Debattinnlegg sendt Klassekampen 14.05.2012, ikkje tatt inn i avisa.

Departement for eller mot miljø?

I Klassekampen har det den siste tida gått ein diskusjon om Miljøverndepartementet.
Når departementet sjølv skriv på nettsida si: "1972: Miljøverndepartementet opprettes som verdens første miljøverndepartement med et helhetlig miljøansvar". så er det i beste fall ønsketenking. MD har aldri hatt noko heilskapelig ansvar for norsk miljøpolitikk, og har det minst av alt i dag. Frå fleire hald har det blitt påpeika at det ikkje er MD som styrer dei virkelig store sakene som påverkar miljøet. Politikken blir avgjort av dei dominerande kreftene i regjeringa, som først og fremst ønsker ei offensiv utvikling av olje- gass, kraft- og mineralnæringane, utan vidare omsyn til korleis dette påverkar miljø og klima.

Halvdan Wiik ønsker i KK 10.05. eit "superdepartement", eit miljødepartement som virkelig har eit slikt heilheitlig ansvar. Det er ingen tvil om at ei regjering som virkelig ønska å sette miljøet og klimaet i høgsetet, burde organisert seg slik at både ressursutvinning og ressursforbruk blei underordna miljøomsyn. Men ei slik regjering har vi ikkje i dag. Eit superdepartement ville derfor bare føre til at miljøomsyna blei enno meir effektivt underordna ressursutvinninga. Og i den grad Miljøverndepartementet har vore ei motvekt, vil denne forstumme.

På andre sida vil eg spørre om Miljøverndepartementet virkelig har stått for miljøvern i Noreg. I den største miljøkampen i Noreg gjennom tidene, Altakampen, var miljøvernminister Gro Harlem Brundtland ein av dei som tvang gjennom utbygginga.

Departementet har eit underliggande organ, som tidligare heitte Statens forurensingstilsyn, no Klima og forurensingsdirektoratet. Dette har til no konsekvent virka som staten sitt godkjenningsorgan for forureining, og gitt dispensasjonar til utslipp bl.a. frå gruver, stikk i strid både med Naturmangfoldlova og lovgivinga om vern av vassdrag og fjordar. Ikkje nok med at KLIF innvilgar så godt som 100% av dei utslippssøknadane dei får inn, dei arbeider sjølv aktivt for å svekke regelverket. 14.05. avslørte NRK at i samband med utslipp frå koppargruve i Kvalsund, har KLIF har gitt NIVA melding om at ein skal lempe på krava. Dei arbeider altså aktivt for å gjøre det lettare å forureine.

Hjelper det så å anke til Miljøverndepartementet? Ingen ting tyder på det. Sydvaranger Gruve sitt auka utslipp av giftblanda gruveavfall blei nylig anka til MD, som avviste anken av omsyn til arbeidsplassane! Altaposten meldte 08.05. at samme departement ikkje vil godta Kautokeino sitt nei til gruve i kommunen, men krevje ny behandling.

Dette er bare nokre få eksempel. Dette skjer i eit departement med det vakre namnet Miljøverndepartementet, som siste 7 åra har vore leia av "miljøpartiet" SV. Tydeligare kan det ikkje demonstrerast at miljøvernpolitikk ikkje er noko som kan overlatast til verken byråkratar eller politikarar, uansett politisk farge. Det som trengst for å presse fram ein verkelig miljøpolitikk er i første rekke sterke miljøorganisasjonar og aksjonar.

Svein Lund
Lokallagsleiar, Naturvernforbundet i Kautokeino


Til hovudsida.