Reportasje i Klassekampen 02.06.1990, frå møte i Sametinget mai 1990.

REINTALET MÅ NED!

Reintalet må tilpasses beiteressursane. Det bør fastsettes eit øvre tal på rein pr. driftsenhet. Reindriftsfor valtninga må legges under Sametinget, og kvinnene sin stilling i reindrifta må styrkas. Dette var dei viktigaste konklusjonane da Sametinget denne veka diskuterte framtida for reindrifta.

Av SVEIN LUND, KARASJOHKA

Som venta blei det ein hard diskusjon da Sametinget for første gong skulle ta reindrifta opp til brei diskusjon. Det var særlig forslaget om å sette tak for kor mange rein ein familie kan ha som møtte motstand. Ein klarte heller ikkje komme fram til eit samrøystes vedtak, men med "omlag fleirtal ga det øverste samiske organet sitt råd om korleis problema i reindriftsnæringa skal løysas.

Reinlaven borte

Som bakgrunn for diskusjonen lar Bernt E-. Johansen fram frå forskningsstiftelsen FORUT fram ein rapport om nedbeitinga av Finnmarksvidda. Satélittbilete som er tatt i 1980 og 1987 syner ei drastisk forverring på store deler av vidda. I eit stort område rundt lesjavri er bare åtte prosent av lavbeita intakte. Reinlaven er nedtråkka eller oppspist og i staden har det kome andre lavsortar som gulskinn og saltlav.
- Vi veit enno ikkje om det er mogleg å få reinlaven tilbake om beitinga blir redusert, eller om vi har å gjere med ein ikkjereversibel prosess, der vegetasjonen har endra seg for godt, sa Johansen.

54.000 til 200.000 rein

I innstillinga frå sametingsstyret var det lagt fram ein grundig dokumentasjon av dei problema reindrifta strir med, særlig i Finnmark. Det offisielle talet på rein i Finnmark har auka frå 54.000 i 1950 til 200.000 i 1989. Samtidig har forureining og forskjellige inngrep redusert naturgrunnlaget og forverra driftsforholda. Resultatet er at gjennomsnittlig slaktevekt for vaksen rein i dag ligg på 26-27 kg i Finnmark, mot 35-44 kg for fylkene lenger sør. Og når krybba er tom, bitas hestane. Så og blant reineigarane, og dei indre konfliktane i næringa har auka kraftig. Negativ prisutvikling har bidratt til å forverre forholda.
Mye av årsakene til dette meinte sametingsstyret låg i styresmaktene sin politikk. Fornorskingspresset har ført til at reindrifta har blitt ein kulturell tilfluktsstad, fordi styresmaktene har gitt lite rom for eit samisk liv utafor reindrifta. Reindrifta har blitt styrt av norske styresmakter på norske premisser, kvinnene har blitt skjøvat ut, effktivitet og mekanisering satt i høgsetet

Ørkenvandring

Men etter ei ganske skarp analyse av situasjonen, var styret sine forslag til konkrete tiltak svært generelle og uforpliktande. I staden for å gå mot dei rike reineigarane og leiinga i reindriftsorganisasjonane ville ein skyve ansvaret tilbake til reindriftsadministrasjonen og landbruksdepartementet. Alt før møtet hadde det kome skarpe reaksjonar, blant anna frå Naturvernforbundet i Finnmark (NVF). I eit brev til Sametinget sa dei seg skuffa over innstillinga frå styret, som «preget av generelle vendinger i spørsmålet om hva som må gjøres og hvor raskt tiltak må iverksettes.» Med denne innstillinga frykta Naturvernforbundet at ørkenvandringa vil fortsette og ingenting bli gjort. Dei krevde reintalet ned på forsvarlig nivå innan to år og redusert bruk av motorkjøretøy og gjerder. Underskrivar var leiar for NVF, Odd Mathis Hætta, sjølv tidligare leiar i Norske Samers Riksforbund, organisasjonen som heile Sametingsstyret representer.
Skarp kritikk kom og frå Arbeiderpartiet si gruppe i Sametinget. Dei stilte eit forslag om bl.a. 500 rein som øvre grense for driftsenhet, ressursavgift for dei som har meir, og omlegging av støtteordninga for å sikre reduksjon av reintalet.
- Sjølv om ein på sentralt hald ser ut til å vere klar over at det held på å gå galt, har ein på grunn av den minoritetspolitiske dimensjonen ikkje våga å gjere noko som kan oppfattas som eit overgrep mot samane, sa DNA sin gruppeleiar Steinar Pedersen. - Såvidt vi kan bedømme det er det i dag bare Sametinget som kan gi eit autorativt råd om kva for veg ein bør følge.

Reineigar mot tak

Men det «autorative rådet» vår svært vanskeleg å komme fram til. Dei fire gruppene i Sametinget stilte kvart sitt forslag, og først etter lange forhandlingar utover natta klarte ein å redusere det til to. Dei som ikkje blei med fleirtalet var den «frie gruppa», med leiaren for reindriftsorganisasjonen BES, Mathis M. Såra i spissen. BES har tidlegare hevda at det slett ikkje er for mye rein, og gått mot offentleg reintelling. Såra gikk særlig hardt mot forslaget om øvre tak på reintalet og mot ressursavgift for dei som har for mye. Han sto fast på det opprinnelige forslaget frå styret med nokre tillegg; blant anna om at reineigarane sjølve måtte ha meir å seie. (Klassekampen sit dessverre ikkje inne med det nøyaktige talet på rein i flokken til Mathis M. Såra, men å påstå at han ville merke ei eventuell ressursavgift på pengepungen skulle ikkje vere for dristig.) Han fikk åtte stemmer for forslaget sitt, mens resten av Sametinget samla seg om eit vedtak som var langt skarpare enn styrets første innstilling, og som konkluderte slik:
«Sametinget slår fast at hovedmålsetningen er at reindriften også i fremtiden skal være en sentral bærer av samisk kultur og vil arbeide for snarlig gjennomføring av følgende:
1.For å sikre en bærekraftig utvikling må reintallet tilpasses beiteressursene. En slik tilpasning må skje etter faglige råd.
2.Sikring av reindriftens arealer og reindriftens rettigheter.
3.For å oppnå hovedmålsetningen og målsettingen i punkt 1, må reinressursene fordeles jevnere innenfor de begrensinger som pkt. 1 medfører. Det bør skje gjennom fastsetting av øvre reintall pr. driftsenhet.
4.Styrking av solidariteten mellom næringsutøverne, og mellom disse og forvaltningen samt styrking av kontakter og samarbeid med andre næringen.
5.Sametinget skal ha innflytelse på utforming av reindriftspolitikken, på utnevning av reindriftens styringsorganer og på lengre sikt å påta seg større forvaltningsansvar for reindriften.
6.1vareta og styrke kvinnenes stilling i reindriften.
7.Lov- og avtaleverket bør gjennomgås på bredt grunnlag. I denne sammenheng bør støtteordninger og virkemidler legges om med sikte på en økologisk og økonomisk drift. Aktuelle virkemidler i denne forbindelse er skatte-, investerings-, finansierings-, og ressursavgiftsordninger.»

Frå det samme sametingsmøtet har eg også ein annan artikkel: Sametinget: Kan ikkje innfri forventningane

Til startsida

sveilund@online.no