Innlegg av Svein Lund på Raudt sin nordnoregskonferanse 30.09.2008.

Den anti-samiske rørsla i Noreg

Presentasjon

Eg vil starte med å fortelje kva eg ikkje er:
- Eg er ikkje leiar for noko som helst (med unnatak av redaksjonen for Samisk skolehistorie)
- Eg er ikkje same
- Eg er ikkje medlem av Raudt
- Eg skal ikkje snakke om det emnet som var satt opp her
Når eg likevel har blitt bedt om å seie noko her, trur eg det er fordi eg har skreve ein del innlegg om samerett og andre samiske forhold dei siste 30 åra.
Eg skal i første rekke snakke om det eg kallar "Den anti-samiske rørsla i Noreg"

Erklærte anti-samar

For eit par år sidan dukka det opp nokre sider på internett frå "Interesseorganisasjonen mot samer", som viste seg å vere ein makaber spøk frå nokre silkeramp på Oslo Vest. Bortsett frå dette har eg ikkje funne organisasjonar som har ope erklært seg for anti-samiske. Dei erklært anti-samiske organisasjonane er altså eit heilt marginalt fenomen, det er ikkje dei eg blir å snakke om.

Ikkje-erklærte anti-samar

Eg skal i staden snakke om dei som når dei blir angrepe svarar som så: "Vi er ikkje anti-samiske, vi vil bare ha likebehandling av alle i Noreg".
Det eg kallar den anti-samiske rørsla er ein politisk tendens som har kome til uttrykk i dei fleste miljø, innafor dei fleste politiske parti og i periodar som eigne organisasjonar. Den anti-samiske rørsla arbeider for å påverke styresmaktene sin politikk i spørsmål som gjeld samane, i retning av å gi færre rettar og mindre støtte til samisk språk, kultur, næringsliv og samfunnsliv. Rørsla vil å avskaffe eller forhindre reguleringar som skal verne samiske næringar og samisk kultur mot ikkje-samar sin frie framferd i samiske område.

Så langt har dei ikkje oppnådd hovudmålet sitt. Men dei har likevel oppnådd å sette dagsorden for store delar av den samepolitiske diskusjonen i Noreg. Dei har gjennom eit massivt engasjement i media klart å få mange til å tvile på det historiske, juridiske og politiske grunnlaget som den offisielle samepolitikken er bygd på dei siste 25 åra, dei har tvunge alle som forsvarer samiske rettar over i forsvarsposisjon, også for grunnleggande fakta som vi har rekna som innlysande, som at ein i det heile kan snakke om eit samisk folk.

Med den anti-samiske rørsla meiner eg ikkje kunnskapsløyse, anti-samiske haldningar og fordommar hos "det tause mindretal", men dei som aktivt i media og organisasjonar har arbeida for enten å forsvare statens politikk overfor samiske krav eller gått til åtak på styresmaktene fordi samane etter deira oppfatning fikk for store rettar.

Ein av dei som har tatt til motmæle mot den anti-samiske rørsla er Yngve Hågensen i Alta. Han skreiv i fjor eit avisinnlegg under tittelen "Herrefolk i Finnmark":
"For tiden foregår en storstilt antisamisk kampanje i fylket, i kjølvannet av Finnmarksloven. En rettighetsdebatt i revers, der sentrale politikere og andre aktivister prøver å rulle samenes historie tilbake. Tre av de mest rabiate kommer fra den såkalte venstresida: En "avsjelet" AKPer, en AP-politiker og en stortingsrepresentant fra Sosialistisk Venstreparti. ....
Krefter som misliker endring i maktforholdene prøver gjerne å omskrive historien. en nystiftede organisasjonen Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL) jobber etter denne strategien, og reduserer dessuten demokrati til tull om tall. Kommentator i Dagbladet, John Olav Egeland, satte nylig fingeren på dette fenomenet: "I dag kommer rasismen forkledd som krav om likebehandling. Den bygger på en totalt falsk forestilling om at det er majoriteten som er ofre."
Det er mørketid i Finnmark."

Koloniseringshistoria

Den norske staten er bygd på territoriet til to folk. Av desse hadde det eine folket, eller herskarklassen innafor dette, kontroll over denne staten, og staten blei ein reiskap til å styre det andre folket. Til dette hadde staten eit lovverk, eit skolestell, ein kyrkjeorganisasjon og aktiv spreiing av ein ideologi for å legitimere den norske si overlegenheit over det samiske. Lenge støtta denne ideologien seg på den såkalla vitskapelige rasismen som delte menneska inn i høgare og lågare rasar.

