg deltok i i samband med evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Intervjua gikk p� samisk innhald i undervisninga, læreplanane sin funksjon og samisk kunnskap i faget.
Eg har prata om samiske kunnskapar med mange folk med forskjellige innfallsvinklar til emnet. Eg har og nytta ein del trykte intervju med samiske fagfolk.
3. Juridisk og politisk grunnlag for samisk opplæring
I kva grad gir internasjonale konvensjonar, norske lovar og fråsegner frå sentrale styresmakter grunnlag for å kreve ein større grad av særeigen samisk opplæring? Styresmaktene har hevda at den norske staten sin samepolitikk allereie oppfyller dei
internasjonale konvensjonane og dei har tidligare avvist å utreie om konvensjonane kunne legge føringar for Reform 94. Eg har derfor lagt vekt på ei grundig behandling av dette.
3.1. Kva forpliktar Noreg?
Hierarki som retningsgivande for samisk vidaregåande opplæring:
1. Internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til
2. Grunnlova
3. Andre norske lover, særleg Samelova og Opplæringslova
4. Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Generell del
5. Læreplanar i einskilde fag
Ved innføringa av Reform 97 blei det gjort ein gjennomgang av internasjonale konvensjonar som forpliktar norsk utdanningspolitikk overfor samane. Denne konkluderte med eigne samiske læreplanar. Styresmaktene har ikkje gjort noko tilsvarande analyse for
vidaregåande opplæring.
3.2. Internasjonale konvensjonar
Eg går gjennom dei viktigaste konvensjonane som skal sikre rett til utdanning og kulturell utvikling, for å sjå om desse legg føringar for samane sin rett til utdanning med samisk innhald. Dei viktigaste konvensjonane er Menneskerettserklæringa, FNs
barnekonvensjon, ILO-konvensjonen om urfolk og Rio-konvensjonen om biologisk mangfold.
Den norske staten er forplikta av dei internasjonale konvensjonane til å legge opp
utdanningstilbodet slik at:
- Opplæringa på nasjonalt nivå gir informasjon om det samiske folket og kulturen deira,
prega av forståing og respekt.
- Opplæringa for samiske elevar skal ta utgangspunkt i samane sitt eige språk og kultur.
- Yrkesopplæring for samar skal ta utgangspunkt i deira særlige behov.
Ut i frå læreplanane si rolle i norsk skole, tolkar eg dette som ein plikt både til samiske emne i dei nasjonale læreplanane og ein rett for samane til å få eigne samiske læreplanar der dei sjølve ønsker det.
3.3. Norske lover
Grunnlovsparagraf �110a behandlar samane som ei folkegruppe med eit eige samfunnsliv og med kollektive rettar som folk. Dette gjør det til ei klar plikt for norske styresmakter å gi samisk opplæring.
Samelova slår fast at ein kvar har rett til opplæring i samisk.
Da opplæringslova blei laga, var det mye strid om samisk opplæring. Resultatet blei eit kompromiss som er ope for tolking. Opplæring i samisk er sikra betre enn før, men lova sikrar ikkje samiske lærebøker og ikkje opplæring på samisk i vidaregåande skole. Sametinget har fått ein sterkt avgrensa kompetanse til å avgjøre læreplanar.
3.4. Stortingsmeldingar om samepolitikk
Stortingsmeldingane om samepolitikk har gått inn for å overføre mye av ansvaret for samisk opplæring til Sametinget, men samtidig har ein heldt på at sentrale styresmakter skal ha det avgjørande ordet i læreplanspørsmål.
3.5. Generell læreplan
Det første utkastet til generell læreplan understreka sterkt det felles nasjonale kultur- og kunnskapsgrunnlaget, og ga samiske spørsmål ein svært beskjeden plass. Etter kritikk kom det inn noko meir om samisk opplæring, men dette er framleis svært allment og lite forpliktande.
