Artikkel skreve for Klassekampen juni 2004. Artikkelen var meint som innlegg i ein artikkelserie om 100-års-jubileet for unionsoppløysinga i 1905. Redaksjonen ville bare ta inn den delen som tok opp samiske spørsmål, men her er heile originalartikkelen min.

Svein Lund:

100 år utan union er ikkje nok!

Er det noko å feire at Noreg neste år har hundreårsjubileum som sjølvstendig nasjon, spør Klassekampen. Ja, det er all grunn til å feire det, for alle oss som meiner det er bra at Noreg er ein sjølvstendig stat, og at 100år ikkje er nok. Ikkje minst når sjølvstendet igjen er truga, når nettopp jubileumsåret kan bli året for den femte søknaden om medlemskap i ein ny union.

Å feire noko samtidig som ein arbeider for å avskaffe det er i beste fall meiningslaust. Mens 100-års-jubileet kjem som hår i suppa for EU-tilhengarane, kjem det som ei gåvepakke for oss som ønsker å forsvare norsk sjølvstende. Det gir ein gyllen sjanse til å vise at eit EU-medlemskap vil bety slutten på Noreg som sjølvstendig stat. Denne sjansen må vi gripe, og byrje førebuinga av ei alternativ feiring som bør bli mye større enn regjeringa si avleiingsmanøver. Hovudinnhaldet i ei slik markering bør vere feiring av og forsvar av norsk sjølvstende, men samtidig bør det vere eit kritisk tilbakeblikk på norsk nasjonalisme på godt og vondt. Vi må ikkje la den offisielle feiringa få monopol på internasjonalt perspektiv, men la dette bli prega av eit kritisk blikk på Noreg i verda og eit forsvar for at alle andre nasjonar har samme rett til nasjonalt sjølvstyre som Noreg. Eg vil nemne tre av dei sakene som bør trekkast fram i lyset ved eit slikt jubileum.

Eit sjølvstendig Noreg

Sidan den norske staten blei oppretta ein gong for vel tusen år sidan, har landet tre gongar blitt underlagt andre statar for kortare eller lengre tid. Kvar gong har det sjølvstendige Noreg gjenoppstått, i alle fall for ei stund, i 1814,1905 og 1945. Fire gongar har dei leiande kreftene i det norske borgarskapet forsøkt å avskaffe det norske sjølvstendet gjennom å legge oss under ein ny union: i 1960, 1967, 1972 og 1994. Det femte framstøtet er som vi veit i full gang.

I den siste tida har det kome fram i Klassekampen og andre aviser at å gå inn i dagens EU betyr eit totalt brot med prinsippa som den norske grunnlova er bygd på. Eit EU-medlemskap vil sette svenskeunionen fullstendig i skuggen. Spørsmålet om EU-medlemskap er det viktigaste politiske spørsmålet i Noreg dei siste 45 åra og vil trulig vere det heilt fram til EU har gått i oppløysing ein gong i framtida.

Nasjonal sjølvråderett dreier seg ikkje om at det norske politikarar eller kapitalistar er noko betre enn andre. Uansett kva vi måtte meine om den til ei kvar tid sittande regjering og tilsvarande stortingsfleirtal, er sjansane til å vinne fram med folkelige krav, både på parlamentarisk og uparlamentarisk vis langt betre overfor den norske staten enn overfor eit EU styrt av monopolkapital og totalt livsfjerne byråkratar. I samband med valet til EU-parlamentet påviste Klassekampen at desse vala ikkje var uttrykk for noko demokrati. Det var ikkje noko diskuterande offentligheit rundt saker som det valde parlamentet skal behandle, ingen diskusjon der alle kunne delta på eit språk dei kunne. Valkampen gikk på nasjonale saker som ikkje blir avgjort i EU-parlamentet. Velgarane røysta anten mot heile systemet med å sitte heime eller med røystesedelen mot den sittande regjeringa i sitt eige land. Betre kan det ikkje demonstrerast at utan nasjonal sjølvråderett kan det ikkje vere noko demokrati.

