Klassekampens kronikk 09.12.1986

AKP(m-l) og dei gløymde samane

Den norske staten har gått i brodden for å spreie myten om at det er reindriftssamane som er dei eigentlige samane. Men AKP (m-l) har og nørt opp under myten, skriv Svein Lund i den første av to kronikkar. Del 2 kjem i morgon.

Det er spreidd mange slags myter om det samiske folket. Ei av del mest seigliva er at det er reindriftssamane som er del eigentlege samane, dei mest samiske, bærarane av den samiske kulturen osv. Reinsdriftssamane blir anten rekna som dei einaste som skal ha eigne rettar, eller retten deira er i alle fall meir høgverdig enn rettane til andre samar.

Kem er detsom har spreidd desse mytene? I første rekke står den norske staten. For å holde Sapmi kolonisert var det naudsynt å hindre ein samisk einskap. Og korleis gjør ein det? Jo, ved å innrømme nokre av rettane til ei næringsgruppe, men ingen rettar til del andre. Reindrifta kan dessutan brukas som turistattraksjon, og bør derfor få leve i den grad ikkje reinbeitedistrikta kan utnyttas på andre vis. Gjennom ein steinhard og langsvarig fornorskingsprosess har ein i stor grad klart å utrydde det samiske språket og ulturen på kysten, og blåst opp motseiingar slik at mange kystbuarar, både samiske og norske, ser reinsdrlftssamene som fienden.

I andre rekke kjem reindriftssamane sjølve. I stoltheita over å vere blant dei som best har ivaretatt samisk språk og kultur, har mange sett ned på dei som har hatt storsamfunnet og fomorskingspresset nærare inn på livet. Eit kjent sitat frå Guovdagealdnu seier: «Eg er same, eg har rein. Men bror min, han er ikkje same, han er bilmekanikar.»

Eit av framstøta for å framheve reindriftssamane og auke kløyvinga mellom dei og resten av det samiske folket kjem frå leiinga i Norske Reindriftssamers Landsforbund; dei krev eigne flyttsamekretsar ved val til Sametinget, og grunngir det med at reindrifta har ei særstilling som bærår av den samiske kulturen.

AKP(m-l) har og på sitt vis vore med å nære opp under denne myten. I partiet sitt første samepolitiske program (1973) står det slik:
«2. Sjølvråderett over hevdvunne og urgamle samiske område. Dette vil seia:
- Særrettar til utnytting av naturrikdommane: jakt- og beiteområde, fiskevatn og moltemyrer.
- Juridisk og politisk godkjenning av eigedomsretten til desse områda.»
Dette er ikkje eit tilfeldig sitat, men heile punktet som definerer retten til land og vatn. M.a.o. ingen ting om fiske i sjøen og elvane. Dei som lever av det er enten ikkje samar, eller dei har i alle fall ikkje rettar som det. Raseringa av fiskebestanden i fjordane er i det heile ikkje nemnt.

I neste sameprogrammet (1980), som fortsatt gjeld, står framstøta mot den samiske økonomien framstilt slik:
«Gruvedrift, kraftutbygging, etablering av militæranlegg osv. skjedde hele tida til fortrengsel for de samiske næringene...»

Ka har så disse framstøta til felles? Jo, at dei i første rekke har gått ut over reindrifta. I samme programmet kreves «Rett til sjølstyre i de samiske kjerneområdene», og kjerneområde defineres som der samane idag er i fleirtal.

I Arbeidsprogrammet av 1983 har ein oppdaga sarnisk jordbruk og fiske, som må styrkas og vernas. Men ingen skal styrkas og vernas som reindrifta:
«— Ingen innskrenking av reindrifta. Den planlagte nedbygginga av næringa er uakseptabel. Reindriftssamene må sikres økonomisk gjennom reindriftsavtalen og nytildeling av areal til reindrift.
— Reindriftssamene må sjøl avgjøre utviklinga av reindrifta.»

Forfattarane kan ikkje ha unngått å registrere del mange næringskonfliktane mellom reindrift og jordbruk (for ein stor del samiske småbrukarar). Altså må meininga vere at reindrifta sine rettar fortsatt skal vere sterkare enn dei samiske bøndene sine.

Alta-kampen bidro til å styrke synet om reindrifta si særstilling, og begge sider bidro til dette. Utbyggingstilhengarane forsøkte å bruke sjøsamane til å isolere reindrifta, mens motstandarane snakka bare om samiske rettar i samband med reindrifta, fordi at å seie sanninga om kem som eigentleg har fiskeretten i Guovdageaidnu-Alaheajueanu (Alta-elva) og Alaheajuvuona (Altafjorden) ville splitte frå dei norske settlarane i Alta Laksefiske-lnteressentskap.

Opp mot AKP-programma vil eg sette følgande påstandar:
— Det store fleirtalet av samane l Norge bur ved sjøen, del er såkalla sjøsamar.
— Dei største angrepa mot næringsgrunnlaget til det samiske folket har ikkje kome mot reindrifta, men mot kombinasjonsnæringane i kyst- og fjordområda.

Samisk tradisjon i utnytting av naturressursane var å kombinere jordbruk, fiske, jakt og bærplukking. Dette har da og vore den mest rasjonelle og oftast einaste moglege måten å utnytte naturen på. Norske styresmakter har aldri anerkjent koblnasjonsnærmgane, men søkt å tvinge tram eineyrkesfiskarar og eineyrkesjordbrukarar. I Fiskarlaget og Bondelaget har del hatt trufaste allierte i kampen for å knekke dei samiske kombinasjonsnæringane.
Heile avtaleverket for jordbruk og fiske er lagt opp ut frå yrkesspesialisering, kombinasjonsdrifta fell mellom alle stolar.
I 70-åra blei mange bønder pressa til å investere i alt for store gardar, og seinare fikk vi elt ras av tvangsauksjonar, særlig i Deatnu (Tana).
Ved tilvising av lakseplassar på statsgrunn i sjøen har og eineyrke-fiskarar og emeyrke-bønder blitt prioritert. Ein kan sjølsagt ikkje skrive i loven i Norge i 1980-åra: «bare til nordmenn, ikkje til samar». Men resultatet er langt på veg det samme.

I 60-åra tømte statsstøtta havgåande fiskefartøy fjordane i Finnmark og Troms for ein stor del med Fiskarlaget si støtte. Sidan har aldri næringsgrunnlaget i dei samiske fjordområda blitt det samme. Så seint som for eit par år sidan blei to samiske fiskarar i Porsanger ekskludert av Fiskarlaget fordi dei hadde gått hardt ut for freding av Porsangerf jorden i strid med linja til dei store i Finnmark Fiskarlag.

SVEIN LUND Til del 2


Til startsida

sveilund@online.no