Sámegillii

Debattinnlegg i Altaposten 21.01.2010, Ságat 22.01.2010 og Finnmark Dagblad 23.01.2010.

Er den samiske læremiddelmangelen over?

I nyttårstalen sin sa sametingspresidenten: "Her hjemme fylte Sametinget 20 år, vi delte ut gratis læremidler til skolene og dermed slipper vi å ty til stensilark i undervisningen."

To veker har gått, men eg har ikkje sett at nokon har beklaga eller retta opp denne uttalelsen. Derfor må ein tru at dette virkelig er sametingspresidenten og Sametinget sitt syn.

Uttalelsen må forståast slik at no har samiske elevar samiske læremiddel i alle fag. Og det har dagens Sameting løyst, bare ved å løyve pengar til å tømme Sametinget sine eigne og nokre forlag sine læreboklager. Men dersom dette stemmer, så betyr det og at i virkeligheita fanst det allereie på førehand alle nødvendige læremiddel, det einaste som trengst var å distribuere dei til skolane.

Dette er ikkje første gong det blir påstått at det no er full læremiddeldekking. For over ti år sidan påsto utdanningsdepartementet det samme, og brukte det som argument for å fjerne konverteringstillegget til lærarar som underviste på samisk. I dag kjem den samme påstanden frå Sametinget. Eg håper Sametinget no, i motsetning til departementet dengang, kan dokumentere påstanden sin, eller vere ærlig nok til å trekke han tilbake.

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovudsida.