Artikkel i Klassekampen, 05.05.1998

Mellom-Europas siste urskog truga

Av Svein Lund, Białowieża, Polen

Kampen om den einaste gjenlevande urskogen i Mellom-Europa blir no trappa opp. Dette unike området grensa mellom Polen og Kviterussland er truga av den polske tømmerindustrien med støtte av Verdsbanken.

Det ristar i dei høge trekronene og knakar i greinane. Plutselig hører vi eit brak bak oss. Ein av skogens gamle kjemper har gitt tapt og gått i bakken. Vi vår brått stor forståing for åtvaringa mot å gå i skogen under sterk vind. Vi er i den siste urskogen i Mellom-Europa: Białowieża.

Ein gong i fjerne tider dekka skogen mesteparten av Mellom-Europa. Det var eit samanhengande skogsområde frå den russiske taigaen og ned mot Frankrike og Spania. Men gjennom tusenåra auka folketalet og snart var nesten heile kontinentet lagt under plogen og øksa. Allereie i mellomalderen var det lite urskog igjen. Bare i eit ørlite område kan ein enno ane kordan forholda var før mennesket omvandla kvar smitt og smule av Europas jord.

Białowieża-skogen er kjent heilt frå tidlig på 1400-talet, da den poske kongen Władysław Jagiełło organiserte ei stor jakt her for å skaffe mat til hæren sin før dei gikk til krig mot dei tyske korsriddarane. Ein annan polsk konge, Zygmunt 1 ga allereie i 1538 eit for si tid svært moderne regelverk for vern av dette skogområdet. Det blei tilsett skogvoktarar og slått hardt ned på ulovlig jakt. Białowieża skulle nemlig reservaras som jaktområde for kongen og hans folk. Da Tyskland, Østerrike og Russland delte Polen mellom seg sist på 1700-talet, overtok russarane vernet av området, og no var det tsarfamilien som tok over jaktrettane. På 1900-talet fikk tsaren bygd seg eit jaktpalass her.

Kor er palasset?

Etter ein togtur frå Warszawa til Hajnówka er det over på jernbanebussen til endestasjonen med namnet Białowieża Pałac. Her blir vi møtt av Krzysztof, som arbeider på skoginstituttet og er aktiv i foreninga for vern av Białowieża.

Først fører han oss inn i eit svært parkområde, palassparken er på nærare ein kvadratkilometer. Men kor er palasset? Alt vi ser av større bygningar er eit grått og stygt hotel som ser ut som alt anna enn eit palass. Jo, palasset overlevde både 1. og 2. verdskrigen. Men etter 2. verdskrigen blei Białowieża-skogen delt omtrent på midten mellom Polen og Sovjetunionen. Grensa blei strukke bare eit par kilometer frå landsbyen Białowieża, og mange frykta at Stalin ville ha meir. Og tsaren sitt jaktpalass kunne vere eit påskot. Bedre å vere utan palass enn under Russland, var det nokon som tenkte, og dermed sprengte dei like godt heile palasset i lufta. På ruinane bygde dei i staden opp eit hotell så stygt at verken russarar eller andre kunne vere særlig interessert i å ha det. Vi blir innlosjert i "stallen", eit av dei gamle husa som står igjen frå palass-tida. Her hadde dei adelige jegarane tidligare hatt hestane sine, no var det ombygd til turistherberge, og såg atskillig meir trivelig ut enn sjølve hotellet.

Ei av oppgåvene til Krzysztof på skoginstituttet er forsking inne i nasjonalparken. Derfor hører han til dei få som har lov å gå overalt i parken og for to dagar i april har han fått skriftlig løyve til å ta med seg to gjester på ei av rundene sine i nasjonalparken for å sjå til barkebillene.