3.6. Målsettinga for dei samiske vidaregåande skolane
Frå 1991 har dei samiske vidaregåande skolane hatt ei ei felles målsetting, som har lege til grunn for strategiske plan for styret for de samiske videregående skolene og for arbeidet til kvar skole.
3.7. Konklusjon om juridisk og politisk grunnlag
Konklusjonen min er at internasjonale konvensjonar og norsk lovverk legg sterke føringar både for at alle elevar i landet skal få opplæring om samisk kultur og samiske samfunnsforhold og for at samane har rett til ei eiga opplæring, der samisk språk, kultur og
kunnskap er sentrale element, samtidig som opplæringa skal gi dei grunnlag for å delta i storsamfunnet. Dagens samiske vidaregåande opplæring har i liten grad eit samisk innhald. Det samiske innhaldet bør vere langt sterkare enn det som går fram av dagens læreplanar.
4. Kultur, identitet og yrke
Her drøftar eg omgrepa identitet, yrkesidentitet, etnisk identitet og forholdet mellom dei, sett i høve til målsettingane for norsk og samisk vidaregåande opplæring. Eg trekk fram forsking som er gjort i Sápmi, i Noreg og i utlandet og forsøker å kople denne med eigne røynsler.
4.1. Kulturbakgrunn, kulturkunnskap og kulturforståing
Den generelle læreplanen har forskjellige målsettingar for samiske og ikkje-samiske elevar. For ikkje-samiske elevar er målsettinga avgrensa til å få kunnskap om samisk kultur. Samiske elevar skal i tillegg utvikle den samiske identiteten sin gjennom opplæringa.
Skolen skal ta utgangspunkt i elevane sin kulturbakgrunn, formidle kulturkunnskap og utvikle kulturforståing. Sett i ein minoritets/majoritetssamanheng vil det vere særlig viktig å utvikle kulturforståinga hos majoritetsbefolkninga, for å motverke rasisme og anna diskriminering. Minoriteten på si side, treng i første rekke å utvikle sin eigen identitet.
4.2. Identitetsomgrepet
Identitetsutvikling er eit viktig mål for opplæringa. Identitet blir utvikla i møte med folk med ein annan identitet. For grupper som er eller har vore undertrykte eller diskriminerte er identitetsutvikling viktig for sjølvkjensle og eit grunnlag for læring.
4.3. Nasjonal og etnisk identitet
Omgrepa nasjon/nasjonalitet og etnisk gruppe/etnisitet har blitt gitt svært forskjellig innhald. Oppbygginga av ein nasjonal identitet har vore eit sentralt mål for skoleverket i dei fleste statar.. Den norske skolen har som mål både utvikling av nasjonal identitet, som
omfattar alle som bur i landet, og utvikling av samisk etnisk identitet blant samiske elevar. Det er viktig å skilje mellom etnisk norsk og
nasjonal norsk identitet, slik at også nasjonale minoritetar på likeverdig grunnlag blir inkludert i den norske nasjonale identiteten.
Det er ei rekke interessante parallellar mellom norsk identitetsoppbygging for 150-100 år sidan og samisk identitetsoppbygginga dei siste 20-30 åra. Oppbygginga av ein norsk identitet var på eine sida ei avgrensing overfor utlandet, på andre sida forsøk på å fornorske eller eliminere dei nasjonale minoritetane. Eit av dei viktigaste måla for fornorskingspolitikken var å hindre utviklinga av ein samisk identitet. Samisk språk og kultur blei framstilt som noko mindreverdig og lågtståande. Som resultat av dette er det i dag eit mindretal av dei som har samisk bakgrunn som har ein klar samisk identitet.
Kvar generasjon må utvikle sin eigen form for etnisk identitet. Dette gjeld særlig sterkt i vår tid, der dei samiske områda har vore utsett for modernisering og store kulturelle og språklige endringar. Det er ikkje gjort noko systematisk undersøking av skolen sin
verknad på ungdommen si samiske identitet.
