SAMISK SKOLE ELLER NORSK STANDARD?

Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring,

Del 2: 1988 - 1999

Eksamensprosjekt - Yrkespedagogikk hovudfag 1. studieavsnitt

Svein Lund, Høgskolen i Akershus Yrkespedagogisk institutt 1999

Til starten på dokumentet

______________________________________________________________________________

6. Oppsummering og konklusjonar

6.1. Fram eller tilbake?

Ei evaluering av samisk opplæring må vere i forhold til eit mål. Dersom målet er assimilering og fornorsking vil ein sjølvsagt gjøre heilt andre vurderingar enn dersom målet er ei opplæring med samisk innhald. Når eg her spør om samisk opplæring er gått fram eller tilbake, ser eg det i forhold til målsettinga om ei opplæring på samisk grunnlag, slik dette er uttrykt i ILO-konvensjonen om urfolk: 1. Utdanningsprogrammer og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystemer og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål for øvrig. Ut frå dette er det samane sine ønske som skal vere grunnlag for utdanninga og eg reknar derfor skoleprogrammet frå nordisk samekonferanse , som det høgaste samiske organet, for det mest autorative dokument for samisk opplæring.

Med dette som utgangspunkt vil eg vende tilbake til problemstillinga og oppsummere nokre hovudtrekk.

Kordan har skolereformene på 90-talet påvirka utviklinga av samisk opplæring?

a) gjennom dei generelle, landsomfattande reformene

Som eg har vist både i kapitlet om hovudtrekka i reformene og under presentasjonen av kvar reform, ligg det i reformene ein sterk tendens til samordning og forenkling, til sterkare nasjonal styring og meir felles lærestoff, med andre ord ei utvikling i retning Norsk Standard eller frå B til A i tabellen i kap 4. Dette har i stor grad gått ut over det samiske der det ikkje har blitt gjort spesifikke vedtak om unnatak i form av eigne samiske linjer eller læreplanar.

Omlegginga til målstyrte læreplanar og den strenge styringa av læreplangruppene har tvunge gjennom ei sektorinndeling av opplæringa, også for dei samiske læreplanane. Dette virkar på mange vis som ei tvangstrøye på samisk opplæring. På mange område har det blitt mindre rom for lokal tilpassing enn før, noko som svekkar moglegheita til å tilpasse til samiske forhold.

Prinsippet om at alle lærebøker måtte endras i samband med innføringa av nye læreplanar har satt læreboksituasjonen ytterligare tilbake for samisk grunnskole.

b) gjennom vedtak om samisk opplæring spesielt

Gjennom Opplæringslova har retten til undervisning i samisk blitt styrka. Samiske organ si innverknad på utdanningsspørsmål har på nokre område blitt styrka, samtidig som KUF har tvihaldt på detaljstyringa si på viktige område. Organiseringa av det samiske utdanningsverket er enno langt frå avklara.

For barnehagen har ein gjennom rammeplanen sikra samisk barnehage i langt større grad enn før. Det viktigaste dokumentet som er vedtatt for samisk opplæring er den samiske brua for opplæring etter det samiske læreplanverket for grunnskolen. Dette gir for første gang ei felles overbygging over samisk opplæring i eit skoleslag.

For vidaregåande skole har dei største skadeverknadane kome gjennom vedtak der det samiske ikkje er nemnt og kanskje ikkje ein gong vurdert. Dei konkrete vedtaka som gjeld samiske forhold har i beste fall kompensert for noko av skadeverknadane.

c) som heilskap

På fleire område ser vi at dei generelle reformene og vedtaka for samisk opplæring peikar i motsett retning. Det viser at dette framleis er eit stort stridsspørsmål og mye tyder på at det vil det og vere framover. Det finst ikkje ein heilskapelig politikk for samisk opplæring, og stoda på fleire område står i strid med dei overordna prinsippa. Når f.eks. KUF nektar samiske læreplanar i vidaregåande skole og vedtar ei vaksenopplæringsreform utan å ta opp samiske forhold, er dette klart i strid med både sameparagrafen i Grunnlova og internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert, særlig ILO-konvensjonen.

Reformprosessen på 90-talet har vore ein omfattande prosess med svært mange sider. Det er ikkje lett å gi ein sikker samla konklusjon. På nokre område har det vore framskritt, på andre område klare tilbakeskritt. For vidaregåande skole synas tilbakeskritta å dominere, for andre skoleslag er ikkje hovudlinja like klar.

