Artikkelen blei prenta i den samiske avisa Áššu 26.04.2002. Halvanna år etterpå endelig omsett til norsk av forfattaren.

Originalen på samisk finn du her: Dološ sámi duodji Polskkas

Svein Lund

Gamalt samisk hornarbeid i Polen

Mange gamle samiske gjenstandar finst i dag langt borte frå samisk område. Vi veit at runebommer som misjonærane tok blei sendt til København og til tyske museum. Men kem i Sápmi har visst at i Polen finst omlag 400 år gamalt samisk handverk? Og korfor i all verda er det der?

Gdańsk, Polen - Svein Lund

I utstillinga til det Sentrale sjøfartsmuseet i Gdańsk (Centralne Muzeum Morski w Gdańsku) kan ein finne nokre lange, flate horngjenstandar. Nokon dannar par, og nokre av dei er utstyrt med mønster. Dette mønsteret er akkurat som ein kan sjå skole inn i horn på sørsamiske knivslirer, guksiar (trekoppar) og nålehus. Og der er verkelig samisk hornarbeid, og enno nesten 400 år gamalt. Vi veit ikkje heile historia, noko veit vi sikkert, anna må vi bare gjette oss til.

muzeum morski

Det sentrale sjøfartsmuseet i Gdańsk er det største sjøfartsmuseet i Polen. Her kan ein sjå alle tinga som har blitt bevart frå det svenske krigsskipet "Solen".
I mellomalderen var det både i Sverige og Noreg marknadar kor samar selde bl.a. skinn og husflidsarbeid. Slike marknadar fantest og utafor det samiske busettingsområdet, f.eks. i Uppsala, der det er funne samisk hornarbeid på den gamle marknadsplassen.

bøyle

Nokre veskebøylar har mønster som enno er i bruk i sørsamisk område.

På byrjinga av 1600-talet var det krigstid i Nord-Europa. Det var fleire krigar etter kvarandre. Først Kalmarkrigen mellom Sverige og Danmarkk, der statane kriga om kem som skulle få kreve skatt kor i Sápmi. Resultatet i 1613 var at Sverige ikkje lenger fikk kreve skatt på kysten av Finnmark og Troms. Da det ikkje gikk så bra med Sverige i Kalmarkrigen, bestemte kong Gustav 2. Adolf seg for å få bygd ei rekke krigsskip, for han hadde som mål at Sverige skulle ha makta rundt heile Østersjøen. Den svenske kongen og den polske kongen var fettarar, og begge ønska å vere konge i bege landa. I1627 braut det ut krig. 6 svenske krigsskip blokkerte hamna i Gdańsk. Det kunne ikkje polakkane tole, og dei gikk til åtak på dei svenske skipa. Eit av krigsskipa bar namnet "Solen" Da polakkane var i ferd med å erobre båten, tente svenskane på kruttlasta og hoppa til sjøs. Der gikk "Solen" ned, og skipsvraket blei liggande på havbotnen. Først i 1969 fann polske dykkarar igjen båten. Dei byrja å suge opp sand og bære ut stein og etterkvart fann dei mange slags ting i vraket.

Solen - modell

I utstillinga er det ein modell som syner korleis dykkarar arbeida da dei henta opp ting frå "Solen".

Over 6000 gjenstandar er tatt opp. Blant dei er det store bronsekanonar - og nokre merkelige hornbitar. Jern er rusta bort, skinn er smuldra opp, men bronse og horn er bevart.

Veskebøylar

Her er to av dei finaste veskebøylane av horn og den einaste bøylen av tre som er funne ombord på "Solen"

Tilsaman blei det funnet vel tjue hornbitar. Mange av dei danna par. Dei fleste blei funne i tønner, blant meir eller mindre oppsmuldra skinn- og tøyrester. Til sist fann polske arkeologar ut at det var veskebøylar, og da dei tok kontakt med nordiske museum, fikk dei høre at dette var typisk samisk handarbeid, og at liknande er funne over heile Sápmi.

Arkeolog

Arkeolog Elzbieta Wroblewska (t.v.) ved Sjøfartsmuseet i Gdańsk viser kor dei samiske veskebøylane er i utstillinga
Det verkar som om sjøfolka har oppbevart dei personlige kleda og eigendelane sine i skinnvesker, og desse er igjen oppbevart i tønner. Og kor har sjøfolka fått fatt i dei? Det kan vi ikkje anna enn gjette. Det er klart at det er samar som har laga veskebøylane, og trulig også veskene. Var sjøfolka sjølve samar? Det er lite trulig. Det er heller slik at samar har solgt dei på marknadar. Det er og mogleg at skipssjefane har bestilt dei hos samiske handverkarar. Men veskebøylane er av så mange typer, med forskjellige mønster eller utan mønster, at det trulig er mange handverkarar som har laga dei bøylane som var ombord på skipet.

veske

Mange veskebøylar er bevart, men skinnet er langt på veg rotna opp. Denne teikninga syner korleis ein trur veskene har vore.

Året etter at "Solen" gikk ned utafor Gdańsk, kvelva det største skipet til Sverige, flaggskipet "Vasa". Det kom ikkje meir enn nokre kilometer ut frå Stockholm og frå da blei det liggande på havbotnen fram til vår tid. I dag kan vi sjå det på Vasa-museet i Stockholm. På dette museet kan ein og sjå tilsvarande veskebøylar. Men dei er verken så mange eller så fine som dei som er i Gdańsk.

bøyle m/3 mønster

Ein av veskebøylane er svært spesiell, da den har tre forskjellige mønster

Det er bare eit par år sidan veskebøylane blei stilt ut i Sjøfartsmuseet i Gdańsk. Det einaste som er skrive om dette, har museumsarkeologen Elzbieta Wroblewska skrive på polsk. Men no er det omsett til samisk, og om nokon av lesarane har lyst til å vite meir, kan dei kontakte meg.


Andre artiklar om samiske spørsmål eller om Polen.

Til startsida

sveilund@online.no