Som kjent har staten sin politikk overfor samane endra seg mye gjennom historia. To hovudsaker har likevel stått fast:
1. Dei rike naturressursane i samiske busettingsområde måtte kunne utnyttast av storsamfunnet og majoritetsbefolkninga.
2. Den norske staten sin statsrettslige makt innafor eigne grenser var ukrenkelig, og alt som kunne truge denne måtte motarbeidast.

Strid frå 1700

Innafor denne ramma har det likevel vore strid om i kva grad samar skulle ha rett å drive sine næringar, i kva grad dei skulle tillatast å praktisere eigen kultur og bruke eige språk i forskjellige samanhengar.

Nokre gikk inn for at samane skulle fornorskast raskast mogleg med alle tilgjengelige middel, andre meinte dei skulle få fortsette å praktisere kultur og språk til dette døydde ut av seg sjølv. Desse motsetningane har vi godt dokumenterte i alle fall frå først på 1700-talet. Fram til slutten av 1800-tallet er det i første rekke striden innafor kyrkja som er kjent for ettertida. Dette var heller ikkje ei tid for allmenn politisk organisering. Samisk motstand mot kolonisering kom bl.a. til uttrykk gjennom læstadianismen, med at ein så godt som råd forsøkte å lure seg unna plikter i forhold til kyrkje og skole osv.

Organisert motstand og svar

I samband med skjerpinga av fornorskingspolitikken sist på 1800-talet fikk vi for første gong ein offentlig debatt om samepolitikken, noko som hadde samanheng med framveksten av aviser, både riksaviser, norske lokalaviser og i ein viss grad samiske aviser. Der kom samiske krav mer eller mindre til orde. Nokre norske politikarar forsvarte aktivt fornorskingspolitikken, mens andre nordmenn tok samane i forsvar og hevda at dei hadde rettar som opprinnelige innbyggarar i landet og at kulturen og språket deira var verdt å ta vare på. Desse sameforsvararane blei da møtt med knusande angrep tilbake, med ein debatt-teknikk som ikkje ligg det minste tilbake for den vi har sett i seinare år. (Eg vonar å få tid til å gjøre eit grundigare studium av avisspaltene i den tida.) Dei glimta eg har sett tyder på at det i første rekke var myndigheitspersonar som skoledirektøren og biskopen som tok for seg avvisinga av samiske krav. Seinare, når det på 30-talet blir letta litt på dei aller hardaste fornorskingstiltaka, kjem det opp debattantar utan formelle maktposisjonar som skriv innlegg f.eks. mot ideen om eigen samisk folkehøgskole. Et eksempel er dette utdraget av eit innlegg frå 1935: "Det eksisterer nemlig kun etslags folk i Finnmark, nemlig nordmenn. Slaa ned det gamle sludder om et tilbakeliggende mongolsk folk som skal behandles og fornorskes efter særskilte metoder. Sørg for at det samiske behandles med pietet som det sømmer sig interessante fortidslevninger. Men gi ungdommen chansen til aa komme inn paa rett kjøl og paa like fot med all anden norsk ungdom." (Jfr. FrP: Ingen særbehandling!)

Dei dominerande kreftene i arbeidarrørsla viste ikkje særlig forståing for samiske krav, og overgangen til A-regjering førte da heller ikkje til noko endring i samepolitikken. Nokre medlemmar i DNA, både norske og samiske, forsøkte å ta opp kampen, men vann ikkje fram. Fornorskingspolitikken var no så fast etablert i DNA at det på 1930-talet var lite behov for eit aktivt forsvar for denne. Kritikken av fornorskinga hadde i stor grad stilna etter at kritikarane tidligare nærast var slått ned i skoa.