4.4. Yrkesidentitet
Yrkesidentitet utviklast særlig i yrke som og fører med seg ei livsform, som reindrift, i yrke med høg status og/eller spesialisert utdanning og i handverksyrke med lange tradisjonar.
Utviklinga av ein yrkesidentitet startar når elevane har bestemt seg for å søke på ei yrkesretta utdanning. Ei av oppgåvene til yrkesutdanninga er å styrke denne yrkesidentiteten. Utvikling av yrkesidentitet fremmer motivasjon og læring.
Etter Reform 94 er det vanskeligare å utvikle yrkesidentitet ettersom opplæringa i mindre grad er knytta direkte til bestemte yrke.
Når samiske elevar har utvikla yrkesidentitet i "norske" fag, har dette samtidig ofte betydd ei svekking av den samiske identiteten.
4.5. Arbeidsdeling i Sápmi og Noreg
Det samiske samfunnet har tradisjonelt vore prega av meir kombinasjonsnæringar og mindre yrkesspesialisering enn det norske storsamfunnet. Røtene til samisk kunnskap i yrkesfag ligg derfor ofte ikkje hos folk med spesialisert yrkesutdanning og yrkesutøving, men
hos allsidige praktikarar som kombinerte mange gjøremål. Med auka arbeidsdeling, modernisering og formalisert utdanning har mye av den samiske kunnskapen gått ut av bruk.
4.6. Yrkesidentitet og etnisk identitet
For samar, særlig dei med bakgrunn i reindrifta, kan skifte av yrke og bety ei skifte av livsform, språk og tildels etnisk identitet. Dette kan gi identitetskonfliktar. Det yrket som ein velger eller får kan ikkje bare gi ein yrkesidentitet, det kan og verke til å styrke eller svekke ein etnisk identitet. Fornorskinga har råka hardare i yrke som samane delte med nordmenn enn i yrke som var særsamiske, og råka hardast i arbeidarklassa. Dette slår og inn i vidaregåande skole, slik at elevar i dei yrkesfaglige studieretningane som ikkje har særlig
samisk tilknyting har dårligast vilkår for utvikling av samisk identitet.
4.7. Konklusjon om kultur, identitet og yrke
Vilkår for at skolen kan bidra til å styrke b�de yrkesidentitet og samisk identitet er at yrkesopplæringa knytar seg til samiske tradisjonar innafor fagfeltet og at opplæring i samisk kultur og språk blir knytta til elevane sin situasjon og knytta saman med den yrkesfaglige opplæringa.
5. Samisk kunnskap - kva og kvifor?
Her ser eg samisk kunnskap generelt i samanheng med kunnskapstypar som yrkeskunnskap, vitskapelig kunnskap og urfolkskunnskap. Med dette ønsker eg å trekke linjer mellom diskusjonane om yrkespedagogikk og om urfolksopplæring.
5.1. Kunnskapstypar og kunnskapsutvikling
Eg presenterer og drøftar måtar å dele inn kunnskap på: etter faginndeling, mellom praksis og teori, mellom yrkeskunnskap og vitskap, mellom lokal, etnisk, nasjonal og internasjonal kunnskap. For kvar av inndelingane trekk eg sambandslinjer til norsk og samisk
skole, til Reform 94 og til diskusjonen om samisk kunnskap. Deretter drøftar eg korleis forskjellige grupper utviklar forskjellig kunnskap, korleis globaliseringa verkar inn på kunnskapsutviklinga og spør om den samla mengden kunnskap i verda aukar eller minskar.
Skolereformene i Noreg på 90-talet var eit åtak på mangfaldet i kunnskapen.
5.2. Urfolkskunnskap
Urfolk har blitt eit internasjonalt anerkjent omgrep. Urfolksrettar er både individuelle og kollektive. Det sterkaste folkerettslige vernet om samiske rettar, samisk kultur og samisk kunnskap ligg i dei internasjonale konvensjonane. Det kan vere nyttig for diskusjonen om samisk kunnskap å sjå om andre urfolk har liknande problemstillingar.
