Innlegg sendt Finnmarksaviser, prenta i Altaposten 01.04.2011

Rønnings saklige fantasiar

Ole Martin Rønning svarar i Finnmarken 01.04. på mi påvising av feil i innlegget hans om samestat og aksjonar i Alta i 1982. Han innleiar med at eg skal ha sakligheitsnivå på eit lågmål. Slike påstandar kostar lite å slenge ut, men Rønning har ikkje påvist ein einaste faktisk feil i innlegga mine, verken no eller tidligare. Derimot har eg påvist faktiske feil i det siste innlegget hans, utan at han har tatt til motmæle mot akkurat det. Det er ikkje første gong han serverer lesarane faktafeil. I innlegg mot Naturvernforbundet (Finnmark Dagblad 28.02), hevdar han at forbundet gjør sitt beste for å skjule medlemstalet, trass i at dette ligg ope for alle på internett. Han serverer både i det innlegget og det siste ei rekke påstandar som ikkje bygger på anna enn at "mye tyder på", "det ligg nær å tro" osv., uten anna krav til dokumentasjon, og gjettingane hans hamnar ofte milevidt frå sanninga.

Igjen rir Rønning sin kjepphest: Organisasjonar og organ han ikkje likar kan stemplast ved å hevde at dei er "infiltrerte" av "ML-politikere". Dette har han brukt mot Naturvernforbundet, Altaaksjonane og Sametinget. Så koplar han vidare til ml-rørsla sine mest negative sider, samt den udokumenterte påstanden om at denne rørsla hadde "lister over personer de måtte ta hånd om når revolusjonen var en realitet". Da skulle fienden vere tilstrekkelig brennemerka. Dette er altså Rønning sitt sakligheitsnivå når han skal sverte politiske rørsler han ikkje likar. Eg kunne sjølvsagt ha svart med ei langt lengre liste over brotsverk Høgre har støtta gjennom tidene, og kor dette partiet har "infiltrert". Men så usaklig har eg altså ikkje tenkt å vere.

Svein Lund


Til hovudsida.