Svein Lund:
Reform 94 for samiske elever - Norsk Standard?
Manus til førelesing for tilsette ved Skånland vidaregåande skole, 15.11.2002
Når vi spør korleis Reform 94 har verka for samiske elevar, må vi først sjå litt på dei generelle retningslinjene i reforma. No har dokker alle kjennskap til resultatet av Reform 94 og ein stor del av dokker var vel og i skolen da reforma blei innført. Likevel vonar eg at det ikkje skadar med eit lite tilbakeblikk på det skolepolitiske og pedagogiske innhaldet i reforma. I alle fall var det lite av slike diskusjonar da reforma kom. Det er sikkert mange som, liksom eg, må oppsummere i ettertid at den gang såg vi ikkje skogen for bare tre.
Norsk Standard?
Før vi går vidare er det kanskje lurt å sjå om vi har ei felles forståing av tittelen på denne innleiinga. Eg har brukt uttrykket Norsk Standard. Det samme har eg gjort i den boka eg stadig driv førehandsreklame for; "Samisk skole eller Norsk Standard?". Bakgrunnen for tittelen er som så: Både som mekanikar og som lærar i mekaniske fag kom eg ofte bort i at det var ein Norsk Standard for det meste, anten det var skruegjenger og sporkilar eller tekniske teikningar og symbol for elektriske og pneumatiske instrument. For industriell produksjon er det sjølvsagt svært nyttig med ei standardisering, slik at einkvar M10-skrue passar inn i ein M10-mutter. Men livet kan ikkje alltid standardiserast på same måten. Spørsmålet eg stiller er om skoleverket, slik det framstår etter reformene, er i ferd med å bli så standardisert at det ikkje er plass for den daglige verkeligheita rundt oss, for verkelege elevar eller verkelege lærarar. Samtidig legg eg i Norsk Standard om skoleverket at det er ein NORSK standard, som for det første ikkje har plass for minoritetar, for det andre ein statsautorisert definisjon av kordan ein skal vere norsk på den rette måten.
Fram mot slutten på 1980-talet hadde vi i grunnskolen sett ei styrking av lokalt læreplanarbeid, som var slått fast som eit sentralt prinsipp i M87. Innafor vidaregåande skolar var det blitt utvikla fleire og fleire tilbod, ofte ut frå lokale og regionale behov.
Både den norske skolen, og særlig den samiske, hadde på 70- og 80-talet vore på veg bort frå Norsk Standard. Alt i alt kan vi seie at mangfaldet i utdanningstilbodet i Noreg aldri hadde vore større. I alle skoleslag syntest utviklinga å gå i retning av meir samisk innhald og større samisk sjølvstyre. Den samiske opplæringa endra seg i retning av å bli meir ulik den nasjonale norske opplæringa.
Men ikkje alle var nøgde med denne utviklinga, og dei som ønskte seg tilbake til ein standardisert og straumlinjeforma skole var no i ferd med å komme på offensiven. Internasjonalt hadde det allereie ei tid vore ei endring på gang. I staden for den progressive pedagogikken med elevsentrering og skolen som middel til sosial utjamning, kom den restaurative pedagogikken med utgangspunkt i nasjonale verdiar og nasjonens økonomi.
Ein snuoperasjon
Eg går ut i frå at alle hugsar Gudmund Hernes, utdanningsministeren som i rekordfart kjørte gjennom eit lass med skolereformer og som sjølv hadde minst 98 % styring med dei. Allereie før han blei minister tok Hernes eit oppgjør med den utdanningspolitikken hans eige parti hadde ført. Han kravde i staden:
- Mer trening
- Mer struktur
- Mer standardisering
- Mer arbeidsdisiplin
- Mer faglig konsentrasjon
- Mer krav til innsats fra elevene
Med andre ord ei klar programerklæring for einsretting, i retning av det eg har kalla Norsk Standard. Hernes leia eit offentlig utval som skulle få stor innverknad på skolepolitikken framover. Innstillinga frå utvalet låg til grunn for ei stortingsmelding med namnet "Mer kunnskap til flere". Meir kunnskap til fleire - men kva slags kunnskap? Det var i første rekke "basiskunnskapen", språkfag og realfag som skulle styrkas. Men på kostnad av kva? For vidaregåande gåande skole på kostnad av praktiske fag og på kostnad av valfridomen. Det skulle bli relativt meir teori og mindre praksis for yrkesfaga og valfridomen skulle innskrenkast.
