Denne artikkelen er opprinneleg skreve 06.10.2000, men revidert og oppdatert fleire gongar, seinast 27.02.2001. Men alt er ikkje oppdatert, nokre opplysningar vil derfor allereie vere forelda.
Mesteparten av dette står og i den noko kortare samiskspråklige versjonen: "Interneahtta sámegiela haga?",
Ein enno kortare utgåve er trykt på samisk i Min Áigi, i tre delar 29.12.2000, 03. og 05.01.2001.

Denne artikkelen er skreve i Unicode-format, det vil seie at du må stille inn nettlesaren din på Unicode for å få samiske bokstavar rett gjengitt.

_______________________________________________________________________________________________________________

Svein Lund:

Ingen samisk på internett?

* Korfor er det så lite samisk på internett?
* Ka er problema med å bruke samisk i databehandling og datakommunikasjon?
* Kordan kan desse problema løysast?

Dette er ikkje enkelt å finne ut av og derfor er det og stor mangel på kunnskap om dette, både i media, blant datafolk og ikkje minst blant samiske og norske politikarar som burde vere ansvarlige for å gjøre noko med saka.

Eg har jobba med å finne ut av dette, men det er framleis mye eg er usikker på. I oktober la eg ut det første eg hadde skreve og eg har allereie fått fleire hjelpsomme reaksjonar, som har hjulpe meg til å rette opp mange feil og manglar. Sjølv om ei forkorta utgåve av dette sto i  Min Áigi i desember 2000 / januar 2001, vil eg forsøke å halde denne fila oppdatert ettersom det skjer endringar og eg får tilgang på nye opplysningar.

Eg oppmodar derfor alle som les dette til å lese kritisk og til å sende kommentarar til sveilund@online.no

Del 1. Ka finst på samisk på nettet?

Internett er i ferd med å bli ei av dei viktigaste informasjonskjeldene i verda. Det tar over mye av rolla til aviser, tidsskrift, radio, TV, bibliotek og vår eiga bokhylle. Men i den enorme informasjonsmengda som finst på nettet er det nesten ikkje eit ord på samisk. Ka blir konsekvensen for samisk språk dersom dette får fortsette? Ka som kjem på nettet er eit svært viktig kulturpolitisk spørsmål. Men ingen styrer nettet, derfor har ingen ansvar? Eller har dei?

Det finst inga full oversikt over internett og det er derfor vanskelig å seie akkurat kor mange nettstader som har meir eller mindre samisk tekst eller kor mange sider samisk tekst som finst på nettet. I tillegg skjer det heile tida endringar, og ein oversikt over internettsider vil derfor aldri vere fullstendig.

Det er 9 samiske hovuddialektar, av dei har 6 eigne skriftspråk. Både i munnlig og skriftlig bruk er nordsamisk større enn dei andre dialektane til saman, og når det gjeld samisk på internett, kan vi trygt seie at nordsamisk står for langt over 90% av det som finst. Det finst nokre ganske få nettstader med lulesamisk tekst, og svært få sider på sørsamisk og enaresamisk.

Bare 1/4 på samisk

Eg har sett gjennom det eg har funne av nettstader, knytta til offentlige institusjonar, samiske utdannings- og kulturinstitusjonar, media, forlag, samiske organisasjonar og bedrifter som ein kunne venta seg ville bruke samisk språk i større eller mindre grad. Til saman har eg sett på omlag 66 nettstader. Private heimesider har eg i denne omgangen heldt utafor.

Av landa der det bur samar synast den relativt beste dekkinga med samisk tekst å vere på finsk side. Av dei 13 nettstadene eg har sett på har fem samisk og finsk tekst, tre har samisk, finsk og engelsk, 4 har finsk og engelsk og ein har bare engelsk tekst.

Av 15 undersøkte nettstader i Sverige har 10 bare svensk, 2 svensk og engelsk, mens 3 har svensk og samisk.

Av 36 nettstader i Noreg har 16 bare norsk, 9 har norsk og engelsk, 11 norsk og samisk, 3 har norsk, engelsk og samisk med tillegg av eitt av språka tysk, russisk eller finsk, 1 bare engelsk og 2 bare samisk.

