Svein Lund:

Samisk skolehistorie og fornorsking

Manus til førelesing for Skånland vidaregåande skole, 15.11.2002

Emnet samisk skolehistorie kunne fylt mange timar. Her har eg vore nøydd å skjære hardt ned, og konsentrere meg om grunnskole og vidaregåande skole i norsk del av nordsamisk språkområde.
Ein gong spurte eg ei klasse i samisk vidaregåande skole ka tid elevane trudde det første gong blei undervist på samisk i Noreg. Alle gjetta på 1960-70-talet. Det tyder på at den eldre samiske skolehistoria er ganske ukjent. Det gjeld sikkert både elevar og lærarar.

Så langt vi kjenner historia har det ikkje vore noko eige samisk skolesystem. Den samiske opplæringa gikk føre seg i familien og i siidaen. Denne omfatta eit rikt spekter av kunnskap, innafor duodji, jakt, fiske, gammebygging, folkemedisin, matlaging og andre område. Opplæringsmetodane var deltaking i alle former for praktisk arbeid, leik, forteljing og joik.
Skolen, derimot, er innført av norske og danske styresmakter, knytta til kolonisering og misjon. Vi kan starte i 1252. Da skreiv paven til kong Håkon at om han kristna samane, skulle dei få høre inn under hans jurisdiksjon. Kongen fikk bygd misjonskyrkjer i Ofoten og på Tromsøya. Etter kvart blei det bygd kyrkjer på kysten av Troms og Finnmark, men først rundt 1700 blei det fart i kyrkjebygginga i samiske fjordstrøk og innlandet.

Misjon

Frå midten av 1600-talet sette kyrkja kateketar til å undervise i nokre samiske område. Både misjon og skole var likevel svært spreidd fram til Misjonskollegiet i København sette Thomas von Westen til å leie misjonsarbeidet blant samane. Han starta ein misjonærarskole i Trondheim, sendte ut misjonærar og lærarar til samiske område frå Trøndelag til Finnmark og fikk reist kyrkjer og skolehus. Thomas von Westen og misjonærane hans preika og underviste på samisk. Mens misjonærane sjølve i regelen var norske eller danske, engasjerte dei mange samar som lærarar. Misjonæren Jens Kildal samla informasjon om samisk religion og kultur i Saltdalen, Gildeskål og Vesterålen. Kona hans var same frå Ofoten. Ho blei tilsett av Misjonskollegiet som lærar for samiske kvinner, og var trulig den første kjente kvinnelige samiske lærar i historia.
Det systemet som blei bygd opp under von Westen si leiing omfatta dei fleste samane i Noreg. Utbygginga av skoleverket for den samiske befolkninga låg dermed føre skoleutbygginga for mesteparten av den norske befolkninga. Blant skolane som på 1700-talet blei bygd for samar, er i alle fall ein kjent frå dette distriktet, sameskolen i Astafjord.
Thomas von Westen måtte kjempe mot sterke krefter innafor kyrkja som ville at all misjonering og undervisning skulle foregå på norsk / dansk. Da von Westen døydde i 1727 fikk motstandarane hans lagt ned misjonærskolen. Han blei tatt opp igjen i 1752, men 20 år seinare lagt ned for godt.
I løpet av 1700-talet gjorde mange prestar og misjonærar ein stor innsats for å omsette religiøs litteratur til samisk og utvikle ABC-bøker. Men på grunn av stor motstand frå fornorskingsforkjemparane var det ein stor del av dette som aldri blei prenta. Fleire katekismebøker kom ut med dansk og samisk tekst. Desse skulle brukast til å lære samane å lese dansk og snakke norsk. Men språket i bøkene var så fjernt frå norsk dagligtale at det var umogleg å bruke til munnlig kommunikasjon med nordmenn. I staden lærte mange samar seg norsk for kommunikasjon utan skolen og kyrkja si hjelp.

