Dát artihkkal sámegillii

Artikkel i Klassekampen 16.03.1994

SAMISK UØNSKA I SØR-TRØNDELAG

"Enhver har rett til opplæring i samisk." Dette står i Sameloven, §3-8. Men ein ting er kva loven seier, noko heilt anna er kva som skjer i praksis. Det har foreldre som har forsøkt å få samiskundervisning til ungane sine bittert fått erfare.

Av Svein Lund

I Skaun kommune utafor Trondheim bur Kristin Sara med døtrene Kristina på 8 år og Marita på 6. Mor til Kristin blei i si tid sendt frå Guovdageaidnu til Trondheim for å gå på døveskole. Der blei ho buande, og der vaks Kristin opp. No arbeider ho som døvetolk i Trondheim. Trass i den lange avstanden har ho holdt kontakten med familien i Guovdageaidnu, og kjenner nær tilknytning til Finnmark og til den samiske kulturen. Denne samiske identiteten ønsker ho å gi vidare til ungane sine. Ho ønsker at ungane skal få den sjansen ho sjølv aldri fikk til å lære samisk på skolen. Men her seier dei lokale styresmaktene stopp. I tredje generasjon skal dei no straffas for det dårlige utdanningstilbodet som har vore for samar.

I fjor gikk Kristina i første klasse på Steinerskolen i Trondheim. Ho fikk da samiskundervisning, men denne måtte mora sjølv betale for. Da ho i haust flytta over til Børsa skole i Skaun søkte Kristin Sara om at dottera skulle få samiskundervisning. Først kontakta ho skolen. Dei var ikkje mot å gi samiskundervisning, men ville heller ikkje ta ansvaret. Kristin måtte sjølv skrive søknad og sende til Skolekontoret i Skaun. 7.9.93 svarte skolesjef Solveig Strand og pedagogisk konsulent Kari Frisvoll: "Med hjemmel i Grunnskolelovens §40 vil skolesjefen i Skaun avslå søknaden om undervisning i samisk ved Børsa skole." Kristin Sara anka til skolestyret. Skolesjefen sendte saka vidare til Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag. Men utdanningskontoret svarte med å vise til samme lovparagraf, som seier: "Dersom det er minst tre elevar med samisk talemål ved ein skole, kan dei krevje opplæring i samisk", og Statens utdanningskontor seier seg "enig i skolesjefens vurdering når det gjelder å kunne avslå søknaden." Heile tida er det snakk om ein kan finne eit formelt grunnlag for å avslå søknaden, ikkje om det går an å ordne så det blir samiskundervisning. Kristin Sara fikk igjen avslag, denne gang med påskrifta: "Denne avgjørelsen er endelig og kan ikke påklages." Kristin Sara godtok ikkje dette, men skriv direkte til Utdanningskontoret, som igjen seier nei. No skyv dei KUF foran seg: KUF har i rundskriv F-106/93, korrigert versjon, på nytt behandlet spørsmål om tildeling av ressurser til opplæring i samisk. Departementet understreker bestemmelsen i Grunnskoleloven § 40 a om at det minst må være 3 elever ved en skole.

- Ungane skal vite kor dei hører til

Korfor har så Kristin Sara kjempa så innbitt mot byråkratiet for at dotter hennar skal få 2 timar samisk i veka?
- Eg vil at ungane mine skal vakse opp med ei kjensle av å ha ein samisk identitet, å vite kor dei hører til. Dei skal slippe å skjemmast og måtte leite etter seg sjølv slik eg måtte. Eg vaks opp med ein identitet som ikkje var lovlig, og resultatet var at eg adopterte storsamfunnet si haldning til samane. Eg hugsar godt da Mathis Hætta vann i Melodi Grand Prix. Eg syntes det var flaut. Det gikk ikkje an å gøyme seg lenger. På eine sida kjente eg meg knytta til Guovdageaidnu, men når vi var der oppe var det vanskelig. Eg og søskena mine kunne ikkje samisk, dei gamle og ungane der kunne lite norsk. Etterkvart har eg lært meg å forstå meir samisk, men det er langt i frå at eg sjølv kan språket slik at eg sjølv kan lære ungane mine det.

- Skolen har forsåvidt vore positiv, men dei har skjøve ansvaret frå seg med å overlate til meg å søke og krangle. Ein kan ikkje vente at foreldre skal ta ei slik belastning. Det er ikkje mange som greier dette, særlig når ein tenker på den fornedringa mange samiske foreldre sjølv har opplevd i skolen. Det heiter så fint at barn har krav på undervisning etter sine eigne evner og føresetnadar. For ungane mine er den samiske bakgrunnen ein viktig del av føresetnadane. Derfor bør dette vere skolen og ikkje foreldra sitt ansvar. På skolen der dotter mi går går det fleire innvandrarungar, der er bl.a. kurdiske ungar som får kurdiskundervisning og polske ungar som får polskundervisning. Dei andre ungane spør dotter mi om det ikkje er så at ho er same? Joda, det er ho. - Men korfor har ikkje du samisk på skolen da då? spør dei. Ka skal ho svare på det?

