Debattinnlegg sendt fleire aviser 16.08.2013

Det store SViket mot naturen

"Velg miljø og rettferdighet – Stem SV". Dette er parola til Sosialistisk Venstreparti i valkampen. Men får vi miljø om vi røystar SV?

SV har no sete i regjering i 8 år – heile tida har dei hatt miljøvernministeren. I denne tida har miljøet i Noreg vore utsett for ei rekke alvorlige åtak. Norske klimautslipp aukar i staden for å minske. Oljenæringa kjem stadig lenger nordover, og regjeringa vil opne alt som opnast kan. Bergverk skal bli vår nye storsatsing, med ein mineralstrategi for at dei internasjonale gruveselskapa skal få overkjøre natur og lokal motstand. Med "grøne sertifikat" skal staten subsidiere utbygginga av dei siste elvene våre og bygge vindmøller på kvart nes etter kysten. Ikkje ein gong område som tidligare er freda som nasjonalparkar og naturreservat blir halde unna. Miljøverndepartementet har gitt løyve til bygging av kraftlinjer og motorvegar tvert gjennom naturreservat.

Under Miljødepartementet har det vore to direktorat som i prinsippet skulle ta vare på naturen og hindre forureining og naturøydelegging. Direktoratet for naturforvaltning har i stor grad gjort jobben sin på dette området, og bl.a. gått mot sjødumping av gruveavfall. Klima og forurensingsdirektoratet (KLIF) har derimot sett det som si oppgåve å legge til rette for forureinande utslepp, og tøye og tildels bryte lovverket for at det skal bli minst mogleg hindringar for profitten til gruveselskap og industri. Slik har vi fått to direktorat med overlappande oppgåver og ofte motsett syn. Dette kunne jo verken regjeringa eller bergindustrien leve med. Derfor sørga SV sitt miljøverndepartement for å slå desse direktorata saman til Miljøverndirektoratet, med den svært så forureiningsvennlige KLIF-direktøren på topp. Slik har ein sørga for å stoppe all opposisjon i byråkratiet mot miljøfiendtlige tiltak. Samtidig har områdestyra i reindrifta hatt innsigelsesrett ved utbyggingssaker, og dei har nytta denne bl.a. i Kvalsund. Kva gjør regjeringa da? Jo, dei legg ned områdestyra, slik at reindrifta ikkje skal kunne legge kjelkar i vegen for utbygging av gruver og kraftanlegg. No gjenstår det bare å få omorganisert bort Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, så har vi fått den "forutsigbare" behandlinga som bergindustrien ønsker, der alle søknadar garantert blir innvilga.

No står vi foran den endelige avgjerda om investeringsselskapet Nussir skal få starte koppargruver og slippe ut millionar av tonn finmalt giftig avfall i Repparfjorden. Regjeringas storebror har forlengst avgjort saka, dei skal få dette løyvet. Problemet deira er ein stor motstand, ikkje bare frå naturvernarar, fiskerinæringa og reindrifta, men og frå fleire statlige etatar. Miljøvernministeren sitt parti er eigentlig mot sjødeponi, men har fått tildelt oppgåva å velsigne dette, i von om at eit løyve frå "miljøpartiet" SV vil stoppe kjeften på motstandarane. Miljøverndepartementet sin statssekretær ga i vår på møte i Kvalsund ei antyding om kva resultatet vil bli. Ho sa det blir til sjuande og sist ei politisk avgjerd. Kva betyr det: Jo at den politiske kjøttvekta på Stortinget og regjeringa avgjør. Kva kunne ho sagt: "Vi må vurdere saka grundig i lys av norsk og internasjonalt regelverk". Det ville ha gitt eit heilt anna resultat.

No har departementet sendt saka til det samanslåtte Miljødirektoratet til siste utgreiing. Etter at dei kritiske røystene i DirNat no er knebla, veit vi ganske sikkert kva svaret vil bli.

Kvalsund SV og stortingskandidaten til Finnmark SV har markert seg klart mot koppargruver med sjødeponi, mens SV sentralt er påfallande taust, og ungdomsorganisasjonen SU jublar for gruveeventyr med sjødeponi. Dessverre tyder alt på at SV i Miljøverndepartementet blir å gjøre jobben storebror har instruert dei til å gjøre. Det blir i så fall den aller siste spikaren i kista til SV som miljøparti.

Det er enno tid å snu. SV har framleis sjansen til å sette omsynet til miljøet og framtida framfor sine eigne taburettar.

Svein Lund


Til hovudsida.