Debattinnlegg i Klassekampen, 07.11.2007

Utfordring til kunnskapsministeren

I Klassekampen 22.10. uttaler den nye kunnskapsministeren: "Den norske skolen utjevner i for liten grad forskjeller mellom folk. Jeg vil lete etter grep som kan endre på det." Han har tenkt å reise land og strand rundt og snakke med skolefolk og "lære Skole-Norge fra bunnen av." Det er ei svært positiv innstilling, som skil han ut frå fleire av forgjengarane, som starta sitt virke med å fornærme lærarane og innføre nye reformer ovafrå.

Solhjell tar utgangspunkt i at det er elevane med flest bøker i heimen som får dei beste karakterane. Dette vil han gjøre noko med, men han veit ikkje riktig kva. Spørsmålet kan angripast på to måtar:
1. Ein kan ta skolen sine prioriteringar og målemetodar for gitt, og spørre kva ein kan gjøre for at elevane frå mindre bokmøblerte heimar skal gjøre det bra på premissa til ein skole som einsidig premierer skriftlig gjengiving av teoretisk kunnskap.
2. Ein kan spørre kva som er gale med skolen og samfunnet når bare dei boklærde blir verdsatt.
Eg vil på det sterkaste tilrå ministeren og departementet hans å ikkje bare sjå på punkt 1, men våge å stille spørsmålsteikn ved både innhald og form i skolen. Her vil eg vise til ei utmerka lita bok med tittelen Jeg intelligent? Ja!, skriva av Georg Ulvehöj. Boka viser at menneska har ei mengde intelligensar, men bare eit par av dei blir verdsatt og utvikla i skolen. Evner og dugleik i praktisk arbeid, estetisk, musisk og kroppslige uttrykksformer spelar i beste fall ei underordna rolle, eller blir i verste fall sett på som eit problem som tar bort konsentrasjonen frå det einaste saliggjørande; den skriftlige bokkunnskapen.

Kan vi no våge å vente ei endring? Det er vel for optimistisk å vente ei total endring av skolen, til ein skole som set eleven i sentrum og der målett er elevar som kjenner at dei meistrar noko, trivest og vil lære meir, ikkje at Noreg vinn VM i matematikk og engelskkunnskapar. Men det kan vere på sin plass å minne om at SV ein gong lanserte parola "Offentlig friskole". Kor har det blitt av denne?

Eg vil her foreslå nokre heilt konkrete tiltak som vil kunne snu utviklinga bort frå Hernes og Clemet sin pugge- og konkurranseskole, i retning av ein meir menneskelig skole som alle elevar vil kunne oppleve som meiningsfull. Alle forslaga bør vere realistiske. Det aller meste har anten vore gjennomført tidligare eller er foreslått i offentlige utval utan å bli vedtatt:
1. Avskaffe dei nasjonale prøvene.
2. Styrke undervisninga i praktiske og estetiske fag i grunnskolen og vidaregåande skole på alle nivå.
3. Gjeninnføre yrkesretta undervisning i allmennteorifag og læreplanar tilpassa behova i yrket, ikkje den generelle studiekompetansen.
4. Godkjenne fullført yrkesutdanning som generell studiekompetanse.
5. La profesjonsutdanningane i høgskolen utvikle seg på eige grunnlag, ikkje som ein blåkopi av universitetet.
6. Lovfeste retten til morsmålsundervisning gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole.
7. Lovfeste retten til undervisning i samisk for alle elevar i Noreg og retten til undervisning på samisk for alle samisktalande.

Eg vonar den nybakte minister vil fortelle kva han meiner om desse forslaga.

Svein Lund

PS. Innlegget er forkorta. Full versjon på http://sveinlund.info/skole/solhjell.htm


Til hovudsida.