Debattinnlegg i Natur og Miljø 4-2008.

Naturvernforbundet mot sameretten?

Har Naturvernforbundet blitt ein kamporganisasjon mot sameretten? Dette spørsmålet må ein stille seg etter at fylkesleiar i Finnmark, Dag T. Elgvin, i eit intervju med avisa Ságat 18.10.08 hevda at samepolitikarar arbeider for ein eigen samisk stat. Denne oppsiktsvekkjande påstanden blir snart snappa opp av andre medier i fylket, og Elgvin gjentar da og forsterkar påstanden sin overfor både andre aviser og radio. Han hevdar at utviklinga med stadig fleire samiske institusjonar og samiske krav om vederlag for oljeboring og gruvedrift fører til krav om samisk stat. I alle fall ei avis framstiller dette da som "Naturvernforbundet mener" og alle media koplar synspunkta til Elgvin klart til vervet hans i NNV.

Naturvernforbundet i Finnmark har dei siste åra vore i mange harde slag om motorferdsel i utmark. Fylkeslaget har gjort dette til den eine store hovudsaka i arbeidet sitt, og hovudskytset har vore retta mot kommunar som gir mye dispensasjonar for kjøring med firehjulskjøretøy og snøskuter. Hovudmetoden til forbundet har vore å melde kommunane for brot på motorferdselslova, og ein har her i stor grad fått støtte hos fylkesmannen. Med dette kan ein seie at NNV har vore ein pådrivar i forhold til arbeidet med den nye motorferdselslova, som vil innskrenke både kjøringa og lokale styresmakter sitt høve til å gi dispensasjon.

I dette arbeidet har NNV erta på seg mye folk, og blitt utsatt for mange angrep, både saklige og usaklige. Det sterkaste er vel at varaordføraren i Karasjok nylig kalte Elgvin ein rasist.

Det er ikkje tvil om at motorferdsel i utmark er eit stort problem, og eit trugsmål både mot vegetasjon og dyreliv og mot dei som ønsker å gå i ro i naturen. Det er derfor absolutt nødvendig å ha ei lovgiving som avgrensar slik ferdsel og eit forvaltningsapparat som handhever dette lovverket. Det vil da vere uunngåelig at det kjem konfliktar mellom ønsket om å komme ut i naturen med kjøretøy og ønske om naturvern. Det er dessverre alt for mange lokalpolitikarar som ikkje ser eller vil sjå problema denne kjøringa fører til.

Eg har i prinsippet støtta Naturvernforbundet i denne kampen, men etter kvart blitt meir og meir skeptisk til måten han har blitt ført på.

For det første - prioriteringa: Om ein ser på trugsmåla mot naturen nordpå, kjem desse frå mange kantar. Vi har fått den største forureinaren i nordnorsk historie på Melkøya, som sotar ned omegnen og spreier ufattelige mengder klimagass. Vi har ein høgst aktuell strid om oljeutvinning, eit gigantisk trugsmål mot fiskeressursane og sjøfuglbestanden m.m. Vi har strid om vindmølleutbygging og ikkje minst internasjonale gruveselskap som ønsker å endevende vidda. Eg skal ikkje påstå at Naturvernforbundet ikkje meiner noko om dette, men frå fylkeslaget har det i alle fall vore totalt underprioritet i forhold til å anmelde kommunane sine tvilsame motorferdselsdispensasjonar.

