Intervju med Niillas A. Somby, Røde Fane 2-1987

Dát artihkkal sámegillii

EIN EIGEN SAMISK STAT

Vi må ha et eige samisk rettsapparat, og eit samisk politi. Om ein skal gå til norske domstolar kvar gong det blir problem er ein like langt. Heile det norske rettsapparatet er bygd opp i koloniseringas blomstringstid. Dette vil seie eigen samisk grunnlov, samisk lovbok, altså ein eigen samisk stat.

Av Svein Lund

— Ka betyr opprettinga av eit folkevald sameting? Ei anerkjenning av samiske rettar? Eit steg mot samisk sjølvstyre? Tvert om, hevdar Niillas A. Somby i dette intervjuet.

— Sametinget betyr bare eit forsøk på legalisering av den norske koloniseringa. Det er sjølve krona på koloniseringsverket, seier han og viser til at liknande organ nå blir oppretta av mange kolonimakter. Niillas A. Somby (37) bur i Sirbmá i Deatnu (Tana). Han er fotograf og har blant anna vore med å laga boka Finnmarksbilder. Niilas var ein av samane som sultestreika foran Stortinget under Altakampen. Seinare mista han ein arm da han og John Reier Martinsen forsøkte å sprenge ei bru i Alta. Etter eit halvt år i varetekt rømte han til Canada der han og familien budde hos indianarar til dei blei utviste frå Canada og sendt tilbake til Norge.

Ved Stortingsvalet i 1981 sto Niillas på 2. plass på RV si liste i Finnmark. I dag seier han at han vil konsentrere seg om kampen for samisk frigjøring, og ikkje vere med i norske organisasjonar.

— Samerettsutvalet er totalt snudd på hovudet. Her oppnemner den norske regjeringa eit utval for å vurdere kva for rettar samane har i den delen av Sapmi som er kolonisert av Norge. Det skulle i staden vore eit samisk utval som skulle vurdert kva for rettar nordmenn har i Sameland. Våre rettar er her, det er bare at vi i generasjonar har vore hindra i å utøve dei.

— Ka ventar du vil komme ut av samerettsutvalet si instilling?
— Vi får sikkert eit sameting, slik at koloniseringa kan komme i system, bli legalisert. Dette er ikkje noko eineståande på norsk side. I Finland har dei Sameparlament, den svenske samerettsutredninga vurderar noko liknande. I Canada ser vi same prosessen med opprettinga av Indian Government. Sjølv om indianarane i Canada har større rettar enn samane i Norge, vil dette bli eit organ med minimalt å seie. Eg ventar ingen politiske endringar slik at vi får meir å seie over framtida vår. Det vi får er eit organ for å dele ut smular.

— Ka synes du om dei samiske organisasjonene sitt arbeid i forhold til samerettsinnstillinga?
— Eg synes dei diskuterer på styresmaktene sine premisser. Dei diskuterer valordning og manntall, men utan å sette spørreteikn ved ka Sametinget vil bli. Eg har i alle fall vettigare ting å gjøre enn å stemme på representantar til ei politisk sandkasse. Eg er redd for at mange ressurssterke samar vil kaste bort kreftene sine på denne sandkassa.

— Men kem skal etter di meining forvalte dei samiske rettane? Er det Sametinget?
— Om vi samar får politisk makt til å styre vårt eige område, må vi heilt sjå bort frå kolonimakta sine organ. Vi må ikkje byggje opp samiske organ som blir ein blåkopi av dei norske. Eg kan ikkje gi noko ferdig oppskrift på korleis dei skal sjå ut. Dette må det samiske folket sjølv finne ut av, på grunnlag av det samiske demokratiet som har vore før. Sametinget kan ikkje styre både lokalt og sentralt, vi må ha samiske styringsorgan på bygdenivå.

— Her trur eg vi kan bygge på mye av den gamle siida-ordninga. Her omkring for eksempel forhandla før Buolbmát (Polmak)-siida og Ohcejohka (Utsjok)-siida om utnyttinga av området. Vi må finne tilbake til ka som fantes av samisk organisering før kolonimaktene braut det ned. Den gamle siida-ordninga bygde på kollektiv eigedomsrett, på eit slags sosialistisk grunnlag.

Dette betyr at ein må ha eit eige samisk rettsapparat, og eit samisk politi. Om ein skal vere nøydd til å gå til norske domstolar kvar gong det blir problem, er ein like langt. Heile det norske rettsapparatet og lovverket er bygd opp i kolonialiseringas blomstringstid, og tener ennå kolonialistane. Vi samar må og ha reglar for å kunne styre. Det vil seie at vi må ha ein eigen samisk grunnlov og ei samisk lovbok.

— Men det du seier nå vil det da bety ein eigen samisk stat?
— Ja, sjølvsagt.

— Men ka med eit indre sjølstyre, eit såkalt autonomt område?
— Det vil bli ein form for indianarreservat, noko eg trur dei fleste i Sápmi og Norge tar avstand frå.

— Det som diskuterast nå er sameting basert på samemanntall. Men om eit sameting skal styre ein samisk stat, kan ein da bygge på eit slik manntall?
— Eg veit ikkje om nokon stat som er etablert på etnisk bakgrunn. Det ville bli eit raseskille som Sør-Afrika. Om Sametinget bare skal vere for å dele ut stipend og pengar til kulturføremål, er det greit med samemanntall. Men i ein samisk stat eller sjølvstyrt område, må og andre som er busette i Sápmi kunne søke og få statsborgerlige rettar.