Men vurderingane over er gjort i forhold til den situasjonen samisk opplæring sto i på slutten av 80-talet. Dette er eigentlig eit feil utgangspunkt. Etter at skoleverket gjennom eit hundreår hadde hatt som mål å utrydde samisk språk og kultur, var ein på 70- og 80-talet inne i ei utvikling i retning av å gi det samiske meir plass. Likevel var det langt fram og det som trengtest var eit kraftig løft. I staden blei 90-tals-reformane snarare det motsette, den positive utviklinga stoppa opp eller blei snudd i revers. Frå KUF si side ønska ein klart å reversere utviklinga, og bare aktiv kamp frå samisk hald har klart å hindre at reformbølga blei eit einsidig tilbakesteg i retning av Norsk Standard.

6.2. Utfordringar

Ka må så gjøras framover for å styrke samisk opplæring? Her har eg mest lyst til å seie med diktaren: "Jeg spørger kun, mitt kall er ei at svare". Det er ikkje eg som norsk nordmann som skal svare på ka som bør gjøras med opplæringa for samiske elevar og om samiske emne. Det er ei sak som samiske elevar, lærarar, foreldre, forskarar og samiske folkevalde organ bør ha det siste ordet i. Om dette skal kunne skje, vil det første vilkåret vere at den samiske opplæringa rivas laus frå detaljstyring av byråkratiet i KUF, der ein middels byråkrat så langt synas å ha hatt meir makt enn både Samisk utdanningsråd, Sametinget og Styret for dei samiske vidaregåande skolane.

Eg vil likevel våge meg på, ut frå det eg har fått med meg frå diskusjonar i samiske miljø, i og utafor skoleverket, å antyde nokre av oppgåvene og utfordringane framover.

6.2.1. Språkutvikling

Det er ei vanlig oppfatninga at fornorskingstrenden har snudd dei siste par tiåra. Om ein ser på samisk i skolen, samiske media, litteratur osv. kan ein notere ein stor statistisk framgang. Likevel er det ikkje dette som avgjør framtida til eit levande språk. Det er om språket på naturlig vis blir overlevert frå generasjon til generasjon, om ungar veks opp med samisk som naturlig talemål. Og sjølv om det i stor grad er slutt på at samisktalande foreldre snakkar norsk til ungane sine, har ein i størstedelen av det samiske området tapt ein generasjon eller to. Dei besteforeldra som enno snakkar samisk, men har lært barna sine norsk, vil sjeldan snakke samisk til barnebarna som har samisk som andrespråk på skolen. Vi har kome i den paradoksale situasjon at aldri har så mange kunna meir eller mindre samisk, men aldri har så få brukt det til daglig.

Undersøkingar som er offentliggjort i 1998/99 i avisa Min Áigi, viser at den samiske språksituasjonen er dårligare enn dei fleste har trudd og at språket er alvorlig trua i nesten haile utbreiingsområdet for samisk. Kampen for samisk språk er ikkje vunne, men heller ikkje tapt. Dei sigrane som er vunne dei siste åra er viktige, men ikkje nok til å stoppe tilbakegangen. Styresmaktene brukte mange år på å legge eit juridisk og ideologisk grunnlag for fornorskingspolitikken. No er det juridiske i stor grad fjerna, det ideologiske trykket har letna, men prosessen har likevel gått så langt at han held fram av seg sjølv. Det er ikkje lenger tilstrekkelig å aller nådigast tillate samisk språk. Etter at ein har iherdig forsøkt å ta livet av samisken med utsulting, kveling, forgifting og amputering er pasienten såpass ille medfaren at han treng både intravenøs næring og god pleie. Ikkje minst treng han å få igjen trua på at han kan bli frisk og stor og sterk igjen. Ein må sette igang ein medveten prosess som tospråkligheitsforskaren Joshua Fishman har kalla "Reversing language shift" eller på norsk "snu språkskiftet". Dette ansvaret "tilligger Statens Myndigheder" som det heiter i Grunnlova, gjennom lovverket (særlig Opplæringslova) og gjennom statsbudsjettet. Det ligg og på samane sjølve, det er dei som må utvikle språket, det er dei som må bruke det. Og det er dei som må utforme ein samla plan for samisk språkutvikling, noko som manglar i dag.