Morgonen etter regna det, og det gjorde det heile den dagen. Men vi har bare to dagar med løyve til å gå i reservatet og dei må utnyttas, sjølv om regntøy ikkje var det første eg tenkte på å putte i sekken da eg forlot Finnmark i 25 kuldegrader. I Białowieża brukar det å vere lange kalde vintrar eller mellom-europeisk målestokk, men i år har dei knapt hatt vinter, fortel Krzysztof. No først i april står vårblomane i fullt flor, både blåveis, kvitsymre og slike som ikkje finst på våre breddegrader og ikkje ein gong har noko norsk namn.

Reservatet er skilt frå jordene rundt landsbyen Białowieża med eit gjerde, og vi går gjennom ein høg port i tre med påskrifta Białowieża Park Narodowy. Ingen adgang utan følge med godkjent turistguide, fortel skiltet. På innsida blir vi først møtt av minnesteinar over tre forskarar som har lagt ned eit livsverk kvar i denne skogen. I denne skogen er det gjort ei forsking så allsidig at det knapt finst maken, på alt frå insekter til rovdyr, trær og økologiske samanhangar.

Først skal vi gå turistruta, ein sti på 3-4 kilometer mellom gigantiske tre både i ståande og liggande stilling. Vel har vi sett like store tre i Noreg, i alle fall like tjukke. Men da har det gjerne vore einskilde tre. Her er gigantane normalen, og dei finst i fleire slag. Her er eiker med rette tjukke stammer som går 15-20 meter oppover før greinane byrjar å spreie seg ut. Mange tre har hol for fuglereir og hakkespetten sitt arbeid med å lage fleire kan hørast på langt hold. Men på nokre tre heng det ein gamal planke over eit hol langt oppe på stammen. Her har vore bier, fortel Krzysztof, og folk klatra opp over stammen for å sanke honning. Det var ikkje noka enkel sak på trestammer med diameter rundt meteren og 20 meter opp til lågaste greinen.

UNESCO - verdsarv

Når det er så lite natur på så mange menneske som det er i Polen og andre land i Mellom-Europa, kan presset på den siste reine naturen bli ganske stort. Og nasjonalparkstatusen bidrar i seg sjølv i stor grad til å trekke turistar. Mindre har det ikkje blitt av at Białowieża i 1977 fikk status som ein del av den kulturelle verdsarven på UNESCO si liste. I Białowieża, på polsk side av denne skogen reknar dei med 150.000 besøkande for året, derav ein stor del utlendingar. Derfor er kjerna i nasjonalparken underlagt svært strenge reglar. Vanlige turistar får bare gå dei 3-4 kilometrane innafor porten. For alle gjeld at ein ikkje får ta med seg noko ut, ikkje plukke ein blome eller ein kongle. Vi finn eit praktfullt hjortegevir som ser ut til nylig å vere felt. Men vi må nøye oss med bilete, for her skal alt ligge i fred og gå tilbake til naturen.

Likevel går det vegar gjennom nasjonalparken. Snorrette smale vegar deler opp parken i ruter på 1x1 km. Her er to tillatte framkomstmiddel: sykkel og hest med vogn eller slede. Sjølve satsar vi på apostlane sine hestar, og det blir ein lang tur, for vi skal tvert gjennom parken og tilbake. Langt inne i parken tar vi av frå stien og Krzysztof tar fram kompasset. Sjølv om han er bra kjent i skogen, er han såpass tett at her er ikkje bare å finne fram. Etter ei stund finn vi nokre tre med rosa sløyfer på. Det er trea som er angrepe av barkebiller. Med nokre månadars mellomrom besøker Krzysztof visse stader i parken for å sjå kordan barkbillene spreier seg. I eit tilsvarande område utafor nasjonalparken gjør dei liknande observasjonar, og så vil ein finne ut kordan barkebilleangrep virkar i urskog i forhold til i skog der det blir hogd og kultivert. Opp av sekken med teikningar, penn og kniv. Etter ein halvtime har eit par nye graner fått rosa sløyfe og blitt merka inn på kartet. Seinare gjør han det samme på ein anna stad, og dagens jobb er gjort. Av og til ser vi andre tre som er merka med sløyfer i andre fargar, det er forskjellige forskarar som har merka dei trea dei forskar på.