I norsk pedagogisk tradisjon på sitt beste har det sentrale vore eleven sine interesser. Dette er klart uttalt i Vaksenopplæringslova: "Målet for voksenopplæringen er å hjelpe den enkelte til et mer meningsfyllt liv." Ti år etter hadde Hernes si programerklæring i "Med viten og vilje" eit heilt anna utgangspunkt: "Utfordringen for norsk kunnskapspolitikk er at landet ikke får nok kompetanse ut av befolkningens talent." Det er ikkje lenger eleven eller einskildmennesket som står i sentrum, men "landet", som skal bruke befolkninga sitt talent for å styrke konkurranseevna på verdsmarknaden.
Skolesystemet skulle bli straumlinjeforma, ikkje bare med at linjestrukturen blei enklare, men og med auka gjennomstrøyming av elevar. Ein ønskte flest mogleg elevar tvers gjennom vidaregåande skole utan unødige sidesprang og opphald. Gjennomstrøyminga blei overordna det at nokre elevar trong lengre tid til mogning og utvikling.
I løpet av 1980-talet blei målstyringsprinsippet innført i statsadministrasjonen.
Målstyringsprinsippet skulle og gjelde læreplanane. Alle læreplanar som blei laga på 90-talet blei formulert som mål for kva eleven skulle kunne. I 1997 blei så læreplanane forskriftsfesta, slik at læraren og skolen blei juridisk forplikta til å følgje dei.
Norsk Standard
I ein skolepolitisk programtale i 1992 uttrykte Gudmund Hernes korleis læreplanane skal sikre at alle tenker likt: "…Det er tankene som må løftes og uniformeres om nasjonen skal holde sammen. …Skal vi sikre den rette tro, må læren være ens. Altså trenger vi læreplaner."
Framhevinga av det nasjonale fellesstoffet er eit framtredande trekk ved heile reformprosessen: "Hovedtendensen i læreplanverket er sterkere betoning av felles lærestoff og nasjonal identitet."
Dette måtte sjølvsagt gå på bekostning av det lokale, noko som også var tilsikta. Forankring i lokal identitet og kultur hadde ikkje same verdi som riksidentiteten og rikskulturen. Snarare tvert om. Den lokale forankringa var eit hinder for at folk skulle bli mobile og la seg flytte dit det var mest lønnsomt å legge arbeidsplassane. Ein gikk til angrep på det lokale læreplanarbeidet, som var eit kjernepunkt i M87. Dette inkluderte og ei styrking av det felles nasjonale norske på kostnad av samisk opplæring.
Sjølv om sentralt reform- og læreplanarbeid ikkje skulle nemne samane med eit ord, ville dei generelle retningslinjene gripe inn i samiske fag og skolar og på mange måtar påverke vilkåra for samisk opplæring. Ein nasjonal, einsretta, sentralisert skole vil gi mindre plass for samiske spørsmål enn ein lokal / regional-basert, pluralistisk, desentralisert skole.
Dei første samiske læreplanane for grunnskolen var ein del av M87, den siste av utdanningsreformene i "førre generasjon". Saman med dei utgreiingane som da nettopp var avslutta, om både vidaregåande og høgare utdanning for samar, utgjorde dette eit høgdepunkt i styresmaktene si velvilje overfor samisk språk og kultur.
Læreplan - generell del
Eit år før Reform 94 kom Generell læreplan eller Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring - generell del. Denne læreplanen låg til grunn for både Reform 94 i vidaregåande skole og Reform 97 i grunnskolen.