6.2.2. Evaluering og oppfølging

Den pågåande evalueringa av Reform 94 for samisk vidaregåande opplæring er det hittil største evalueringsarbeidet innafor samisk opplæring. Det har fått eit mandat og ei organisering som gir moglegheit for ei god og uavhengig evaluering, i langt større grad enn det som har vore tilfelle med den departementstyrte evalueringa av Reform 94 på landsplan. Eg går ut frå at Sametinget og Samisk utdanningsråd vil sjå til at evalueringa av Reform 97 får ei tilsvarande fri stilling.

Men disse evalueringane vil ikkje i seg sjølv føre til store endringar. Deira viktigaste funksjon vil vere som ein dokumentasjon som kan brukas i ein politisk kamp om styringa over og innhaldet i samisk opplæring for det neste tiåret. Men dersom dette skal føre til noko, krevas det nok eit atskillig større engasjement enn det vi har sett på 90-talet. Samiske skolar, organ og organisasjonar, samiske media, lærarar og lærarorganisasjonar bør engasjere seg i evalueringane allereie før dei er avslutta. Dersom evalueringsrapportane bare blir oversent KUF i stillheit, er det liten grunn til å vente at departementet og Stortinget vil gjøre særlig store endringar.

Dessverre ser eg lite teikn til ein slik offentlig diskusjon. Verken i Sametinget eller samiske media er det mye folk som har jobba grundig og offensivt med utdanningsspørsmål. Sametinget si behandling, eller manglande behandling av vidaregåande opplæring lovar ikkje godt, det gjør heller ikkje Sametinget sitt vedtak våren 1999 om å legge ned Samisk utdanningsråd.

Lærarorganisasjonane burde vere ein annan naturlig kanal for offentlig diskusjon. Dessverre har begge dei store lærarorganisasjonane sentralt og i Finnmark vore mest opptatt av å halde igjen på diskusjonen, gjennom å nekte organa sine for samiske skolespørsmål å uttale seg offentlig. Slik har dei kanalisert engasjementet til samiske lærarar og lærarar i samiske skolar inn i sitt eige byråkrati og effektivt hindra dei i å bidra i ein offentlig diskusjon. Spørsmålet er kor lenge samiske lærarar vil klare å leve med eigne organisasjonar som tvangstrøyer.

6.2.3. Forskning

Det har gjennom tidene vore dreve mye forskning på samiske forhold, både på godt og vondt. Men forskning på samiske skolespørsmål har ikkje vore særlig prioritert. Det er likevel gjort ein del verdifull forskning som ein kan bygge vidare på. Utfordringane ligg på to plan:

Kem forskar (personar og institusjonar)? Fram til dei siste åra har det vore svært få samar og andre med god kjennskap til samiske forhold som har hatt høgare utdanning innafor pedagogikk eller skoleforskning. Dette er i ferd med å endre seg. Det er no samar med hovudfag i pedagogikk/skoleforskning, yrkespedagogikk, spesialpedagogikk og sosialpedagogikk, den første same har nylig tatt doktorgraden i pedagogikk og to til er på veg.

Samisk skoleforsking har i stor grad vore overlatt til det private initiativ. Det er lite som tyder på at nokon tar ansvar for å samordne dette og lage ein plan for samisk skoleforskning. Så vidt eg kjenner til har heller aldri behov innafor samisk skoleforskning nokon gong vore tema for noko seminar eller møte. Dette kunne f.eks. vere ei naturlig oppgåve for det nydanna urfolksnettverket, som omfattar institusjonar som UIT, SH og NSI.

Ka forskar dei på? Eg vil peike på nokre vesentlige forskningsområde som synas å merke seg ut:

1. Resultat og kompetanseoppnåing. For å seie det litt forenkla samanliknar ein samiske elevar med norske elevar og finn ut at dei samiske har dårligare karakterar. Det er spesielt ikkje-samiske institusjonar som har egna seg til denne forskninga.

2. Språkforskning. Ein har forska på samiske skolebarn si språktileigning og utvikling av tospråkligheit. Mye av denne forskninga har skjedd på svensk og finsk side.

3. Identitetsutvikling og identitetsendring. Denne forskninga har for det meste vore dreve av samiske forskarar på norsk side.

4. Samisk kunnskap. På dette området er det enno gjort forholdsvis lite.

Ut frå min avgrensa kjennskap til samisk pedagogisk forskning synas det som nokre av dei største utfordringane framover blir å nærme seg eit svar på spørsmåla: Ka er samisk kunnskap? Ka er samisk pedagogikk?