Etterkrigstida

Klimaendringa starta med avslutninga av 2. verdskrigen og oppgjøret med nazismen. Samordningsutvalet for skoleverket ville opne for undervisning på samisk, seinare kom Samekomiteen med innstilling om tiltak for samisk kultur, språk og næringsliv. No fikk vi for første gong ei masserørsle retta mot samiske krav og mot styresmaktene som ønska å innfri ein del av dei. Høgdepunktet var Påskeopprøret i Karasjok 1960, der ei stor forsamling av samar avviste all særbehandling: "Vi vil derfor med alle midler motsette oss ethvert tiltak som har til formål å bevare den samiske befolkning i et eget organisert samfunn i Indre Finnmark. ... Vi protesterer mot alle tiltak som nødvendiggjør opprettelsen av spesielle organer for samene, og vi henstiller i denne forbindelse om at "Samisk Råd" for Finnmark snarest må bli oppløst. (Jfr: FrP: Legg ned Sametinget)

Altakampen

Etter ein 25-års periode utan samisk organisering, byrja samar å organisere seg i etterkrigstida. Med stiftinga av NSR i 1968 hadde vi for første gong på neste 50 år ein landsorganisasjon som var open for alle samar. Denne blei etterkvart ein klarare kamporganisasjon for samiske rettar, og møtte derfor også motstand både i storsamfunnet og blant samar som hadde funne seg til rette med fornorskinga.

Den største og hardaste kampen om samiske rettar var Altakampen, rundt 1980. Her organiserte samiske og ikkje-samiske motstandarar av utbygginga seg i Folkeaksjonen, mens tilhengarane organiserte borgervern under parola "Orden og arbeid". Denne organisasjonen hadde forøvrig sine kjernetropper i mye av det samme miljøet som ein organisasjon vi skal komme tilbake til.

Samerettsutvalet og Sametinget

Altakampen endte på eit vis 1-1. Utbygginga blei gjennomført, men det blei samtidig sett ned eit samerettsutval, noko som skulle få store konsekvensar etter kvart. Den første innstillinga frå utvalet førte til oppretting av Sametinget og ein del andre reformer. I fleire miljø, særlig i Finnmark, var det motstand mot dette, men motstanden kom mest til uttrykk innafor partia, utan at det blei danna noko eiga motstandsorganisering. Det blei ein del avisdiskusjon, men temperaturen i diskusjonen var relativt moderat i forhold til det som skulle komme seinare.

Samelova og læreplanen

Samelova blei innført i to omgangar. Den første, av 1988, med oppretting av Sametinget, fikk små konsekvensar for folk som ikkje var eller ikkje rekna seg som samar. Den neste, språkreglane, førte til oppretting av "forvaltningsområdet for samisk språk". Desse fikk konsekvensar for heile kommunar, der folket var kløyvd i synet på det samiske. Mange reagerte på at kommunen og befolkninga blei stempla som samar. Seinare fikk denne inndelinga enno større konsekvensar, med at samisk læreplan frå 1997 skulle gjelde for alle skolar i forvaltningsområdet. Det førte straks til store protestar. I Tana blei det oppretta heile to organisasjonar, Foreldreaksjon mot samisk læreplan og den meir ekstreme Nei til Sameland, som ikkje bare retta seg mot læreplanen men også mot alle samiske krav og rettar.

(Eg kan i denne forsamlinga ikkje halde meg for å nemne at Finnmark RV dette året virkelig slo til og opna valkampen på Tanabru under parola "Ja til Sameland". Kunne det ha skjedd i dag og kvifor ikkje?)

Sett i ettertid ser i alle fall eg på den striden med noko andre auga. Mye av motstanden kom av ei firkanta behandling av læreplanspørsmålet frå både Sametinget, Samisk utdanningsråd og sentrale styresmakter si side. Det bør innrømmast at læreplanen slik den var formulert i Indre Finnmark ikkje var eigna for blanda og fornorska område. Eg trur mange har innsett dette, men ei offentlig innrømming sit langt inne. Desse feila blei utnytta av virkelig anti-samiske krefter som FrP og leiinga i Nei til Sameland, og gjorde at dei fikk altfor mange med seg. Også i andre kommunar, som Kåfjord og Porsanger var det protestar mot den samiske læreplanen.