3 nettstader er fellessamiske og vanskelige å plassere under eitt land. Ein stad er heile 6-språklig med samisk, norsk, svensk, finsk, engelsk og spansk, ein er svenskdominert med litt samisk, mens den tredje er bare på engelsk.

Eit enkelt reknestykke gir at 29 av 66 nettstader med sterk samisk tilknytning har meir eller mindre samisk tekst. Det gir 44 %. Dei to nettstadane som er bare på samisk er så dårlig laga eller forelda at informasjonsverdien i praksis er lik null. Av dei som har tekst på fleire språk kan det variere svært kor mye som finst på samisk. I beste fall har dei full parallellkjøring på samisk og eitt eller fleire andre språk, men for dei fleste er det ein ganske liten del som finst på samisk. Nokre nettstader har bare forsida fleirspråklig, og alle sider bakom er på riksspråket eller engelsk. Av den samla informasjonsmengda på desse nettstadene vil eg anslå at knapt 25% ligg føre på samisk.

Sametinga

Vi startar med å sjå på dei tre sametinga og dei underordna organa deira.

Her skil det finske Sametinget (http://www.netti.fi/~samedigg) seg positivt ut. Frå forsida kan ein velge mellom språka finsk, nordsamisk, austsamisk, enaresamisk, svensk og engelsk. På austsamisk er det ingenting å finne, på enaresamisk er det eit einskild dokument, men på nordsamisk synest det å vere like mye som på finsk. Og her er mye interessant informasjon å hente, både om sjølve Sametinget og underliggande råd og kontor, ikkje minst gjeld det for Sametinget si avdeling for utdanning og læremiddel (http://www.netti.fi/~samedigg/oamatda).

Det svenske sametinget (http://www.sametinget.se) har og fyldig informasjon på internett. Men denne er bare på svensk og engelsk. Frå hovudadministrasjonen ser det ikkje ut til at ein gong har tenkt tanken på å informere på samisk. Ikkje eingong Samisk språkråd i Sverige har noko på samisk. Der presenterer dei seg på svensk og skriv at «Språkrådets uppgifter är blant annat att -stärka det samiska språkets ställning i samhället, - uppmuntra användingen av samiskan». Men dette gjeld tydeligvis ikkje innafor internett. Sameskolstyrelsen, som no er eit organ under Sametinget, gir på si første side valet mellom svensk, samisk og engelsk. Svensk og engelsk fungerer bra, men under samisk er det tomt. Den einaste staden innafor sametingssystemet der vi fann noko på samisk er under Sametingets bibliotekstjänst (http://www.sb.sametinget.se).

Det norske Sametinget (http://www.samediggi.no) har inntil siste året glimra med sitt fråver på internett. No har det kome ei prøveutgåve med ganske lite informasjon. Men det som er er på samisk og norsk. Den store nettsatsinga til Sametinget skulle først presenterast i 3. kvartal 2000, så før jul, så i januar 2001. Pr. 28.2. skal det framleis komme i januar......

Samisk Språkråd (http://www.samisk-sr.no) har overlatt produksjonen av sine vevsider til Tromsdata, med eit resultat som ikkje akkurat fungerer som reklame. Disse sidene er i stor grad uleselige og også her prega av at programmerarane ikkje har konsekvens i kodinga av samiske bokstavar. Her er det ekstra ille, ettersom språkrådet sine sider skal kunne brukast til å finne rett skriftlig form av samiske ord.

Samisk utdanningsråd var tidlig ute med å lage sider for internett, og desse fungerte ganske bra så lenge dei blei oppdaterte. Men med overgangen til Sametingets opplæringsavdeling er sidene forsvunne utan at noko så langt har kome i staden.

Samiske organisasjonar

I både Sverige, Finland og Noreg er det ei rekke samiske organisasjonar og alle har dei programfesta kor viktig det er å bevare og utvikle samisk språk. Men det synest å vere lettare å stille krav om samisk til styresmaktene enn å stille kravet til seg sjølve.

