Lengre utgåve av debattinnlegg av Svein Lund, sendt Klassekampen 28. desember 2006. I avisa blei det bare plass til eit kort innlegg. Ettersom internett har meir plass, legg eg her ut eit meir fullstendig svar.

Komagar over hovudet eller i vranghalsen?

Komagar frå Kokelv sjøsamiske museum


På bakgrunn av Mari Boine sin kritikk av Klassekampen og venstresida sitt forhold til samiske spørsmål (Klassekampen 02.12.06) hadde eg eit innlegg i avisa mandag 18.12. Dette har så provosert Alvin Vaseli til et motinlegg, som eg gjerne vil få svare på. Eg har f.eks. verken uttalt meg om samiske gener eller om kven som er kolonistar. Men sidan eg blir angripe for det Vaseli oppfattar som mitt syn, vil eg forsøke å svare på det og.

Venstresida og sameretten

Med samerett meiner eg her anerkjenning av samane som urfolk på Nordkalotten, med dei rettane som følger av internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert. Eg meiner dei rettane som dei siste 20 åra gradvis har blitt lovfesta i Noreg, gjennom sameparagraf i Grunnlova, Samelova og Finnmarkslova, gjennom at opplæringslova gir individuell rett til opplæring i samisk osv. Og dei rettane som enno ikkje er sikra, som retten til fjordfiske og retten til opplæring på samisk.

Vaseli nemner Alta-kampen, som var eit avgjørande grunnlag for at vi seinare har fått dei endringane eg nemner. Dengang sto venstresida (i tydinga SV, RV, NKP) i hovudsaka samla bak dette, sjølv om det innafor alle tre partia var usemje om kor langt sameretten skulle gå.

Den tilsynelatande semja sprakk rundt 1996/97 i samband med innstillinga frå Samerettsutvalget og spørsmålet om samiske læreplanar. Etter hard strid nominerte eit knapt fleirtal i Finnmark SV ein kandidat som hadde kamp mot sameretten som si fremste fanesak. Han uttalte bl.a. at det ikke må være fnugg av tvil om at SV er mot alle rettigheter til Sametinget, han markerte seg i valkampen mot samisk flagg, samisk nasjonalsang og Samefolkets dag. Han omtalte dei som kjempa for samiske rettar som reaksjonære. Han ville seie opp internasjonale avtalar som anerkjenner urfolk sin rett til land og vatn. For dette blei han belønna med omfamning langt ut på høgresida, mens SV i Indre Finnmark gikk i oppløysing for nokre år.

I 1997 markerte RV seg som sterk motstandar av SV sin nye samepolitikk, og kjørte bl.a. fram parola "Ja til Sameland". Det skulle imidlertid vise seg at også i RV var det grunnleggande usemje om sameretten. I samband med diskusjonen om Finnmarkslova i 2005 blei det satt igang ei underskriftskampanja mot lova. Initiativtakar var ein tidligare kommunestyrerepresentant for RV, no partipolitisk uavhengig, men rekna av andre og seg sjølv til venstresida. Kampanja fikk støtte av fleire kjente RV-arar, blant anna Alvin Vaseli.

Underskriftskampanja mot Finnmarkslova blei i utgangspunkt ført som ein kamp mot privatisering, dvs. tilsynelatande ein kritikk frå venstre. Men i praksis blei denne ein kamp mot samiske rettar. For det første gjennom kravet om folkeavstemning om Finnmarkslova, som betydde at innbyggarar som ikkje er samar kunne røyste ned samane sine rettar som urfolk. For det andre gjennom at initiativtakaren til aksjonen gjennom stadig gjentatte innlegg har avvist at samane kan reknast som urfolk på Nordkalotten og at ILO-konvensjonen om urfolk skal gjelde i Noreg.
(NB! Korrigering: I den første utgåva av dette skrivet hadde eg skreve at initiativtakaren hadde gått til angrep på Sametinget som prinsipp. Han har no gjort meg merksam på at han IKKJE er prinsippielt mot Sametinget. Eg beklagar feilen og takkar for korrigeringa.)
I sitt siste innlegg viser Vaseli at han også er prinsippiell motstandar av sjølve Sametinget. Dette burde vere tilstrekkelig dokumentasjon.