SV som anti-samisk parti

Samme året kom Samerettsutvalet si innstilling om retten til land og vatn i Finnmark, som bl.a. gikk inn for at utmarka i Finnmark skulle forvaltast av eit organ vald av Sametinget og Fylkestinget. Som eg sjølv skreiv i ein artikkel da innstillinga kom: "No brakar det laus". Og det gjorde det. At innstillinga kom midt i nominasjonsprosessen til stortingsvalget gjorde ikkje temperaturen lågare. Dette året skjedde eit av dei største tilbakeslaga for samane og framstega for den anti-samiske rørsla; SV skifta side, frå eit pro-samisk til eit anti-samisk parti. Det skjedde etter hard kamp og med knapt fleirtal, men førte deretter til utmelding av mange samar og tilsvarande tilslutning frå anti-samiske krefter. SV fikk den tvilsame æra å få den første stortingsrepresentant valgt med ein anti-samisk politikk som hovudsak, Olav Gunnar Ballo. Mens det i alle fall frå rundt 1970 hadde vore det normale at venstresida var positiv til samiske krav (sjølv om det kunne vere både og med engasjement og forståing), fikk vi no to anti-samiske spydspissar, ein på høgresida (FrP) og ein på venstresida (SV).

Finnmarkslova

Det tok heile 8 år frå SRU si innstilling og til Finnmarkslova blei vedtatt. Det skuldast både den store motstanden i fylket og at skiftande regjeringar ikkje ønska å innrømme samane så store rettar som innstillinga la opp til. Regjeringa Bondevik la i 2003 fram eit forslag som på mange måtar braut med SRU, som bare ville ha ei formell omorganisering, men likevel beholde makta i det sentrale statsapparatet. Da Sametinget totalt avviste denne, blei det politisk umogleg å presse lova gjennom utan endringar, og det endte med eit kompromiss som både Sametinget og Fylkestinget godtok. Sjølv om den endelige lova låg nærare SRU, skilte ho seg ut på viktige område; mens SRU snakka om Finnmark grunnforvaltning, blei det no Finnmarkseiendommen. Begge opnar for særrettar for bygdelag eller familiar som kan vise til alders tids bruk, men bare Finnmarkslova opnar for å gi eigedomsrett til utmark på slikt grunnlag. Lova synest å vere eit kompromiss mellom dei som ønska kollektive samiske rettar og dei som ønska privatisering. Dette skiljet går ikkje mellom den norske parten på den eine sida og den samiske på den andre, det fins begge syn på begge sider. Kompromisset er såpass uklart at ingen veit enno kva som kjem ut av det, når Finnmarkskommisjonen behandlar krav om privat eigedomsrett til utmark. (Denne framstillinga er eigentlig alt for enkel, skulle vore meir nyansert.)

Eg vil her understreke at det er heilt rimelig at mange var og er skeptiske til Finnmarkslova. Sjølv såg og ser eg denne som eit framsteg i forhold til Statsskog, i alle fall i teorien, eg er meir og meir i tvil om praksis. Motstanden mot Finnmarkslova er ikkje nødvendigvis anti-samisk, men eg ønsker her å vise at motstanden har blitt og blir leia av krefter som må karakteriserast som anti-samiske og som forsøker å utvide misnøyen med delar av Finnmarkslova til ein generell motstand mot heile grunnlaget for sameretten og reversere alt samane har oppnådd dei siste tiåra.

Kor er venstresida?

Frå byrjinga av 70-talet, gjennom Altakampen og eit stykke vidare har den politiske venstresida vore ein viktig støtte og tildels drivkraft i forhold til den samiske kampen. Finnmarkslova skulle vere svaret på hovudkravet vårt under Altakampen - samisk rett til land og vatn i Finnmark. Men da lovforslaget kom låg venstresida nede for teljing i forhold til denne saka. I SV hadde den anti-samiske fløyen tatt makta, med partileiinga si stillteiande godkjenning. Innafor Finnmark RV var det innflytelsesrike krefter som sympatiserte med Ballo & Co, og dei som ikkje gjorde det var for veike til å ta eit oppgjør. Sentralt virka det som verken RV eller AKP sentralt eller Klassekampen ønska å engasjere seg i saka, sjølv om dei fikk atskillige oppmodingar.