Ved sida av "Med viten og vilje" er generell læreplan det dokument som mest direkte er prega av Gudmund Hernes sine visjonar. Planen understrekar sterkt det felles nasjonale kultur- og kunnskapsgrunnlaget, og "avviser den reformpedagogiske progressivismens prinsipp om å orientere elevenes læring ut fra deres livssituasjon og grunnleggende problemer / interesser".
Utkastet fikk ei svært blanda mottaking. Ein av kritikarane skreiv:
"I planens generaliserte samfunnsbilde trer lokalsamfunnet, lokalkulturen og lokalorienteringa bare fram i et bitte lite hjørne -".
I høringsutkastet til generell læreplan hadde samiske forhold ein svært beskjeden plass, og dette møtte da også kraftig kritikk. Da KUF presenterte sitt neste forslag for Stortinget i 1993, oppsummerte ein blant endringane: "Samisk er løftet mer fram og språklige minoriteter er synliggjort bedre." Kva står det så om samiske spørsmål i den generelle læreplanen? Det er ikkje meir enn at det er god plass til å sitere alt her: "Samisk språk og kultur er den del av denne felles arv som det er et særlig ansvar for Norge og Norden å hegne om. Denne arven må gis rom for videre utvikling i skoler med samiske elever, slik at den styrker samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur." Det er alt. Til dette repliserte sametingspresidenten: "Nei, Hernes, for samiske elever skal samisk språk og kultur være selve basisen, ikke bare "gis rom for".
Hovudtrekk i Reform 94
Reforma er omtalt som ei rettsreform, ei strukturreform og ei innhaldsreform. Det er strukturdelen som i første rekke påverkar vilkåra for samisk opplæring:
- Over 100 grunnkurs er redusert til 13, og talet på VK1-kurs er redusert kraftig.
- Alle allmenne fag har felles læreplanar for dei forskjellige linjene.
- Hovudmodellen for yrkesopplæring er 2 år i skole og 2 år i bedrift.
Reform 94 var eit klart steg i å styrke det felles nasjonale på kostnad av det lokale: "Hensynet til nasjonal styring er et overordnet prinsipp for utformingen av læreplanene, men det må også gis et visst rom for lokale vektlegginger innenfor læreplanens ramme."
Planlegginga av reforma sentralt skjedde utan at ein vurderte konsekvensane for samisk opplæring. Samiske skolar og samiske organ fikk ikkje uttale seg på førehand, men fikk tilsendt nasjonale planar og måtte så starte ein forsvarskamp for at det samiske innhaldet ikkje skulle bli utradert.
Reforma førte med seg ei rekke endringar for samisk vidaregåande opplæring:
· Forskjellen mellom samisk som førstespråk og andrespråk blei mindre enn før. Det blei no same timetal i norsk og samisk og felles læreplan i norsk, "Norsk for elevar med samisk". Måla for samisk som andrespråk blei sett mye høgare enn før. På yrkesfag auka timetalet i samisk, frå tidligare bare to timar på grunnkurs, til 3+2(+2). Læreplanen blei felles for yrkesfag og allmennfag, men det blei ikkje gjort noko tiltak for å yrkesrette samiskopplæringa.
· Den nye grunnkursstrukturen gjorde at grunnkurs duodji forsvann, og blei erstatta med formgivingsfag. Denne læreplanen legg den norske nasjonale kulturen til grunn, og behandlar samisk kultur bare under "andre folkeslags kultur". Det vil seie at ein ikkje ser samiske elevar og duodji som ei målgruppe for læreplanen. Det er dermed ikkje mogleg å bygge opplæringa på samisk grunn og samtidig oppfylle læreplanen. Samtidig blei duodji VK2 overført frå skole til bedrift, og den treårige duodjiutdanninga ved Samisk videregående skole og reindriftskole var dermed redusert til bare eitt år duodji i skole.
