Artikkel skreve september 2002. Den norske utgåva er ikkje prenta nokon stad, avvist av Utdanning, Klassekampen og Dag og Tid.
Den samiske utgåva er prenta i Áššu. Dát artihkkal sámegillii

Samisk opplæring: UFD saboterer politiske vedtak

Utdannings- og forskningsdepartementet har det siste året kome med ei rekke åtak på samisk opplæring. Dette er klart i strid med den norske staten sin offisielle samepolitikk. Statsministeren og kongen har bede om orsaking for tidligare fornorsking, og samane sin rett til å utvikle språk, kultur og samfunnsliv er nedfelt i Grunnlova. Likevel drar sterke krefter i retning av å gjenreise fornorskingspolitikken.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

I løpet av nokre få månadar våren og sommaren 2002 har UFD kome med ei rekke vedtak eller utspel som svekker samisk opplæring.
· Grunnskolen: På grunn av mangel på samisklærarar har det i ei årrekke vore tildelt nokre studieheimlar for lærarar som vil studere samisk. I Troms fylke, der halvparten av samiskundervisninga skjer med lærarar utan godkjent utdanning, trakk departementet dei utlyste heimlane tilbake og 9 søkarar fikk avslag.
· Vidaregåande opplæring: Klassekampen har tidligare skreve om den økonomiske stoda for dei samiske vidaregåande skolane. Desse skolane, som ligg direkte under UFD, fikk budsjettet sitt så kraftig redusert at dei sto i fare for å måtte halvere tilbodet. Etter medieomtale og protestar ga så departementet nokre kroner så nedskjæringane blei mindre drastiske, men det som står igjen er at vidaregåande tilbod for samar i staden for å bli utvida, blir innskrenka.
· Høgskolen: I samband med at Samisk høgskole har problem med å rekruttere fulle klassar til lærarutdanninga, lanserte ministeren sjølv løysinga: Slutte å kreve samiskkunnskapar for inntak, da vil rekrutteringa betre seg. Med andre ord: norsk som undervisningsspråk. Frå UFD har det og blitt og lansert tanken om at Samisk høgskole bør reduserast til ein filial av Universitetet i Tromsø..
· Samisk skriftspråk: UFD har funne ut at det blir for dyrt å bruke samiske bokstavar, så dei vil tvinge gjennom ei endring av samisk rettskriving, slik at ein kan skrive nordsamisk med bokstavane i det norske alfabetet.

No skulle her for balansens skuld sjølvsagt og vore med dei positive tiltaka denne regjeringa har gjort for samisk opplæring og samisk språk. Sjølvsagt finst det framleis løyvingar til samiske tiltak, i hovudsaka blir politikken til tidligare regjeringar ført vidare. Poenget er at dei endingane som denne regjeringa har gjort i forhold til samisk opplæring så langt har vore til det verre. Dei som ser positive endringar må gjerne få skrive inn og korrigere meg.

Grunnlova har sidan 1988 slått fast i at "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv". I mange år har offisiell skolepolitikk vore at samisk opplæring skal byggast ut og at samane skal få gradvis større styring over eiga utdanning. Kordan kan samisk opplæring da bli utsett for slike åtak? Om vi ser litt bakover i historia til samisk opplæring, ser vi at motsetninga mellom positive proklamasjonar og negativ praksis ikkje er noko nytt. Det er nok heller regel enn unnatak.

50 år med store ord

Frå midten av 1800-talet var fornorsking det erklærte hovudmålet for opplæringa av samar i Noreg. Dei første signala frå det offentlige Noreg om endring av politikken kan vi tidfeste til 1948, året da SN si menneskerettserklæring blei vedtatt. Da kom Samordningsnemnda for skoleverket med tilrådinga si om samiske skole - og opplysningsspørsmål. Nemnda beklagar den politikken som har vore: "Opplæringa har her berre tatt omsyn til dei borna som tala norsk, og det har skapt mange kompleks og mindremannskjensle hos sameborna." Samordningsnemnda uttalte: "Ein må vera klar over at samane har budd her i landet frå dei eldste tider, og har krav på opplæring av borna sine etter same prinsipielle reglar som andre norske borgarar. Skal samane få full nytte og personlig utvikling av skolegangen, må dei få høvelige lærebøker på morsmålet…." Eit ledd i styresmaktene si nyvurdering av samepolitikken var opprettinga av Samekomiteen av 1956. Komiteen si innstilling representerte eit brot med fornorskingslinja. Grunnsynet i innstillinga var: "Den samiske livsformen er et ledd i hele landets struktur. Begge folkegruppene (samer og nordmenn) skal respektere hverandre."

bilete: Samisk-norsk lesebok
Eit resultat av Samordningsnemnda si innstilling var at det igjen blei laga nokre samiske lærebøker, som desse.