— Ser du så ingen fordel med oppretting av sameting?
— Jo, det er klart det kan vere nyttig å få eit folkevald samisk organ. I dag kan kem som helst seie dei representerer samane. I 1979 dro vi til Oslo og satte opp lavvo foran Stortinget og sa vi representerte samane. Mens A-ordførarar i samiske kommunar reiste ned og sa dei representerte samane.

Rettar og pliktar

— Du spør bare om samiske rettar, seier Niillas. Alle snakkar om samiske rettar, ingen snakkar om samiske plikter. For meg er det ein sjølvsagt ting at ein og må ha plikter overfor samfunnet ein lever i. Den største plikten vi har er å ta vare på land og vatn og naturressursar. Her ser vi at urbefolkningane har eit felles grunnsyn.

— Vi reknar mennesket som ein del av naturen. Vi skal bruke naturen, ikkje forbruke han. Når ein forbrukar naturen har ein til sist ikkje nokon plass å gjøre av seg. Når ein ser på Tjernobylulykka og andre miljøkatastrofer er det på tide å revidere synet på kem som er siviliserte og kem som ikkje er det.

Mellom aust og vest

— Ein ting som samerettsutvalet ikkje har tort å sjå på er dei militære sidene av saka. Sameland er delt i fire, og på kvar side er samiske ungdommar tvinga inn i eit militærapparat som ikkje er våres, som ikkje har nokon som helst bakgrunn i samisk kultur. Folket vårt er kløyvd av NATO og Warszawa-pakta. Vi veit at Finland kan bli trukke inn på Sovjet si side i ein krig. Vi vil ikkje i krig mot dei på andre sida av elva.

Frå kjøkkenvinduet hos familien Somby har vi utsikt til Deatnu (Tanaelva), og over til andre sida. Det snakkas samme samiske dialekt på begge sider, mange har familie over elva, men der er staten finsk. Det er vel ikkje så rart om ikkje alle på norske sida kjenner seg så veldig norske.

— Men norsk nasjonalisme har prega folket her og, fortel Niillas. Særlig virka krigen inn. Da fikk vi ein generasjon som blei meir nordmenn enn nokon nordmann. Alle var i samme båt mot tyskarane. Brenninga og evakueringa virka sterkt til å framskynde fornorskingsprosessen.

Dei einaste som blei sparte var dei som var på fjellet og hadde nok med å ta vare på reinflokken. Dei så alle som fiendar, enten det var norske styresmakter eller den tyske okkupantmakta. Krigen fornorska og dei som blei nazistar blant samane. Idag er dei gjerne fornorskingstilhengarar og støttar SLF (Samenes Landsforbund). Det heng igjen å skjule seg bak stormakta — ønsket om å vere rikmannsdreng.

Særstilling for reindrift?

— Reindriftsamana krev nå eigen representasjon i sametinget fordi reindrifta har ein slik spesiell rolle som bærar av samisk kultur og rettar. Meiner du det er rett å seie at reindrifta har ein slik særstilling?
— Det har alltid vore staten sin politikk å innskrenke samiske rettar til reindrifta. På det viset splittar dei reindriftssamar og andre samar opp mot kvarandre. Dei som ikkje har rein blir så ikkje rekna som ordentlege samar. Har ein fått gjennom det, er det bare å knekke reindrifta, så er staten kvitt heile sameproblemet. Sånn sett kom Tjernobyl som bestilt. Eg er redd kreftar i reindrifta spelar med på denne splittinga. Eg veit nesten ikkje om eg tør å seie det, men reindrifta har i stor grad solgt seg til staten. Dei får pengestøtte frå staten over reindriftsavtalen. Til gjengjeld har dei funne seg i inngrep frå staten gjennom den nye reindriftslova, blant anna at driftseiningar må godkjennast av politisk valde områdestyre. Ei slik styring er heilt i strid med samisk tradisjon. Retten til reindrift er ikkje noko vi har fått av staten, men noko vi alltid har hatt. Det same gjeld for andre rettar som er tatt i frå oss. Retten til land og vatn er noko vi har som folk, den eine næringa er ikkje betre enn den andre.

Dei samiske autoritetane

— Før var det dážat (nordmenn) som var dei typiske autoritetane i samekommunane, ordførare var gjerne lærarar sørfrå. I hundrevis av år er vi lært opp til at dei som kan noko er dei med grå dress og slips. Nå er det ein ny type som har overtatt — dei samiske byråkratane. Dei er ofte meir byråkratar enn norske byråkrater, liksom samiske kristne er meir kristne enn paven sjølv. Det same ser vi i andre urbefolkningar. Dei samiske autoritetane i dag er folk med god utdanning frå norske universitet. Det er klart at sjølv om dei ønsker å tjene samiske interesser, kan ein ikkje unngå å bli farga av systemet. Eg trur ikkje ein held ut å gå på skole i mange år om ein ikkje trur på noko av det ein lærer. Eg er redd det blir slike folk som vil dominere Sametinget.


Til startsida

sveilund@online.no