· B-/ C-språk blei obligatorisk i allmennfaglig studieretning, også for elevar med samisk som første- eller andrespråk. Desse elevane måtte dermed kunne fire språk for å få studiekompetanse, mens andre elevar kunne nøye seg med tre språk. Med dette fikk elevar med samisk første- og andrespråk langt færre timar igjen til studieretningsfag.
· Det blei ikkje lenger mogleg å halde oppe to av dei særeigne samiske tilboda ved Samisk videregående skole og reindriftskole; allmennfag med reindrifts- eller duodjifag som studieretningsfag og eigen samisk variant av handel- og kontorlinja "språk og saksbehandling". Etter reforma blei det på studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag bare tilbod om dei vanlige nasjonale studieretningsfaga.
· Etter reforma blei det slutt på at nokre fag hadde kjernestoff og tilleggstoff, som ga betre vilkår for å legge inn lokal eller samisk tilpassing. No fylte måla i læreplanen meir enn den tida som var tilgjengelig.
· Styret for de samiske videregående skolene fikk styring med mindre del av den samiske vidaregåande opplæringa enn før, med at duodji VK2 gikk over til bedriftsopplæring og dermed til fylkeskommunane, og styret fikk heller ikkje hand om oppfølgingstjenesten i vertskommunane til dei samiske vidaregåande skolane.
· Da det skulle utarbeidast nye læremiddel etter reforma, blei det for første gong laga ein plan for samiske læremiddel for vidaregåande skole.
Med unnatak for læremiddelplanen og ei auke i timetalet i samisk for yrkesfaglige studieretningar, bidro alle desse endringane til å svekke det samiske innhaldet i vidaregåande opplæring.
Frå dei første planane kom frå KUF engasjerte dei samiske vidaregåande skolane seg for å sikre det samiske innhaldet. Dei klarte å hindre eit forsøk på nedlegging av reindrift VK1, men nådde ikkje fram med kravet om å få halde fram med grunnkurs i duodji.
Seinare har det skjedd nokre få endringar som har gjort det mogleg å styrke det samiske innhaldet. Det obligatoriske B-/C-språket er fjerna og samisk kulturkunnskap er godkjent som studieretningsfag og valgfag.
Evalueringa av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring
Evalueringa av Reform 94 var den største skoleevalueringa som er gjennomført i Noreg til da. Evalueringa var ei såkalla undervegsevaluering over ein 4-års-periode. Til saman har det kome omlag 60 rapportar.
Samiske spørsmål er ikkje nemnde i nokon av desse rapportane. Da samiske vidaregåande skolar og Samisk utdanningsråd oppdaga at evalueringa var i gang, men ikkje gjaldt dei, kravde dei ei eiga evaluering av Reform 94 og samisk opplæring. KUF var i starten avvisande, og Styret for de samiske videregående skolene måtte legge fram ein omfattande dokumentasjon før det blei gitt klarsignal og pengar til evaluering. Evalueringa blei gjennomført av Nordisk Samisk Institutt (NSI) og Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Sjølv var eg forskningsassistent på NSI si evaluering. Evalueringa starta opp i starten av 1999 og rapportane blei overlevert KUF i juni 2000.
I evalueringa såg vi først på det juridiske og politiske grunnlaget for samisk vidaregåande opplæring og spurte: Er dagens læreplanar i samsvar med lovverket? Er lovverket i samsvar med internasjonale konvensjonar? Konklusjonen var klar: Internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert gir samane som urfolk rett til å forme si eiga utdanning i mye større grad enn det som går fram av det norske lovverket. Tilsvarande tilseier Grunnlova, Samelova og Opplæringslova større grad av samisk opplæring enn det læreplanane for vidaregåande opplæring i dag gir rett til. Ut frå at konvensjonane er overordna nasjonale lovar og lovar er overordna forskrifter, er eigentlig læreplanane ulovlige på dette området. Det bør derfor settast i gang ein læreplanrevisjon for å gjøre læreplanane i samsvar med det overordna juridiske og politiske grunnlaget for samisk vidaregåande opplæring.
