Innlegg i Klassekampen 25.06.2004, i samband med ein artikkelserie om 100-års-jubileet for unionsoppløysinga i 1905.
Det opprinnelige innlegget tok også opp andre ting, men avisa ville bare ha denne delen. Her er heile den opprinnelige artikkelen

Svein Lund:

Ein stat på territoriet til to folk

Debatten om 100-års-jubileet for unionsoppløysinga har for det meste gått på Noreg som nasjonalstat i forhold til EU. At vi har ein norsk nasjonalstat bygd på norsk språk og kultur blir stort sett tatt for gitt. I den samanheng finn eg det påkrevd å sitere ei setning som først blei formulert av dåverande høgsterettsjustitiarius Carsten Smith og seinare gjentatt av Kong Harald:
"Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk, det norske og det samiske."
Ei feiring av norsk sjølvstendigheit som ikkje tar opp dette, vil vere ei nasjonalsjåvinistisk feiring. Så langt saknar eg dette perspektivet i Klassekampen sin serie om 1905. Av meir enn ti større og mindre innlegg, er samane direkte nemnde i to og indirekte i eitt. Johan Galtung nemner såvidt undertrykkinga av Kautokeino-opprøret i 1852, mens Fakhra Salimi hevdar at ein same også er norsk. Gudrun Kløve Juuhl foreslår "det fleirkulturelle Nord-Noreg" som ei ramme om markeringa i Tromsø. Ingen har så langt nemnt korleis den norske nasjonalismen i politikk og kulturliv i tiåra før og etter 1905 slo ut for samane.

Dei fleste nordmenn tenker i dag på Noreg som eit klart definert landområde som alltid har vore norsk. Mange er ikkje klar over at i eit halvt årtusen etter at Noreg blei "samla til eitt rike” var det dengong samiskdominerte området som i dag er Nord-Troms og Finnmark ikkje nokon integrert del av kongeriket. Kommunen der eg bur, Guovdageaidnu, har bare vore ein del av Noreg i 253 år, Sør-Varanger bare i 178 år.

Det var ingen samar på Eidsvoll i 1814. Det var ingen samar med verken da Stortinget vedtok parlamentarismen i 1884, jordlova av 1902 (som sa at i Finnmark måtte jord bare selgast til norskspråklige) eller unionsoppløysinga i 1905. Det var heller ingen samar med i kommisjonen som i 1897 blei utnemnd for å lage lov om reindrift eller på møtet i 1901 som la planar for internatbygging i Finnmark.

Om samane og kvenane i tida fram til unionsoppløysinga var fråverande i norsk politikk som aktørar, var dei i høgaste grad til stades som objekt for statens politikk. Det einaste samiske opprøret på 1800-talet blei brutalt slått ned samtidig med at staten slo ned Thranittarrørsla. Samtidig starta omlegginga av samepolitikken til ei gjennomført fornorsking, som starta i skolen og etter kvart også omfatta heile samfunnet, med kyrkja, jordbrukspolitikken og helsevesenet som dei sentrale områda. Ei av dei virkelig store satsingane innafor norsk skolehistorie var Finnefondet, som blei oppretta i 1851. Finnefondet blei utelukkande brukt til fornorskingstiltak overfor samar og seinare kvenar, og løyvingane var på det meste oppe i over ein promille av det norske statsbudsjettet. Dei var pr. år omtrent på nivå med dei samla løyvingane til samiske formål i vår tid.

På 1800-talet utvikla det seg ein sterk norsk nasjonalisme, på det kulturelle, språklige og politiske området. Ivar Aasen og Knud Knudsen gikk i spissen for kvar si linje for fornorsking av skriftspråket, ingen av dei nemnde at det fantest andre språk enn norsk i Noreg. I norsk litteratur var samane så godt som fråverande i den nasjonalromantiske perioden. Det er slåande at i den tida da norsk språk styrka seg i forhold til dansk, blei samtidig samisk og kvensk hardt undertrykt. I 1879 vedtok Stortinget at dialekten, ikkje skriftspråket skulle ligge til grunn for undervisninga av norske barn. Omtrent samtidig blei instruksen for språkbruk i språkblandingsområde endra, slik at samiske barn ikkje lenger skulle lære å lese samisk, men bare norsk (dansk). Den borgarlege nasjonalismen / nasjonalromantikken var ei hevding av det norske i seg sjølv, ikkje ei rørsle for likeverd mellom folkeslag. Derfor kunne og nokre av dei fremste representantane for kampen for norsk nasjonalt sjølvstende samtidig vere blant dei ivrigaste fornorskarane av minoritetar.

Det virkar som ingen av dei norske nasjonalistane såg nokon samanheng mellom det å fremme norsk språk og kultur og at samane hadde retten til å fremme sitt språk og sin kultur. Den samanhengen fantest det derimot samar som såg. Den harde fornorskinga rundt århundreskiftet førte til motstand, som kom til uttrykk i samiske aviser, tilløp til organisasjonar og den første samiskspråklige skjønnlitteraturen. Mye av dette var inspirert nettopp av den norske nasjonale reisinga. Ein av dei fremste samiske leiarane på den tida, forfattaren av den samiske nasjonalsangen, Isak Saba, var på Tromsø seminar kome i kontakt med målsaka, som han omtalte som “åndens frihetskamp i Norge”. Seinare kasta han seg inn i kampen for at samane skulle ha samme retten til sitt språk. Finske samar blei forøvrig samtidig på samme vis inspirert av den finske nasjonale rørsla, utan å få noko støtte tilbake derifrå.

Fornorskingspolitikken, som i siste halvdel av 1800-talet var blitt stadig hardare, fortsatte med uforminska kraft etter 1905. For den nye sjølvstendige staten var det viktig å sikre ei befolkning som var norskspråklig og norskkulturell, særlig i grenseområda . Dette skjedde dels gjennom å tvinge den samiske og finske befolkninga til å skifte språk, dels gjennom innflytting av heilnorske nordmenn til områda som var dominerte av “fremmede nasjonaliteter”, som samar og kvenar blei omtalt som.

Finnefondet eksisterte i praksis så godt som eit hundreår. Fornorskingsinstruksen for skolen av 1898 var gjeldande politikk til 1960-talet. Først i løpet av det siste tiåret har nokre av dei fremste representantane for den norske staten beklaga denne politikken, men trass i eit 4 1/2 år gamalt løfte frå Bondevik er det enno ikkje betalt ut eit øre i erstatning. Ved 100 års jubileet for norsk sjølvstende bør vi trekke fram denne historia og samtidig kreve at staten gjør opp for brotsverka mot samar, kvenar og andre nasjonale minoritetar.

Det neste spørsmålet ein bør stille er da sjølvsagt kva ein norsk sjølvstendig stat kan bety på godt og vondt for samane i Noreg i dag. Det skal eg ikkje forsøke å svare på her, men oppmode Klassekampen til å innby samiske skribentar og samepolitikarar til å seie noko om det. Ein kan f.eks. starte med den noverande sametingspresidenten, som er EU-tilhengar eller visepresidenten eller den førre sametingspresidenten , som begge er EU-motstandarar.


Til startsida

sveilund@online.no