- I rundskrivet frå departementet seier dei at det er avsett middel til samiskundervisning i kommunane. I fjor var det pengar som ikkje blei brukt opp. Ei av årsakane var at Utdanningskontoret i Sør-Trøndelag nekta å søke på disse midla for meg. Dei nektar og å sende anka mi vidare.

KOMMUNEN: - EIT ØKONOMISK SPØRSMÅL

Når Klassekampen ringer skolekontoret i Skaun, er skolesjefen borte, men vi får snakke med pedagogisk konsulent Kari Frisvoll. Ho svarar på spørsmåla våre, men vi får ikkje referere ho, etter som det er skolesjefen som skal uttale seg til pressa. Når vi dagen etter får tak i skolesjef Solveig Strand, seier ho kort at ho ikkje har plikt til å uttale seg til media, og vi blir vist til rådmann Knut Nygård. Vi spør han om dei har vurdert denne saka i forhold til Sameloven og sameparagrafen i Grunnloven.
- Vi forvaltar etter Grunnskoleloven og held oss til han.
- Men grunnskoleloven seier ikkje at det ikkje kan settas igang samiskundervisning, sjølv om det er færre enn 3 elevar.
- Vi har ikkje råd å gjennomføre alt det er ønske om. Vi må jo nøydd å gjøre økonomiske prioriteringar.
- Så samiskundervisning er altså eit område som kommunen ikkje vil prioritere før ein blir pålagt det?
- Eg har ingen spesiell kommentar til det.
- Er det gjort noka konkret økonomisk berekning av ka dette vil komme til å koste?
- Ikkje det eg kjenner til.

UTDANNINGSKONTORET: - FORHOLDER OSS TIL TEKSTEN

På utdanningskontoret i Sør-Trøndelag får vi snakke med utdanningsdirektør Ola Moe, som har underteikna avslaga i lag med saksbehandlaren Harald Lyngvær.
- Kordan kan ein tolke rundskrivet som ei innstramning? Det står ikkje at ein ikkje kan gi samiskundervisning til mindre grupper.
- Vi forholder oss til teksten. Eg oppfattar ikkje noko tolkingsproblem her. Vi kan ikkje vite om KUF meiner noko anna enn det dei skriv.
- Er det ikkje mogleg å gi samiskundervisning og dersom det er bare 1 eller 2 elevar?
- Jo, men da må kommunane betale sjølv.
- Grunnskoleloven seier at ein kan kreve samiskundervisning dersom det er minst 3 elevar ved ein skole. Ka med å slå saman elevar frå fleire skolar?
- Det skulle det ikkje vore noko i veien for, for skolar i samme kommune, eller over kommunegrensene der det er naturlig. Da vil vi frå utdanningskontoret si side kunne gi midler til dette.

KUF: - DET FINST PENGAR

I Kyrkje- utdannings- og forskningsdepartementet får vi snakke med Randi Nordback Madsen som er rådgivar i samiske skolesaker.
- Sameloven seier at einkvar har rett til undervisning i samisk, korfor får dei ikkje det da?
- Språkreglane i Sameloven gjeld bare i dei 6 kommunane som er med i forvaltningsområdet for samisk språk. Utanom dette området gjeld Grunnskoleloven som seier at ein har rett til samiskundervisning når det er 3 samisktalande elevar ved samme skole.
- Korfor er det satt ei slik grense på 3 elevar?
- Grunnen til at vi måtte sette ei grense på 3 elevar er at vi ikkje ser at det i dag er mogleg å gi ei samiskundervisning overalt i landet der 1 eller 2 elevar ønsker det. Vi vil ikkje lovfeste noko vi ikkje kan holde. Såvidt eg kjenner til har ein klart å skaffe samisklærar overalt der det er 3 eller fleire elevar ved ein skole. Men dessverre er svært mange av disse utan den utdanninga dei burde ha for slik undervisning. I departementet har vi ein pott til samiskundervisning som vi fordeler gjennom utdanningskontora. Vi strekker oss så langt vi kan og til no har vi klart å gi til dei som har søkt, også til grupper på 1 eller 2 elevar.
- Men om utdanningskontoret ikkje vil søke om middel, kan da kommunen eller skolen søke departementet direkte? - Nei, det må gå tjenesteveg gjennom utdanningskontoret.

_________________________________________________________________________________

Du kan finne fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål.
Gå til hovudsida.

sveilund@online.no