Karakteristisk ved urfolkskunnskap er at han er utvikla lokalt av urfolka sjølve gjennom mange års røynsle og representerer eit anna kunnskapsystem enn den vitskapsbaserte kunnskapen som dominerer forskningsinstitusjonane. Her er ein klar parallell mellom
urfolkskunnskap og yrkeskunnskap.
Som resultat av kolonisering og globalisering har mye urfolkskunnskap blitt borte. Multinasjonale industrikonsern forsøker å bruke urfolk sine kunnskapar til profitabel produksjon. Det internasjonale lovverket og internasjonale organisasjonar er motstridande. Mens nokre FN-organ og konvensjonar forsøker å verne urfolka og kunnskapen deira, blir dette motarbeida av sterkare organisasjonar som vernar monopola, bl.a. gjennom patentordningar.
Urfolk sine kunnskapar kan vere eit vesentlig bidrag til å rette opp den skakkjørte bruken av naturen. Det føreset at urfolka sjølve får kontrollen over eigen kunnskap.
Over heile verda har urfolk sine eigne opplæringssystem blitt erstatta av skoleverk dreve av kolonimakter eller storsamfunn. Urfolk har reist kamp for ein skole som bygger på deira eige språk, kultur og læringsmåtar, og dei utvekslar røynsler på regionalt og globalt nivå. Denne kampen har hatt ein viss framgang, særlig i grunnskole og tildels høgare
utdanning. I vidaregåande opplæring og særlig yrkesopplæring har urfolka kome kort i å
bygge ut eiga opplæring,
5.3. Samisk kunnskap
Samane sin tradisjonelle kunnskap var tildels spesifikt samisk, til dels felles med nabofolka. Der er inga felles forståing av kva omgrepet samisk kunnskap omfattar. I denne oppgåva brukar eg samisk kunnskap om den kunnskapen som har vore eller er i bruk i
samiske område og som samar meiner at høyrer til eller er typisk for samfunnet deira. Spørsmålet om samisk kunnskap i dagens skole må sjåast ut frå relevans i forhold til arbeidslivet, elevane sin skolemotivasjon og utvikling av sjølvkjensle og identitet.
Samiske område har frå gamalt lågare skolemotivasjon enn landsgjennomsnittet, noko som har samanheng med at elevar og foreldre ikkje har opplevd skolen som relevant i forhold til livsverda deira. Samisk innhald i skolen kan bidra til å auke motivasjonen både hos elevar og foreldre, noko eg her har vist med døme frå samisk vidaregåande skole.
Næringslivet og arbeidsmarknaden i samiske område har ein del særtrekk i forhold til landsgjennomsnittet, som gjør at samanhengen mellom yrke, yrkesutdanning og yrkeskunnskap ikkje er like fast som f.eks. i eit norsk bysamfunn. Det kan vere vel så mye
samiske kunnskap å finne hos folk med allsidig røynsle og lite formell utdanning, som hos dei med fagutdanning og yrke.
Delinga mellom "hand og ånd" fall tidligare i stor grad saman med delinga mellom samisk og norsk. Handa var samisk, mens ånda var norsk.
Mange fryktar at samisk kunnskap i yrkesfaga vil svekke elevane på arbeidsmarknaden. Men samtidig er bruk av den gamle samiske kunnskapen er ei undervurdert nisje på arbeidsmarknaden og det er ein god del eksempel på folk som har gjort praktisering av samisk kunnskap til eit levebrød. Her er og potensiale til næringsutvikling.
Den tradisjonelle samiske kunnskapen er ein kunnskap om korleis berge seg med lite. Innafor naturbruk og naturforvaltning vil samisk kunnskap kunne bidra konkret til å betre levevilkåra i samiske område gjennom ei betre naturforvaltning.