Mange stader er det rota alvorlig opp i skogbotn og vi finn ein dyreskitt vi aldri kan hugse å ha sett i norske skogar. Her er det nok villsvina som har vore på ferde. Borte i skogen ein stad kan vi høre dei gryntar, men vi kjem ikkje så nært at vi ser dei.

Vekst eller vern?

Langt om lenge kjem vi fram til ei elv. Dette er slutten på reservatet, den delen som har vore nasjonalpark sidan 1921 og som er under det strengaste vernet. På andre sida av elva er det og nasjonalpark, men ikkje så strengt. Så fort vi kjem over ser vi at her er ein anna slags skog, her har vore dreve skogbruk heilt opp til 1996 da nasjonalparken blei nesten dobla i utstrekning. Likevel er bare vel 100 km2, eller ein seksdel av skogen verna på polsk side. På kviterussisk side derimot har dei gjort heile sin del av skogen på nesten 900 km2 til nasjonalpark.

Det er på ingen måte ei overdriving å seie at Białowieża er eineståande i Europa. Her er ein rikdom av både planter og dyr som ingen andre område i verdsdelen kjem opp mot. Mest kjent av dei 62 pattedyrslaga som finst her er visenten eller den europeiske bisonen, ved sida av villsvin og hjort er her bl.a. ulv og gaupe. Fuglefaunaen omfattar 228 slag, blant dei den sjeldne svartstorken og tre slag ørn. Mest av seg gjør hakkespettane, som høras kor vi går og som set sine tydelige spor både i levande og daude tre. Her er heile 26 treslag og omlag 1000 blomeplanter.

Det fantastiske er den enorme variasjonen i skogen. Her er ei mengde typer og kombinasjonar av treslag, men alt er blandingsskog. Stadig støyter ein på mektige furuer, dei ser alle ut til å vere gamle som alle haugane. Men ungfuru manglar heilt. Til slutt må vi spørre ka det kjem av. - Her var ein stor skogbrann for omlag 150 år sidan, fortel Krzysztof. I det område som brant blei det ope og lyst, og her trivdest unge furuplanter. Men etter dei kom grana og lauvtrærne og så blei det aldri meir nok lys for furua. Så alle furuene her er like gamle, nesten på året 150 år.

Verdsbanken

Men sjølv denne eineståande rikdomen kan ikkje få vere i fred når pengemakta kjem. For skogbruk er eit av satsingsområda til den polske regjeringa, og eit av dei mest profitable. Det meldas om ein gjennomsnittlig profitt i fjor på 20%! I 1993 ga Verdsbanken Polen eit lån på over 1 milliard kroner for å modernisere skogbruket. Det blei brukt til å kjøpe inn store skogsmaskinar som blei satt inn i flatehogst, bl.a. i Białowieża. Etter kraftige protestar blei denne flatehogsten stansa igjen for eit par år sidan, men hogginga har likevel heldt fram. Men når skogen blir hogd, minskar og det naturlige leveområdet for dyra, og bestanden av mange dyreslag har gått kraftig tilbake. Nokre pattedyr, som elg, er heilt utdøydd i området, andre er på randa av utsletting.

Nasjonalparken gir omlag 100 arbeidsplassar med vakter, turistguider og forskarar. Her er eit stort skoginstitutt og ein skogteknisk skole. Białowieża kommune har omlag 3.000 innbyggarar og ved sida av turismen er det skogbruket som har vore hovudnæringa. Mellom disse to næringane er det ein stadig konflikt; jo meir som vernas, jo mindre skogbruk. På husa i Białowieża kan vi sjå at her har tilgangen på treverk vore bedre enn i mesteparten av landet. Den lokale byggeskikken med trehus er bevart, sjølv om nokre av dei nyaste husa har brukt plastmateriale som panel på hus som ellers er bygd i den tradisjonelle stilen.

