Artikkel i Klassekampen, 08.09.1993

(Artikkelen sto og samme dato på samisk i Min Áigi: Sámi riekteipmárdusa hilgon)

SAMERETTSUTVALET SI RETTSGRUPPE:

STATEN HAR RETTEN!

Av Svein Lund

Samerettsutvalet si rettsgruppe har ferdig konklusjonen sin: Staten er eigar av jorda i Finnmark. Rettsgruppa sin konklusjon blei lagt fram for Samerettsutvalet 22. april, men ingenting har kome ut i media. Dersom Samerettsutvalget følger innstillinga fra Rettsgruppa kan resultatet bli det stikk motsette av det mange hadde venta da Samerettsutvalet blei satt ned i 1980. Staten får fullt medhold, og samisk eigedomsrett til land og vatn eksisterer ikkje i Norge.

Den første delinnstillinga frå Samerettsutvalet kom i 1984 og førte bl.a. til oppretting av Sametinget. Sidan har det vore ganske stille, men siste året har det kome stadig nye meldingar om ka tid Samerettsutvalet si 2. innstilling vil komme. Denne skal gå på retten til land og vatn i Finnmark, mens innstilling nr.3 vil ta for seg samiske område sør for Finnmark. I november i fjor skreiv Finnmark Dagblad at alle utreiingar var ferdige frå utvalet, og at innstillinga ville komme i l¢pet av 1993. Men i februar meldte Arbeiderbladet at utvalget fortsatt er fleire år unna målet. No seier hovudsekretær Jon Gauslaa i sekretariatet for SRU at innstillinga trulig kjem om vel eit år; sist i 1994 eller først i 1995. Men i løpet av hausten vil utreiingane frå Rettsgruppa og Forvaltningsgruppa bli offentliggjort. Noko blir laga av historikarar, men det meste er gjort av sekretariatet, Rettsgruppa og Forvaltningsgruppa. I sekretariatet er det ansatt tre juristar, ingen av dei har samisk bakgrunn. Rettsgruppa, som skulle utreie gjeldande rett blei oppnemnd av Justisdepartementet i 1985. Av dei 7 noverande medlemmane i Rettsgruppa er 6 juristar (Sverre Dragsten, Stein Owe, Torgeir Austenå, Thor Falck, Thor Falkanger og Otto Jebens) og 1 historikar (Gudmund Sandvik). Ingen har samisk bakgrunn og ingen av dei er ekspert på folkerett. I sjølve utvalet, sit der nesten 2/3 norske og vel 1/3 samar. Den tredelen som er samar består igjen av både representantar for dei organisasjonane som har krevd samiske rettar og for dei som aldri har gjort det. Det virkar derfor lite trulig at fleirtalet i utvalet skulle snu opp ned på Rettsgruppa sine konklusjonar. 4 av dei som står bak Rettsgruppa sine konklusjonar sit og i sjølve utvalet.

MED NORSKE BRILLER I utgangspunktet var heile grunnlaget for utreiinga at det i samiske område hadde støytt saman to folk med forskjellig rettssystem. Det eine hadde militærmakt og skriftspråk, det andre hadde ingen av delane. Men dei hadde ein lang tradisjon i bruken av områda og dei hadde eit uskreve rettssystem og sine eigne oppfatningar om ka som var rett og galt. Derfor fikk da Rettsgruppa og som ein del av mandatet sitt å kartlegge dei uskrevne samiske rettsoppfatningane. Men i utreiinga innrømmer dei at denne delen av mandatet har vore "vanskelig å imøtekomme". Dette synas likevel ikkje å vere noko problem for dei. Rettsgruppa legg all vekt på å granske ka som kjem fram gjennom rettsvesenet, altså frå staten si side, og så gjør dei seg sine konklusjonar, med ein liten sidekommentar om at dessverre har vi ikkje fått undersøkt ka den andre sida måtte meine.

FOLKERETTEN SOM FORSVANN Rettsgruppa skulle utreie ka for betydning folkeretten (særlig FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og ILO-konvensjonen om urfolk) har for samiske rettar i Norge. Her har dei gitt ei tolking som reduserer den praktiske betydninga av folkeretten til nesten null. Mens første delinnstillinga fra SRU tolka FN-konvensjonen slik at staten er forplikta til å gi støtte til samisk kultur, forsøker Rettsgruppa no å gå tilbake på dette. Ein vil ikkje vere med på at ressursgrunnlaget er ein føresetnad for kulturen, og heller ikkje anerkjenne moderne næringar som del av den samiske kulturen. Bare ein av medlemmane i Rettsgruppa forsvarer det synet på folkeretten som kom fram i 1. delinnstillinga, og som seinare er godkjent av Justisdepartementet og Stortinget.