I eit samisk/norsk miljø vil det både i arbeidslivet og dagliglivet utafor skolen og innafor skolen vere fire kombinasjonar: teoretisk/norsk, teoretisk/samisk, praktisk/norsk, praktisk/samisk. Alle desse kunnskapsformene skal ha plass i samisk vidaregåande opplæring.
Motsetninga går på kva ein skal legge hovudvekta på. I dag dominerer teoretisk opplæring over praktisk opplæring og norsk opplæring dominerer over samisk opplæring.
Det samiske samfunnet har gått gjennom ei rask modernisering. Mye av den gamle kunnskapen spelar ikkje lenger ei praktisk rolle, men meir ein kulturell og symbolsk funksjon. Skolen si oppgåve er både å halde sambandet med historia og tidligare generasjonar sitt liv og
kunnskap og å sørge for at den moderne kunnskapen blir tilpassa til samisk språk og kultur og til lokalt næringsliv.
6. Læreplanar i samisk opplæring
Blant folk som har med samisk opplæring å gjøre er det eit utbreidd ønske om at samisk kunnskap bør få større plass i skolen. Derimot er det ikkje like stor semje om i kva grad ein kan få dette til innafor dagens læreplanar, om dei nasjonale læreplanane må endrast slik at samisk kunnskap får ein plass her, eller om det trengst eigne samiske læreplanar.
Det er mange måtar å lage læreplanar på. Strukturen i læreplanane og utviklingsprosessen vil i stor grad vere styrande for den opplæringa elevane får, både i form og innhald. Korleis verkar læreplanstrukturar inn på vilkåra for samisk vidaregåande opplæring?
6.1. Læreplanprinsipp
Om samiske elevar skal få ei opplæring bygd på samisk kultur, språk og historie, vil vere avhengig av kva som står i dei læreplanane som dei blir underviste etter. For samisk opplæring vil det læreplanane seier, og ikkje seier, fortelle samiske elevar og lærarane deira kva samfunnet ser på som "verdifullt, nyttig, ønskelig og passande". Læreplanane kan bidra til å skape haldningar hos samiske elevar, til seg sjølve og til storsamfunnet, og haldningar til samisk kultur hos ikkje-samiske elevar.
Med Reform 94 og Reform 97 er alle læreplanar skore over same lesten. Målstyringsprinsippet blei innført i heile skoleverket utan at det først var gjort noko evaluering av tidligare læreplanprinsipp, og evalueringa av Reform 94 evaluerte ikkje læreplanprinsippa.
Yrkessentrerte læreplanar og samiske læreplanar har til felles at dei i større grad enn dagens nasjonale målstyrte læreplanar tar utgangspunkt i arbeidslivet utafor skolen. Men ein yrkessentrert læreplan er ingen garanti for at opplæringa tar omsyn til lokale og/eller samiske forhold. Yrkesfaglige læreplanar må legge opp til å knytte yrkesopplæringa til det lokale yrkeslivet.
Samisk innhald kan sikrast gjennom tre metodar; samiske emne i nasjonale læreplanar, eigne samiske læreplanar og samiske metodiske rettleiingar til nasjonale læreplanar. Samiske emne i nasjonale læreplanane skal sikre opplæring om samiske forhold over heile landet. For samiske elevar og andre elevar i samiske område og samiske miljø, skal samisk kultur i større grad leggast til grunn for opplæringa. Dersom dei nasjonale læreplanane er svært generelle og legg opp til stor grad av lokal / regional utfylling, kan det vere mogleg å få inn samisk opplæring lokalt. I Noreg har dei fleste læreplanane så detaljerte mål at det blir liten plass for det som ikkje står i læreplanen.
Samisk opplæring må vere eit spørsmål om elevane sin rett, ikkje opp til kva kvar lærar har overskot og kompetanse til. Derfor må hovudmetoden for å sikre samisk innhald i skolen vere samiske emne i dei nasjonale læreplanane, samt eigne samiske læreplanar i dei fleste faga.
