Artikkel sendt diverse aviser mai 2001. Noko kortare utgåve trykt på samisk i Min Áigi 11.5.2001

Norsk-samisk ordbok - for kem?

Bokmelding

Norsk-samisk ordbok har endelig kome ut. For alle som arbeider med samisk språk har denne boka vore eit stort sakn. Men sjølv om ein no kan finne samisk omsetting for 25000 norske oppslagsord, er det svært mye som manglar på at denne boka dekker behovet.

Av Svein Lund

Endelig har ho kome - ei bok mange har venta på i år etter år. Dei fleste nordmenn ville vel ikkje tru det, men det har fram til i vinter ikkje eksistert noko ordbok frå norsk til (nord)samisk i gjeldande rettskriving, med unnatak av ei knøtt lita ei som bare kan vere nyttige for dei som er heilt på nybyrjarnivå i eit av språka.

5-6 år har gått sidan Samisk -norsk ordbok kom, og forlaget kunngjorde at den norsk-samiske versjonen var rett om hjørnet. Med ujamne mellomrom har dei sagt at no kjem ho, men i februar i år var det altså alvor, og no skal alle bokhandlar i alle fall kunne skaffe boka. 450 kronar kostar ho, og for alle som har noko med samisk språk å gjøre er ho vel verd pengane. Av dei 25000 oppslagsorda er det 5000 nye ord som ikkje var med i Samisk-norsk ordbok. Ordboka er eit kollektivt verk, så det står ingen forfattar på tittelbladet. Men grunnlaget er Pekka Sammallahti si Samisk-finsk ordbok som kom for eit tiår sidan, og Samisk-norsk ordbok som igjen bygger på denne og som kom i 1995.

Sjølv heiv eg meg i bestillinga så snart eg hørte boka var i farta, og eit par månadar har eg brukt ho flittig, etter som eg hadde eit hundretal sider eg måtte omsette frå norsk til samisk. Utan denne boka hadde det knapt vore til å tenke på. Kvar gong eg har leita etter eit ord, men ikkje funne det, har eg skreve det opp på ei liste. Og da eg no telte saman, sto det 180 ord på denne lista. Det er overraskande mange vanlige norske ord som ordboka ikkje har med. Eg kan nemne eksempel som avhengig, bevise, etterlyse, fornærmelse, handling, prege og råvare. Mange av desse orda som manglar finst faktisk i Thor Frette si gamle ordbok frå 1975. Blant dei 5000 nye orda finn ein mange nyord både i samisk og i norsk, men om ein leitar etter ord for den datateknologi, finn ein verken tastatur, hjemmeside, vevside, nettleser eller søkemotor.

På norsk har eit ord ofte fleire tydingar, og om ein omset frå norsk til eit anna språk, må ein passe på å ikkje velge feil tyding. Skal ein for eksempel omsette ordet egg, må ein skilje mellom det som høna legg og det som er skarpt på kniven. Akkurat dette er med i denne ordboka, men det er ei rekke andre ord med fleire tydingar, der bare ein av dei har kome med. Eg kan nemne fjern, orientering, ramme og skuffe. Når det finst mange alternative omsettingar til samisk av eit norsk ord, er alle dei samiske alternativa ført opp alfabetisk. Dette er sikkert enklast for dei som har laga boka, men absolutt ikkje for brukaren. Det hender da ofte at den mest vanlige omsettinga kjem midt inni ei lang rekke, eller heilt til slutt, mens det første ordet bare dekker ei svært avgrensa tyding. Dette gjør at ordboka blir dårlig eigna for den som ikkje allereie kan ein god del av begge språka. For nybyrjarar i eit av språka vil det derfor vere betre å starte med den gamle "miniordboka", Johan Jernslettens Norsk -samisk ordbok frå 1995.

Omsettingar og forklaringar ser for det meste ut til å halde mål, men nokre stader er dei etter mi meining heilt på jordet. Freelance er omsatt med beaivvebálkkálaš, noko som på norsk ville bli daglønna. Ettersom eg sjølv er ein slik freelancar, veit eg bare alt for godt at eg ikkje får betalt pr. arbeidsdag, men bare for det er skriv og klarer å få solgt. Ser du dette på prent har eg fått betalt, men ikkje for alle dei dagane eg har brukt til å undersøke ordboka.

At utgangspunktet har vore ei samisk-norsk ordbok, skin gjennom mange stader. Ein har beholdt eksempel som verkar meiningslause slik dei står, som bare kan forklarast som resultat av at ei heilt anna bok har blitt snudd ved hjelp av datamaskin.

Likevel er det ikkje dei direkte feila og manglane som er det største problemet med boka. Største veikskapen er etter mitt syn at forlag og forfattarar ikkje synest å ha bestemt seg for kven ein skriv for. Hovudtittelen på boka er på norsk, med undertittel på samisk, og både forord og forklaringar er skreve på norsk. Da eg såg det byrja eg å tenke: Kem er denne boka egentlig laga for? Er ho for folk som har norsk som morsmål, for folk med samisk som morsmål eller begge delar? Oppbygginga av ordartiklane gir ikkje noko svar på dette. Etter det norske oppslagsordet kjem det ei forkorting for ordklasse, nokre stader er det uklart om denne gjeld det norske eller det samiske ordet. Deretter kjem den samiske omsettinga, og så ofte ei forklaring av det norske oppslagsordet, på norsk. Nokre gongar er det naudsynt med er forklaring, som når eit ord har fleire tydingar og derfor må omsettast til forskjellige ord i målspråket. Men å ha lange forklaringar på norske ord på norsk, verkar her meiningslaust. Norsktalande treng vanligvis ikkje denne forklaringa, da dei kjenner tydinga av dei fleste oppslagsorda. I den grad samisktalande som jobbar med å lære seg norsk treng det, så skulle dei hatt denne forklaringa på samisk.