Kva meiner RV?

Alvin Vaseli har vore eit aktivt medlem av RV i Hammerfest sidan 1970-talet og representert partiet i kommunestyre og fylkesting. Han er og trulig det RV-medlem i Finnmark som er mest aktiv i media. Ein kan derfor lett komme til å tru at hans meiningar er RV sine. Også i dette innlegget driv han "informasjon" om RV sitt syn, utan å skilje mellom seg sjølv som privatperson og partiet.

Frå starten markerte RV eit klart standpunkt for samiske rettar til land og vatn, for oppretting av Sametinget, for Samerettsutvalget si innstilling, for rett til samisk opplæring og samiske læreplanar osv. Så langt eg kan sjå har aldri RV verken sentralt eller på fylkesplan gått tilbake på dette. Dessverre har ein dei siste åra som organisasjon lege nokså lågt i desse spørsmåla. Men landsstyret i RV vedtok likevel ein resolusjon om Finnmarkslova, som eg ikkje får til å stemme overens med utspela frå Alvin Vaseli. Eg ventar no at Finnmark RV og RV sentralt gir eit klart svar på om partiet støttar dei utspela representanten deira i Hammerfest gjør i samiske spørsmål.

Samefiendtlig avis?

Vaseli skriv:"Lund gikk endog så langt at han hevder at avisa har blitt ei "samefiendtlig avis"." No var det ikkje akkurat det eg skreiv, eg skreiv at eg veit at samiske Klassekampen-lesarar har uttrykt slike påstandar og at eg ikkje kunne seie noko på det. Det er i dag umogleg å forsvare Klassekampen i samiske område. Når eg framleis held og les avisa er det nettopp fordi eg ser lenger enn den omtalte komagen og set pris på det avisa skriv bl.a. om utanrikspolitikk og om innvandringsspørsmål. Klassekampen er sjølvsagt ikkje samefiendtlig i den forstand at avisa på redaksjonell plass uttrykker direkte samefiendtlige standpunkt. Hovudproblemet i dag er ikkje direkte samehets, men forteiing. Dersom ein diskuterer fiskeripolitikk, skolepolitikk, kulturpolitikk eller jordbrukspolitikk utan å ta opp korleis dette slår ut for samane og framtida for samisk næringsliv, språk og kultur, så innebærer det ei usynliggjøring og dermed undertrykking av det samiske. Dette har bl.a. vore tilfelle ved samtlige skolereformer i Noreg dei siste 50 åra - det samiske perspektivet har først kome opp der samane sjølve har kjempa det fram.

Klassekampens si rolle i forhold til samepolitikken er nettopp forteiinga. Mens folk i Finmark diskuterte Finnmarkslova så fillene fauk, brakte Klassekampen i beste fall korte NTB-meldingar. Av plassmangel skal eg ikkje her gå meir i detalj, men eg utfordrar igjen Klassekampen sin redaksjon til å vise kva dei har gjort og vil gjøre for, som i prinsippet riksdekkande avis å ta konsekvensen av orda til tidligare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith: "Den norske staten er bygd på territoriet til to folk - det norske og det samiske."

Kjenner vi historia vår?

"Vi kjenner vår historie", skriv Vaseli. Ja, gjør vi no det? Som innvandrar til Finnmark (for vel 32 år sidan) undra eg meg tidlig over kor lite mange visste både om historia til si eiga slekt, til kommunen og fylket dei budde i. Eg undra meg og over at dei forskjellige framstillingane av historia var så forskjellige og motstridande. Etter kvart viste det seg at det var særlig spørsmålet om forholdet mellom samar og andre folkegrupper som blei framstilt forskjellig. Ein del av bygdebøkene på kysten har virkelig fortjent karakteristikken "samefiendtlig", slik som dei næraste sett frå Hammerfest: Sørøysund, Kvalsund og Hasvik. Derimot er det skreve svært lite historie sett frå samane i dette området, ei av dei få bøkene som tar opp historia til sjøsamane i Vest-Finnmark har nettopp den talande tittelen "Folk uten fortid". Samane her er usynliggjort, sjølv om store delar av befolkninga har samisk bakgrunn. Sjølv har eg dei siste åra arbeida med å samle samisk skolehistorie, bl.a. frå dette området. Da har eg truffe og prata samisk med eldre folk i kommunar som Hammerfest, Kvalsund, Hasvik og Loppa. Dei er siste rest av den generasjonen som språket dør ut med. Det skjer dermed eit stort tap av kultur og kunnskap, men det blir gjort lite eller ingenting for å dokumentere denne kunnskapen, for å halde språket i livet eller gjenopplive det.