Saksbehandling i reforma
Vi såg på korleis samiske skolemiljø var behandla i innføringa av Reform 94:
· Utkasta til tilbodsstruktur, fag- og timefordeling og læreplanar som kom frå KUF hadde som hovudtendens ein reduksjon av det samiske tilbodet.
· Samiske forhold blei ikkje tatt opp utan at initiativet kom frå dei samiske skolemiljøa.
· Etter reforma skulle naturbruk og formgiving grunnkurs vere grunnlaget for vidare opplæring i reindrift og duodji. Men i læreplangruppene for desse grunnkursa var det ingen samar og heller ikkje andre med særlig kunnskap om samiske forhold.
· I visse fag (samisk, norsk for elevar med samisk, duodji VK1, reindrift VK1 og VK2) var det eigne læreplangrupper i samiske miljø. Utkasta frå læreplangruppene blei ofte overprøvd av KUF og endra før dei blei sendt til høring, på ein måte som desse gruppene ikkje var samde i.
· Dei samiske vidaregåande skolane og Samisk utdanningsråd fikk uttale seg om alle læreplanar, men det var KUF som avgjorde og dei tok i svært liten grad omsyn til innvendingane.
Deretter gikk vi inn på nesten alle faga som blir underviste innafor samisk vidaregåande opplæring. Vi intervjua lærarar ved dei samiske vidaregåande skolane, for faga samisk, norsk og duodji også lærarar ved utvalde fylkeskommunale skolar. Faga kan vi dele i to hovudgrupper: Fag med og uten samiske læreplanar.
"Samiske fag"
For vidaregåande opplæring er det ikkje eit klart system med samiske og nasjonale læreplanar, slik som i grunnskolen. Det er faktisk bare eitt landsomfattande fag som har parallelle planar: Norsk. I tillegg er det nokre læreplanar som bare brukast innafor samisk opplæring: samisk første- og andrespråk, duodji vk1 og bedriftsopplæring, reindrift vk1 og vk2. I fleire fag ga lærarar som kjente til læreplangruppene sine læreplanforslag, uttrykk for at dei ville foretrukke desse foran dei som blei vedtatt av departementet.
For samiskfaget vil eg spesielt trekke fram desse funna:
- læreplanane i samisk er laga etter mønster av læreplanen i norsk, ein har derfor ikkje kunna ta nok omsyn til at samisk har ein anna språkstruktur, annan litteraturtradisjon og ei anna stilling i samfunnet
- læreplanen for andrespråk er for vanskelig for elevar i område der samisk ikkje er dagligspråk
- det er gjort lite for yrkesretting av samiskfaget
- det er problem med organisering fordi elevar med forskjellige læreplanar ofte må undervisast i lag
- ved opptak til høgskolar og universitet får ikkje elevane godtgjøring for ekstrabelastninga og kompetansen med å ha både samisk og norsk
Samisk som B- / C-språk har ikkje eigen læreplan, ein må følge den felles læreplanen for framandspråk, sjølv om samisk er i ein annan situasjon enn framandspråksfaga. Dei fleste elevar vil ha ei tilknytning til språket gjennom familien og/eller lokalsamfunnet, dei kan derfor med fordel bruke andre metodar i opplæringa enn for reelle framandspråk. Denne opplæringa vil i stor grad ha karakter av ei revitalisering av eit språk som lokalsamfunnet og/eller forfedrane har blitt fråtatt. Samtidig kjem det sterke kulturelle element inn i bildet, og i mange område kan og samiskopplæringa vere ei politisk betent sak. Derfor er det mye som tyder på at samisk som B-/C-språk burde hatt ein eigen læreplan og/eller ei metodisk rettleiing. Det er slåande at KUF har prioriterert eigne læreplanar i latin/gresk som C-språk, men ikkje i samisk.
I norskfaget skal elevar med samisk ha ein time mindre enn dei med nasjonal læreplan. Dette gjeld for AØA og for yrkesfaglige grunnkurs. Ettersom elevane med forskjellige læreplanar ofte går i samme klasse, fører dette til ein del organiseringsproblem.