Nasjonal sjølvråderett er ikkje bare eit abstrakt prinsipp. Ved EU-medlemskap vil rammene for samfunnsutviklinga vere lagt så lenge vi er medlem. Om kommunar, fylke og statar vil bygge på andre verdiar enn dei som målast i pengar vil vere i strid med EU-regelverket og dermed ulovlig. (Dette har vi fått ein forsmak på gjennom EØS-avtalen, gjennom medlemskap vil det bli langt meir omfattande.) Norske naturressusar, næringsliv og offentlige tjenester skal vere ope for fri konkurranse og den sterkaste sin rett. EU diskuterer i dag om ein skal ta Gud inn i grunnlova. Det synast derimot heilt uaktuelt å ta omsyn til mennesket og til naturen.

Vi som ønsker å hevde norsk sjølvstende må derfor ta leiinga i markeringa av dagen. 7. juni bør bli ei massemønstring under parola: "100 års sjølvstende er ikkje nok - hald Noreg utafor Unionen!" Vidare bør ein sette søkelyset på dei avgrensingane som i dag er på det norske sjølvstendet og kreve Noreg ut av EØS og Schengen.

Nasjonal sjølvråderett som internasjonalt prinsipp

Når vi feirar og hevdar norsk nasjonal sjølvråderett, må vi samtidig tilkjenne andre den same retten og støtte dei som kjempar for retten til å styre i sitt eige land. Den nasjonale sjølvråderetten må hevdast som eit internsaojnalt prinsipp, både mot direkte invasjon og okkupasjon som i Jugoslavia,Afghanistan, Irak og Haiti og mot at internasjonale organisasjonar som WTO og IMF pressar statar til å føre ein bestemt politikk. Alle land skal ha rett til å utvikle sitt eige økonomiske system og verne sitt eige næringsliv. Samtidig betyr det å anerkjenne nasjonale minoritetar sin rett til utvikling på grunnlag av eige språk og kultur.

Alternativa både til sjåvinistiske og einsretta nasjonalstatar og til fjernstyring frå Brussel og Washington må vere sjølvstendige nasjonalstatar som samtidig gir fulle kulturelle rettar til nasjonale minoritetar.

Territoriet til to folk

"Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk, det norske og det samiske." Desse orda blei først formulert av dåverande høgsterettsjustitiarius Carsten Smith og seinare gjentatt av Kong Harald.

Ei feiring av norsk sjølvstendigheit som ikkje tar opp dette, vil vere ei nasjonalsjåvinistisk feiring. Så langt har dette kome dårlig fram i Klassekampen sin serie om 1905. Ingen har så langt nemnt korleis den norske nasjonalismen i politikk og kulturliv i tiåra før og etter 1905 slo ut for samane.

Dei fleste nordmenn tenker i dag på Noreg som eit klart definert landområde som alltid har vore norsk. Mange er ikkje klar over at i eit halvt årtusen etter at Noreg blei "samla til eitt rike” var det dengong samiskdominerte området som i dag er Nord-Troms og Finnmark ikkje nokon integrert del av kongeriket. Kommunen der eg bur, Guovdageaidnu, har bare vore ein del av Noreg i 253 år, Sør-Varanger bare i 178 år.

Det var ingen samar på Eidsvoll i 1814. Det var ingen samar med verken da Stortinget vedtok parlamentarismen i 1884, jordlova av 1902, som sa at jord bare måtte selgas til norskspråklige, eller unionsoppløysinga i 1905. Det var ingen samar med i kommisjonen som i 1897 blei utnemnd for å lage lov om reindrift eller på møtet i 1901 som la planar for internatbygging i Finnmark.