Ein av rettskjeldene som Rettsgruppa brukar for å grunngi synet sitt er nettopp Altadommen, Høyesterettsdommen av 1982 som ga staten rett i å gjennomføre Altautbygginga. Dette gjør dei sjølv om det hadde vore atskillig vankeligare å avsagt ein slik dom i dag, etter at vi fikk sameparagrafen i Grunnloven, Sameloven og ILO-konvensjonen om urfolk.

ILO-konvensjonens artikkel 14 opererer med to typer av landrettar for urfolk; eigedomsrett der urfolka har vore klart dominerande, og bruksrett der dei deler området med andre folkeslag. Fleirtalet i Rettsgruppa hevdar at denne har liten praktisk betydning for samane, etter som det etter deira oppfatning ikkje finst område igjen der samane kan gjøre krav på eigedomsrett ("Kategori 1- område"). Samerettsutvalet sitt medlem Sven Roald Nystø legg derimot i utreiinga si for Norske Samers Riksforbund om samisk region til grunn at slike områder (kategori 1) omfattar heile kommuner, og delar av andre, mens kategori 2-område er heile resten av reindriftsområdet. Og i ei utreiing Otto Jebens og Johan Albert Kalstad gjorde for Kommunaldepartementet i fjor, reknar dei med kategori 1-område i heile 35 kommunar frå Saltfjellet og nordover.

SAMISK ELLER NORSK FORVALTNING ?

Den andre hovedgruppa under Samerettsutvalet er forvaltningsgruppa. Som i Rettsgruppa er det dei norske juristane som er dominerande. Forvaltningsgruppa har laga ein oversikt over kordan forvaltninga av land og vatn i samiske område fungerer i dag. I utreiinga deira vil det ikkje vere konkrete forslag til ka som bør endras. Samerettsutvalet har likevel i lengre tid diskutert forskjellige modellar for framtidig forvaltning, ut i frå forskjellige alternativ som sekretariatet har utreia. I februar kunne Arbeiderbladet fortelle at eit fleirtal i utvalet går mot å legge forvaltninga under Sametinget. Mønsteret er i grove trekk at dei samiske representantane vil legge forvaltninga til Sametinget, juristane kan tenke seg å knytte nokre avgrensa rettar til bygdelaga, mens dei statlige representantane ikkje kan tenke seg noko større endringar enn ei litt større delegering av makt til kommunane.

HEMMELIG OG LANGSOMT

Fram til den første delutreiinga var utvalet leia av Carsten Smith. Han gikk av for å bli høgsterettsjustitiarius i 1985, og eit år seinare overtok Thor Falck, som framleis er leiar. Mens det gikk 3 år og 8 månader frå oppnemninga av utvalet til 1. innstillinga var ferdig, tyder alt på at dei vil bruke minst 10 1/2 år på 2. delinnstillinga. Innstillinga frå 1984 fortel at utvalet har deltatt aktivt i møter med samiske organisasjonar og dei har sjølve arrangert høringsmøter med lokalpolitikarar, næringsorganisasjonar osv. Etter den tid har utvalet meir og meir lukka seg inne. Falch har vore ein anonym person som sjeldan eller aldri har uttalt seg til media, og han har og klart å få resten av utvalet med på at dei skulle ha "arbeidsro" og derfor ikkje måtte lekke ut noko til pressa. Utvalet si første innstilling la grunnlaget for ei anerkjenning av samane som urfolk, med sameparagraf i Grunnloven og Sameloven, der samane for første gong blei anerkjent innafor det norske juridiske systemet. Innstillinga var og mye av grunnlaget for at Norge var første landet som ratifiserte ILO-konvensjonen om urfolksrettar. Carsten Smith var ei drivkraft i dette. I Rettsgruppa er det bare Otto Jebens som har tatt opp tråden i frå Carsten Smith. Fleirtalet, blant dei Thor Falch, synas derimot å undergrave det regjeringa og Stortinget slo fast under behandlinga av 1. delinnstilling.

