Reportasje i Klassekampen 02.06.1990, frå møte i Sametinget mai 1990.

SAMETINGET: KAN IKKJE INNFRI FORVENTNINGANE

- Det synes som om Sametingets arbeid blir tatt alvorlig opp og forventningene er store. På noen områder er de nok for store i forhold til vår økonomiske siotuasjon og vår bakgrunn i loven. Dette sa sametingspresident Ole Henrik Magga i sin åpningstale til sametingsmøtet i Kåråsjohka ved åpninga på tirsdag.

Av SVEIN LUND, KARASJOHKA

I dag er det den trange økonomiske situasjonen som er det største hinderet for arbeidet til Sametinget.
- Vår administrasjon er alt for liten i forhold til det arbeidsområdet vi har, sa Magga. - Vår administrasjon er ikke større enn en kommunal etat i en litt større kommune.
I 1990 får Sametinget fire plenumssamlinger, kvar på tre dagar. Meir fins det ikkje pengar til. Dei seks hovudkomiteane som blei vald på dette møtet veit ennå ikkje om dei får høve til å møtas anna enn i samband med plenumssamlingane.

To oppgaver

- Da regjeringa la fram Sameloven i 1987 føresett at bemanninga ved Sametinget sin administrasjon skulle auke med seks stillingar i forhold til dei åtte som Norsk Sameråd hadde då. Men det manglar ennå løyvingar til tre av disse stillingane, fortel nytilsett direktør Per Edvard Klementsen til Klassekampen.
- I tillegg har oppgavene auka kraftigi forhold til det ein visste om da. Dette har ført til at vi har vore nøydd til å prioritere bort ei rekke saker vi absolutt skulle ha gjort noko med. Blant annet saker som kommunane har bede om Sametinget sitt syn på. Vi kan seie at Sametinget og administrasjonen har to typer oppgaver. Det eine er reine forvaltningsoppgaver, som at vi har ansvaret for Samisk Utviklingsfond og løyvinger til samiske organisasjoner og duodji (samisk husflid). Det andre er dei politiske oppgavene, som høringsuttalelser og eigne politiske initiativ. Når vi ikkje har pengar er det dei politiske oppgåvene som tapar. For i det heile å få det til å gå, har vi no vore nøydd til å lage ein stram plan at kvert ukeverk er øyremerka for resten av året.
- Når ein stor del av sakspapira her bare foreligg på norsk, er det og eit resultat av pengemangel?
- Til dels er det pengemangel som gir det, tildels er det mangel på kvalifiserte folk. Vi har søkt etter språkkonsulent, men ikkje fått søkar. Her lir vi, som alle andre samiske institusjonar under den skrikande mangelen på folk med høgare utdanning i samisk.

Nei til kommunesamanslåing

Det statlige Buvikutvalet ønsker å lage fleire storkommunar, ved å utvide Sarpsborg, Fredrikstad, Hamar, Arendal og Hammerfest. Dei vil utvide Hammerfest med kommunane Sørøysund (Sållannuorri) og Kvalsund (Fålesnuorri). Begge disse kommunane har ein stor andel av samisk befolkning, og fleirtalet har gått mot både kommunestyra og ved folkeavstemning. No fikk dei og stilte fra Sametinget.
Sametingsadministrasjonen hadde innstilt på å gå mot samanslåing med Kvalsund, men godta at Sørøysund blei slått såman med Hammerfest. Men det godtok ikkje Svein Henning Bårdsen, oppvokst i Kvalsund og busett i Sørøysund.
- Samanslåing av kommunar har sidan 60-talet vore ein del av sentraliseringspolitikken, og sentralisering har alltid vore eit trugsmål mot samiske samfunn, sa han. - Sørøysund er og ein samisk kommune, og det er alltid utkantane som tapar på samanslåing. Resultatet var at han fikk heile Sametinget med på ein protest mot all samanslåing av kommunar i Hammerfestområdet.

Fakta om Sametinget

Sametinget består av 39 representantar, valt frå 13 valkretsar. Av dei er det no 13 kvinner.
Sametinget er vald på grunnlag av samemanntallet. For å registrere seg i samemanntallet må ein erklære at ein reknar seg sjølv som same og godtgjøre at ein sjølv eller minst ein av foredra eller besteforeldra har/hadde samisk som heimespråk. Det var 5497 manntallsførte samar ved det første valet hausten - 89.
Av dei samiske hovudorganisasjonane er bare NSR - Norske Samers Riksforbund og BES - Boazoelahussearvi (Reindriftsforbundet) representert. SLF - Samenes landsforbund og NRL - Norske Reindriftssamers Landsforbund stilte ikkje til val. SLF var mot oppretting av samemanntallet, mens NRL var misnøgd med at dei ikkje fikk eigne reindriftskretsar. Ei rekke norske parti stilte til val, men bare Arbeiderpartiet kom inn.
NSR har 19 representantar, med tilslutning fra 4 representantar frå uavhengige lister, dannar «NSR og samarbeidsgruppa» no ein fleirtalsfraksjon på 23. DNA har 7 representantar. 8 representantar frå forskjellige uavhengige lister dannar saman den tredje gruppa, mens ein representant frå Deanu gouvllu listu (Tana distriktsliste) står for seg sjølv.
Sametinget vedtok sjølv forskrifter for si eiga organisering på dette møtet, til erstatning for dei midlertidige forskriftene som var gitt av Staten. Tinget blir leia av eit sametingsråd (tidligare kalla styre) på 5 personar, med ein president i spissen. Frå l. juni er presidenten tilsett på heiltid. Heile rådet kjem no frå «NSR og samarbeidsgruppa».
Frå 1. juni er tinget delt i seks hovudkomitear: Undervisning/forskning, næringer/natur/miljø, rettigheter, sosial/helse, kultur/språk og organisasjon/konstitusjon.
Sametinget har arva administrasjonen til Norsk Sameråd i Karasjohka. Mange har ønska å flytte Sametinget til eit kystsamisk område, men møtet vedtok at det skal bli i Karasjohka, da det er einaste kommune som har kome med eit konkret tilbod om kontor- og møteplass. Sametinget vil få plass i det nye Samelandssenteret som er under bygging i samarbeid mellom Karasjok turisthotell og SAS.
Frå det samme sametingsmøtet har eg også ein annan artikkel: Reintalet må ned!

Til startsida

sveilund@online.no