Norsklærarane kjenner ofte lite til læreplanen "norsk for elevar med samisk". Dei veit gjerne kva dei skal stryke i forhold til den nasjonale planen, men har mindre kunnskap om det som kjem som tillegg. Mange lærarar kjenner seg ikkje kvalifiserte til å undervise i emne som tospråkligheit, tolking og omsetting. Det er sjeldan tiltak frå administrasjon eller norskseksjon for å sikre at læreplanen «norsk for elevar med samisk» blir følgt i praksis.
Læreplanane etter Reform 94 føreset eit nært samarbeid mellom samisk- og norsklærarar. Dei skal ikkje trenge å gjennomgå alt i begge faga. Dersom ein klasse har bare ein norsklærar og ein samisklærar, er det greitt, men ofte kan elevane som er i ei gruppe i norsk, ha samisk på tre forskjellige nivå og dermed tre samisklærarar. Samiskgrupper er ofte sett saman av elevar frå mange klassar, med tilsvarande mange norsklærarar. Dermed kan ikkje norsklærarene vere sikre på at om dei utelet noko av dei emna som er felles for norsk- og samiskplanen, så får alle elevane dette dekt i samiskfaget. Derfor blir ofte resultatet at ein forsøker å stresse gjennom alt og får ikkje jobba grundig nok med stoffet.
Hovudinnvendinga mot læreplanen for elevar med samisk er at han er for lik den nasjonale læreplanen. Denne får på si side kritikk for å framstille Noreg som eit einkulturelt og einspråklig land. Mye av det som står i læreplanen for elevar med samisk kunne med fordel ha stått også i den nasjonale planen.
Nasjonale fag
Den andre gruppa fag er nasjonale fag som brukast over heile landet, inkludert samiske skolar. Her har det ikkje vore representantar for samisk vidaregåande opplæring i ei einaste læreplangruppe. Gruppene har heller ikkje hatt nokre retningslinjer for at samiske spørsmål skal takast opp i læreplanane (slik læreplangruppene hadde ved utarbeiding av L97). Det gjør at samiske forhold anten ikkje er nemnt i dei aller fleste av desse læreplanane.
Vi spurte lærarane i kva grad det fantest eit særlig samisk innhald innafor det einskilde faget, kordan dette kom fram i undervisninga i dag og korleis læreplanar og læremiddel var egna til å formidle samisk innhald i faget. Her er eit lite knippe av dei eksempla vi fann på samisk innhald som i større eller mindre grad kjem fram i undervisninga eller som lærarane ønsker å finne plass til:
Hotell- og næringsmiddelfag:
- Samiske matrettar, tradisjonar i hausting, oppbevaring og foredling av matvarer
Byggfag:
- Samiske byggetradisjonar: lavvu, gamme, tømmerhus
- Bruk av samiske bygningselement i moderne bygg
Helse- og sosialfag:
- Samhandlingsmåtar og kommunikasjon
- Bruk av tolk.
- Samiske mattradisjonar
- Tradisjonelle samiske måtar å tenke pleie og omsorg på.
- Samiske verdiar, kodar og kulturforskjellar.
Mekaniske fag:
- småmaskinar som snøskuter, firehjulssykkel, påhengsmotor og motorsag.
- metallgjenstander med basis i lokale behov og samisk tradisjon: kniv (niibi), skinnskrape, slededrag, reinbjelle, skjerding
Engelsk:
- engelsk vokabular om samiske forhold
- urfolksspørsmål
- yrkesretting i samiske fag
Finsk:
- kvenske dialektar
- påverknad mellom finsk og samisk
- grammatikkopplæring ut frå samisk
Økonomi og informasjonsbehandling:
- økonomien innen primærnæringer som reindrift, jordbruk og fiske. Grensehandel
- forskjellige former for økonomisk tenking og ulike typer av økonomi innafor det samiske samfunnet.