6.2. Samiske læreplanar i grunnskolen
I arbeidet med å styrke det samiske innhaldet i skolen har grunnskolen hatt høgast prioritet, både frå styresmaktene si side og frå samiske organ. M-74 tok inn samiske emne etter kritikk. M-87 innførte eigne samiske læreplanar i visse fag.
Ved innføringa av Reform 97 ville KUF gå tilbake til felles læreplanar for heile landet. Protest frå samisk hald førte til eigne samiske læreplanar og ein felles prinsippdel. Samtidig skal dei nasjonale læreplanane ha samiske emne.
6.3. Læreplanar i samisk vidaregåande opplæring
Det er 6 læreplanar som er laga spesielt for samiske elevar / samiske skolar. Elles følger samiske elevar nasjonale læreplanar i alle fag. Eg drøftar om læreplanane gir føringar for bruk av samisk kunnskap og om læreplanane bør endras for å komme i samsvar med ideane sin læreplan for urfolksopplæring.
Ved innføringa av Reform 94 var mange lærarar engasjerte i læreplangrupper. Alle gruppene skulle arbeide etter KUF sine retningslinjer, som mange opplevde som ei tvangstrøye. Det var ingen retningslinjer for at læreplanane skal framheve samiske, regionale eller lokale forhold. KUF bearbeida i tillegg læreplangruppene sine forslag og høringsinnspel blei i liten grad tatt omsyn til.
Læreplanane til dei 13 grunnkursa etter Reform 94 har forskjellig grad av tilnærming til yrke og yrkesgrupper, noko som kan vere avgjørande for i kor stor grad desse kursa lar seg tilpasse til lokalt næringsliv. Eg meiner å kunne skilje ut 5 typar av grunnkurs:
1. Innretta på eit naturlig fagområde.
2. Hovudvekt på eitt bestemt fag
3. Skolen velger eitt fag
4. Litt av kvart fag
5. Fellesnemnar
Typen av kurs vil påverke oppbygginga av yrkesidentitet og i kva grad det er rom for lokal og samisk tilpassing. Det er lettare å tilpasse grunnkurs naturbruk til reindrift enn grunnkurs formgiving til duodji.
Planlegginga av Reform 94 starta utan tanke på samiske vidaregåande opplæring. Samiske miljø forsøkte forgjeves å påverke reforma. Krav om fleire samiske læreplanar har blitt avviste.
Eg drøftar læreplanane i nokre fag, korleis dei har blitt utarbeida og kva for vilkår dei gir for samisk opplæring.
Dei einaste faga der vidaregåande skole etter Reform 94 har parallelle læreplanar er samisk og norsk. I samisk skil læreplanane mellom tre nivå, i norskfaget er det ikkje nivået som skil læreplanane. Forskjellen ligg i kva som er relevant kunnskap. ut frå at samiske elevar ikkje har same behova i norskfaget som elevar i eit einspråklig norsk miljø. "Norsk for elevar med samisk" syner at det går an, også i vidaregåande skole, å ha likeverdige parallelle læreplanar, som gjør opplæringa meir relevant utan å redusere status og framtidsmoglegheiter på den nasjonale skole- og arbeidsmarknaden.
I så godt som alle fag er det ønskelig og mogleg med særskilte samiske emne og/eller ei samisk vinkling på lærestoffet. For dei grunnskolefaga som har samiske læreplanar, og som vidareførast i vidaregåande skole som felles allmenne fag eller som studieretningsfag på AøA, er det logisk å halde fram med samiske læreplanar. Det kan og vere aktuelt med samiske læreplanar for nokre allmennfag som og finst i grunnskolen, men utan � ha samiske læreplanar der, og for nokre allmennfag som ikkje finst i grunnskolen.
Ved dei samiske vidaregåande skolane er det undervisning innafor seks yrkesfaglige studieretningar. Reindrift og duodji, er rekna som særeigne samiske, og dei har i større eller mindre grad eigne læreplanar. Det har likevel også her vore, og er framleis, ein strid om i kor stor grad dei skal få eksistere som eigne fag og eigne linjer.