Aksjonen mot Finnmarkslova

I denne situasjonen var det at den anti-samiske rørsla fikk ein ny sjølvutnemnd leiar, i kraft av ein enorm mengde lesarbrev og initiativet til underskriftsaksjon mot Finnmarkslova. Eg ønsker ikkje å gjøre dette til eit personlig angrep, men det er umogleg å komme utanom Jarl Hellesvik. For denne, enno uorganiserte, rørsla var han eit funn. Han var kjent og respektert frå tidligare arbeid i RV, Nei til EU og Naturvernforbundet, han hadde sjølv samisk bakgrunn og hadde tidligare i liten grad markert seg i samiske spørsmål. Han satte sjølv opp grunnlaget for underskriftsaksjonen mot Finnmarkslova, der han i motsetning til SV ikkje kjørte på samansetjinga av styret for FeFo, men på frykta for privatisering. Kritikken av lova var tilsynelatande ein kritikk frå venstre, og i underskriftsgrunnlaget sto det ingen ting om samar eller Sametinget. Eg siterer heile dette, da det forklarer mye av aksjonen sin suksess:
"Talsmenn for forslagene til Finnmarkslov, har gitt klart uttrykk for at de ønsker å bruke Finnmarksloven til å legge til rette for privatisering av Finnmarksallmenningen.
Jeg er imot privatisering av Finnmarksallmenningen.
Derfor krever jeg:
1. Forslagene til Finnmarkslov trekkes tilbake.
2. Befolkningen i Finnmark er aldri blitt spurt om vi mener at det er greit at Finnmarksallmenningen privatiseres. Dersom forslagene til Finnmarkslov ikke trekkes, krever jeg derfor at det avholdes en folkeavstemning i Finnmark om dette før saken behandles i Stortinget."

Dette var intet mindre enn ein genistrek, (og i parentes bemerka ein skam at vi ikkje gjorde meir for å avsløre det.) Kritikken av lova går bare på spørsmålet om privatisering. Likevel krevast det ikkje ei endring av dei punkta som kan føre til privatisering, nemlig Finnmarkskommisjonen, men ei full tilbaketrekking av lova. På grunn av det påståtte privatiseringstrugsmålet fikk denne tilslutning langt ut på venstresida. Samtidig fikk ein tilslutning på høgresida, ikkje fordi dei hadde noko mot privatisering, men fordi dei var mot Finnmarkslova og trulig forsto at dette var ein lur taktikk. Aksjonen fikk over 11000 underskrifter, noko som er ganske imponerande i Finnmark. Sjølv om det ikkje står i underskriftsgrunnlaget, er det ingen tvil om at motstand mot samerett var sentralt for mange av underskrivarane. Atskillige rapportar fortel da også at dette sto sentralt i argumentasjonen til mange av underskriftssamlarane.

Så lenge underskriftskampanja pågikk, argumenterte Hellesvik sjølv hovudsakelig med privatiseringa. Angrepa hans på samiske organisasjonar og leiarar var i hovudsak knytta til dette: NSR er eit høgreparti fordi Nystø er for privatisering, osv. Etter underskriftskampanja skjer det raskt ei merkbar utviding av kritikken hans av statens samepolitikk; han hevdar at ILO-konvensjonen er feil oversatt, ikkje gjeld samane, at samar ikkje er urfolk osv. NSR og andre samiske organisasjonar stemplast som "ekstreme etniske sjåvinistar". Samtidig går han til knallhard offentlige uthenging av alle som skriv mot han, dette rammar særlig samerettstilhengarar på venstresida. Seinare har han utvida oppgjøret med samepolitikken til å benekte tvangsfornorskinga og hevde at det er å fornærme dei norsktalande samane å hevde at dei er fornorska ved tvang. Det er i dag vanskeleg å sjå klare forskjellar på samepolitikken til FrP og JH.

EDL

Det neste store framstøtet til den anti-samiske rørsla var organiseringa av organisasjonen Etnisk og demokratisk likeverd, eit namn minst like misvisande som visse partinamn her i landet. EDL har hovudsete i Alta og leiaren er lokalpolitiker for DNA. Hovudsaka deira er å reversere Finnmarkslova og fjerne all representasjon for Sametinget. Men det materialet dei gir ut viser at dei har ein agenda ut over det, dei forsøker bl.a. å trekke tilbake ILO-konvensjonen, og omskrive historia til at samar aldri har vore undertrykte, men at det derimot no er ikkje-samar som er diskriminerte.