Særlig synas behovet å vere stort innafor vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, der det er gjort minimalt med forskning og der mange yrkesområde er representert. Vidaregåande skole er også det skoleslaget som i minst grad har klart å få eit samisk innhald i skolen. Dessverre ser det ikkje ut til at dei samiske vidaregåande skolane eintydig ønsker ei slik forskning. Eg vil derfor slutte av med å vone at Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole vil omgjøre vedtaket sitt om at det ikkje er nyttig for skolen at lærarar tar utdanning i yrkespedagogikk hovudfag. Etter mi meining vil derimot det å knytte band mellom yrkespedagogisk forskningsmiljø og samisk vidaregåande opplæring vere eit av dei viktigaste tiltaka ein i dag kan gjøre for å utvikle samisk opplæring.

Kjelder og annan relevant litteratur

I denne lista er det forutan dei kjeldene eg har vist til i oppgåva tatt med ein del anna relevant litteratur som kan vere nyttig for den som ønsker å sette seg meir inn i dette eller arbeide vidare med disse spørsmåla. Mye av det er ikkje lett å finne tak i, men dokker som les dette må gjerne kontakte meg, så kan eg opplyse kor ein kan få tak i stoffet. Når nokre kjelder finst både på samisk og norsk har eg forsøkt å oppgi titlane på begge språk. Det er da mulig at oppgitt utgivelsesår eller dato bare stemmer for ei av disse utgåvene. Dei som står med bare eit språk er så vidt eg kjenner til ikkje omsett til det andre språket. Litteratur som er oppgitt med engelsk eller dansk tittel er såvidt eg kjenner til ikkje tilgjengelig på norsk eller samisk.