Vaseli skriv: "At norske myndigheter i århundre har gjort sitt for å fornorske samene og Finnmark, er vel ingen av oss uenige om. Men det er nå en gang slik at menneskene på godt og vondt har levd sammen og under de samme vilkår, enten man valgte et liv inne på vidda, ute i fjordene, eller i byene på kysten." Med dette viser han tydelig at han sjølv ikkje kjenner historia. Folk har ikkje levd under samme vilkår. Jordlova av 1902 stilte krav om at jorda bare skulle selgast til norsktalande. Dei som fikk all skolegang på eit språk dei ikkje forsto, hadde ikkje samme startvilkår i livet som dei som fikk skole på morsmålet. Jordbruks-, fiskeri- og helsepolitikken i Nord-Noreg har på mange vis diskriminert samiske driftsmåtar og samisk kultur. Denne historia er ikkje kjent for dei fleste, for ein stor del er ho ikkje skrive enno, i alle fall ikkje på ein form tilgjengelig for folk flest.

Samiske gener

Vaseli har kalt innlegget sitt "Svein Lund og samiske gener", trass i at eg ikkje har nemnt samiske gener med eit ord. Men han har tydeligvis fått det for seg at dette har med genetikk å gjøre. Vidare skriv han "..ser jeg det ikke som noen fremskritt at man oppretter et parlament basert på genetisk tilhørlighet."

Ein skulle tru at ein tidligare fylkestingsrepresentant i Finnmark visste kva grunnlag Sametinget er oppretta på. Eller kanskje dette er forklaringa på hans manglande interesse for å finne ut om han sjølv kan skrive seg inn i samemanntallet: Han trur at han da må ta genprøve. Som kjent er grunnlaget for å skrive seg inn i samemanntallet at ein sjølv, eller ein av forelda, besteforeldra eller oldeforeldra har/har hatt samisk som heimespråk og at ein reknar seg som same. Ofte, men langt frå alltid, er det eit samanfall mellom dette og det som blir rekna for ein "typisk samisk" utsjånad. Forskarar har og funne at visse arveanlegg er overrepresenterte i den befolkninga som reknar seg som samar, samanlikna med dei som reknar seg som norske, men det gir ikkje noko grunnlag for å snakke om at det finst spesifikt samiske gener.

Det Vaseli og hans meiningsfeller tydeligvis ikkje kan godta, er at det er oppretta eit eige valgt organ av og for den samiske befolkninga i Noreg, og at dette organet har noko å seie i ein del politiske spørsmål som særlig gjeld vilkåra for utvikling av samisk kultur, språk og næringsliv.

Finnmarkslova = privatisering?

I utgangspunktet var kampen for samisk rett til land og vatn ein kamp for kollektive rettar, for at samiske og lokale interesser skal styre bruken av utmarka. Men det har, også i samiske miljø, vore svært delte meiningar om korleis denne retten skal forvaltast og i kva grad bruksretten skal vere ope for andre enn lokalbefolkninga.

Sett frå nokre kritikarar av Finnmarkslova virkar spørsmålet enkelt: Enten er alt statseigedom eller så er det privatisert. I vår tid, da statsselskap blir drive kommersielt, er statseigedom ingen garanti for fellesskapet sine interesser, snarare tvert om. Det viser omdanninga av Direktoratet for Statens Skoger til Statskog SF, eit selskap som i første rekke skulle drive eigedommen kommersielt. Det gjorde dei til overmål og fikk med seg mange millionars overskot da dei på grunn av Finnmarkslova måtte trekke seg ut av fylket. Her er det stor kontrast til føremålsparagrafen til Finnmarkslova: "Lovens formål er å legge til rette for at grunn og naturressurser i Finnmark fylke forvaltes på en balansert og økologisk bærekraftig måte til beste for innbyggerne i fylket og særlig som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv."