For øvrige yrkesfag er det i dag inga offisiell anerkjenning av noko samisk innhald.
Materiale om samisk kunnskap i desse faga er samla gjennom konferansen "Samisk kunnskap
- grunnlaget for samisk videregående opplæring" og evalueringa av Samisk vidaregåande
opplæring under Reform 94. Eg bygger vidare på dette og koplar det saman med ei analyse av
arbeidslivet i faget i samiske område og den dokumentasjonen av samisk kunnskap i faga som
ein kan finne i skriftlige kjelder og museum. Først når dette er undersøkt, har ein eit grunnlag
for å ta standpunkt til i kva for fag det bør gjørast endringar i dei nasjonale læreplanane,
innførast eigne samiske læreplanar og/eller metodiske rettleiingar.
Sjølv om reindrift har rettsvern som ei samisk næring, er verken reindriftsnæringa eller reindriftsopplæringa styrt av samar. Mekanisering av reindrifta førte til at gamal natur- og reindriftskunnskap i stor grad har blitt erstatta med moderne hjelpemiddel. Ved Reform 94 ønska KUF å legge ned reindrift VK1, men dette blei trukke tilbake etter protestar. På grunnkurs naturbruk er læreplanen landsomfattande og nemner ikkje reindrift eller samiske forhold spesielt. Men læreplanen er generell og ikkje er til hinder for reindriftsfokusert opplæring. Læreplanar for reindrift VK1 og VK2 er i stor grad utarbeida i Guovdageaidnu, men KUF har i stor grad lagt føringar og overprøvd læreplangruppene for å gjøre innhaldet mindre særeige samisk.
Duodjiundervisninga starta med lokale læreplanar. Da ein gikk over til å bruke landsomfattande læreplanar
gikk det ut over det samiske innhaldet. Seinare ønska ein igjen å legge meir vekt på det samiske. Med Reform 94 blei GK duodji erstatta med den nasjonale læreplanen GK formgiving. Skolen protesterte, men vann ikkje fram. Læreplanen for grunnkurs formgiving blei laga utan samisk medverknad og det blei ikkje tatt omsyn til innvendingar frå samisk hald. Ved utarbeiding av læreplanar for duodji VK1 og bedriftsopplæring, blei forslag frå læreplangrupper overkjørt av KUF. Underordning under nasjonale norske læreplanar og sviktande rekruttering trugar no heile duodjiutdanninga.
6.4. Konklusjon om læreplanar
Forskjellige læreplanprinsipp gir forskjellige vilkår for å tilpasse opplæringa til lokale
og samiske forhold. I Noreg er læreplanverket for grunnskolen basert på tre prinsipp som så langt ikkje har
slått gjennom i vidaregåande opplæring: Samiske emne i alle nasjonale læreplanar, eigne
samiske læreplanar i dei fleste fag og ein eigen fellesdel for samisk opplæring. Eit
hovudvilkår for å styrke samisk kunnskap i skolen er at desse prinsippa og blir lagt til grunn
for vidaregåande opplæring.
Den tradisjonelle praktiske samiske kunnskapen har til ein viss grad fått ein plass i dei særlig samiske utdanningane reindrift og duodji. I desse faga kjem og det kulturelle aspektet sterkare inn enn det som elles er vanlig i yrkesfag. For å få ei samisk opplæring i øvrige yrkesfag vil ein måtte legge større vekt på dei kulturelle sidene ved faget, både i teori og praksis. Dei samiske tradisjonane innafor fagområdet må komme fram gjennom studieretningsfaga. Eit anna tiltak for å styrke samisk kultur vil vere å finne plass for det nye faget samisk kulturkunnskap, også på yrkesfag..
Til fortsettinga, kap. 7-11
Startsida mi
sveilund@online.no