Lengre utgåve av debattinnlegg i Klassekampen, 07.11.2007. Den forkorta utgåva som blei prenta, ligg her.

Utfordring til kunnskapsministeren

Noreg har som kjent fått ny kunnskapsminister. I Klassekampen 22.10. uttaler han: "Den norske skolen utjevner i for liten grad forskjeller mellom folk. Jeg vil lete etter grep som kan endre på det." Han har tenkt å reise land og strand rundt og snakke med skolefolk og "lære Skole-Norge fra bunnen av." Det er ei svært positiv innstilling, som skil han ut frå fleire av forgjengarane, som starta sitt virke med å fornærme lærarane og ferdige planar om nye reformer ovafrå. Eg reknar med at dei fleste skolefolk gjerne bidrar til ministeren si læring. Her vil eg komme med nokre innspel som eg vonar den nybakte minister vil tenke over og gjerne kommentere i avisa.

Utjamning - men korleis?

Solhjell tar utgangspunkt i at det er elevane med flest bøker i heimen som får dei beste karakterane. Dette vil han gjøre noko med, men han veit ikkje riktig kva. Spørsmålet kan angripast på to måtar:
1. Ein kan ta skolen sine prioriteringar og målemetodar for gitt, og spørre kva ein kan gjøre for at elevane frå mindre bokmøblerte heimar skal gjøre det bra på premissa til ein skole som einsidig premierer skriftlig gjengiving av teoretisk kunnskap.
2. Ein kan spørre kva som er gale med skolen og samfunnet når bare dei boklærde blir verdsatt.
Eg vil på det sterkaste tilrå ministeren og hans departement å ikkje bare sjå på punkt 1, men våge å stille spørsmålsteikn ved både innhald og form i skolen. Her vil eg vise til ei utmerka lita bok med tittelen Jeg intelligent? Ja!, skriva av Georg Ulvehöj. Boka viser at menneska har ei mengde intelligensar, men bare eit par av dei blir verdsatt og utvikla i skolen. Evner og dugleik i praktisk arbeid, estetisk, musisk og kroppslige uttrykksformer spelar i beste fall ei underordna rolle, eller blir i verste fall sett på som eit problem som tar bort konsentrasjonen frå det einaste saliggjørande; den skriftlige bokkunnskapen.

Den akademiske læringstradisjonen dominerte i den gamle folkeskolen og var einerådande i realskolen, gymnaset og universitetet. Den praktiske eller yrkespedagogiske tradisjonen har vore grunnlag for opplæring i arbeidslivet og opplæring i heimane, og hadde stor plass i skolar som framhaldsskolen og yrkesskolen, samt i profesjonsutdanningar som har trening i yrkespraksis som ein del av opplæringa, f.eks. sjukepleiar- og lærarutdanningar. Men ved kvar samanslåing av skoleslag, først til ungdomsskolen, deretter til vidaregåande skole, har det skjedd ei samordning på den akademiske utdanninga sine premiss, slik at dei praktiske faga for kvar reform fikk mindre og mindre plass. Vantrivsel, disiplinproblem og skoletaparar har vore det uunngåelig resultatet.

Tanken om å bruke skolen til å utjamne forskjellar har gått igjen i arbeidarrørsla sin skolepolitikk frå over hundre år tilbake. Men korleis? Allereie på byrjinga av 1900-talet var det innafor DNA to linjer. Nokre ville heve arbeidarklassen med å gi arbeidarungane meir akademisk kunnskap og meir av borgarskapet sin kultur. Andre ville i staden heve arbeidarklassen sin status med å legge større vekt på arbeidarklassen sin kultur og på praktisk yrkesopplæring. Liknande motsetningar finn vi igjen i etterkrigstida, under utforminga av den 9-årige grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det er ingen tvil om at det var den første linja som vann fram, både i DNA og i staten.