Redsla for privatisering er i første rekke knytta til arbeidet til Finnmarkskommisjonen, som lova omtalar slik i §5: "For å fastslå omfanget og innholdet av de rettighetene som samer og andre har på grunnlag av hevd eller alders tids bruk eller på annet grunnlag, opprettes en kommisjon som skal utrede rettigheter til land og vann i Finnmark, og en særdomstol som skal avgjøre tvister om slike rettigheter." Det er altså snakk om å fastslå rettar, ikkje å selge eller dele ut utmarka i fylket stykkevis og delt på den opne marknaden. Sanningsvitna som bl.a. Vaseli brukar på at dette er privatisering er i første rekke advokatar med eigeninteresser av å lage flest mogleg rettssaker. Kva dei måtte ønske seg er ikkje nødvendigvis det samme som kva lova innebærer. Likevel ser eg og at det er nok av dei som vil forsøke å bruke Finnmarkslova som ei brekkstang for privatisering. Det er nødvendig å arbeide for å hindre dette, men metoden kan ikkje vere å halde narr av Sametinget eller avvise at bygdelag kan få retten til å forvalte nokre ressursar, slik dei allereie i dag gjør med fiskeressursane i mange vassdrag.

Når det gjeld privatisering vil eg gjerne vise til kva hovudkritiker Jarl Hellesvik sjølv har uttalt i eit debattinnlegg (Nordlys, 06.02,2006): "Finnmarksloven kan i seg selv ikke benyttes som utgangspunkt for å reise krav og tildele deler av Finnmarkseiendommen til private eiendomsbesittere. Dersom Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark eller Høyesterett gjør det med henvisning til loven i seg selv, vil det være i strid med lovgivers klart uttrykte vilje." Kva er da problemet med lova - at ho gir samane for stor makt?

Finnmarkslova og havet

Ein av dei store manglane med Finnmarkslova er at ho bare gjeld for landjorda og fjæra, og ikkje for havet og ressursane der. §2 seier: "Loven gjelder for fast eiendom og vassdrag med naturressurser i Finnmark fylke. I strandlinjen gjelder loven så langt ut i sjøen som den private eiendomsretten strekker seg." Dette er påpeika og kritisert av bl.a. Sametinget og Finnmark fylkesting, og Stortinget endte med å love ei snarlig utreiing av rettar i havområda. Likevel skriv Vaseli at Finnmark RV "var skeptisk til de deler av loven som legger til rette for en privatisering av felles land, hav og naturressurser". Dette tyder ikkje på at han har satt seg særlig godt inn i kva lova går ut på. Den privatiseringa av ressursane i havet som i dag foregår, ved utdeling av evigvarande og salgbare fiskekvotar, kjem ikkje av Finnmarkslova. Derimot kunne Finnmarkslova bidratt til å stoppe denne utviklinga, dersom lova og hadde gjeldt for fiskeressursane.

Samar og kolonisatorar

"I Svein Lunds forunderlige verden finnes det to folkeslag i Finnmark; samer og kolonisatorer." Eg undrar korleis Vaseli har skaffa seg ei innsikt i min "forunderlige verden", der eg ikkje kjenner meg sjølv igjen. Denne påstanden har ikkje noko grunnlag verken i innlegget mitt, eller i noko eg tidligare har skrive. I innlegget han polemiserer mot er kolonisatorar ikkje nemnt, sjølv om eg tidligare har skreve om kolonisering av Finnmark. Meir forunderlig er det at denne koloniseringa synas å ha gått Vaseli hus forbi. I 1848 uttalte Finansdepartementet: «Finmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie.»

I motsetning til mye anna kolonisering i verda, har koloniseringa av Finnmark vore ein lang prosess, frå finneferdene i vikingetida og opp mot 1900-talet. Frå staten si side har koloniseringa hatt tre hovudmål:
1. Politisk / statsrettslig / militær kontroll over området
2. Utnytting av naturressurser (i første rekke fisk, jordbruk, gruvedrift)
3. Ideologisk / kulturell kontroll (misjon, skole, fornorsking)
Kvart av desse måla førte med seg innvandring til fylket. Nokre av innvandrarane var svært bevisste på sin misjon med å "sivilisere" denne tilbakeliggande utkant, andre tenkte bare på å skaffe seg eit levebrød. Store delar av den ikkje-samiske befolkninga i Finnmark i dag er etterkommarar av folk som har kome som eit resultat av denne koloniseringspolitikken. Haldningane deira blei sjølvsagt forma av det, og desse haldningane har sidan ofte gått i arv.