Folkeskolelova av 1959 sa at samisk kunne nyttast som opplæringsspråk "etter bestemmelse fra departementet", men det skulle gå 8 år før dette blei sett ut i livet, 8 år der det einaste elevane opplevde var at fornorskinga heldt fram for fullt. Sjølv om ein no hadde byrja å legge om på skolepolitikken overfor samane, blei dei heilt uteglømte i forslaget til ny normalplan for grunnskolen som kom i 1970. Trass i kraftige reaksjonar på dette, sto det minimalt om undervisning for samiske barn i den midlertidige mønsterplanen av 1971. Etter enno meir kritikk frå samiske skoleleiarar og lærarar, kom samisk språk og samiske elevar kom sterkare inn i Mønsterplanen av 1974 (M74). I føreordet til den endelige planen står dette uttrykt slik: "I samsvar med ønsker som er kommet fram i Stortinget og på annet hold, er innslaget om samisk kultur og historie styrket gjennom hele planen."
Frå 70-talet byrja styresmaktene å innrømme at planane for skoleverket "neppe imøtekommer de krav som samene har om en undervisning bygd på deres eget språk og kultur". Men det skulle enno gå 15 år før denne forståinga fikk konsekvensar for offisielle styringsdokument. Da uttrykte mønsterplanen av 1987: "Skoletilbudet for samiske barn bygger på det grunnleggende prinsipp at skolen skal være en integrert del av samfunnet. Samenes etniske identitet, knyttet til sosiale og kulturelle forhold, danner en viktig forutsetning for læring. Ved å ta utgangspunkt i den samiske kulturen vil skolen på den ene side styrke elevenes identitetsfølelse og selvtillit, og på den andre side være med på å bevare og videreutvikle den samiske kulturarven." Dette er ei av dei sterkaste programerklæringane for samisk opplæring som nokon gong er kome i eit offisielt dokument frå sentrale styresmakter. 7 år etter oppsummerte dåverande sametingspresident Ole Henrik Magga stoda slik: "Men vi må vel konstatere at praktiseringen av planen neppe oppfyller målsettingene."

Tilbakeslag på 90-talet

På byrjinga av 90-talet hadde samane vunne viktige politiske sigrar: Vi hadde fått eiga samelov, sameparagraf i grunnlova, Sametinget var oppretta og Noreg hadde ratifisert ILO-konvensjonen. Signala frå Storting og regjering var at vi var inne i ein prosess der det gradvis blei utvikla eit større samisk sjølvstyre. Likevel skulle det nettopp i denne tida kome det eine tilbakeslaget etter det andre innafor samisk opplæring. Ikkje ein av reformene på 90-talet tok i utgangspunktet omsyn til samisk opplæring. Derimot førte fleire av dei til tilbakeslag og andre ville gjort det om ikkje samane hadde gjort motstand.
Ole Henrik Magga har i artikkelen " Det samiske læreplanverket for grunnskolen - en arbeidsulykke" fortalt korleis ein frå Sametinget opplevde motsetninga mellom teori og praksis gjennom reformprosessen på 1990-talet. Eg vil gjengi nokre sitat frå denne artikkelen: "Sametinget hadde i 1993 fullført sin første periode, og i den lovpålagte prinsippmeldingen (St.m. 52 (1992-93)) til Stortinget uttalte Regjeringen om norsk samepolitikk: "I denne politikken vil Sametinget, som samisk folkevalgt organ, være den viktigste premissgiveren". (s. 9) KUF sendte i juli 1994 sitt høringsutkast til prinsipper og retningslinjer for oppbygging, organisering og innhold for den ti-årige grunnskole. Departementet hadde så langt overhodet ikke rådført seg om disse spørsmål med Sametinget. Den generelle delen var utarbeidet som om verken Samisk utdanningsråd eller Sametinget eksisterte. … Mer og mer virket Grunnloven, Sameloven, Stortingsmeldinger og Kongens tale til Sametinget som noe som hørte til i en helt annen verden enn KUF. … Det verste var likevel at mange samiske fagfolk og politikere både i Samisk utdanningsråd og Sametinget under denne prosessen hadde fått følelsen av å bli tråkket på av folk som egentlig ikke hadde noen reelle forutsetninger for å bedømme innholdet i samisk skole. Det var bare makta de hadde som sin legitimitet."

bilete: Samisk videregående skole og reindriftsskole
Samisk videregående skole og reindriftsskole blei hardt ramma av Reform 94.

