Brev av 04.01.2011 til
- Deanu gielda/Tana kommune ved ordføreren
- Tana og Varanger museumsiida

Skolemuseum i Vestertana

Viser til samtale i september 2010 med varaordførar Hartvik Hansen om skolemuseum i Vestertana. Eg er glad for at kommunen i første omgang sa nei til å selge internatet, og vonar at denne tanken no endelig er avvist, og at ein i staden vil ta vare på dette kulturminnet og utvikle det til eit kulturelt sentrum som vil kunne både bety mye for å auke forståinga for vår nære forhistorie, og samtidig gi arbeidsplassar til bygda.

Eg avtalte da med varaordføraren at eg skulle lage eit skriv om situasjonen innafor skolemuseum i Noreg. Eg har no samla og lagt ut opplysningar på internett, sjå http://skuvla.info/ssh-abm-n.htm, og vonar dette kan vere nyttig bakgrunnsmateriale.

Det viktigaste ein kan trekke ut av undersøkinga eg har gjort er at det er eit stort behov for eit slikt skolemuseum som foreslått for Vestertana. Det finst fleire skolemuseum på Austlandet og på Vestlandet, men ingen fungerande i Trøndelag og Nord-Noreg, med unnatak av eit par svært lokale bygdemuseum. Ingen museum i Noreg har i dag som oppgåve å ta vare på og formidle samisk skolehistorie eller fornorskingshistorie. Vestertana internat er ein eigna stad for eit slikt museum, det er godt dokumentert av Ragnhild Sandøy i utredninga frå 2007 om "Museum for skole- og fornorskingshistorie, Digitaliseringssentral, arkiv og bibliotek - Gargogeahči, Deanodat/ Vestertana". Ho argumenterer godt både for oppbygging av eit slikt museum, og for at dette bør vere lokalisert til Vestertana internat. Eg går ut frå at de har og har lest denne utgreiinga, så eg skal ikkje gjenta dette her.

Det neste steget vil da naturlig vere å avklare kor stort område ein skal ta mål av seg til å dekke, geografisk og innhaldsmessig. Eg har inntrykk av at ein lokalt kanskje bare har tenkt på eit lokalt museum, kanskje kombinert med en slags forsamlingslokale. Det er lett å tenke at det er lettare å få igang eit lite museum enn eit stort, men i dette tilfellet kan det snarare vere omvendt. Om eit museum bare skal dekke Tana, vil det vere vanskelig å finne finansiering utafor kommunen. Med eit perspektiv på samisk, kvensk og nordnorsk skolehistorie vil det vere lettare å få støtte frå institusjonar på fylkes-, landsdels- og riksplan, samt Sametinget.

Mi oppfatning er at det er godt grunnlag for eit museum som kan ta mål av seg til å bli hovudmuseet i Noreg for:
- Samisk skolehistorie
- Fornorskingshistorie (samisk og kvensk)
- Internathistorie
- Finnmarks skolehistorie
Som skolemuseum bør det også gi eit bilde av utviklinga av norsk skole generelt.

Vestertana internat i Gargogeahči var i drift som internat fra 1934 til 1963 og som dagskole til 1969. Internatbygget er i dag det eneste bevarte internatet i sjøsamiske områder fra før krigen.
(Foto: Svein Lund, 2007)

Eit slikt museum vil da både måtte vise det som var typisk for mindre internat som Vestertana og utstyr som bare har vore ved større skolar og i eldre og nyare tid. Ein del ting er bevart i internatet, og det bør ha ein framståande plass, der det blir gjort klart i utstillinga kva gjenstandar som er brukt lokalt og kor dei andre kjem i frå. Elles vil det være aktuelt med
- Skoleinventar: Pultar, kateter, tavler, omnar m.m., inventar for spesialrom.
- Undervisningsmateriell: Lærebøker, oppslagsbøker, plansjer, kart, globus, utstoppa dyr og anna materiell til naturfagundervisning, bildeband, filmar, digitale læremiddel, utstyr til undervisning i kroppsøving, husstell og handarbeid/sløyd/duodji.
- Internatinventar: Senger, møbler for opphaldsrom, vaskeutstyr, kjøkkenutstyr
- Gjenstandar brukt av elevane i leik og aktivitetar under opphald på internatet og skolen.
- Dokument: Lover, læreplanar, instruksar, rapportar, statistikkar, rekneskap osv. frå arkiv
- Bøker, tidsskrift og avisartiklar om skolespørsmål
- Bilde, evt. film og lydopptak.

For å dekke dette er det klart at ein vil trenge heile internatbygget og tomta, og etter kvart trulig også eit nytt bygg. Fra Samisk skolehistorie kan vi i første rekke bidra i forhold til bøker, dokument og bilde. Ein del av dokumenta i bøkene og internettutgåva av Samisk skolehistorie vil vere aktuelle å ha utstilt, da helst som faksimile av originaldokument i forskjellige arkiv. Her kan vi bidra med å finne tilbake til kjeldene. Se oversikt over skriftlige kjelder, http://skuvla.info/ssh-kilde-n.htm og over lærebøker, http://skuvla.info/ssh-middel-n.htm. Oversikt over arkiv er i samme fil som oversikta over skolemuseum: http://skuvla.info/ssh-abm-n.htm.

Det finst ein del bortgjømt materiale i noverande og ikkje minst nedlagte skolar, og mange kan vere villige å gi frå seg noko dersom dei veit det skal brukast i eit offentlig skolemuseum i landsdelen. Samiske læremiddel frå eldre tid kan vere vanskelig å få tak i, men ein kan spørre i museum i andre delar av landet, bibliotek og antikvariat.

Min konklusjon er at ein absolutt bør satse på eit skolemuseum i Vestertana, både ut frå at det vil vere den beste måten å ta vare på denne historia på, eit vesentlig bidrag til å føre historia vidare til notida og etterslekta, eit godt tilbod til skoleelevar i Finnmark og ikkje minst sårt tiltrengte arbeidsplassar til Vestertana og Tanafjorden.

Så langt har eg bare sett på den fysiske delen av museet. I våre dagar er det også høgst aktuelt å bruke digitale hjelpemiddel både ved at ein gjør film, skanna bilde og dokument tilgjengelig i museet og ved at dette blir tilgjengelig over internett. I arbeidet med Samisk skolehistorie har vi digitalisert ein god del dokument og bilde, og vi har kome over langt større mengder som med fordel kunne ha vore digitalisert. Ragnhild Sandøy har i utgreiinga si foreslått oppretting av ein digitaliseringssentral i Vestertana i tilknytning til museet. Dette er ein god ide, og eit samarbeid med Dig-forsk i Tana og Samisk arkiv i Guovdageaidnu er nærliggande.

Eg vonar at dette kan vere litt til nytte for arbeidet med eit skolemuseum. Når Tana og Varanger Museumssiida no er etablert, ville det vere fint om vi kunne få til eit møte for alle interesserte partar og diskutere eit framtidig samarbeid.

Samtidig nyttar eg høvet til å minne om at Samisk skolehistorie 4, som kom i oktober 2010, har ei rekke artiklar frå Tana, blant anna frå Vestertana. Eg vonar at boka no er i salg også i Tana, elles kan ho bestillast frå Davvi Girji eller lesast frå internett, http://skuvla.info/skolehist/ssh4-n.htm.

Beste helsing
Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Brev til Tana kommune av 20.07.2010
Ragnhild Sandøy: Museum for skole- og fornorskingshistorie. Digitaliseringssentral, arkiv og bibliotek Gargogeahči, Deanodat/ Vestertana. Strateginotat med tiltaksplan og historikk.


Til hovudsida