Ymse turistar

Turistsesongen var såvidt byrja, men vi støytte på både nederlendarar, tyskarar og danskar. Og dagen før hadde her vore ein nordmann, kunne dei fortelle. At ein er vant med så ymse slag turistar kunne vi sjå av åtvaringa ved starten av ein natursti like utafor nasjonalparken. "Bare for folk i god fysisk form med solid skotøy", kunne vi lese på fleire språk. Ja, så har vi no ein gong i livet fått bekrefta at vi er i god fysisk form. Alt er jo relativt. Naturstien går til dyreparken. Her kan vi som ikkje har vore så heldig å møte på bison, ulv eller hjort ute i skogen få sjå dei under noko meir kontrollerte forhold.

Bison

Bisonen er eit mektig skue på nært hold. Dei største kan bli oppimot eit tonn. Ved inngangen til dette hundreåret var det vill bison igjen bare i to område; i Białowieża og eit område i Kaukasus. Men under 1. verdskrigen fikk bisonstammen i Białowieża banesåret og i Kaukasus blei den siste skote i 1927. Det var bare i zoologiske hagar at dei overlevde, på det lågaste var ein nede i 54 dyr. Frå 13 dyr starta så avlen av bison og i 1929 kunne dei første settas ut. 2. verdskrigen ga eit nytt tilbakeslag, men no er ein oppe i omlag 500 dyr i vill tilstand i Białowieża, halvparten på kvar side av grensa. Etter kvart har ein og kunne sette ut bison i andre skogområde, også i Litauen, Ukraina og Russland. Tilsaman er det no vel 3.000 dyr i verda, vel halvparten av dei i fri tilstand. No er det knappheita på skogområde som seg grenser for kor mye ein kan sette ut og avlen har gått såpass godt at ein på bisonstasjonen i Białowieża til og med kan selge litt bison til slakt. Stor var overraskinga da vi på hotellet i Białowieża fann bisonkjøtt på menyen ved sida av hjort og villsvin. Godt var det og prisen var ikkje verre enn omlage 20 norske kroner.

Rekonstruert villhest

I dyrehagen finn vi og villhestar. Eller så nært som ein kan komme. Av dei store flokkane som ein gong vandra på steppene rundt i Europa, er det bare ein rekonstruksjon tilbake. Det seiast at dei siste ville hestane blei utrydda i førre hundreåret, men nokre reinrasa hestar blei berga i ein zoologisk hage i Polen. Men under nokre av dei mange turbulente tidene landet har vore gjennom, blei dyrehagen lagt ned og hestane gitt til bønder i nabolaget. Der kryssa dei seg med andre hestar og etter nokre hestegenerasjonar byrja ein så arbeidet med å avle seg tilbake til utgangspunktet.

Kamp for freding

Det hoggast eldgamle tre i Białowieża kvar dag og ifjor blei det satt nye rekordar i hogst i Białowieża. Samtidig aukar presset på styresmaktene for å stanse hogsten og frede heile skogen. I 1995 blei det danna ein aksjon Selskapet for vern av Białowieża-skogen, og saman med 7 andre organisasjonar har dei danna ei landsomfattande kampanje for å redde Białowieża. Også i fleire andre land har naturvernarar byrja å ta opp kampen for Białowieża. Hovudkravet er enkelt; full stopp i hogsten - heile skogen må bli nasjonalpark.

I fjor mottok polske styresmakter eit såkalla europeisk diplom for Białowieża. Men dette inneheldt og ei tilråding om freding av heile skogen, og bare dersom tilrådingane blir fulgt, vil diplomet bli forlenga om fire år. Miljøverndepartementet skal no sette ned ein komite for Białowieża der kampanja for Białowieża blir representert saman med statens skogar, sentrale og lokale styresmakter. Sist fredag var det demonstrasjon i palassparken med stor oppslutning, og dei lovar å trappe kraftig opp om ikkje eit fredningsvedtak kjem snart.

Vil du vite meir om kampen og om livet i skogen, kan du finne informasjon på engelsk på internett: http://bison.zbs.Bialowieza.pl.


Andre artiklar frå Polen

Til startsida

sveilund@online.no