Gudmund Hernes ville fjerne alt av samiske læreplanar. Det var først hardt press frå Sametinget og Samisk utdanningsråd kombinert med skifte av statsråd som gjorde at det blei samiske læreplanar i grunnskolen.
Da Reform 94 starta og dei samiske vidaregåande skolane mottok nye fag- og timefordelingsplan for alle linjer, var samiskfaget totalt borte. Samiske linjer som grunnkurs duodji og vidaregående kurs 1 i reindrift skulle fjernast, ikkje gjennom eige vedtak om dette, men gjennom at desse linjene ikkje var med på lista over godkjente kurs etter reforma. Skolane gjorde sitt beste for å forsvare det samiske innhaldet, men resultatet blei likevel at omtrent halvparten av det særeigne samiske innhaldet i samisk vidaregåande opplæring forsvann med reforma. Da reforma skulle evaluerast, var verknadane for samisk opplæring ikkje med i evalueringsprogrammet, og dette blei ikkje nemnt i nokre av dei 60 rapportane frå evalueringa. Da Styret for de samiske videregående skolene og Samisk utdanningsråd så kravde ei eiga evaluering, var departementet først heilt negative til dette. Til sist ga dei etter og evalueringa blei gjennomført. 2 år etter at evalueringa blei overlevert departementet er ingen ting skjedd med dei problema som blei påpeika.

"Ingen særskilte tiltak"

Få år etterpå kom kompetansereforma, ei reform som i kunne betydd eit løft for dei mange vaksne samar som har låg utdanning. Men i departementet var forståinga på botn: "Departementet er for tiden i gang med å forberede en større reform for etter- og videreutdanning, den s.k. kompetansereformen. Innenfor rammen av denne reformen er det heller ikke foreslått særskilte tiltak for den samiske befolkningen. Reformen er imidlertid ment å skulle omfatte alle voksne, og vil derfor også ha betydning for den samiske befolkningen. "Dette svarte departementet etter at Samisk utdanningsråd og Sametinget hadde gitt ein kraftig kritikk av innstillinga om reforma og krevd eiga gjennomgang av "utdanningsbehov og tilbud for den samiske befolkning". Kva gjør så departementet etter påpeikinga av denne openberre mangelen? Ingen verdas ting. Det var jo bare ein høringsuttalelse, så dei hadde arkivert han, svara dei i departementet.
I 1996 kom det ei innstilling om lærarutdanning, som ikkje tok omsyn til dei konsekvensane innstillinga ville ha for samisk lærarutdanning. Hovudtrekka i innstillinga er for lengst gjennomført, men samisk lærarutdanning måtte få dispensasjon til å gå etter det gamle systemet, mens det blei oppnemnt eit eige utval for samisk lærarutdanning. Over to år har gått sidan denne var ferdig, men ingen ting har skjedd etterpå. Andre innstillingar, som har kome etterpå, er både vedtatt og gjennomført.
Konklusjon: Frå 1948 til i dag ser vi eit mønster: Store ord, men når dei skulle settast ut i livet har departementet si haldning variert frå ein usannsynlig tregheit til innbitt motstand.

Open og skjult motstand

Arbeidet for samisk opplæring har møtt to typer av motstand, den opne og den skjulte. Særlig i to tilfelle har det oppstått ein klart uttalt og ope organisert motstand. Begge kom som lokale reaksjonar på innstillingar eller vedtak på sentralt hald som ville styrke samisk språk og innhald i skolen. I begge var det etniske nordmenn som var drivkrafta, men også en del samar slutta opp. Det første var etter Samekomiteens innstilling i 1959. Det såkalla "påskeopprøret" i Karasjok avviste bruk av samisk i skolen og skolestyret uttalte at målet måtte vere full språklig fornorsking. Det andre kom etter at dei samiske læreplanane for grunnskolen kom i 1997. I Tana blei organisasjonen "Nei til Sameland" oppretta, i første rekke mot samisk læreplan, men og for å motarbeide andre samiske krav. Aksjonar som påskeopprøret og Nei til Sameland har trass alt ein fordel: Dei er klart uttalte og kan møtast i open politisk diskusjon. Verre er det med den skjulte motstanden, som vi finn innafor statsapparatet på alle plan. Fornorskingspolitikken er ikkje lenger gangbar mynt i Noreg. Både rikspolitikarar og byråkratar er bunde av positive formuleringar om samisk opplæring i lovar, stortingsmeldingar og partiprogram. Likevel er det ofte langt mellom teori og praksis, og svært ofte er det byråkratiske vedtak som skaper hinder for å sette den vedtatte politikken ut i livet. Ein rektor ved ein samisk skole uttrykte det ein gong slik: - Byråkratane er som regel fem steg bak politikarane.