Rasisme

I tida da dei europeiske maktene koloniserte mesteparten av verda, utvikla dei eit ideologisk forsvar for koloniseringa: Den kvite rasen var overlegen og hadde derfor rett og plikt til å herske over andre folkeslag. Det blei utvikla "vitskapelige" teoriar om eit hierarkisk system av menneskerasar. Her blei samane gjerne plassert langt nede i hierarkiet. Slik uttrykte ein norsk professor i 1906 forholdet mellom folkeslaga i Nord-Noreg: "Finnerne synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ..." Den rasemessige, medfødte inndelinga i høgare- og lågareståande menneske hadde ein parallell i tilsvarande inndeling av kulturar, religionar og språk. Med eit slikt utgangspunkt blei konklusjonen at den overlegne rasen måtte ta styringa og leie dei underlegne folka framover, omdanne dei i sitt bilete. Vi fikk ein nordisk variant av "The white man's burden". Prosten Gjølme i Sør-Varanger uttrykte det slik: "Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt."

Skiftande språkpolitikk

Mot slutten av 1700-talet blei misjonen avvikla og samane skulle betjenast av ordinære prestar og lærarar - på dansk/norsk. Resultatet blei som det måtte bli. For elevane blei det minimal læring, og bare straffesanksjonar kunne halde skolane i gang.
Ut på 1800-talet kom det igjen til ei nyvurdering av politikken overfor samane. Ein innsåg at den reine fornorskingspolitikken hadde spela fallitt og at samane sitt kunnskapsnivå i norsk og kristendom var gått tilbake. Det blei oppretta lærarskole i Trondenes, med undervisning i samisk og ein del bøker på samisk blei utgitt. Rundt midten av hundreåret byrja fornorskarane igjen å komme på offensiven. I 1848 gjorde Stortinget det første vedtaket i retning av fornorsking. Dette hadde enno ikkje full oppslutning, vedtaket blei gjort mot eit ganske stort mindretal.
I 1851 blei "Finnefondet" oppretta, med formål "at bibringe Lapperne kyndighet i det Norske sprog". Dette var starten på å fortrenge samisk som undervisningsspråk og gjøre det til hjelpespråk for undervisning i og på norsk (dansk). Lærarar som arbeidde flittig for å utbreie norskkunnskapar på bekostning av samisk fikk eit kraftig lønnstillegg. Nokre få samisktalande lærarar var likevel så prinsippfaste at dei nekta å søke om lønnstillegg frå Finnefondet. Dei bøkene som no kom ut på samisk var, ved sida av grammatikk, ordbøker og tospråklig ABC, utelukkande religiøse skrifter. Ingenting som synte samane sin eigen kultur og litteratur blei prenta. Det blei faktisk skreve ei lesebok med originale samiske fortellingar, men departementet nekta ho utgitt. Likevel er det viktig å slå fast: Sjølv om det på 1800-talet var strid om utdanningspolitikken og læremidla på samisk var få og dårlige, lærte i den tida ein stor del av samane å lese og til dels skrive samisk i skolen.

