Klassekampens kronikk 10.12.1986

Haldninga til sjøsamane

Samenes Landsforbund, SLF, har nedslagsområde i den største delen av den samiske befolkninga, sjøsamane. AKP (m-l) sitt synpå SLF er for enkelt, meiner Svein Lund i den siste av to kronikkar om samespørsmålet. Den første stod i går.

Dei siste åra har det kome ut to viktige skrifter om samane ved kysten. Det eine er «Fastboendes rettigheter i samiske kyst- og fjordstrøk», utgitt av Porsanger SLF, for det meste ført i pennen av Peder A. Persen. Den andre er «Folk uten fortid» av Reidar Nielsen, redaktør av Finnmark Dagblad (A).

Reidar Nielsen si bok er oppdaga av Klassekampen og blir slakta av Lars M. Hjorthol 8. oktober. Hjorthol vurderer boka ut ifrå Reidar Nielsen sine skriveri som Nordlysredaktør under Alta-kampen, og ser ho som ein del av ei samansverjing der sjøsamane bare blir framheva for «å få dei heilt nederst til å sparkemot dei som er eit hakk over, reindriftssamane, for at dei på toppen skal går fri.» Men verda er nok ikkje så enkel. Dei som har fulgt med i Nielsen si avis nokre år vil ha lagt merke til at ho har endra seg i retning av å gi eit meir redelig bilete av samiske forhold, og ofrar det meir plass. Er det tilfeldig at dette fell saman med at redaktøren-byrjar å oppdage og vedstå seg sin eigen samiske bakgrunn? Det Nielsen har gjort er å trekke fram ei nær historie som er lite kjent og lite snakka om. Han gjør det i form av intervju der han sjølv legg lite til. Om vi likar det eller ikkje, eg trur Nielsen har greidd å få fram eit representativt utval av den kyst-samiske befolkninga i Vest-Finnmark idag. Og han har gitt eit levande bilete av korleis størsteparten av samane er fråtatt sjølvkjensla til dei grader at del har blitt med å undertrykke seg sjølv. Noko slikt trur eg aldri før er skreve, i alle fall ikkje av ein som sjølv er ein del av det han skriv om. Da bør vi tore å gi ros, sjølv til ein svoren sosialdemokrat som stadig sensurerer avis-innlegga til Finnmark AKP.

SLF — Samenes Landsforbund blei oppretta i 1978 av samar som meinte Norske Samers Riksforbund var for radikalt. SLF gikk hardt mot aksjonane mot Alta-utbygginga, og snakka om respekt for Kongen og regjeringa. DNA spela ei sentral rolle i opprettinga av SLF, og organisasjonen blei kalla eit bestillingsverk frå regjeringa. Dei har heile tida gått mot samemanntall og at retten til land og vatn skulle gå etter etniske kriterier. Sånn blei SLF oppfatta som ein organisasjon mot samiske interesser, og i Klassekampen har SLF mest blitt holdt for narr av i den grad organisasjonen er omtalt. I AKP sitt gjeldande arbeidsprogram er SLF indirekte behandla slik:
«AKP(m-l) krever at det ikke gis statlig støtte til organisasjoner som er oppretta for å motarbeide samiske interesser.»
Eg må igjen spørre: er verda så enkel?

— SLF har forsvart interessene til samiske småbrukarar og fiskarar, når det gjeld fiskeripolitikken trur eg både NSR og AKP kan seie seg enig i det meste. SLF-lag har gjort eit grundig og konkret arbeid med næringsspørsmål, noko som har samanheng med at bønder og fiskarar dommerer medlemsstokken, mens NSR meir er dominert av intellektuelle.
— SLF har greidd å organisere sameforeninger på stader der for få år sidan nesten ingen ville stå fram som samar. Ei bevisstgjøring må skje ut ifrå det nivået folk står på, og få tar heile trappa i eitt hopp.

Det er altså eit av dei største lokallaga i denne «antisamiske» organisasjonen som har gitt ut eit hefte på 80 sider som har gått dei fleste hus -forbi. Men dette er 80 sider sprengstoff. Gjennom konkret gjennomgang av utviklinga i dei forskjellige næringane, skole, kultur og levekår i Porsanger kommune viser del korleis samane i Porsanger har blitt skvisa frå alle kantar og tapt i forhold til alle andre som har sett seg nytte av næringsgrunnlaget deira. Ein viser korleis el rekke reglar er laga slik at kystsamane i kombinasjonsnæringane må komme dårligast ut.

For nokre år sidan var det em «Sjøsameaksjon» i Porsanger. Men denne retta hovudsaka skytset mot reindrifta. Det har og store delar av SLF gjort, særlig kretsen rundt avisa Ságat. Det nye her er at ein legg hovudvekta på å stille krav ut i frå eigne rettar, og at desse krava i langt større grad rettar seg mot styresmaktene enn mot reindrifta. Sjølv om eg syns at ein framleis går for langt i å ville avgrense reindrifta sine rettar ved kysten.

Kvifor så skrive i ei landsavis om eit hefte som handlar om ein kommune i Finnmark, og om ei bok som mest bygger på den samme kommunen og nabokommunen. Fordi liknande ting kunne vere skreve frå heile kysten frå Sør-Varanger til Tysfjord og Steigen i Nordland. Det er vitnesbyrd om korleis Norge har forsøkt i hundrevis av år å knekke «dei ukjente samane», dei som i virkeligheita er fleirtalet. Denne politikken mot språk, kultur og livsgrunnlag fortsetter i dag. Skal dei få fortsette til kystsamane bare fins i historiebøkene?

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no