Kvifor motstand i byråkratiet?

Pedagogikkprofessor Anton Hoem sa det slik: "Kvar gong det skal gjennomførast ein utdanningsreform har ein glømt at det bur samar i Noreg." Har ein virkelig glømt det? Eller er dette ein bevisst politikk med sikte på å redusere det samiske så mye som råd? Er det så at ein opererer med ein plan for offentligheita og ein annan for internt bruk. Finst det eit internt hemmelig skriv som seier:
1. Ved utarbeiding av reformer, læreplanar og budsjett skal samiske spørsmål nemnast så lite som mogleg.
2. Sametinget og samiske skolar skal så sant råd haldast utafor i planleggingsfasen.
Eg trur ikkje det finst eit slikt skriv. Likevel er praksis gjennom heile perioden etter at fornorskinga offisielt blei forlatt som om eit slikt ståande direktiv skulle eksistere.
Kva er da årsakane til den store avstanden mellom teori og praksis? Eg har ikkje noko fullgodt svar på dette, men vil peike på nokre faktorar som kan spele inn:

1. Glømsomheit / Uvitenheit Med Anton Hoem sine ord, dei har glømt at det finst samar i Noreg. Vi skal ikkje sjå bort frå at det kan skje. Utdanningsdepartementet sit i Oslo. Dei aller fleste tilsette har aldri hatt direkte personlig kontakt med samiske elevar, lærarar eller skolar. Av nesten 400 tilsette er det normalt ein - 1 som forstår samisk, nemlig konsulenten for samiske spørsmål. Denne konsulentstillinga blir lett ei sovepute, så andre tilsette kan tenke som så: "Samiske spørsmål er ikkje mitt bord. Eg jobbar med vaksenopplæring. Det har vel ikkje noko med samar å gjøre." Likevel er det her, i utarbeidinga av dei generelle planane for kvart skoleslag, at samisk opplæring blir ramma gjennom bindane retningslinjer for all opplæring i Noreg. Det er ikkje samekonsulenten som gjør dei viktige vedtaka, det er dei Magga skildra som "folk som egentlig ikke hadde noen reelle forutsetninger for å bedømme innholdet i samisk skole. Det var bare makta de hadde som sin legitimitet."
Kunnskap om samisk opplæring finst - dels hos nokre få folk i departementet og nokre av Statens Utdanningskontor, og i alle fall i Sametingets opplæringsavdeling (tidligare Samisk utdanningsråd) og i dei samiske skolane. Men blir det gjort noko for å skolere det store fleirtalet av departementet sine saksbehandlarar?

2. Norsk Standard Skolen har vore eit sentralt verkemiddel i norsk nasjonsbygging sidan Noreg var i union med Sverige. Vi skal tenke nasjonalt, ikkje lokalt eller regionalt. Gudmund Hernes uttrykte korleis læreplanane skal sikre at alle tenker likt: "… Det er tankene som må løftes og uniformeres om nasjonen skal holde sammen. … Skal vi sikre den rette tro, må læren være ens. Altså trenger vi læreplaner." Denne tankegangen sit fast i veggane i Utdanningsdepartementet, same kor mye ein skiftar statsrådar og namn på departementet. I denne samanhengen er samar og samisk opplæring sand i maskineriet. For argumenta for samisk opplæring kan i stor grad og brukast til fordel for andre nasjonale minoritetar og for lokalbasert opplæring generelt. Ut frå denne tankegangen gjeld det å avgrense samisk opplæring til så få unnatak som råd i forhold til Norsk Standard.

3. Politisk strategi I dag står dei multinasjonale selskapa i kø for å grave etter mineralar på Finnmarksvidda. Gjennom EØS pressar EU på for fri tilgang til alle ressursar. Det som held igjen i dag er den uavklara sameretten. Kor sterkt samane sine krav om å få verne og styre eigne landområde står juridisk, har samanheng med i kor stor grad her er ein levande samisk kultur og eit levande samisk språk. Har dette noko med skolepolitikken å gjøre? Kanskje. Jo meir skolen gir elevane kunnskap om den samiske kulturen og historia, jo sterkare vil elevane utvikle ein samisk identitet, ein basis for å kunne kjempe for samiske rettar. Derfor er det ikkje alle som ønsker ei sterk samisk sjølvkjensle og ei sterk rørsle for samiske rettar. Eg seier ikkje at verken den politiske leiinga eller byråkratane i utdanningsdepartementet tenker slik, bare at det ikkje ville vere ulogisk om dei gjorde det.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål og skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no