Nasjonalisme og fornorsking

Siste halvdel av 1800-talet var prega av nasjonalisme med dyrking av den tradisjonelle norske kulturen. Men mange av leiarane i kampen for norsk nasjonalt sjølvstende sto samtidig for ei hard fornorsking av samar og kvenar. For dei var begge delar å "tale Norges sak".
Mens det tidligare var akseptert at bruk av samisk og kvensk var naudsynt for undervisninga i "språkblandingsområde", blei det mot slutten av 1800-talet skjerpa inn at undervisninga skulle vere på norsk. Det kom stadig nye instruksar for undervisninga i språkblanda område, og for kvar instruks blei norsk styrka i forhold til samisk. I 1879 vedtok Stortinget at dialekten, ikkje skriftspråket, skulle ligge til grunn for undervisninga av norske barn. Men dette gjaldt ikkje samiske barn, og året etter kom dette inn i språkinstruksen: "Selv om i en kreds flerheden af børnene ikke forstaar norsk, maa læreren dog alltid have de ovenfor givne bestemmelser for øye og således lade sig det være maktpåliggende, at det lappiske eller kvænske sprog ikke bruges i videre utstrækning end forholdene gjør uomgjængelig fornødent."
Frå styresmaktene blei det stadig framheva at samane måtte lære norsk, men ingen sa korleis. Det kom lita praktisk språkferdigheit ut av å pugge religiøse skrifter. Trass all satsing på at samiske barn skulle lære norsk, gjorde ikkje fornorskarane noko for å legge norskopplæringa pedagogisk til rette, verken for elevar eller lærarar. Ein samisk lærar i Nordreisa skreiv ei rettleiing i norsklæring for samar. Men han måtte prente boka for eiga rekning, og ho fikk lita utbreiing. Ikkje før på 1960-talet, da samiskundervisninga igjen var på veg inn i skolen, ga skolestyresmaktene ut ei bok om råd for norsklæring for samisktalande. På slutten av 1800-talet var det i "overgangsdistrikta" i stor grad dobbeltteksta lærebøker. Men samtidig sa instruksen at elevane ikkje skulle lære å lese samisk. Om elevane likevel las den samiske teksten, blei det omtala som misbruk av bøkene.

Samisk kamp

Frå hundreårskiftet byrja samane sjølve å organisere seg til forsvar for eige språk og eigen kultur. Blant leiarane var ein lærar frå Ofoten, Henrik Kvandahl. Dei samiske organisasjonane som oppsto i tida 1900-20 kravde skole på morsmålet og at norsk skulle bli undervist som framandspråk. Per Fokstad, som var lærar i Tana, gikk lenger enn det. I 1924 fremma han ein plan for ein skole med samisk innhald og med samisk som opplæringsspråk. Ei offentlig nemnd skulle vurdere eventuelle endringar i skoleordninga for "de språkblandede distrikter". Fleirtalet i nemnda avviste Fokstads forslag med at han kravde å få utvikla ein samisk åndskultur, "noget som ikke finnes".
Av nordmenn var det og ein del som tok til orde mot fornorskinga. Presten Jens Otterbech og læraren Johannes Hidle ga i 1917 ut kampskriftet Fornorskningen i Finmarken, Både dei og andre som kjempa mot fornorskinga fikk året etter svar av diktaren Nils Collett Vogt: "Ett sprog i Finnmarken! Det er maalet. I de sidste ti aar, og særlig da etter internaternes oprettelse, har fornorskningsarbeidet heroppe for alvor tat fart. Saa langt er man nu kommet, at de fleste av den yngre generation taler norsk med lethet, og gaar utviklingen i samme spor som hittil, vil inden tyve aar kanske maalet være naadd. Under disse forhold at ville indføre lappisk og kvænsk i norske skoler er intet andet end forloren sentimentalitet, opalet i feminine hjerner sydpaa."

