Artikkel i Klassekampen, 06.05.1998

Frå kol til ny skog

Nowy las, "ny skog" er eit omgrep i industriområdet Sląsk langst sør i Polen. Han er ikkje ny bare fordi at han er planta. Sjølve skogbotnen er og ny, for han består av mange meter tjukke lag av avfall frå gruver og industri. Han er resultat av utvinninga av den skogen som sto her for millionar av pår sidan.

Av Svein Lund, Swiętochłowice, Polen

Górny Sląsk eller på tysk Oberschlesien er eit av dei største industriområda i Europa. Her låg fabrikkar og gruver tett allereie for hundre og femti år sidan. Dengang fantest ikkje Polen som stat på kartet og grensene mellom Tyskland, Østerrike og Russland møttest nettopp her. Da Polen gjenoppsto som stat etter 1. verdskrigen var dette det vanskeligaste område å trekke grensa i. Befolkninga var blanda tysk og polsk og Versaillestraktaten bestemte at det skulle holdas folkeavstemning i kvar kommune om dei ville høre til Tyskland eller Polen. Tyskarane kjørte inn masse folk slik at dei vann røystingane. I tida 1919-21 gikk derfor den polske befolkninga tre gonger til opprør, med det resultat at Polen berga dei austlige delane av dette sentrale industriområde. Rundt i Sląsk kan ein enno sjå monument over opprørarane dengongen.

Eldgamal industri

Som industriområde har Sląsk røter tilbake heilt til til 1500-talet, det starta med bly og sølv-gruver. Seinare blei kol og jern dei viktigaste ressursane og allereie på 1700-talet gjorde gruver og industri dette området til eit av dei tettast befolka i Europa. Sidan har gruvene og fabrikkane omdanna landskapet, jorda, vatnet, lufta og menneska. Ei bok om området utgitt i 1995 fortel om 65 kolgruver, 19 jernverk og 13 kraftverk bare i Øvre Sląsk. Bare tre år seinare er talet på kolgruver i drift nede i 50 for heile Polen, og etter ein plan den polske regjeringa la fram no i april skal halvparten av dei stengas i løpet av få år. 116.000 av 240.000 gruvearbeidarar vil bli til overs, og det meldas allereie om streikar mot regjeringa sin plan. Gruvene gikk i 1997 med eit samla underskot på 4 milliardar kroner.

Den største byen i Øvre Sląsk, Katowice, er noko mindre enn Oslo i folketal. Men i Katowice fylke bur det fleire enn i heile Noreg, og i store delar av dette området ligg byane så tett at det er uråd å sjå kor den eine sluttar og neste byrjar.

Industrimuseum

Pressa inn mellom nabobyane ligg Swiętochłowice, ein industriby så gamal at det lokale museet i hovudsak er eit industrimuseum. Her ser vi over hundre år gamle teikningar og bilete av industrianlegg av store dimensjonar. Det som ved første augnekastet synas å vere ei utstilling over kordan det såg ut i ein heim i gamle dagar viser seg og å vere ei lokal industriutstilling, for både symaskinen og porselenet er laga nettopp her. Statuene av industriarbeidarar og gruvearbeidarar er laga, ja nettopp i kol, eit materiale som viser seg å vere godt eigna for bilethogging når han har rette kvaliteten, og når kolet finst i så tjukke lag at ein kan skjere ut bitar på mange kubikkmeter. For her er ikkje som Svalbard med kollag frå ein halv til halvannan meter, kollaga kan vere opp til 20 meter tjukke, og når dei blir dreve ut er det ikkje bare å støtte opp fjellet med jernstempel, slik ein gjør på Svalbard. Mange stader har ein fylt opp med sand og slagg, men det har ikkje kunna hindre at grunnen har sunke, med det resultat at både gamle og nye bygningar sprekk og slår seg skjeive. For byane er bygd oppå kolet, ofte har fabrikkane eige kolgruve slik som jernverket Florian i Swiętochłowice.

No fryktar mange at store delar av Sląsk skal bli eit industrimuseum. For ein industri som forureinar og som samtidig bygger på mye gamal teknologi og utslitte maskinar er ille utsett når Polen no har blitt kasta ut i den kapitalistiske konkurransen for fullt.

