Debattinnlegg i Klassekampen 08.01.2007

Komagar rundt hovudet eller i vrangstrupen?

Komagar frå Kokelv sjøsamiske museum


På bakgrunn av Mari Boine sin kritikk av Klassekampen og venstresida sitt forhold til samiske spørsmål (Klassekampen 02.12.06) hadde eg eit innlegg mandag 18.12. Dette har provosert Alvin Vaseli til eit motinnlegg Eg vonar diskusjonen framover vil bli meir prega av saklig usemje enn av skjellsord og forvrenging. Eg har verken uttalt meg om samiske gener eller om kven som er kolonistar, så eg konsentrerer meg her om tre spørsmål.

1. Store delar av venstresida i Finnmark mot sameretten?
Vaseli nemner Alta-kampen, da venstresida, i alle fall tilsynelatande, sto samla bak kravet om anerkjenning av samiske rettar. Etter det har samiske rettar lant på veg blitt anerkjent i bl.a. grunnlova, samelova, finnmarkslova og opplæringslova, sjølv om viktige saker framleis manglar, som retten til fjordfiske og retten til opplæring på samisk.
Semja på ventresida sprakk i samband med innstillinga frå Samerettsutvalget og spørsmålet om samiske læreplanar. I 1997 nominerte Finnmark SV ein kandidat som gikk mot alle rettar til Sametinget, mot samisk flagg, samisk nasjonalsang og Samefolkets dag. Han ville seie opp internasjonale avtalar som anerkjenner urfolk sin rett til land og vatn.
I 1997 sto RV for sterk kritikk av SV sin nye samepolitikk. Det skulle imidlertig vise seg at det også i RV var usemje om sameretten. I 2005 blei det satt igang underskriftskampanje mot Finnmarkslova. Initiativtakar kom frå venstresida og kampanja fikk støtte av fleire kjente RV-arar. Underskriftskampanja blei ført som ein kamp mot privatisering, men blei i praksis ein kamp mot samiske rettar, gjennom kravet om folkeavstemning om Finnmarkslova og at initiativtakaren prinsipielt har avvist Sametinget og samane som urfolk. I sitt siste innlegg viser Vaseli at han og er mot sjølve Sametinget.

2. Samefiendtlig avis?
Klassekampen uttrykker ikkje direkte samefiendtlige standpunkt. Avisa uttrykker ingenting som helst og er dermed med i forteiinga av det samiske. Dersom ein diskuterer fiskeri-, skole-, kultur-, miljø- eller jordbrukspolitikk utan å ta opp korleis dette slår ut for samane og framtida for samisk næringsliv, språk og kultur, så innebærer det ei usynliggjøring og dermed undertrykking av det samiske. Eg vil igjen utfordre Klassekampen til å vise kva ein, som i prinsippet riksdekkande avis, har gjort og vil gjøre for å synligjøre at den norske staten er bygd på territoriet til to folk.

3. Kjenner vi historia vår?
"Vi kjenner vår historie", skriv Vaseli. Ja, gjør vi no det? Eg har undra meg over kor lite mange veit om historia til fylket dei bur i, og over at framstillingane av historia er så motstridande, særlig om forholdet mellom folkegruppene. Ein del bygdebøker har virkelig fortjent karakteristikken "samefiendtlig". Derimot er det skreve lite historie sett frå samane i dette området, eit av få unnatak er boka med den talande tittelen "Folk uten fortid".
Sjølv har eg samla samisk skolehistorie, bl.a. frå dette området. Da har eg truffe samisktalande i kommunar som Hammerfest, Kvalsund, Hasvik og Loppa. Dei er siste rest av den generasjonen som språket dør ut med. Det skjer dermed eit stort tap av kultur og kunnskap, men det blir gjort lite eller ingenting for å hindre dette tapet.
Vaseli skriv: "Men det er nå en gang slik at menneskene på godt og vondt har levd sammen og under de samme vilkår, enten man valgte et liv inne på vidda, ute i fjordene, eller i byene på kysten." Med dette viser han at han sjølv ikkje kjenner historia. Folk har ikkje levd under samme vilkår. Dei som fikk skolegangen på eit språk dei ikkje forsto, hadde ikkje samme vilkår som dei som fikk han på morsmålet. Gjennom lovverket og administrasjonen, i bl.a. jordbruks-, fiskeri- og helsepolitikken har samar vore diskriminerte. Denne historia er ikkje kjent for dei fleste, for ein stor del er ho ikkje skrive enno.

Svein Lund

Innlegget er forkorta. Her er heile svaret mitt.


Til hovudsida.