Aikio, Aimo Biigán ja re¹gun oahpahanvuohkin (upubl. manus) Guovdageaidnu 1999
Balto, Asta Samisk skolehistorie - en kort innføring Guovdageaidnu 1995
Balto, Asta Samisk barneoppdragelse i endring / Sámi mánáidbajásgeassin nuppástuvvá Gyldendal 1997
Balto, Asta (doaim.) Kunnskap og komnpetanse i Sápmi / Diehtu ja gelbbolašvuohta Sámis SUFUR / Davvi Girji 1997
Baune, Tove Aarsnes Den skal tidlig krøkes... Skolen i historisk perspektiv Cappelen 1995
Bergland, Einar Kunnskap og kompetanse i Indre Finnmark - bakgrunn, behov og tiltak Sámi allaskuvla 1993
Bergland, Einar Samisk skole og samfunn Sámi instituhtta 1999
Bergland, Einar Reindrift, omstilling og identitet Universitetet i Oslo 1999
Bergstrøm, Grete Samisk kunnskap (utkast til hovudfagsoppgave i ped.) Guovdageaidnu 1999
BFD Rammeplan for barnehagen / Mánáidgárddi rámmaplána BFD 1998
Blichfeldt m.fl. Utdanning for alle? Evaluering av Reform 94 Tano 1996
Det regionale høgskolestyret for Finnmark Samisk lærerutdanning 1983
Einejord, Jon Eldar Videregående opplæring for samer etter Reform 94 SVS 1997
Einejord, Jon Eldar Fra "videregående opplæring for samer" til "samisk videregående opplæring" / "Joatkkaoahppu sámiid várás" rievdá "Sámi joatkkaoahppun I seminarrapporten "Samisk kunnskap ..." SVS 1999
Eriksen, Leif (red) ‚ehppodat Sámiid Várás - Kunnskap og dyktighet SJSK 1994
Fishman, Joshua Reversing language shift Multilingual matters 1991
'Freire, Paulo De undertryktes Pædagogik Chr. Ejlers' Forlag 1993
Frøyland, Egil Hernes og hans tjenere HIAK, 1998
Fulsås, Narve Universitetet i Tromsø 25 år UIT 1993
Gundem, Bjørg Brantzæg Læreplanpraksis og læreplanteori Universitetsforlaget 1990
Gustavsen, John Reform 94 - Styrker ikke samisk identitet Yrke 3-93
Harbo, Torstein Norsk skole i europeisk perspektiv. (2 bind) Tano Aschehoug 1997
Hiim, Hilde & Hippe, Else Læring gjennom opplevelse, forståelse og handling Universitetsforlaget 1996
Hiim, Hilde & Hippe, Else Yrkessentrert læreplantenkning. I Kompendium, hovedfag i yrkespedagogikk HIAK 1998
Hoem, Anton Samisk allmenndanning og Reform 94 20.08.93
Hoem, Anton Makt og kunnskap Universitetsforlaget 1976 Hoem, Anton Sosialisering Universitetsforlaget 1978
Hovdenak, Sylvi Stenersen Pedagogisk diskurs i 90-åras utdanningsreformer UIT 1998
Hætta, Johan Daniel ...skuvla galgá rievdaduvvot . Oahppoplánat ja sámi dárbbut /...skolen må forandres. Læreplaner og samiske behov" I Balto (red): Diehtu ja gelbbolašvuohta Sámis/ Kunnskap og kompetanse i Sápmi SUFUR 1997
Hætta, Johan Daniel Samiske kunnskaper - samisk grunnskole UiT 1993
Jordheim, Knut (red) Skolen 1997-1998 Årbok for norsk utdanningshistorie Notodden 1997
KUD Metodisk veiledning - samiske forhold
KUF Ot. prp. 36 - Opplæringslova 1996-97 KUF Ot. prp. 46 - Opplæringslova 1997-98
KUF Reindrift - søknad om å legge reindrift som fag under LFA (Brev til Samisk utdanningsråd) 24.4.96
KUD Mønsterplan for grunnskolen (M-87) Aschehoug 1987
KUD Minsttarplána vuo˜˜oskuvlii - Sámi fágaplánat / Mønsterplan for grunnskolen - samiske fagplaner Aschehoug 1989
KUF Høringsutkast - Prinsippet og retningslinjer for den 10- årige grunnskolens oppbyggging, organisering og innhold KUF 1997
KUF Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen NLS 1996
KUF 10 jagi vuo˜˜oskuvlla sámi oahppoplánat / Det samiske Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen KUF 1997
KUF Reform 94 og videregående opplæring for samer 9.7.94
KUF Reform 94 - egne læreplaner for samiske elever i kultur- og samfunnsrelaterte fag. (Brev til Lærerforbundet) 1.3.96
KUF Læreplaner for videregående skole 1994-96
KUF Retningslinjer for utarbeiding av læreplaner for videregående opplæring februar 1993
KUF Videregående opplæring St.meld. 32 (1998-99) KUF Obligatorisk B-/C-språk for elever med opplæring i samisk 11.11.96
KUF Confintea - rapport fra den norske delegasjonen 1997
Lund, Svein Den einaste samiske høgskolen Klassekampen 18.09.90
Lund, Svein Sørnorsk universitet på nordnorsk grunn Klassekampen 19.09.90
Lund, Svein Ei lulesamisk framtid? Klassekampen 26.09.90
Lund, Svein Samisk språklov - også for sørsamar? Klassekampen 09.10.90
Lund, Svein Samisk fag fjernes Klassekampen 10.02.94
Lund, Svein Samisk utdanning nedlegges - hvor er Sametinget? Finnm. Dagbl. 20.05.94
Lund, Svein Lulli-Trøndelagas eai hálit sámegieloahpu Min Áigi, 23.3.94