Internatbygging

Skolelova av 1860 slo fast at det skulle vere minst ein fast skole i kvar kommune og at omgangsskolen skulle vere unnatak. Likevel var mange kommunar i Nord-Noreg utan skolehus så seint som ved hundreårsskiftet, og mange omgangsskolar var i drift til godt ut på 1900-talet. Ofte blei elevane som ikkje budde på skolestaden innkvarterte privat. Staten var ikkje nøgd med den private innkvarteringa, ein meinte elevane fikk dårlige vilkår for lekselesing og ofte dårlig ernæring. Elevane var gjerne innkvarterte hos folk med den same kulturelle og språklige bakgrunnen som foreldra. Dette var kanskje ei vel så viktig årsak til at staten etterkvart såg privat innkvartering som lite tenlig, når målet var fornorsking.
Eit møte i KUF i 1899 mellom sentrale og lokale skolestyresmakter gikk inn for ein plan for internatreising i Finnmark. Ingen samar eller kvenar var til stades på dette møtet. Til saman blei det i Finnmark bygd 50 internat fram til 1940. (Ka veit dokker om internat i Troms?) Internata var eit mektig våpen i fornorskinga, både språklig og kulturelt. For mange som opplevde internatlivet står det som ei ganske eintydig negativ erfaring.
I 1902 fikk Finnmark eige skoledirektørembete. Årsaka var eine og aleine fornorskingsarbeidet og dei første skoledirektørane var svært ivrige forkjemparar for fullstendig fornorsking. Det blei direkte diskvalifiserande å vere same eller å kunne samisk dersom ein søkte lærarjobb i samiskspråklige område. Skoledirektør Brygfjeld uttrykte seg svært nedlatande om samane: "De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De er håpløse og hører til Finnmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndssvakeskoler".
Negative haldningar frå styresmakter og forskarar ga næring til folkelige fordommar og rasisme. Utover 1900-talet byrja samar for alvor å skifte språk. Mange prøvde å stå fram som norske og fornekte den samiske bakgrunnen sin. Årsakene til at fornorskinga byrja å vinne fram, finn vi like mye utafor skoleverket. Eit av fornorskingstiltaka var jordlova av 1902, som bare tillot sal av jord i Finnmark til den som "kan tale, læse og skrive det norske Sprog og benytte dette til dagligt Brug". I løpet av mellomkrigstida "forsvann" den samiske befolkninga i fleire kystkommunar. Det mest drastiske eksempel er vel Kvænangen, der folketellinga av 1930 oppga 863 samar og 325 kvenar, mens det 20 år seinare blei registrert bare 5 samar og 2 kvenar. Folkehøgskolane var særlig orientert i retning av norsk kultur og tradisjonar. Den norsk-nasjonalistiske oppsedinga var ekstra sterk i områda med ikkje-norsk busetting og fornorsking var eit hovudmål for desse skolane. Særlig sentral her var Solhov Folkehøgskole på Lyngseidet. Normalplanen for landsfolkeskolen av 1939 seier ingenting om omsyn til samiske elevar. Heile Nord-Noreg, samefolket og reindrifta er praktisk talt ikkje-eksisterande. Under norsk-planen er det sett likheitsteikn mellom norsk og morsmål.

Vinden snur

Etter andre verdskrigen skjedde det ei gradvis endring i norsk politikk overfor samane. I 1948 kom Samordningsnemnda for skoleverket med tilråding om samiske skole - og opplysningsspørsmål. Her forsøkte eit offentlig organ for første gong å greie ut samiske skolespørsmål på eit meir fordomsfritt grunnlag, utan fornorsking som målsetting.
Samisk skulle i første rekke bli brukt som eit pedagogisk hjelpemiddel for å fremme norskopplæringa. Samordningsnemnda uttalte seg stort sett bare om Finnmark. Samar i andre delar av landet ser her ut til å vere heilt uteglømte.
Samordningsnemnda gikk inn for å få igang produksjon av samiske lærebøker, utdanning av samiske lærarar og oppretting av framhaldskole og folkehøgskole for samar. I 1951 kom samisk ABC, i 1949 tok kyrkje- og undervisningsministeren initiativ til ei samisk lesebok, men det tok 16 år før første bindet kom og enno 10 år før andre bind. Elles kom det på samisk bare eit par tospråklige bøker i kristendomskunnskap.
Samordningsnemnda sine forslag møtte stor skepsis i kommunane. I Kárášjohka, krevde skolestyret "en undervisning med fullstendig språklig fornorskning som mål."
Eit ledd i nyvurderinga av samepolitikken var Samekomiteen av 1956. Komiteen gikk inn for vern om samisk språk og kultur, undervisning i og på samisk, samiske lærebøker, samisk vidaregåande opplæring og stipendordning for samisk ungdom.
Forslaga førte til kraftig diskusjon. Igjen var det i Kárášjohka at motstanden mot omlegging av skolepolitikken kom sterkast fram. I påska 1960 blei det arrangert eit folkemøte som bl.a. uttrykte: "Møtet er dypt uenig i komiteens målsetting for den fremtidige samepolitikk og vil motsette seg ethvert tiltak med formål å bevare den samiske befolkning i et eget samfunn i Indre Finnmark. …vi verken kan eller vil stanse utviklingen som i dag tydelig går i retning av stadig mer norsk, også i de samiske hjem. … . Vi vil på det mest bestemte motsette oss at samisk blir brukt som noe annet enn hjelpespråk."
Dette blei seinere kalla "påskeopprøret". No sto det ein hard kamp i dei kommunale organa i kommunen, der eit knapt fleirtal gikk inn for fortsatt fornorsking. Også frå andre kommunar kom det negative reaksjonar mot Samekomiteen, og den store motstanden bidro til at sjølv om sentrale styresmakter i ord støtta hovudtankane til komiteen, var det ein beskjeden del av komiteen sine forslag som blei gjennomført i løpet av 1960-talet. I skolekvardagen skjedde det små endringar.
I 1960 kom læreplanen for forsøk med 9-årig skole. Men trass i signala om ei meir positiv haldning til samane, var samiske forhold praktisk talt fråverande. Ikkje alle var begeistra for utviding av skoleplikta. I Kárášjohka og Guovdageaidnu var fleiralet av foreldra mot. Særlig i reindriftsnæringa blei skolen sett på som eit framandelement som ein ikkje ville ha for mye av. Skolen ga inga opplæring i samisk kultur og språk, men førte elevane tvert om bort frå dette. Skolegang var direkte diskvalifiserande i forhold til ei framtid i primærnæringane.
Med innføring av 9-årig skole blei det gjennomført ei kraftig skolesentralisering. For elevar frå samiske bygder med norskdominerte kommunesenter var skolesentraliseringa enda eit ledd i fornorskinga. Mange samiske elevar opplevde å bli mobba på sentralskolen og forsøkte å skjule den samiske identiteten sin for å bli godkjent blant dei norske.