Oppslutninga om organisasjonen er skremmande, med over 500 betalande medlemmer på halvtanna år har dei blitt ein betydelig maktfaktor og dei har klart satt seg som mål å reversere ikkje bare Finnmarkslova, men heile statens samepolitikk.
I EDL si vervebrosjyre blir det skrive: Er du en av de over 11000 som deltok i underskriftskampanjen mot Finnmarksloven? Ønsker du fortsatt å støtte opp om dette arbeidet?
Med andre ord: Alle som skreiv under på eit opprop mot privatisering skal no takast til inntekt for eit heilt anna politisk grunnlag.

Den store innverknaden EDL har viser seg ved at det så vidt eg veit ikkje er noko parti verken på fylkesplan i Finnmark eller på landsplan som har tatt klart og tydelig avstand frå organisasjonen. Nærast er faktisk DNA, der Bjarne Håkon Hansen, daverande statsråd for samiske saker, fordømte organisasjonen i klartekst, såpass at EDL blei fornærma.
[Her blei eg korrigert i debatten etter innlegget mitt. Leiar i Raudt tok i 1997 offentlig avstand frå EDL på eit møte i Alta.]

Historieforfalsking

Den anti-samiske rørsla har etter kvart bygd seg opp eit ideologisk grunnlag basert på si eiga oppfatning av historia. Denne historieoppfatninga har røter tilbake til siste halvdel av 1800-talet, da ein del av den nasjonalistiske bølga var å omskrive historia frå at samar var urfolk til at dei var seine innvandrarar frå aust. Sidan har det stått strid om dette, men etter kvart fikk igjen urfolksteorien overtaket, både i faglige og politiske kretsar. Det har likevel heile tida vore dei som har arbeida for å rive ned denne. I faglig miljø har dei vore representert av eit par professorar i historie og jus, i kvasifaglig miljø av diverse bygdebokforfattarar. Ein sentral person i debatten har vore Karsten Adriansen, med boka "Er samene Finnmarks urbefolkning?". Ein annan har vore offiser og FrP-politikar Trygve Andersen. EDL har skaffa seg eit "fagråd", som består av Jarl Hellesvik og Knut Skog, som skal vere faglige garantistar for EDL si historieoppfatning. Eg har skreve meir om dette i ein kronikk i Klassekampen; Forfalsking av samehistoria.

Ta dei på alvor!

Det eg kallar ei anti-samisk rørsle er ei ganske breitt samansett forsamling. Nokre av dei brukar ekstreme og ope rasistiske argument, mens andre ikkje går så langt. Vi kan likevel sjå dei som EI rørsle fordi dei alle bygger opp om kvarandre og ingen tar avstand frå andre sine utspel, kor ekstreme dei enn måtte vere. Det største opposisjonspartiet og sannsynlig framtidige regjeringspartiet FrP er ein sentral del av denne rørsla. Dei vil legge ned Sametinget og sløyfe alle løyvingar til samiske formål, og avskaffe undervisning i og på samisk. Med dette partiet sin oppslutning for tida er dette skremmande nok, men det blir forsterka av at EDL arbeider tverrpolitisk for å få fleire parti med på same linja. Særlig satsar dei på DNA, som tidligare har vore eit solid fornorskingsparti og som aldri har blitt samla konsolidert på samerettslinja som fikk fleirtal i partiet på 1980-talet. Vinn dei over DNA, vil svært mye av det som har vore vunne i samekampen stå for fall. Vi kan gå inn i ei ny fornorskingstid.

Kva gjør så samiske organisasjonar og Sametinget i denne situasjonen? Dessverre fint lite. Det virkar som dei ikkje tar trugsmålet alvorlig nok, men bare jobbar vidare i sitt eige miljø, der motsetningane mellom sametingsrådet og opposisjonen blir det viktigaste, sjølv om desse står 90% på samme grunnlag. Dei svarar stort sett ikkje på kritikk, dei har ingen informasjonskampanje om grunnlaget for sameretten, dei prioriterer etter mi meining alt for lågt å skaffe seg eit bedre grunnlag i folkeopinionen, både den heilnorske og blant folk med samisk eller blanda opphav som ikkje sluttar opp om Sametinget sin politikk i dag. Også folk med faglige kunnskapar i historie, arkeologi, språkvitskap og jus, som har grunnlag for å tilbakevise dei anti-samiske avisinnlegga synast også i alt for liten grad, sjølv om her er hederlige unnatak.

Kvifor så stille?