- koding og løsninger for samiske tegn i dataprogram
Naturfag:
- planter, dyr, økonogi og miljøproblem i samiske område
- samisk og anna tenking om natur og kulturlandskap
- samisk terminologi
Kroppsøving
- friluftsliv i samisk tradisjon
- særegne samiske idrettar, som lassokasting, reinkappkjøring og elvebåtstaking, kombinasjonen skiløping med lassokasting.
- historie om samiske kroppsøvingstradisjonar
Samfunnslære / Samfunnskunnskap
- samiske institusjonar
- samisk helse- og sosialvesen
- kultur og væremåte i samiske samfunn samanlikna med andre samfunn
Historie
- samisk historie
- historia til andre urfolk og minoritetar
- samisk perspektiv på Nordens historie
Geografi
- samisk terminologi for landskapsformer
- samiske næringar
- kulturlandskapstenking
Religion og etikk
- gamal samisk religion
- læstadianisme
Konklusjon
Denne gjennomgangen syner at praktisk talt alle fag som blir undervist ved dei samiske vidaregåande skolane har eller kunne hatt eit særeige innhald som i dag ikkje kjem fram i læreplanane og derfor heller ikkje i lærebøkene. Dette er sterke argument for at det bør innførast eit eller fleire av desse tiltaka:
- samiske emne i nasjonale læreplanar
- eigen samiske læreplanar parallelt med dei nasjonale
- metodiske rettleiingar for tilpassing til samiske forhold.
- bøker eller emnehefte som dekker det særeigne samiske innhaldet i forskjellige fag.
Evalueringsrapportane slo fast at Reform 94 har ført til ei svekking av det samiske innhaldet i vidaregåande opplæring. Det blei foreslått ei rekke tiltak for å rette opp dette, bl.a. gjeninnføring av duodji grunnkurs, eigne samiske læreplanar og/eller metodiske rettleiingar for forskjellige fag og ein felles læreplandel for samisk vidaregåande opplæring, tilsvarande den samiske brua for grunnskolen.
Når Reform 94 svekka samisk opplæring, var dette heilt i tråd med Hernes si linje for reformene. Om utkasta frå KUF ikkje hadde møtt motstand, hadde resultatet vore enno verre. Spørsmålet er kvifor motstanden ikkje var større. Det største engasjementet var frå Styret for de samiske videregående skolen og skolane sjølve. Derimot viste Samisk utdanningsråd og særlig Sametinget eit langt mindre engasjement i reforma. Sametinget har så langt ikkje gjort noko vedtak om vidaregåande opplæring sidan 1991.
Ka har så skjedd av endringar i samisk vidaregåande opplæring etter at Reforma var gjennomført. Det er fint lite. Det viktigaste er at samisk kulturkunnskap er godkjent som fag, men i praksis er det svært få elevar som har fått eit reelt tilbod om dette faget.
Evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 har ved utgangen av 2001 så langt ikkje ført til eit einaste tiltak i retning av omlegging, men departementet har bede Sametinget starte arbeidet med oppfølging av evalueringa i 2002. I dag arrangerer Sametingets opplæringsavdeling seminar i Guovdageaidnu om Reform 94. Dette seminaret skal IKKJE ta opp innhaldet i skolen, bare den delen av evalueringa som NIBR gjorde, om gjennomstrømning, kompetanseoppnåelse og lærarkvalifikasjonar. Vi som gjennomførte den evalueringa dokker har fått referert her, var inviterte som deltakarar, men fikk ikkje legge fram evalueringa vår. Det er årsaka til at eg er her istaden for der. På det seminaret er bare dei samiske vidaregåande skolane inviterte, ikkje dei fylkeskommunale vidaregåande skolane med samiskundervisning som deltok i evalueringa. Det ville ikkje skada om opplæringsavdelinga fikk nokre fleire spørsmål om kvifor og om ka Sametinget har tenkt å gjøre med dette framover.
Fleire artiklar om skolespørsmål og samiske spørsmål
Til startsida
sveilund@online.no