Lund, Svein. Sámi joatkkaoahppu - golbma sevdnjes jagi / Samisk videregående opplæring: tre mørke år Min Áigi 20.11.98 / Skolefokus 1-99
Lund, Svein Hard kamp om samisk læreplan Klassekampen 09.10.97
Lund, Svein Ein god og ein dårlig reform Klassekampen 14.10.97
Lund, Svein Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring Del 1: Fram til 1988 HIAK 1999
Lund, Svein Vaksenopplæring for samar i Noreg / Adult education for indigenous peoples. The Samis in Norway. Ein rapport for UNESCO. Del 1 Nordisk Samisk Institutt juni 1999
Lund, Svein Vil KUF avskaffe samisk utdanning? Avisinnlegg 24.03.97
Lund, Svein m.fl. Reforbma 94 - váikkuhusat sámi joatkkaskuvllaide / Reform 94 - virkninger for samiske vgs. SJSBS 1994
Lund, Svein / Nesbakken, Anne Tospråklig undervisning. Veiledningsbehov og veiledningsstrategi. Prosjektoppgave i veiledningsped. UIT 1993
Lærerforbundet Reform 94 - Behov for evaluering av virkninger for samiske videregående skoler (Brev til KUF) 18.03.97
Lærerforbundet NOU 1995:18 Ny lovgiving om opplæring - høringssvar 15.11.1995
Lærerforbundet / Oahpaheaddjilihttu Program for samiske skolespørsmål / Sámi skuvlaáššiid prográmma 1996
Lærerforbundet Finnmark, utv. for samiske skolespm. Fråsegn om Opplæringsloven / Cealkámuš Oahpahuslága hárrái 24.11.1995
Lærerforbundet Finnmark, utv. for samiske skolespm. Opplæringsloven og samiske skolespørsmål 5.2.1997
Magga, Ole Henrik En samisk skole Guovdageaidnu 1994
Mjelde, Liv Fra hånd til ånd. Om arbeid og læring i yrkesutdannings perspektiv HIAK 1988
NHO Kunnskap er makt 1991
Norsk Lærerlag - OSO Uttalelse fra OSO om utkast til lov om grunnskole og videregående opplæring 1995
Norsk Lærerlag / LO NOU 1995:18 Ny lovgiving om opplæring - høringssuttalelse fra LO og Norsk Lærerlag 15.11.1995
Norske Samers Riksforbund Videregående opplæring for samer og Reform 94. Landsmøteresolusjon. 1993
NOU Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter / Doaibmaplána sámi nuoraid oahppovejolašvuo˜aid hárrái 1987:20
NOU Veien videre til studie- og yrkeskompetanse for alle 1991:4
NOU Videregående opplæring for samer 1975:37
NOU Med viten og vilje 1988:28
NOU Samisk kultur og utdanning 1985:14
NOU Samisk kultur og utdanning. De enkelte sektorer. Administrasjon 1987:34
Rasmussen, Torkel Sámegiela dála dilli - ártihkalráidu Min Áigi 1998-99
Rød Valgallianse Reform 94 - Skole på kapitalens premisser Oslo 1994
Sámerᘘi / Nordisk sameråd Sámi oahpahus- ja skuvlapolitihkkálaš prográmma / Samisk utdannings- og skolepolitisk program Sámerᘘi 1989
Sametinget / Sámediggi NOU 1995:18 Ny lovgiving om opplæring /O˜˜a oahppopláhka Møtebok 4/95
Sametinget / Sámediggi Samiske læreplaner - høring / Sámi oahppoplánat - gulaskuddan Møtebok 2/96
Sametinget / Sámediggi Samisk læreplanverk, L-97 Samisk / Sámi oahppoplánat - L97 Sámi Møtebok 4/96
Sámi joatkkaskuvllaid stivra Sámi máhttu - sámi joatkkaoahpu vuo˜˜un. / Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående opplæring. Seminára raporta 2.-3.12.1998 Guovdageaidnu 1999
Sámi joatkkaskuvllaid stivra Reform 94 og videregående opplæring for samer 5.5.94
Sámi joatkkaskuvllaid stivra Videregående opplæring for samer og Reform 94 10.5.1993
Sámi joatkkaskuvllaid stivra Høring NOU 1995:18 Ny lovgiving om opplæring Guovdageaidnu 1995
Samisk utdanningsråd Reindrift som fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet (Brev til KUF) 3.1.96
Samisk utdanningsråd Samisk skolehistorie de siste 100 år www.sor.no
Samisk utdanningsråd / Sámi oahpahusrᘘi Metodisk veiledning for nordsamisk 1. språk, samisk 2. språk og norsk for elever med samisk (Utkast) / Metodalaš bágadus dávvisámegiella 1. giellan, sámegiella 2. giellan ja sámegiella sámegiellagiidda. (Evttohus) SUR 1999
Samisk utdanningsråd AD-HOC om "opplæringslovene" SUR 1994
Sandvik, Laila Somby /Wilhelmsen, Káre Sara Barnehager for samiske barn SUR 1984
Skinningsrud, Tone Reform 94 som moderniseringsprosjekt. I Lian (red) Mellom tradisjon og modernitet UIT 1994
Slagstad, Rune De nasjonale strateger Pax 1998
Solbakk, Aage Sámi historjá 2 Davvi Girji 1997
Storjord, Thorbjørn Samene i Nord-Salten Blaasvær 1993
Stortingsmelding Kunnskap og kyndighet nr. 33, 1991-92
Telhaug, Alfred Oftedal Utdanningsreformene - Oversikt og analyse Didakta 1997
Tjeldvoll, A / Hoem, A Etnopolitikk som skolepolitikk Universitetsforl.
Tønnesen, Liv Kari B. Norsk utdanningshistorie Universitetsforl. 1995