Utgangspunktet for skolen har ikkje vore eleven si verd, men verda til forfattarane av læreplanar og lærebøker. Derfor kunne danskfaget for norske elevar i mange år gå under namnet "modersmaal". Derfor kunne samiske elevar lenge blei undervist etter planar og bøker som ikkje ga noko kopling til den verda dei sjølve levde i.

Av utdanningsministrane dei siste tiåra er det to som skiljer seg ut: Gudmund Hernes og Kristin Clemet. Dei satte begge kraftfullt igang å reformere skoleverket ovafrå. Retninga deira var den samme: Meir akademisering av skolen, meir einsidig kunnskapsterping og dårligare vilkår for praktiske fag. Innimellom har det vore andre ministrar, som har hatt ei breiare forståing og ønska å legge vekt på andre sider ved skolen. Men ingen av dei har så langt våga å utfordre den dominerande skolepolitikken.

Kva bør gjørast?

Kan vi no våge å vente ei endring? Det er vel for optimistisk å vente ei total endring av skolen, til ein skole som set eleven i sentrum og der målett er elevar som kjenner at dei meistrar noko, trivest og vil lære meir, ikkje at Noreg vinn VM i matematikk og engelskkunnskapar. Men det kan vere på sin plass å minne om at SV-leiar og noverande finansminister Kristin Halvorsen ein gong lanserte parola "Offentlig friskole". Kor har det blitt av denne?

Den gjennomgripande reforma Kunnskapsløftet har vore i drift i knapt halvanna år, og er enno ikkje fullt etablert. Denne reforma skal no evaluerast, som vanlig på sine eigne premiss, dvs. at det er tatt for gitt at reforma er god, ein skal bare sjå på kor effektivt denne blir gjennomført. Det første grepet den nye ministeren kan ta, er å sørge for at det i evalueringa kjem fram kva for alternativ som kunne vore vald til den vegen og den prioriteringa som er streka opp i Kunnskapsløftet.

Eg vil her foreslå nokre heilt konkrete tiltak som vil kunne snu utviklinga bort frå Hernes og Clemet sin pugge- og konkurranseskole, i retning av ein meir menneskelig skole som alle elevar vil kunne oppleve som meiningsfull. Alle forslaga bør vere realistiske. Det aller meste har anten vore gjennomført tidligare eller er foreslått av offentlige utval utan å bli vedtatt:
1. Avskaffe dei nasjonale prøvene.
2. Styrke undervisninga i praktiske og estetiske fag i grunnskolen og vidaregåande skole på alle nivå.
3. Gjeninnføre yrkesretta undervisning i allmennteorifag og læreplanar tilpassa behova i yrket, ikkje den generelle studiekompetansen.
4. Godkjenne fullført yrkesutdanning som generell studiekompetanse.
5. La profesjonsutdanningane i høgskolen utvikle seg på eige grunnlag, ikkje som ein blåkopi av universitetet.
6. Lovfeste retten til morsmålsundervisning gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole.
7. Lovfeste retten til undervisning i samisk for alle elevar i Noreg og retten til undervisning på samisk for alle samisktalande.

Eg vonar den nybakte minister vil fortelle kva han meiner om desse forslaga.

Ta pedagogikken på alvor

Alle ønsker kunnskap i skolen, men i den politiske og byråkratiske leiinga for skoleverket har dei vist minimal interesse for kunnskap om skolen. Det finst ein masse kunnskap om skolen som er nedskreve bl.a. i evalueringane av tidligare skolereformer, men dette har så langt i liten grad blitt lagt til grunn når ein har planlagt nye reformer.

Det viktigaste ein kunnskapsminister kan gjøre er å lytte til dei som sit på den vitskapelige kunnskapen om skolen; fagpedagogane, dei som har den praktiske røynsla; lærarane og ikkje minst dei som har skoen på; elevane.

Svein Lund
Yrkespedagog og redaktør av Samisk skolehistorie


Til hovudsida.