Privatisert mellom to stolar

Vi besøkte ein av dei største arbeidsplassane i Swiętochłowice, motorfabrikken Zgoda. Fabrikken er frå slutten på 1800-talet, her har vore produsert utstyr for kolgruver og sidan like etter krigen er hovudproduksjonen skipsdieselmotorar på lisens frå det sveitsiske firmaet Sulzer. I den store privatiseringsbølga i Polen dei siste åra har Zgoda ramla mellom to stolar. Fabrikken er ein av dei 400 fabrikkane som blei overført til 15 investeringsfond. Aksjene i investeringsfonda blei delt ut til alle vaksne polakkar, dei som ville kunne så selge dei vidare. Fonda har lov å selge ut, men så langt har ingen vore interessert i å kjøpe Zgoda. Interessen er større for å spekulere i aksjer enn for å ta ansvaret for ein stor fabrikk som treng hardt til modernisering. Hovudkundene til Zgoda har vore to skipsverft i Gdansk som begge er konkurs. Ein har ikkje råd å produsere for lager og mistar derfor mange oppdrag. No er og Sulzer kjøpt opp av finske Wärtsilä og det kan vere skummelt for Zgoda, ettersom dei motorane dei produserer konkurrerer med Wärtsilä sine eigne.

Ei runde i produksjonslokala fortel om ein produksjon som har endra seg lite dei siste tiåra. Den eine datastyrte produksjonslinja monnar lite i den store mengden med dreiebenkar og fresemaskinar som forlengst har nådd rimelig pensjonsalder, vi ser maskinar som er opptil 80 år gamle. Men det skal store maskinar til for å frese motorblokker til 18-sylinders motorar når stempla er nesten halvmeteren i diameter, og millionane rullar fort om ein skal skifte dei ut.

Frå bedriftsskole til privatskole

Dei omlag 900 arbeidarane på Zgoda har enno arbeid, men yrkesskoleelevane som har praksis her i fabrikken har lita von om å få jobb her når dei har tatt fagbrevet. Den lokale yrkesskolen var tidligare eigd av fabrikken og utdanna stort sett mekanikarar. No er han privatisert, overtatt av ein munkeorden, og elevane må betale skolepengar som tisvarer ein femdel av vanlig månadslønn i Polen. Mekanikarutdanninga er trappa ned til fordel for elektro, snekker og allmennfag.

Skapt av menneskehender

Den norske diktaren Rudolf Nilsen skreiv eingong i diktet Storbynatt: "- for her er allting skapt av menneskehender, fra lyset ned til stenen ved din fot." I Swiętochłowice er ikkje bare byen og fabrikkane skapt av menneskehender. Det er også det som ved første blikk kan gi eit inntrykk av natur. For omringa av byen er det fleire skogsområde, og i skogen er det atskillig meir kupert enn det som elles er vanlig i dette flate landet. Det har si naturlige forklaring. For skogen er planta på enorme slagghaugar og anna avfall. Om vi ser nærare etter finn vi at "jordsmonnet" ikkje er det samme overalt. Nokre stader er det mest gråberg, andre stader knuste teglstein, nokre stader steinblanda kol eller brent slagg frå jernverka.

Det som skil denne skogen frå anna planta skog er at han er allsidig. Her er systematisk laga ei blanding av forskjellige treslag, nokre raskveksande, andre seintveksande. Dermed blir det ikkje så lett å sjå at alt er planta ein gong på 60-talet. Det aller meste er lauvskog. Ein stad har ein gjort forsøk på å plante furu, men det har ikkje gått særlig bra. Brune nåler på meterhøge furuer syner at lufta her ikkje er eigna for nåletre. Denne skogen er ikkje planta for å gi tømmer eller papirmasse, men for å dekke slagghaugane så dei ikkje bles bort og spreier seg utover. Og i mangel av noko bedre duger han til sitt bruk. I allefall til stiar for unge forelska par som går hand i hand i den einaste skogliknande dei har i mange mils omkrets. Småfuglane må og ta til takke med det dei kan få og fyller nyskogen med våryr sang, mens to svaner har slått seg til i ein dam mellom nyskogen og motorfabrikken.

Skog i Mellom-Europa er i det heile noko anna enn det vi er vant med. 28% av Polen er dekka av skog, men det aller meste av dette er anten tømmerplantasjer eller i grenselandet mellom park og skog. I beste fall kan vi snakke om eit kulturlandskap. I heile det mellom-europeiske låglandet som strekker seg frå Atlanterhavet til Ural finst det bare ein opprinnelig skog igjen. Han ligg i grenseområdet mellom Polen og Kviterussland, og i neste artikkel skal vi sjå kordan polakkane tar vare på den siste urskogen.


Til startsida

sveilund@online.no