Debattinnlegg i Finnmark Dagblad 29.08.2013.

SV, miljøet og Nussir

Svar til Kirsti Bergstø

24.08.2013 var det stor markering i Kvalsund mot Nussir sine gruveplanar. Blant talarane var Johnny Ingebrigtsen, som uttalte seg klart og tydelig mot dumping av gruveavfall i Repparfjorden. Det gjorde han både som fiskar og som leiar i Finnmark SV. Kvalsund SV har vore og er også ei viktig kraft i arbeidet mot gruve etter føreliggande planar. Kirsti Bergstø har sjølv vore aktiv som ein av initiativtakarane til Finnmarksaksjonen mot forgiftning fra gruver.

SV i Kvalsund og Finnmark fortener all ros for dette. Når eg likevel har våga å kritisere SV sin miljøpolitikk, er det fordi haldningane og handlingane til SV lokalt ikkje blir følgt opp av partiet sentralt. SV har hatt den politiske leiinga i Miljøverndepartementet i 8 år. I det meste av denne tida har departementet hatt eit underliggande organ ved namn Klima- og forurensingsdirektoratet. Dette har i staden for å gjøre jobben med å hindre klimaskadelige utslepp og anna forureining fungert som eit reint godkjenningsorgan for forureining. KLIF sine velsigningar av ulovlige giftutslepp frå Sydvaranger er bare eit av mange eksempel på det. Det er mildt sagt svært vanskelig å sjå noko SV-politikk i KLIF sin praksis. Men kva gjør så SV sin miljøvernminister med denne situasjonen? Instruerer han KLIF til å gjøre jobben sin? Skiftar han ut leiarane som går forureinarane sitt ærend? Nei, han gjør den svært så forureinings- og gruvevennlige KLIF-sjefen til sjef for eit nytt direktorat som svelger heile Direktoratet for Naturforvaltning, eit direktorat som i motsetning til KLIF i alle fall langt på veg har gjort jobben sin. Kirsti Bergstø kan gjerne kalle det konspirasjonsteoriar når eg peikar på dette. Motiva skal eg kanskje ikkje uttale meg for sikkert om, men resultatet synest ikkje å vere i samsvar verken med miljøinteressene eller med SV sitt program. Eg forstår godt at Kirsti Bergstø er mellom barken og veden, særlig no foran valet når mye står på spel for hennar eige parti og den regjeringa ho har vore statssekretær i. På eine sida har ho eit stort engasjement for miljøet og naturen, blant anna mot oljeboring i Lofoten og forureinande gruver i Finnmark. På andre sida er partiet hennar del av ei regjering som fører ein politikk for mest mogleg olje, gruver, vindkraft, vasskraft og fiskeoppdrett, og som ikkje vil høre på dei som påviser at denne satsinga kan føre til store miljøskader, ikkje eingong når det kjem frå staten sine eigne organ som Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Foran valet har SV, liksom regjeringspartnarane deira, eit stort behov for å føre fram alt det gode den sittande regjeringa har gjort, samt å framstille dette som resultat av arbeidet til sitt eige parti. Såleis hevdar Bergstø at regjeringa har gjennomført "en historisk satsning på miljøvennlige biler, buss og jernbane". Fakta er at klimagassutslippa frå vegtrafikk har halde fram å auke også i den tida SV har vore i regjering, og av jernbane er det knapt bygd ein meter. Det er heller ikkje lett å sjå den påståtte storsatsinga på miljøteknologi. SV tar æra for at oljeboringa enno ikkje er starta i Lofoten. Eg skal ikkje nekte for at partiet spela ei viktig rolle her, men den 4-årige fredinga av dette området skjedde på kostnad av ei forsert satsing i Barentshavet, eit miljømessig like tvilsamt eksperiment. Kirsti Bergstø skriv: "klimagassutslippene har gått ned med SV i regjering, ikke opp slik Lund hevder". Formelt sett har ho rett i dette. Statistisk sentralbyrå viser at utslippa i denne perioden har gått opp og ned litt, og i dag ligg eit par promille under nivået det året SV kom inn i regjeringa. Men praksis må vurderast ut frå målet om å kutte utslippa 30 % i perioden 1990-2020. Sjølv dette er eit alt for beskjedent mål, og i 2012 låg utslippa OVER 1990-nivået.

SV forsvarar regjeringa si "fornybarsatsing" som går ut på å gi statssubsidier til vind- og vasskraftutbygging, med store inngrep i det vi har igjen av verneverdig natur.

Noreg har i dag råd til å gå foran i arbeidet med å stoppe klimaendringane, med å ta vare på det biologiske mangfaldet og på naturen for framtida. I forhold til desse utfordringane har utviklinga under noverande regjering gått feil veg. Kanskje ei blå regjering ville skrudd opp farta ytterligare i feil retning, men held det som forsvar for å heie på eit tog i feil retning?

At miljøpartiet SV i 8 år vore ein garantist for ei miljøfiendtlig politikk er bare tragisk. Når SV sentralt no klarer å ikkje meine noko om ei av dei største planlagte forureiningane i norsk historie, nemlig utslippa i Repparfjord, er det ein naturlig konsekvens av denne tragedien. Kampen mot denne forureininga vil fortsette, uavhengig av kva side SV vil falle ned på.

Svein Lund


Til hovudsida.