Debattinnlegg i Finnmark Dagblad 29.12.2010. Også sendt Finnmarken.

Fornorsking før og no

Under overskrifta "Nordboar" har Oddvar Støme i FD for sjølvaste julekvelden gitt oss ei interessant analyse som bidrag til skolehistoria i Finnmark. Ein politikk i tråd med synspunkta hans har tidligare vore dominerande innafor norsk offentligheit og vore styrande for skoleverket i over eit hundreår. Det er derfor ikkje rart at dette tankegodset har overlevd dei endringane som har skjedd frå 1960-talet. Støme sitt innlegg viser at vi ikkje kan sjå dette som eit tilbakelagt stadium, men må ta diskusjonen om igjen og om igjen: Ønsker vi ein skole som gir einsretting i norsk-norsk "felleskultur" eller ønsker vi ein skole der også elevar med samisk og kvensk bakgrunn kan oppleve at deira språk og kultur har ein verdi?

Eg siterer frå Støme: "Eg har følgt med i dette ordskiftet heilt frå først i 50-åra då fleire store samepolitikarar stod fram med sine synspunkt. Og skiljelinene gjekk klårt mellom dei som ville løfte fram samepolitikken i takt med framgangen i norsk skuleutvikling, og dei som ville isolere samekulturen på eit etnisk grunnlag og dyrke fram det spesifikt samiske."

Her skal eg gi Støme rett at skiljelinjene gikk klart på 1950-talet, om ikkje alltid slik som han framstiller det. Da som no gikk det ein hissig diskusjon i nordnorske aviser, ofte med ein temperatur fullt på høgde med samerettsdiskusjonen i Finnmark i seinare år. Støme nemner ikkje namn, men det er ikkje tvil om kven som på 1950-talet var den ideologiske føraren på den sida han soknar til. La oss sjå kva Hans Rønbeck sa i 1957: "- Jeg er fullt på det rene med at det finnes enkelte romantikere - som arbeider for en rendyrking av samisk rase og samisk sprog. Men skal det bli målet må isolasjon være middelet, og det vil uvegerlig føre til stagnasjon for hele den samiske befolkning, og det er samene heldigvis klar over selv. Derfor ønsker de heller ikke å slå inn på den veien. De ønsker en fri og naturlig utvikling som nødvendigvis vil føre til at det samiske sprog dør ut og den samiske befolkning går opp i den norske."

Dette er altså den retninga som han framstiller som å "løfte fram samepolitikken i takt med framgangen i norsk skuleutvikling".

I folkeskolen på 1950-talet herska enno det 70-80 år gamle forbodet mot samisk språk. Formelt kunne det brukast som hjelpespråk når det var "uomgjengelig fornødent", i praksis slo mange gongar lokale øvrigheitspersonar ned på den aller minste bruk av samiske ord. I læreplanane som gjaldt frå sist på 1800-talet fram til 1974 var både det samiske og kvenske fråverande, mens den norske kulturen heile tida var framheva. Ei som gikk på skolen 1955-64 sa det slik: "I løpet av de ni årene jeg gikk på skolen lærte jeg aldri fra et kateter om det som var mitt, til tross for at menneskene rundt skolen også var samer." Det var denne skolen som var einerådande da dei utskjelte samepolitikarane byrja å stille krav i to retningar: På eine sida at alle elevar skulle lære om samar, på andre sida at samiske elevar skulle kunne få ein skole der samisk språk og kultur var grunnlaget, og at ein derifrå skulle lære også å beherske norsk språk og kultur. Begge delar møtte motstand, frå lokale og sentrale politikarar og byråkratar, og frå avisdebattantar som stilte same spørsmålet som Rønbeck og Støme: "Kan vi stoppe tida og utviklinga?"

I folkeskolen var lenge monopolet til norsk språk og kultur totalt. Dei første opningane kom innafor vidaregåande tilbod, med Den samiske folkehøgskole, Statens heimeyrkeskole for samer og seinare Karasjok gymnasklasser med samisk. Alle desse blei oppretta mot sterk motstand frå dei same kreftene som ønska å halde på det norske monopolet. Seinare har vi fått samisk som undervisningsspråk og fag, både som første- og andrespråk, vi har fått samiske emne inn i dei nasjonale læreplanane og vi har fått eigne samiske læreplanar for skolane i samisk forvaltningsområde. Trass i lokal motstand mot dei samiske læreplanane i 1997 har eg inntrykk av at dei fleste meiner denne utviklinga har vore positiv.

Men sterke krefter ønsker å reversere utviklinga, slik Støme skriv: "... at det no er dags for å gå vidare med all oppseding og opplæring mot eit felles mål, det norsk-nasjonale. ... Vi bor i Finnmark, vi lever saman og går på den same skulen, vi les det same pensum og lærer det same språket og den same soga."

Dette fell heilt saman med politikken til to organisasjonar med svært misvisande namn: Etnisk og Demokratisk Likeverd og Fremskrittspartiet. Om tre år kan vi risikere at sistnemnde sit med kunnskapsministeren og får starte nedriving av det samiske i dagens skole. Fleire partileiarar der har gitt klart uttrykk for at å lære ungane samisk ikkje er ei sak for skolen, det får foreldra gjøre heime. Eller som Støme seier: "Vi kan dyrke våre familietradisjonar privat, slik dei gjør i Amerika. Men sjølve storkulturen skal vi ha i saman."

Støme har sans for tradisjonar. Sjølv fører han kraftfullt vidare tradisjonen og haldningane til biskop Schønheyder, som i 1790 skreiv til danskekongen: «Siden det Kongelige Reskript af 3. november 1774 hvorved Seminarium Lapponicum blev ophævet, er det og bør være vedtaget, at det er spildt og forgieves Arbeide, at give Lapperne Underviisning i Christendommen og øvrige dermed forbunden Dyrkelse i deres eget Sprog. Thi Sproget selv er aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer, indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uopdragne Mennesker i deres indskrænkede Brug af Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behielpe sig.»

Støme snakkar om framgang. Det kan vere freistande da å avslutte med Henrik Wergeland sine ord: "Hvi skrider menneskeheden saa langsomt frem?"

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no