Samisk inn i skolen

I 1959 blei endelig språkinstruksen frå 1898 oppheva og folkeskolelova opna for første gong på nesten eit hundreår i prinsippet for å bruke samisk som opplæringsspråk. Likevel tok det heile 8 år før begynnaropplæring på samisk og samisk som fag blei innført i skolen.
Med endringa av Grunnskolelova i 1969 kunne foreldra krevje samiskundervisning, men retten gjaldt enno bare for barn av samisktalande foreldre. Ut på 1970-talet blei det og sett igang opplæring i samisk som andrespråk og nokre år seinare blei lova endra etter det. Men da det skulle lagast ny normalplan, blei samane igjen gløymde. Først etter kraftige reaksjonar fikk samisk språk og samiske elevar ein plass i Mønsterplanen av 1974, gjennom råd om undervisning for "språkblandingsområde" og gjennom at samar var nemnde nokre stadar under emne for fellespensum. Sjølv om opplæring i samisk var blitt tillatt, var norsk likevel hovudspråket i undervisninga av samisktalande fram til midt på 1980-talet. M74 hadde med ein eigen plan for "Norsk som fremmedspråk", som skulle brukast både for innfødde og innvandra minoritetar.
Ved ei ny endring i grunnskolelova i 1985 fikk samisk status som opplæringsmål: "Barn i samiske distrikter skal få undervisning i eller på samisk på barnetrinnet. Eleven velger selv om han/ hun vil ha samisk som fag på ungdomstrinnet." Uttrykket «samiske distrikt» har aldri vore klart definert. Fleire stader har styresmaktene nekta å gi samiskundervisning, med den grunngivinga at ein kommune etter deira oppfatning ikkje er «samisk distrikt».
Mønsterplanen av 1987 skilde for første gong ut eigne samiske læreplanar frå dei nasjonale læreplanane. Eit stort framsteg for samisk opplæring var opprettinga av Samisk utdanningsråd frå 1976. Samisk utdanningsråd var rådgivande organ for departementet, med svært avgrensa myndigheit. SUR hadde ansvaret for å gi ut lærebøker i og på samisk.