Om samane og kvenane i tida fram til unionsoppløysinga var fråverande i norsk politikk som aktørar, var dei i høgaste grad til stades som objekt for statens politikk. Det einaste samiske opprøret på 1800-talet blei brutalt slått ned samtidig med at staten slo ned Thranittarrørsla. Samtidig starta omlegginga av samepolitikken til ei gjennomført fornorsking, som starta i skolen og etter kvart også omfatta heile samfunnet, med kyrkja, jordbrukspolitikken og helsevesenet som dei sentrale områda. Ei av dei virkelig store satsingane innafor norsk skolehistorie var Finnefondet, som blei oppretta i 1851. Finnefondet blei utelukkande brukt til fornorskingstiltak overfor samar og seinare kvenar, og løyvingane var på det meste oppe i over ein promille av det norske statsbudsjettet.

På 1800-talet utvikla det seg ein sterk norsk nasjonalisme, på det kulturelle, språklige og politiske området. Ivar Aasen og Knud Knudsen gikk i spissen for kvar si linje for fornorsking av skriftspråket, ingen av dei nemnde at det fantest andre språk enn norsk i Noreg. I norsk litteratur var samane så godt som fråverande i den nasjonalromantiske perioden. Det er slåande at i den tida da norsk språk styrka seg i forhold til dansk, blei samtidig samisk og kvensk hardt undertrykt. I 1879 vedtok Stortinget at dialekten, ikkje skriftspråket skulle ligge til grunn for undervisninga av norske barn. Omtrent samtidig blei instruksen for språkbruk i språkblandingsområde endra, slik at samiske barn ikkje lenger skulle lære å lese samisk, men bare norsk (dansk). Den borgarlege nasjonalismen / nasjonalromantikken var ei hevding av det norske i seg sjølv, ikkje ei rørsle for likeverd mellom folkeslag. Derfor kunne og nokre av dei fremste representantane for kampen for norsk nasjonalt sjølvstende samtidig vere blant dei ivrigaste fornorskarane av minoritetar.

Det virkar som ingen av dei norske nasjonalistane såg samanheng mellom det å fremme norsk språk og kultur og at samane hadde retten til å fremme sitt språk og sin kultur. Det var det derimot nokre samar som gjorde. Den harde fornorskinga rundt århundreskiftet førte til motstand frå samane, denne kom til uttrykk i samiske aviser, tilløp til organisasjonar og den første samiskspråklige skjønnlitteraturen. Mye av dette var inspirert av den norske nasjonale reisinga. Ein av dei fremste samiske leiarane på den tida, forfattaren av den samiske nasjonalsangen, Isak Saba, var på Tromsø seminar kome i kontakt med målsaka, som han omtalte som “åndens frihetskamp i Norge”. Deretter kasta han seg inn i kampen for at samane skulle ha samme retten til sitt språk. Finske samar blei forøvrig samtidig på samme vis inspirert av den finske nasjonale rørsla, utan å få noko støtte derifrå.

Fornorskingspolitikken, som i siste halvdel av 1800-talet var blitt stadig hardare, fortsatte med uforminska kraft etter 1905. For den nye sjølvstendige staten var det viktig å sikre ei befolkning som var norskspråklig og norskkulturell, særlig i grenseområda . Dette skjedde dels gjennom å tvinge den samiske og finske befolkninga til å skifte språk, dels gjennom innflytting av heilnorske nordmenn til områda som var dominerte av “fremmede nasjonaliteter”, som samar og kvænar blei omtalt som.

Finnefondet eksisterte i praksis så godt som eit hundreår. Fornorskingsinstruksen for skolen av 1898 var gjeldande politikk til 1960-talet. Først i løpet av det siste tiåret har nokre av dei fremste representantane for den norske staten beklaga denne politikken, men trass i eit 4 1/2 år gamalt løfte frå Bondevik er det enno ikkje betalt ut eit øre i erstatning. Ved 100 års jubileet for norsk sjølvstende bør vi trekke fram denne historia og samtidig kreve at staten gjør opp for brotsverka mot samar, kvenar og andre nasjonale minoritetar.


Til startsida

sveilund@online.no