I dag er som Vaseli peikar på, store delar av befolkninga i fylket etnisk blanda, og har både samar, kvenar og "kolonisatorar" blant forfedrene sine. Eg ser derfor ikkje noko meining i dag i å karakterisere einskildpersonar som kolonisatorar. Likevel ser vi at vi alle bærer med oss ein arv frå koloniseringa. Vi som sjølve har flytta inn i fylket tar og til oss haldningar prega av den koloniseringa fylket har vore utsatt for.

Kolonisering skjer ved at den folkegruppa som flyttar inn har makta i det området der koloniseringa skjer, eller at staten / kolonimakta vil bruke dei for å sikre denne makta, i forhold til den opprinnelige befolkninga. Det er derfor meiningslaust å omtale f.eks. innvandrarar frå Asia som kolonisatorar i Oslo (slik nokre framandfientlige grupper gjør) eller i Finnmark (slik Vaseli meiner eg gjør). Kolonisatorane i Finnmark har vore nordmenn, danskar og svenskar med sine respektive statar i ryggen.

Praksis i FeFo

I innlegget sitt trekk Alvin Vaseli fram noko av den tvilsomme praksis som Finnmarkseiendommen har lagt opp til. Blant anna nemner han "fete honorarer". Det burde kanskje ikkje vere naudsynt å presisere det, men når eg støttar hovudtrekka i den Finnmarkslova som blei vedtatt, sett i forhold til det som var før, betyr det sjølvsagt ikkje at eg støttar verken val av representantar til styret, tilsetting av direktør eller deira praksis med å karre til seg sjølv og fortsette med å drive forretning på kostnad av vanlig bruk av utmarka, som å ta betalt for vedutvising. Lova ga på mange vis eit vern om lokal bruk av utmarka, med å avgrense garnfiskerett til kommunen sine innbyggarar, mens FeFo no opnar ikkje bare for andre i fylket men og folk utafrå, det vil i praksis seie minst heile EØS-området. Her deler eg Vaseli sitt syn på at FeFo-styret har ein skuffande praksis, men det endrar ikkje mitt syn på lova.

Eg vonar dette kan føre til at Klassekampen igjen blir eit forum for ein diskusjon om samepolitiske spørsmål. Men i forhold til Vaseli sitt innlegg vonar eg diskusjonen framover vil bli meir prega av saklig usemje enn av skjellsord og forvrenging av kva motdebattantane meiner.

Sluttord om komagar

I innlegget sitt trekk Alvin Vaseli to gongar fram det samiske fottøyet komagar, som eg etter sigande skal ha trukke over hovudet. Vaseli på si side erklærer at han ikkje har "sett noen grunn til å granske mine aner for å finne ut om jeg kan melde meg inn i samemanntallet." Eit uttrykk frå Sør-Troms seier: "- Ein skal ikkje leite lenge i slekta før komagtuppen stikk fram - sa bygdeboknemnda - og nedla arbeidet." Det skulle vel ikkje vere slik at lokalhistorikar Vaseli er noko i slekt med den omtalte bygdeboka?

Svein Lund
heilnorsk innvandrar i Finnmark


Her følger innlegget til Alvin Vaseli:

De samiske gener og Svein Lund

Svein Lund var nylig ute i Klassekampen og kritiserte avisa for sin manglende dekning av samiske spørsmål. Lund gikk endog så langt at han hevder at avisa har blitt ei "samefiendtlig avis". Den sistnevnte karakteristikken får skribenten selv stå for, men jeg lurer nå på om ikke Svein Lund litt for lenge har gått med en gjensurret komage over hodet....? Når det gjelder avisens mangel av dekning fra den nordlige landsdelen og distriktene utafor Oslo, inkludert samiske spørsmål, så deler jeg Lunds synspunkter. Men jeg har sluttet å forundre meg over denne tilsynelatende mangelen på interesse av hva som foregår utafor vennekretsen i Oslo. Jeg trøster meg med at avisa tross alt skriver om mange andre ting i verden som er av stor interesse for meg. Men det jeg egentlig ville kommentere, var Svein Lunds påstand om at "for deler av venstresiden er det enno verre, dei tar aktivt standpunkt mot sameretten slik store delar av venstresida i Finnmark har gjort". Jeg er spent på Lunds begrunnelse for en slik påstand, men jeg vil anbefale han å trekke komagen bort fra hodet før han skriver flere rasende bannbuller. Komager er som kjent mye mer behagelig å ha på foten...

Svein Lund har i tidligere sammenhenger stemplet undertegnede og andre som samenes fiender fordi vi har våget å stille spørsmåltegn med Finnmarksloven. Uten å bruke så mye tid på hva Finnmark RV har gjort eller ikke gjort, så kan det for nysgjerrige lesere opplyses at Finnmark RV støttet innføringa av Finnmarksloven, men var skeptisk til de deler av loven som legger til rette for en privatisering av felles land, hav og naturressurser. Desverre ser det ut til at vår skepsis var begrunnet. I dag ligger det en rekke krav fra ulike grupper og enkeltpersoner som mener de skal ha privat eiendomsrett til deler av fellesallmenningen. Reindrifts- og rettighetsadvokat Geir Haugen uttalte til avisene etter at loven var vedtatt at "Finnmarksloven slik den er utformet gir de egentlige rettighetshaverne en god mulighet for å få tilkjent eiendomsrett til ulike områder. Jeg tror vi vil få reist en rekke saker for Finnmarkskommisjonen og utmarksdomstolen. Det vil bli fint lite vann og land tilbake til Finnmarkseiendommen".

I Svein Lunds forunderlige verden finnes det to folkeslag i Finnmark; samer og kolonisatorer. Undertegnede tilhører visstnok sistnevnte gruppe, selv om jeg er født og oppvokst blant sauer, torsk og rein. Heller ikke har jeg sett noen grunn til å granske mine aner for å finne ut om jeg kan melde meg inn i samemanntallet. I et mangfoldig kulturelt landskap som Finnmark, med innvandrere fra hele verden, ser jeg det ikke som noen fremskritt at man oppretter et parlament basert på genetisk tilhørlighet.

At norske myndigheter i århundre har gjort sitt for å fornorske samene og Finnmark, er vel ingen av oss uenige om. Men det er nå en gang slik at menneskene på godt og vondt har levd sammen og under de samme vilkår, enten man valgte et liv inne på vidda, ute i fjordene, eller i byene på kysten. Menneskene er mikset sammen gjennom generasjoner. Samisk og finsk blod flyter det også i de fleste av oss som bor ute ved havet, uten at det gjør oss mer spesielle. Vi lever her i dag, vi kjenner vår historie, og jeg skulle tro at hverken Mohammed Ahmed i Hammerfest, Lisa Olsen i Masi eller Berlevåg mannskor er kolonisatorer. Men Finnmarksloven er vedtatt. Det positive med den er at staten erkjenner tidligere overgrep mot den samiske befolkningen og at retten til å styre over landområdene overføres til lokalt nivå. Men så langt er det første synlige resultat av loven et oppblåst byråkrati, fete honorarer, forvirrede politikerne og krav om privat eiendomsrett til moltemyrer, fjellvann og vidder.

I Finnmark har menneskene hele tiden måttet slåss for retten til å eksistere og bo. Minst av alt trenger vi en innbyrdes kamp om hvem som skal eie fjellene, viddene og øyene, og lange rettsprosesser for å gjøre Finnmarkseiendommen minst mulig. Som sosialist innbiller jeg meg at man skal bygge fellesskap mellom mennesker, og selv om det muligens lyder naivt, så trodde jeg at kampen for samiske rettigheter handlet om så enkle ting som å gi hverandre respekt, rom og muligheter også for våre ulike måter å leve på?

Jeg spør meg selv om det var gendemokrati og privatisering av fjell og vann vi drømte om da vi lenket oss sammen i Stilla under kampen om Altaelva?

Alvin Vaseli
Hammerfest


Til hovudsida.