Som sagt har dei pro-samiske kreftene på venstresida vore i bakleksa i denne saka. Sjølv skjemmest eg over at eg ikkje var meir aktiv i dette da motstanden mot Finnmarkslova kom, eg ser no samanhengar som burde vore sett og sagt den gong. Eg veit det er mange, både folk som soknar til SV, til Raudt og uavhengige på venstresida som reagerer mot den anti-samiske kampanja og særlig at markerte venstresidepolitikarar står sentralt her.
Men dei tar ikkje opp kampen. Kvifor? For det første er det ikkje lett, verken politisk, faglig eller menneskelig. Spørsmålet om nasjonal sjølvråderett og autonomi har alltid vore eit stort stridsspørsmål på venstresida, ikkje bare i Noreg, men internasjonalt. Det er ikkje ei opplagt sak at den løysinga som blei vald for samisk representasjon i Norden, sameting ut frå manntal, er den einaste rette. Og jo meir makt Sametinga får, jo meir problematisk blir denne modellen.

Mye av diskusjonen går på historie, noko går på språk og språkhistorie. Her sleng anti-aktivistane frå seg ei mengde ugrunna påstandar som ein, dersom ein skal tilbakevise dei, må ha både meir kunnskap enn dei fleste har og meir spalteplass enn avisene er villige å gi.

For mange, særlig folk med samisk bakgrunn, gjør dette så vondt at dei ikkje klarer å forholde seg til det. Dei melder seg bare ut av diskusjonen, anten i form av å trekke seg tilbake og halde kjeft, eller bokstavelig talt, slik ein tidligare sentral samepolitikar i Raudt gjorde, i protest mot at han følte at hans eigen organisasjon no motarbeida den samiske kampen. Vi som ikkje sjølv har kjent undertrykkinga og nedvurderinga av det samiske på kroppen har vondt for å forstå fullt ut korleis desse stadige angrepa på alt samisk smertar. Når eg ser kor hardt det er å forsvare sameretten i nokre miljø i dag, har eg forståing for at ingen av meiningsfellene mine i Hammerfest synest i avisspaltene.

Dei som har følgt med i Finnmarksavisene vil ha sett at ved sida av underteikna, har vi det siste året vore tre som mest aktivt har reist kampen mot den anti-samiske rørsla. Vi tre reknar oss alle til venstresida, vi er to uavhengige og ein SV:ar, og vi har etter kvart utvikla eit visst samarbeid. Eg kan i denne forsamlinga ikkje unnlate å nemne at av det har vore svært få medlemmar av Raudt som har forsvart sameretten i avisene dei siste åra, særlig gjeld det i Finnmark.

Kva må gjørast?

Når eg likevel ser meining i å stille opp her, er det fordi eg ser det er ein del folk som ønsker å gjøre noko med det. Eg ser det som eit svært positivt teikn at Raudt har fått eit samepolitisk utvalg, men det verkar så langt som dei har kome ganske kort i arbeidet. Eg vonar vi kan få ein god diskusjon om kva som må gjørast, og at denne både blir prinsipiell og konkret.

Eg skal ikkje føregripe diskusjonen alt for mye, men vil peike på nokre sentrale punkt:
1. Det er framleis naudsynt å slå tilbake den anti-samiske rørsla og svare kontant og konkret på innlegga deira. Det er ein feil taktikk å forsøke å teie dei ihjel eller oversjå dei. Framgangen deira i 2005 har nettopp samanheng med at dei ikkje møtte skikkelig motstand.
2. Dei pro-samiske kreftene må komme på offensiven, kjøre fram offensive samiske krav og argumentere for dei, ikkje bare forsvare tiltak og vedtak som er gjort. Bare på den måten kan vi vise at samane enno ikkje har oppnådd full rettferd, men at det må offensive krav for å redde det som er tilbake av samisk kultur.
3. Vi må torde også å kritisere samiske organisasjonar, Sametinget og FeFo når vi er usamde med dei.
4. Vi må skolere oss sjølve og legge til rette for at andre kan få skolering i grunnlaget for samepolitikken.
5. Vi må aktivt utfordre alle på venstresida som ikkje ønsker å engasjere seg i dette, fordi tausheita deira i praksis går den anti-samiske rørsla sitt ærend. Det gjeld leiande politikarar i fleire parti, og det gjeld ikkje minst avisa som trass alle politiske endringar framleis bærer namnet Klassekampen.


Til hovudsida.