Bokmelding sendt Natur og Miljø, 08.03.2011

"Omstridd natur" - ei viktig bok for naturvernarar

I 2008 kom det ut ei bok som har blitt lite lagt merke til i Noreg, men som bør lesast naturvernarar også her i landet. Boka er gitt ut i Sverige, men handlar like mye om Noreg og Finland, og vel ein tredel av forfattarane er norske. Ho heiter "Omstridd natur - trender & utmaningar i nordisk naturförvaltning" og er gitt ut av Borea bokforlag i Umeå. Boka har heile 14 artiklar og 16 forfattarar, som alle er forskarar. Emna som boka tar opp varierer frå skildringar og analyser av konkrete verneprosessar til meir omfattande analyser som forhold mellom reindrifta, nasjonalparkar og skogbruket, samt meir generelle analyser av statane sin vernepolitikk og verneadministrasjon.

Den statlige naturforvaltninga blir karakterisert slik: "Även om det varierar något mellan de nordiska länderna kan man nog karaktärisera naturforvaltningen som tämligen top-down inriktad med staten som den centrala aktören."(Lars Carlsson i artikkelen "Omstridd natur i teori och praktik".) Men noko er på gang. Allereie i Agenda 21 frå FN sin miljøkonferanse i Rio i 1992, blei det slått fast at lokal deltaking i naturforvaltninga bør aukast. Oppretting av nasjonalparkstyre med lokal representasjon er eit steg i rett lei her til lands. I boka blir det drøfta både gode og dårlige røynsler frå lokale verneprosessar. Særlig interessante, og ukjente for dei fleste i Noreg, er eksempla frå Åland og Bergö-Malax i Finland. Der har ein gjennom langvarige prosessar kome fram til verneordningar som lokalbefolkninga er med og styrer og som dei ser seg tjente med. Ikkje alle eksempla er like vellukka. I artikkelen "Samförvaltning av fjällområden i Norge" går ein gjennom fire modellar for styring av verneområde, slik dei er praktisert i Setesdal Vesthei / Ryfylkeheiane, Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdalen, Jostedalen og Budalen i Gauldal. Konklusjonen er at det er svært varierande kor stor grad det er ei virkelig lokal styring av forvaltninga.

I artikkelen "Orört och konfliktfyllt i norsk naturförvaltning" går Terje Skjeggedal kritisk til verks mot registreringa av "inngrepsfrie naturområder i Norge" (INON), som er gjennomført av Direktoratet for naturforvaltning, og som er flittig brukt, ikkje minst av Naturvernforbundet. Han stiller spørjeteikn ved kva typar aktivitetar som blir rekna som inngrep og kva som ikkje kjem med, og ved at ein definerer som villmark alle område som ligg meir enn 5 km frå inngrep. Slik får vi ei kunstig inndeling av naturen i "brukte" og "urørte" område. Vi får dei kjente karta som viser at dei "grønne" områda minskar år for år, og konklusjonen er at dei siste "villmarksområda" må vi verne. Skjeggedal viser at det ikkje er nokon enkel samanheng mellom desse karta og verneverdige naturverdiar. For eksempel er den største artsrikdommen i Norge og dei fleste rødlisteartane i dei tettbefolka områda kring Oslofjorden! Men INON-tankegangen gjør at vernetiltak bare settast i verk i dei tynnast befolka områda i landet - og at det er der vi også får konfliktane om vernetiltak.

Sist men ikkje minst vil eg tilrå artikkelen "Konfliktfyllda naturskyddsprocesser i Norge", av Tor Arnesen og Jan Åge Riseth. Dei set norsk naturvern i eit internasjonalt perspektiv og siterer frå World Watch Magazine at vernearbeidet er prega av tiltakande interessekonflikter og av "en oroväckande ignorans för de ursprungsbefolkningar vars landområden de avser skydda". For dei som har opplevd prosessen rundt oppretting av nye verneområde i Finnmark, er det ikkje vanskelig å kjenne seg igjen her.

Forfattarane slår fast at nasjonalparkar ikkje blir oppretta i ingenmannsland, men i område som lokalbefolkninga har brukt og framleis brukar. Dei er og kritiske mot den vanlige oppfatninga at nasjonalparkane vernar særlig verdifulle naturområde, og at dette vernet er nødvendig for at desse ikkje skal bli øydelagde. "Nationalparkerna utgörs i stort sett utan undantag av områden med låg biodiversitet og kännetecknas i allt väsentlig av lägre utvecklingstryck än områden med fler människor, högre användingsgrad och konsumption av naturressurser. Det förblir en paradox för glesbygdsamhällena varför det områdesinriktade naturskyddet är så viktig just där, och så oviktigt i urbana områden som är mycket mer utsatta och där biodiversiteten är betydligt större".

Mye meir kunne vore sitert, men dette får halde. Denne boka er for viktig til å bli oversett i Noreg. For min del gikk det rimelig bra å lese henne på svensk, sjølv om det kan virke litt rart å måtte lese norske forfattarar på svensk, særlig når ein veit dei opprinnelig har skrive artiklane på norsk. Nokon (les: f.eks. Naturvernforbundet) burde ta eit ansvar for å gjøre desse artiklane tilgjengelig i norsk språkform, om ikkje anna så på internett.

Når eg som medlem i Naturvernforbundet har lest denne boka, slår det meg at vi treng ein prinsippdiskusjon om nasjonalparkar og verneregime. Da bør denne boka vere ein viktig del av grunnlagsmaterialet.

Svein Lund


Til hovudsida.