Forkortingar

SH Samisk høgskole
SVSRS Samisk videregående skole og reindriftsskole
SVSK Sámisk videregående skole, Karasjok
KUF Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet
NSI Nordisk Samisk Institutt
SUR Samisk utdanningsråd
LO Landsorganisasjonen i Norge
UNESCO United Nations Educational, Scientific and Cultural Organisation
NOU Norges offentlige utredninger
NSR Norske Samers Riksforbund
UIT Universitetet i Tromsø
AFVK Allmennfag, vidaregåande kurs
ILO International Labour Organisation
AMO Arbeidsmarkedsopplæring

Fotnoter

Stortingsmelding 29 (1994-95) Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole - ny læreplan, s. 1 Jfr. artikkel av Egil Frøyland: Hernes og hans tjenere, HIAK 1998
Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter (NOU 1987:20), Samisk kultur og utdanning (NOU 1985:14 og NOU 1987:34) Forsøk på ei omsetting til norsk: Rypa er fargerik (brokete, flekkete, spraglete), men livet er enno meir fargerikt (variert). Gundem 1990, s. 33 Hilde Hiim og Else Hippe: Læring gjennom opplevelse, forståelse og handling. 1993, kap. 1 Paolo Freire: De undertryktes Pædagogik 1993, s. 20 Gundem 1990, kap 6. Disse nivåa er forklart nærare bl.a. i Hiim & Hippe 1993, s. 142-145 Eg har ikkje sjølv gått gjennom disse gamle læreplanane, men bygger på Gundem 1990, s. 52 Hiim & Hippe 1993, s. 127 Tangerud 1980, gjengitt i Hiim & Hippe 1993, s. 123 Gundem 1990, s. 37 Gundem 1990, s. 37 Gundem 1990, s. 86, ho bygger her på Grue: Ledelse og målstyring i skolen, 1988 Gjengitt etter Hiim & Hippe 1993, s 46 Gundem, 1984, s. 92. Jon Eldar Einejord er tidligare rektor ved Samisk videregående skole i Kárášjohka, no konsulent i Samisk utdanningsråd. Innlegg av Einejord referert i Samisk kunnskap - grunnlaget for samisk videregående opplæring. Rapport fra seminar 2.-3.12.1998 Disse omgrepa bygger på Goodlads læreplanteoriar, eg har henta dette frå Johan D. Hætta 1997, s. 16-17. O.H.Magga: En samisk skole. Innlegg på Utdanningskonferansen 1994, Guovdageaidnu 31.10.-1.11.1994 "....skolen må forandres. Læreplaner og samiske behov" I Balto (red): Kunnskap og kompetanse i Sápmi, SUFUR 1996 Styret for de samiske videregående skolene: Strategisk plan 1996-2000. Eksempel på dette er frisarane i Nederland og walisarane i Storbrittania Eksempel p¿ dette er hui-folket i Kina og afro-amerikanarer. Læreplan for grunnskole, videregående opplæring, voksenopplæring. Generell del. s. 9 Prinsipper og retningslinjer for opplæringen i grunnskolen etter det samiske læreplanverket. Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, s. 58. Innstilling 287 frå Kyrkje- og undervisningskomiteen O.H.Magga: En samisk skole. Guovdageaidnu 1994, s. 2 Grunnlova, §110A, tilføyd i 1988. Sitert etter Harbo: Norsk skole i europeisk perspektiv, bd. 1, s. 41 St.prp 92-64/65 s.4 Harbo 1997, bd.1, s. 89 Med viten og vilje, s. Lov om voksenopplæring, §1 Egil Frøyland: Hernes og hans tjenere, s. 2 Læreplan for grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring 1993, s.26 Her referert etter Slagstad: De nasjonale strateger 1998, s. 442 Torstein Harbo: Norsk skole i europeisk perspektiv, 1997, bd. 1 s. 82 "I serien Norges offentlige utredninger ble det høsten 1988 utgitt en innstilling som uten tvil må sies å markere et veiskille i nyere norsk utdanningspolitikk. Det utvalget som hadde utarbeidet innstillingen, ble kalt universitets- og høgskoleutvalget, for mandatet sentrerte seg om en vurdering av de høyere utdanningsinstitusjoners fremtidige oppgaver i utdanning og forskning, og det ansvar de burde ha for å vedlikeholde, utvikle og formidle kunnskap. Men under sin analyse av rekrutteringen til disse institusjonene, viet utvalget et helt kapittel til grunnskolen, den videregående skole og lærerutdanningen." Felleserklæring frå LO og NHO om fag- og yrkesopplæring, vedlegg til NOU 1991:4. Det einaste skriftet eg kjenner til