For det andre - perspektivet: Dei fleste av kommunane som NNV har gått til åtak på har samisk befolkningsfleirtal; Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok og Deatnu/Tana. I desse kommunane har tradisjonelt ein stor del av befolkninga fått delar av levebrødet sitt frå utnytting av naturen, i form av reindrift, jakt, fiske, bærplukking, vedhogst og henting av materiale til husflidsarbeid (duodji). Reindrifta har etter kvart meir og meir blitt skilt ut, og har nærast ubegrensa rett til å bruke terrengkjøretøy i næringa, noko som i ein del område har ført til betydelig slitasje på naturen. Folk som driv andre utmarksnæringar har høve til å søke dispensasjonar, dersom dei kan dokumentere at dei har registrert næringsinntekt av desse utmarksnæringane. Her ser vi at storsamfunnet sin tankegang rår: Det er bare utmarksnæring dersom produkta blir omsatt i pengar, som det blir betalt skatt av. Men mesteparten av haustinga av naturen skjer ikkje for salg. Tradisjonen er heller å fiske, jakte og plukke bær for eigen hushaldning og så kanskje bytte med naboen eller kjenningar på kysten. Dette ser dei som er satt til å forvalte dispensasjonar i kommunane, men dette ser verken sentrale styresmakter eller NNV. I eit svar på eit avslag skriv Direktoratet for naturforvaltning: "Loven tar ikke sikte på å hindre nødvendig ferdsel til anerkjente nytteformål. Det er den unødvendige og fornøyelsespregede ferdselen som reguleres." Med andre ord: Om du driv matauk er det "fornøyelsesprega". Den som fikk det nemnde avslaget hadde søkt om å få kjøre skuter til transport for garnfiske under isen. Slike dispensasjonar er det kommunane har innvilga, men som no blir inndratt på grunn av Naturvernforbundet sine klager.

Frå dei norrøne høvdingane sine finneferder har det stått strid om kven som har rett til å utnytte naturressursane i samiske område. Striden toppa seg med kampen om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget, som førte til at staten innrømte at retten til land og vatn var juridisk uavklart og satte ned Samerettsutvalget. Eit resultat av dette er at utmarka i Finnmark no har fått eit nytt forvaltningsregime, Finnmarkseiendommen, som oppnemnast av fylkestinget og Sametinget.

Denne utviklinga har møtt motstand, dei siste åra har det vore ei intensiv kampanje for å motarbeide Finnmarkslova, Sametinget, ILO-konvensjonen om urfolk og alle former for eiga samisk organisering. Eit vesentlig ledd i denne kampanja har vore å forsøke å forfalske historia til at samane ikkje er urfolk i Nord-Noreg og at det ikkje har vore noko tvangsfornorsking og undertrykking av samane.

Med Dag Elgvin sine famøse utsegner sluttar NNV-leiaren i Finnmark seg offentlig til denne kampanja for å drive tilbake dei framstega som har vore når det gjeld anerkjenninga av samiske rettar. Sjølv om han har blitt pressa til å trekke dei mest fantasifulle påstandane tilbake, har dette gjort stor skade for Naturvernforbundet i Finnmark. Han har bare beklaga påstanden om samisk stat, ikkje haldningane om at oppbygging av samiske institusjonar er noko negativt eller at det er urimelig at samane krev kompensasjon for oljeutvinning og andre naturbelastande næringar. Det som etter dette sit igjen hos finnmarkingar flest er inntrykket av at Naturvernforbundet er motstandar av samane sin rett til å bruke og verne om naturen i sine område og av Sametinget som eit folkevald samisk organ.

Det siste utspelet frå Elgvin er ikkje bare uttrykk for ein tilfeldig glipp. Det er eit ekstremt uttrykk for at Naturvernforbundet både i Finnmark og på landsbasis ikkje har hatt forståing for at lokalbefolkninga må ha ein fortrinnsrett til å utnytte naturressursane i sitt eige nærmiljø. Dette kjem bl.a. fram i haldninga til nasjonalparkar, der NNV har vore for mest mulig nasjonalparkar, sjølv om desse ofte fører til at lokalbefolkninga får innført hinder på sin tradisjonelle bruk, samtidig som nasjonalparkstatusen fører til ei auka belastning av turistar utafrå.

Eg er svært glad for at leiaren i Naturvernforbundet har sagt i frå at forbundet ikkje står bak Elgvin sine utspel i denne saka. Men det trengst noko meir. Det trengst ei diskusjon i heile forbundet både om synet på samiske rettar, og i det heile på om lokalbefolkning skal ha førsterett til ressursar eller om vi skal hevde samme rett for alle, med dei konsekvensane det kan få.

Svein Lund
Guovdageaidnu

PS. For dei som vil sjekke kva som har stått på prent, viser eg til bl.a. Ságat 18.10, Ávvir 23.10 og Finnmark Dagblad 24.10.2008


Til hovudsida.