I Noreg har dei største sameorganisasjonane NSR (http://www.nsr.no) og SFF (http://www.samisk.folkeforbund.no) bare eller praktisk talt bare norsk på internettsidene sine. Samisk studentforening i Tromsø (http://www.student.uit.no/sssr) har sider som reklamerer med fleire språk, men med heilt minimalt innhald.

I Sverige synest alle sameorganisasjonar å presentere seg bare på svensk. I alle fall gjeld dette for Samernas Riksförbund (http://www.sapmi.se), Samerna (http://home3.swipnet.se/w-33684), og sameforeningane i Soppero og Karesuando (under http://www.byarinorr.se)

I Finland er det i første rekke studentforeninga Suohpan som har stoff på samisk (http://www.student.oulu.fi/suohpan), ved sida av finsk og engelsk. Både City Sámit og Roavvenjárgga sámisearvi (http://www.dihtosis.com/mii) annonserer at dei har informasjon på samisk og finsk, men om vi søker vidare, er nesten alt bare på finsk. Frå ungdomsorganisasjonen Suoma Sámi Nuorat finn vi eit einaste oppslag, det er på engelsk. (http://www.itv.se/boreale/rovaniemi)

Men dei fellessamiske organisasjonane da, dei som har medlemmar i tre eller fire land, dei må da bruke samisk? Samerådet sine sider er så bortgjømte at det tok lang tid før eg fann dei. Om ein søker på «Samerådet» eller «Sámeráđđi», finn ein dei nemlig ikkje. Samerådet sin informasjon ligg på http://www.samicouncil.org. Der blir ein først invitert til å velge språk mellom samisk, norsk, engelsk og tysk. Men det er bare under engelsk at det er noko innhald. Under samisk, norsk og tysk er det heilt tomt!

Begge dei samiske kvinneorganisasjonane er på nettet. Sámi Nissonforum (http://home.c2i.net/leneant) brukar både samisk, norsk, engelsk og finsk og teksten er stort sett parallell. Sáráhkká (http://www.same.net/sarakka) har derimot mest svensk, bare litt på samisk.

Utdanning og forsking

Universiteta i Oulu (http://www.oulu.fi/suosalo) og Umeå (http://www.umu.se/samiska) presenterer samisktilbodet sitt på samisk i tillegg til riksspråket, mens Universitetet i Tromsø (http://www.hum.uit.no/sam) bare brukar norsk. På Universitetet i Tromsø finst derimot eit senter for samiske studier (http://www.uit.no/ssweb), som publiserer parallelt på samisk og norsk, og til og med har lagt ut ein del dokument bare på samisk.

Samisk høgskole i Guovdageaidnu (http://www.samiskhs.no) har fram til den siste tida bare presentert seg på norsk, men no har det endelig kome samisk tekst.

Av samiske vidaregåande skolar har skolen i Kárášjohka kome på nettet, men bare på norsk (http://www.karasjok-sami.no), mens skolen i Guovdageaidnu ikkje har lagt ut noko. Derimot har Nordreisa videregående skole (http://www.nordreisa.vgs.no) informasjon om skolen på samisk! I Sverige er Samernas utbildningscentrum i Jokkmokk på nettet (http://www.samernas.nu), på svensk. I Finland kan ein finne litt informasjon på samisk om gymnaset i Ohcejohka (http://edtech.oulu.fi/ftp_root/opt/optutsjo/opt459/Samepaa), mens det samiske utdanningssenteret i Anár (http://www.sogsakk.fi) bare brukar finsk.

Av grunnskolar med samiskundervisning er det trulig ikkje mange på nettet. Vi har funne Sameskolen i Troms (http://home.trollnet.no/sameskolen), som bare presenterer seg på norsk, mens derimot Sentrum skole i Vadsø (http://www.vadso.kommune.no/skole/samisk) slår til på samisk. Også Soppero skole i Sverige presenterer seg på samisk og svensk, mens vi på finsk side finn ein presentasjon av grunnskolane i Ohcejohka kommune i lag med den nemnde informasjonen om gymnaset der.