som kom ut med prinsippiell kritikk av nokon av reformane mens dei enno var i innføringsfasen, er eit hefte frå Raud Valallianse, "Reform 94 - Skole på kapitalens premisser", 1994. Dette inneheld og ein artikkel om verknadane av reformen for samisk opplæring. Rammeplan for barnehagen, s. 89 Rammeplan for barnehagen, s. 92 Telhaug 1997, s. 141 Moslett: Målstyrt skrivepedagogikk, her sitert etter Telhaug 1997, s. 136. Innst S nr 234 (1992-93), sitert etter Telhaug 1997, s. 137 Læreplan for grunnskole... Generell del., s. 9 O.H.Magga: En samisk skole. s.10 Norsk lærerlag: OSO - Oahpaheaddjilihtu Sámi ossodat / Lærerlagets samiske avdeling Lærerforbundet Finnmark: Sámi skuvlaáššiid lávdegoddi / Utval for samiske skolespørsmål Den leiande i dette arbeidet var fylkesvaraordførar Arne Pedersen, som ei tid sat i Styret for dei samiske vidaregåande skolane. Etter at forslaget frå opplæringslovutvalet kom, trakk han seg frå styret, slik at han sto friare til å motarbeide det samme styret overfor KUF. høringsutkast til "Prinsipper og retningslinjer for den 10-årige grunnskolens oppbygging, organisering og innhold", s. 11. høringsutkast til "Prinsipper og retningslinjer", s. 11. Samiske representantar som har hatt mye å gjøre med KUF framhevar at Sandal hadde ei mye meir positiv innstilling til det samiske enn Hernes. Ole Henrik Magga omtalar, i intervju med meg 14.6.99, Hernes og Sandal som «natt og dag». Førelesing av Ellen Inga O. Hætta og Kristine Nystad for studentar i tospråkligheitspedagogikk, Sámi allaskuvla, 19.10.95. Eigne notat - SL. Lærerforbundet: Pressemelding av 05.10.97 Daverande leiar i SUR, Asbjørg Skåden, intervju i Klassekampen 09.10.97 Kristin Tornes: Føgeforksning - et eksperiment i kommunikasjon. I: Blichfeldt m.fl.: Utdanning for alle. Evaluering av Reform 94. Tano 1996, s. 27. Blichfeldt m.fl.: Utdanning for alle? Evaluering av Reform 94, Tano 1996, s. 24 Anton Hoem er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo og har skreve fleire bøker om samiske skolespørsmål. Foredraget var i Karasjok 20.08.93, dette er gjengitt etter eigne notat - SL. Jfr. møteprotokoll frå Sametinget, 2/96 og 4/96 Ole Henrik Magga i intervju med meg, 14.06.99. Intervju med samisklærarar ved Samisk videregående skole, Karasjok, mai 1999 Læreplan for videregående opplæring. Studieretningsfagene i grunnkurs formgivingsfag. 1993, pkt. 1.1. Tidligare hovudlærar i reindrift, Anne Nesbakken, i intervju med meg, april 1999. Hovudlærar i reindrift, Berit Anne O.Kemi, i intervju med Einar Bergland, mai 1999 KUF: Obligatorisk B-/C-språk for elever med opplæring i samisk. 11.11.96. Jfr arbeidsnotat av 10.5.93 ved styresekretær Rune Stormo. Ein god og ein dårlig reform. Klassekampen 14.10.97 Einejord, Jon Eldar: Videregående opplæring for samer etter Reform 94, SVS 1997 Evaluering av Reform 94 for samisk videregående opplæring. Fase 1. 1.12.98 St.meld. 32 (1998-99), kom ut i mars 1999 NOU 1997:25, St.meld. 42 (1987-98), Innst. S 78 (1998-99) KUF: CONFINTEA - Rapport frå den norske delegasjonen 1997 Samisk utdanningsråds arbeidsutvalg Møte A8/97, 22.12.1997 Brev frå KUF til Nordisk Samisk Institutt 16.02.1999 Ved rådgivar for vaksenopplæring, Dag Johnsen i telefonsamtale med meg, mars 1999. For nærare utgreiing av behovet på disse områda viser eg til rapporten min til UNESCO: Vaksenopplæring for norske samar. 1999. Vedtak i Sametinget, 20.-23.09.94 ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i uavhengige statar, 1990, artikkel 27 Hovudmålsettingane i dette programmet er gjengitt her under kap. 3.2.1. Artikkelserie i Min Áigi av journalist Torkel Rasmiussen: Sámegiela dála dilli. Jfr. Ellen Inga O. Hætta i Skolefokus 1-99: Tre mørke år.

_________________________________________________________________________________

Fleire artiklar om skolespørsmål eller samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no