Debattinnlegg sendt Klassekampen 08.12.2020.

Raud mikroplast for milliardar!

Klassekampen rapporterer 03.02. entusiastisk at Raudt sin stortingsrepresentant vil fremme forslag om milliardfond for utbygging av havvindindustri. Bak forslaget ligg sjølvsagt trua på at dette skal bidra til å gi verda «fornybar» energi, men norsk industriutvikling synest å vere ei vel så viktig målsetting både for Raudt og dei industritillitsvalde som støttar opp om det. I forslaget heiter det at ein skal ta omsyn til miljø og fiskeri, og det hørest jo bra ut, men kva er realiteten? Hittil er det nokre svært få havvind-»parkar» som er bygd eller under planlegging. Men allereie desse har kome i alvorlig strid med fiskerinæringa, og blitt kritisert for å vere planlagt i trekkruta for fugl. No er det snakk om heilt andre format, det snakkast om at «flytende havvind kan dekke mange ganger verdens energibehov». No skal det ikkje lenger sparast på energien, no skal altså til og med energiforbruket mangedoblast på verdsbasis.

Har nokon i Raudt rekna på kva dette vil seie? Eg har gjort eit forsøk:
La oss seie at vi ikkje skal mangedoble, men bare dekke verdas energiforbruk slik det er i dag. Energi forbrukast dels som elektrisitet, dels gjennom brenning av fossile brennstoff bl.a. i kjøretøy. Om vi reknar om til eininga for elektrisk energi, vil verdsproduksjonen tilsvare omlag 170.000TWh.

625 vindturbinar på land i Noreg produserer omlag 5.5TWh. Eit enkelt reknestykke seier at det da må omlag 200 millionar (!) av slike turbinar for å dekke verdas energiforbruk. No blir turbinane til havs gjerne bygd litt større, så 100 millionar får halde lenge. Kva 100 millionar turbinar kan bety av hinder for fiske og skipsfart kan vi knapt forestille oss. At dei vil gjøre eit ekstremt innhogg i verdas bestand av fugl er heva over tvil. Dette kjem på toppen av at verdas fuglebestand allereie er halvert på nokre få tiår.

Vindkraft er gjerne framstilt som utsleppsfri. Det er ei ekstremt snever tenking som ikkje tar med mineralfrobruk til turbinar og kablar. Det er snakk om enorme mengder stål, koppar, bly, aluminium, nikkel, neodym og dysprosium, for ikkje å snakke om kalkstein og kol til sement/betong. Tala på desse er noko usikre, men for fleire av metalla vil storskala utbygging av vindkraft føre til ei ekstrem auke i utvinninga av stadig fattigare malmar, og føre med seg ein produksjon av gruveavgang og forureining vi knapt kan fatte.

Den siste tida har det vore mye snakk om skadane ved forureining av

plast, både større gjenstandar og mikroplast. Det blir rundt om i verda gjort forskjellige tiltak for å stoppe utsleppet av mikroplast til hav og land. Men midt oppe i dette set ein så i gang tusener av mikroplastprodusentar rundt i naturen, som vil spreie mikroplasten gjennom lufta og vidare i terreng og vassdrag der den vil bli spist av små og store dyr. Plassert i havet vil desse mikroplastprodusentane sørge for å fylle verdshava med mikroplast. Det er berekna at ein landbasert vindturbin i løpet av levetida vil vere opphavet til omlag 15 tonn mikroplast. Om havturbinane er dobbelt så store, vil eit felt i Nordsjøen eller i Barentshavet med 1000 turbinar gi 30.000 tonn og dei omtalte 100 millionar turbinar for å dekke verdsbehovet vil gi ufattelige 3 milliardar tonn, med ørsmå partiklar som set seg overalt, som blir med i det vi et og øydelegg helsa og tar livet av alt frå bittesmå krepsdyr til store kvalar.

Men vi skal ikkje bekymre oss, for Raudt har i sin visdom funne ut at dette skal gjørast med omsyn på miljøet. Det er på tide å be dei forklare korleis. Dei har kanskje funne ein måte å samle opp mikroplasten som blir slitt av hundre meter lange venger som susar rundt i 2-300 km/t.

I vindkraftdebatten hittil har Raudt vore eit av dei mest fornuftige partia, med å gå mot øydelegging av natur med vindkraft på land. No har dei gått seg fullstendig vill på sjøen. Nokon bør finne dei igjen og gi dei eit kompass til å komme seg i hamn.

Svein Lund
sveilund@online.no


Til hovudsida.