Internett burde vere eit godt medium for fjernundervisning, men synest ikkje å vere nokon av dei samiske skolane som har tatt den utfordringa. Det har derimot det private firmaet ABC-company i Karasjok gjort. Dei har starta noko dei kallar «e-skuvla», med kurs i samisk for norsktalande, skrivekurs i samisk for samisktalande, hjelpesider for grunnskoleundervsining om samiske forhold osv. All ære til dei for initiativet, men burde ikkje det offentlige skoleverket gjort denne jobben?

Media

Den suverent viktigaste samiske nettstaden og samtidig ein av dei aller beste, er Saamiweb, http://www.saamiweb.org, ei fellessatsing av sameradioane i Noreg og Sverige. Her finn ein både nyhende og magasinstoff på samisk, norsk, svensk, finsk, engelsk og spansk. I all hovudsak fungerer og samisken bra, men nokre stader er det slurva med kodinga av samiske bokstavar. Norsk sameradio har overlatt alt til Saamiweb, og har derfor for tida ikkje eigne internettsider. Svensk sameradio har derimot eigne sider, men dei er bare på svensk. Finsk sameradio har bra sider på samisk og finsk.

Av samiske aviser og blad er det svært varierande internettsatsing. Min Áigi har prøvd seg med nokre sider som ser riktig fine ut (http://www.minaigi.no), men for ei avis som kjem 2 gonger i veka, vil internettsider vere av avgrensa verdi når dei ikkje er oppdatert siste året. Áššu har vald å servere sitt internettstoff på norsk (http://www.finnmark.net/nyheter/assu). Samefolket (http://www.samefolket.se) held seg som i papirutgåva mest til svensk, men med nokre få artiklar på samisk, blant dei finn vi både nord-, lule- og sørsamisk.

Det største samiske forlaget Davvi Girji (http://www.davvi.com hadde tidligare internettsider på samisk, sjølv om desse var vanskelige å lese for mange. No har dei lagt om til nye sider, her er det bare den norske teksten som fungerer, mens den samiske utgåva svært lenge har vore «under konstruksjon». Forlaget DAT presenterer seg på samisk, norsk, tysk og engelsk.

Det er ei rekke mindre firma som selger tolke- og omsettingstjenester. Det kan ikkje seiast å vere nokon god reklame at ingen av dei synast å ha klart å lage internettpresentasjon på samisk. ABC-Company i Kárášjohka er nemnt for initiativet med e-skuvla, men vevsidene til firmaet (http://www.abc-company.no) synas å stille sterkt i konkurransen om Internetts største bløffmakar. På første sida gjør dei kjent at dei opererer med 5 språk. Men av dei er det bare eitt som virkar, nemlig norsk. Verken tolkebyrået Áiti (http://www.aiti.no) eller Samipress (http://www.samipress.net), begge i Guovdageaidnu, har tekst på samisk.

Kultur

Samisk språk og kultur heng nøye saman, men samisk kultur blir bare unnataksvis presentert på samisk. Beaivvaš Sámi Teahter sine sider er utelukkande på engelsk: http://www.beaivvas.com

Påskefestivalen i Guovdageaidnu kan ein lese om på engelsk og norsk, Samisk kulturforum (http://samisk.kultur.net/home) er bare på norsk.

Det heiderlige unnataket er Riddu Riđđu-festivalen i Gáivuotna (http://home0.c2i.net/riddu), som har tekst både på samisk, norsk, engelsk og russisk! Rett nok har dei ikkje hatt perfekt grep om kodinga av samiske bokstavar, men det er småfeil. (Dette er skreve før festivalen sist sommar, i februar 2001 er desse sidene ikkje oppe.)

Offentlig informasjon

Statar og fylkeskommunar/len har minimalt med internettinformasjon på samisk. Det einaste eg har funne er frå Finland, der lovar som er spesielt aktuelle for samane er gjengitt på samisk og finsk på http://finlex.edita.fi/saami. Heller ikkje flesteparten av dei kommunane som klart er definerte som samiske i lova, som Eanodat / Enontekiö, Anár / Inari og Ohcejohka / Utsjoki i Finland, eller Guovdageaidnu / Kautokeino og Kárášjohka / Karasjok i Finnmark, har informasjon på samisk. Det har derimot Deanu / Tana kommune. Eit positivt trekk er at Info-nuorra eller Ung-info i Guovdageaidnu, som tidligare bare hadde norske sider, no også har samisk. Reindriftsforvaltninga brukar bare norsk.