Samisk vidaregåande opplæring

Den første vidaregåande opplæringa spesielt for samar var Statens heimeyrkesskole for samer, som blei sett i gang i Guovdageaidnu i 1952. Undervisningsspråket var norsk, men innhaldet var frå starten meir tilpassa samiske forhold enn det skulle bli seinare. Men på 60-talet blei skolen "oppgradert" til å følgje landsdekkande læreplanar, noko som førte til at mye av dei spesielle samiske aktivitetane fall bort. Først på slutten av 1970-talet fikk samiske emne igjen større plass i skolen. Søm/vev blei erstatta med duodji, som etter kvart blei utvida til treårig utdanning og fikk godkjent fagbrevsordning først på 90-talet.
Statens Reindriftsskole blei oppretta i 1968, og var plassert på Borkenes inntil skolen i 1981 blei flytta til Guovdageaidnu. Skolen hadde frå starten svært små ressursar, verken godkjent læreplan eller ei einaste godkjent lærebok. I 1988 blei han slått saman med Samisk videregående skole i Guovdageaidnu. Den nye skolen blei kalla Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla / Samisk videregående skole og reindriftsskole. Samtidig blei også reindriftslinja utvida frå eittårig til treårig utdanning.
I 1969 blei dei første samiske gymnasklassane oppretta i Kárášjohka. I mange år var det på gymnaset parallelle klassar, der elevane blei delte etter språk. Likevel hendte det i mange fag at samisktalande lærarar underviste på norsk for språkblanda klassar. Gjennom heile skolen si historie har ein forsøkt å utvikle eit samisk innhald i fag som historie, kristendom og geografi. Departementet ga tilslutning til at ein kunne bruke 10-25% av faginnhaldet til samiske forhold.
Ved yrkesskolen i Guovdageainnu var det samiskundervisning frå starten i 1952, 15 år før samisk blei fag i grunnskolen. Etter skoleplanen var samisk obligatorisk fag på alle linjer fram til midten av 60-talet. Om lag samtidig med at samisk kom inn i grunnskolen, forsvann det frå dei fleste linjene ved yrkesskolen. Først i 1989 blei samisk igjen obligatorisk fag på alle linjer.
Ved gymnaset i Kárášjohka var samiskfaget skolen sitt "varemerke", og frå starten det einaste som skilde skolen ut frå andre gymnas. Samisk hadde først status som valfag, seinare sidemål, før det ut på 70-talet og blei høve til å lese samisk som hovudmål.
I norsk følgde samiske elevar først vanlige norske læreplanar. Seinare blei det redusert pensum i norsk. Elevar med samisk som hovudmål eller sidemål trong ikkje ta skriftlig opplæring i norsk sidemål. På 80-talet blei det innført læreplanar i norsk som andrespråk for samisktalande. Desse planane blei laga i forskjellige utgåver for allmennfag og for handel- og kontorfag.
Midt på 1980-talet byrja nokre fylkeskommunale vidaregåande skolar i Finnmark og Troms å tilby nordsamisk som andrespråk og C-språk. Både ved dei samiske og dei fylkeskommunale vidaregåande skolane lei samiskundervisninga under mangel på kvalifiserte lærarar og mangel på læremiddel. Fram til 1990 var det ikkje skrive lærebøker i samisk for vidaregåande skole på noko nivå.
I løpet av 1980-talet fikk både samisk språk og samisk innhald ein sterkare plass i skolen. Frå 1988 hadde grunnskolen eigne samiske læreplanar i sju fag, og ein hadde nettopp sett igang med å lage samiske læremiddel etter desse læreplanane.
I vidaregåande skole blei det sist på 80-talet oppretta felles styre for dei to samiske vidaregåande skolane. Skolen i Guovdageaidnu sto ved starten av eit utviklingsarbeid som hadde som målsetting å skape ein meir samisk skole. Dei samiske vidaregåande skolane hadde starta ein prosess som etter planen ville styrke skolane sin samiske profil kraftig i løpet av få år.
Dessverre skulle det ikkje gå slik, og det er emne for neste bolken: Reform 94 for samiske elever - Norsk Standard?.


Fleire artiklar om skolespørsmål og samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no