Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 1 - 1978.
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Denne artikkelen på samisk

. Svein Lund:

KJEMP FOR SAMISKE LÆREBØKER - LÆR AV AKSJONANE FOR LÆREBØKER PA NYNORSK

Gjennom mange år har samiske elevar og lærarar reist kravet om ein sainisk skole. Mellom anna har dei krevd lærebøker i og på samisk. I dag har grunnskolen få lærebøker til undervisninga i samisk. Til andre fag må ein fortsatt bruke lærebøker på norsk.

I den vidaregåande skolen er det enda verre. For yrkesskolen finst det ikkje lærebøker på samisk i det heile. På gymnaset i Karasjok er det ei lærebok i samisk grammatikk, men den er skrive på norsk. Ingen av dei samiske bøkene som blir brukt er skrive for å vere lærebøker. Heilt sidan 1967, da det igjen blei lov å undervise i samisk i skolen, har elevar og lærarar stridd for å få samiske lærebøker, men staten har vore svært så motvillig mot å løyve pengar.

Skal kampen for skikkeleg samisk språkundervisning vinne fram må ein ta i bruk aksjonar som underskrifts- lister, streik o.l. Det er bare gjennom breie masseaksjonar at ein kan tvinge staten til å grave i pengepungen. Eit døme på slike aksjonar er den kampen nynorskelevane har ført. Til tross for at nynorsken i snart hundre år på papiret har vore jamstilt med bokmålet, er det fortsatt stor mangel på nynorske lærebøker. Dette har nynorskelevane i dei siste åra for alvor talt kampen opp mot. og dei har fått god støtte frå mange elevar som sjølv brukar bokmål. Hausten 77 var 30 000 elevar i streik for nynorske lærebøker. Sjølv om det enno er eit godt stykke igjen, så har kampen gitt synlege resultat. Løyvingane til lærebøker på nynorsk har blitt fleirdobla på få år.

På siste landsmøte i NGS (Noregs Gymnasiastsamband) blei det vedtatt å ta opp kravet om samiske lærebøker. Sjølv om fleire Unge Høyre-utsendingar gikk imot dette kravet, viser det at kravet om samiske lærebøker har brei støtte hos norsk skoleungdom. Det er den samiske ungdommen som må gå i spissen for kampen for skikkeleg samiskundervisning, men det er ein plikt for den norske ungdommen å støtte dette rettvise kravet.


Til startsida

sveilund@online.no