Både norsktalande og samisktalande treng ei norsk-samisk ordbok. Mellom dei store verdsspråka blir det gjerne laga to slags ordbøker: Morsmål - framandspråk og Framandspråk - morsmål. Det finst for eksempel engelsk-tysk for engelsktalande og engelsk-tysk for tysktalande. For norsk-samisk er det trulig ikkje verken marknad eller produksjonskapasitet til å lage to slike parallelle ordbøker. Men da må ein vere bevisst på kven ein skriv for og så langt som råd ta omsyn til begge gruppene i same ordboka. Ei av behova ei slik ordbok skal fylle blir da at samiskspråklige skal kunne slå opp her når dei les norsk tekst og finn ord dei ikkje forstår. Derfor er det viktig at ein i ei slik bok kan slå opp på så mange norsk ord som råd. Og her kjem ei av hovudinnvendingane mine mot boka: Norsk-samisk ordbok er bare frå bokmål til samisk. Sjølv om mangeognitti prosent av samane skriv bokmål når dei skriv norsk, må dei og kunne lese nynorsk om dei skal berge seg i storsamfunnet. Og nynorsk har mange ord som samisktalande, som bare har hatt bokmålsnorsk på skolen, ikkje har lært. Og nettopp til dette treng dei, ja akkurat, norsk-samisk ordbok, der dei kan slå opp på røynsle, røyndom, medvet og beine.

Å lage ordliste er eit stort og møysommelig arbeid som kan ta mange år. Språka endrar seg (både samisk og norsk) og om det i løpet av dette tiåret skal kunne komme ei ny ordbok som fyller dei hola eg har peika på, er det på tide å starte. Denne ordboka står det private forlaget Davvi Girji bak. Men er ikkje både framtida til det samiske språket og samane si forståing av norsk eit offentlig ansvar? Bør ikkje Sametinget, samiske språkinstitusjonar, norske sentrale styresmakter og Norsk Språkråd no sette igang og finansiere eit nytt prosjekt slik at det for eksempel i 2005 kan komme ei ordbok frå all slags norsk til samisk?

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Feil og manglar i norsk-samisk ordbok

1. Norske oppslagsord som manglar:
allmenndannende, almue, amputere, avanse, avansere, avansert, avhengig, avlyse, avskjære, barnebidrag, belysning, bevise, bidra, bidrag, bitte liten, bokmerke, chips, dominerende, ekstrem, ekstremist, elite, engasjere, engasjement, ensretting, enten (- eller), ese, etterlyse, etterlysning, etterretning, fagforening, faks (telefaks), fantastisk, fatal, fenomenal, finurlig, fiskarbonde, flint, forholde seg, forsyne, forsyning, fotnote, fornærmelse, fragment, fragmentert, frustrasjon, frustrerende, frustrert, føring, gitter, gjenvinne, grill, grunnfag, handle (om), handling, hegne (om), helsestell, helsevesen, henholdsvis, hovedfag, hovedoppgave, hverandre, inkludere, innfødt, innføre, innmat, innskrift, innslag, inntrykk, insisterer, intellektuell, irrelevant, isblokk, karakterisere, kjennemerke, kjennetegne, kjerneområde, kjørebane, klarne, klumsete, knøtt, konsentrasjon, krenkelse, kritiker, likhetstegn, lompe, løsrive, matlaging, merkestein, mestring, metallurgi, motbevise, navigere, nisje, nisse, nostalgi, nybrottsarbeid, omfattende, omkjøring, omløp, oppdrag, oppskrift, oppsummere, oppsummering, opptrapping, orientere, orientere seg, overbygning, overgang, overta, perspektiv, pest, pol, polakk, polfarar, polsk, prege, preparere, protestere, raffinert, reindyrke, reise seg, rekrutt, rekruttere, relevans, respektere, retningslinje, råke, råvare, satse, sentrere, sitat, skjebnesvanger, skruis, skuffelse, småting, snaufjell, spesifisere, spesifisert, spindel, stake (stake ut vegen), standpunkt, stemt (lyd), stritte, styrtregn, særtegne, telefaks, tempo, tilegne (skiller ikke mellom tilegne og tilegne seg), tilgang, tilgjengelig, tilsi, tjuv (tyv, tjuvjo er med), trend, tvangstrøye, tviholde, ty (ty til), tyngdepunkt, uaktuell, uhemma, underutvikla, unik, usett, utdype, utdyping, utelukke, utgang, utgangspunkt, utgave, utheve, utplassering, utprega, utsøkt, utøve, utøver, velferd, verken ( - eller), vinkling, ørliten, øsregn

2. Tvilsomme oppslagsord, oversettelser og definisjoner
hoveddialekt s. váldosuopman (dominerende dialekt), herde, klasse, Folkerase = álbmotčearda, rase, freelance = beaivvebálkkálaš, lese (folkemedisinsk betydning)

3. Trykkfeil
kvalp: juypling, tilegne seg: gjøre ti sitt, polarjo: 3 feil i forklaring

4. Bare ei av flere betydninger oversatt:
element, fjern, fordypning, hovedsaklig, innretning, narr (holde narr av), offer, orientering (ikkje bare sport), overvåking (vákšun), ramme (v) (mangler bl.a. čuohcit), rein, retning, rumle, stand, skuffe, stamme (fra), underordne, uttale, vinke


Til startsida

sveilund@online.no