Private bedrifter

Av private bedrifter innafor produksjon og sal, er det ikkje så mange i samiske område som er på nettet i det heile. Og dei som er der, brukar norsk og engelsk. Ei av dei, lavvofabrikken Venor i Guovdageaidnu, grunngir dette med at «hovedmålgruppen er ikke samer».

Samenet

Samenet (http://www.same.net), som drivast ut frå Samernas Utbildningscentrum i Jokkmokk, spelar ei viktig rolle i å utvikle datakommunikasjon i det samiske samfunnet. Men dette viktige nettstaden presenterast bare på svensk. Samenet har ein offentlig open del og ein som er for dei som er påmeldte som brukarar. Den opne delen brukar bare svensk, men i den lukka delen kan vi finne ein del innlegg frå brukarar på samisk.

Samiske bokstavar eller kråketær?

Sjølv om mesteparten av informasjonen frå dei samiske nettstadane er på andre språk enn samisk, finst det likevel ein god del samisk tekst. Men delar av dette vil vi ha vanskelig for å lese, ettersom dei fleste av dei 7 samiske bokstavane som ikkje finst i det norske eller engelske alfabetet, ikkje kjem fram slik dei skal vere. Dei kan forsvinne heilt eller komme som firkantar, linjer, brøkar, spørreteikn, matematiske teikn eller sjeldne bokstavar som eg her ikkje skal forsøke å gjengi, ettersom dei vil sjå forskjellig ut for dei fleste lesarane. Noko av dette vil vi kanskje kunne rette opp gjennom innstillingar på vår eigen datamaskin, men mye vil bli verande slik, ettersom årsaka er at desse bokstavane har forskjellige kodar i forskjellige dataprogram og dei endrar seg ikkje automatisk. Mange slike sider kan lesast perfekt dersom den som les har samme programmet som den som skriv, men det er sjeldan ein er så heldig at vevmeistaren gjør lesaren merksam på ka for program og skrifttyper som er brukt. Dessverre er her og ganske mange sider som er prega av stor forvirring, der fleire kodetabellar er brukt om kvarandre, og der same bokstaven kan vere gjengitt på forskjellig vis.

På ein del samiskspråklige sider vil ein i staden for kråketær finne at dei særsamiske bokstavane er erstatta med andre bokstavar frå det engelske alfabetet, slik at č blir til c, đ blir til d osv. Da har dei som har skreve inn dette i utgangspunktet gitt opp å få ei rett gjengiving, og tenkt som så at det er lettare å lese ein č som c enn å lese han som ein firkant eller eit spørreteikn. Særlig lettlest blir det ikkje, men for den som er stødig i samisk går det som regel an å få med seg innhaldet. For ein som treng å bruke ordbok, derimot, er det ganske håplaust.

Ettersom det vil variere med ka slags maskin og programvare ein har, kan ein ikkje seie akkurat kor stor del av dei samiskspråklige sidene som er fullt leselige. Når eg i min PC  med Windows 95, nettlesaren Netscape 4.7. velger samiske skrifttyper etter kodetabellen WS2 ("Levi") som standard, er det bare omlag ein tredel av dei samiskspråklige nettstadane som kjem fram i normal samisk. Med anna datamaskin, anna programvare og/eller anna innstilling, kan andre sider bli leselige, mens dei sidene eg såg godt i kombinasjonen som er nemnt over, blir fulle av kråketær. For ein som har Mac vil det spesielt vere vanskelig å lese samiskspråklige sider som er laga på ein PC. I neste del skal vi sjå på kordan dette heng saman.

Dette var første del av artikkelen. Her finn du andre del. ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske språkspørsmål

Til startsida

sveilund@online.no