Kor er samepolitikarane? Lite har kome ut til offentligheita om arbeidet i SRU dei siste åra. Men Falch har ikkje vore aleine om hemmeligheitskremmeriet. Fleire samiske organisasjonar har hatt representantar med i utvalet, men dei har vore lydige og tause. Så seint som på siste landsmøte i NSR sa Svein Roald Nystø: "Vi i SRU har vore samde om å ikkje gå ut med noko frå utvalet sitt arbeid." Dei siste åra har samiske representantar med jamne mellomrom gitt uttrykk for at dei ventar utolmodig på innstilinga. Men samtidig har dei samiske organisasjonene godtatt at deira eigne representantar er med å halde utvalet sitt arbeid skjult. Det har og vore lite med konkrete forslag til kordan forvaltninga av samiske område bør vere i framtida.

- SAMISKE RETTSOPPFATNINGAR FORSØMT.

Vesentlige deler av konklusjonane til Rettsgruppa er gjort mot ei røyst. Det er høgsterettsadvokat Otto Jebens fra Trondheim som reserverer seg både mot arbeidsmåten og konklusjonane til gruppa.

Jebens seier til Klassekampen at han beklagar at ein ikkje har gjort meir for å undersøke samiske rettsoppfatningar. - Det skulle ha vore tid nok, frå 1985 til no. Men fleirtalet har ikkje vore opptatt av dette. Derfor har eg vore nøydd til å forsøke på eiga hand å kartlegge samiske rettsoppfatningar. Han har og tenkt å fortsette dette arbeidet, men da for eiga rekning, ettersom Rettsgruppa sitt arbeid no er avslutta.

- Fleirtalet i Rettsgruppa meiner Staten sin eigedomsrett er eit festna forhold, og at det derfor ikkje er av interesse å undersøke eldre samisk rettsoppfatning i Finnmark. Eit typisk eksempel er at dei hevdar at bøndene ikkje har hatt annan beiterett enn den dei har fått med skjøtene sine frå staten. Eg meiner derimot at i kraft av hevd har det vore og er fortsatt ein slik rett. Eg kan nemne eit eksempel på kor lite vekt det har vore lagt på samane sitt syn. Da loven om Statens umatrikulerte grunn i Finnmark blei vedtatt i 1965 satt det i utvalget som laga lovforslaget ingen representantar for samane. Eg forstår ikkje kordan nokon kan meine at det ikkje er behov for å utreie samiske rettsoppfatningar. Utan dette behovet hadde vel verken Samerettsutvalet eller Rettsgruppa blitt oppretta.

Jebens set spørreteikn ved sjølve hovudkonklusjonen til Rettsgruppa. - Eg meiner ein ikkje kan sjå heile Finnmark under eitt. Indre Finnmark har historisk vore under svensk jurisdiksjon (lov) fram til 1751. Nordisk Samisk Institutt har samla dommar frå den tida som tyder på at dei samiske siidaene (bygdelaga) disponerte alle naturressursane. Ved grensetrekkinga kom dette området under norsk jurisdiksjon, men det følger langt i frå av det at området blei statseigedom. Dei privatrettslige statusen blei ikkje endra. I dette området har samane vore så godt som aleine om å utnytte naturressursane heilt fram til etterkrigstida. Dette gjør at ein her kjem inn under ILO-konvensjonen om urbefolkningar, som slår fast urbefolkningane sin rett til å "eige og besitte" dei områda der dei fra gamalt av har vore einerådande om utnyttinga av naturen.

- Nå snakkar du om Indre Finnmark. Ka med kystområda? - I ytre delar av fylket har den norske oppfatninga i langt større grad slått igjennom. Befolkninga er meir blanda og her er den norske allmenningsoppfatninga som dominerer. Det vil seie at staten har den formelle eigedomsretten, men at lokalbefolkninga har rettar til bruk av utmarka. Men også på kysten er det område som samane har vore einerådande om å bruke. Der er ikkje gjort noko grundig undersøking her, men i eit skriv som eg og Johan Albert Kalstad har laga på oppdrag frå Kommunaldepartementet har vi forsøkt å skissere ei inndeling i område med overveiande samisk bruk og område med blanda samisk/norsk busetting og utnytting av naturressursane.

- Du vil altså ikkje snakke om samisk eigedomsrett til kystområda generelt. Men når du snakkar om allmenning er dette likevel ikkje det samme som staten sitt syn?

- Nei, staten har heller ikkje villa anerkjenne at det er allmenning i Finnmark. Men det er gjennom allmenningsførestillingane at Staten har kome inn som eigar. Staten skulle ivareta interessene til felleskapet. Men det gir ikkje Staten grunnlag for å behandle det som blei kalla "Statens umatrikulerte grunn" som om det var statlig privateigedom der lokalbefolkninga ikkje har nokon rettar.

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no