Innlegg i Finnmark Dagblad 08.09.2012 og Ságat 11.09.2012

Denne artikkelen på samisk / Dát artihkal sámegillii

Frå friarferd til valdtekt?

Eit sant eventyr frå Guovdageaidnu, 2012

(Alt i denne forteljinga er dessverre bygd på virkelige hendingar. Den som er interessert i fulle namn og kjelder, kan finne det i fotnotene under her.)

Den svenske gullfriaren Lars[1] er no for tredje gongen[2] på friarferd i Guovdageaidnu. Først tenkte han at dette skal gå ganske greitt, for han hadde både gull og koppar og nokre arbeidsplassar i kista, og det burde vere nok. Jenta skulle vere klar til å omstille seg frå reindrift til gruvearbeid[3] og frå lokal ferskvassfisk til billig oppdrettslaks[4]. Men jenta synte seg å ikkje vere så lett å narre, og fleirtalet i Guovdageaidnu kommunestyre avviste frieriet.

Først blei friaren sint og sa at det er ikkje lov å avvise eit slikt tilbod[5]. Men sidan vi lever i eit land der tvangsekteskap ikkje er tillatt, så måtte han heller forsøke på nytt, med bedre ord og ny kiste. No lova han at han ikkje skulle grave i det sørlige området[6], og at han skulle betale for utgreiing av korleis gruvedrift vil påverke samfunnet[7]. Men jenta var framleis trassig. Ho brydde seg ikkje om friaren Lars og den fine kista hans denne gongen heller. No blei Lars virkelig sint. Først sa han at han skulle trekke seg tilbake[8]. Så ombestemte han seg og klaga til fylkesmannen at det skulle ikkje vere lov å avvise frieriet før han hadde fått vist skikkelig fram aller friargåvene. Samtidig måla han kista i nye vakre fargar og byrja å love gåver ikkje bare til jenta, men til heile familien hennar. Han skulle gi gullpengar til vegbygging, næringar, skole og alle slags kulturtiltak[9]. Så fann han ein lokal samfunnsforskar som han tok med seg i sitt eige gullstyre[10].

Den neste friarferda er allereie tidfesta. Jenta skal svare den 3. oktober11. Jenta sin varaordførar har allereie offentlig erklært at friargåvene denne gongen er svært vakre, sjølv om friaren sjølv har innrømt at det ikkje er så mye nytt i kista[12]. Mens han ventar fartar friaren rundt i Norden for å fortelle kor forferdelig det er i Guovdageaidnu, for der får jentene avvise dei aller gjevaste frieria[13]. Og friarforeninga krev at styresmaktene må sjå til at slikt ikkje skal skje igjen. Dei krev noko dei kallar "forutsigbarhet"[14]. Det betyr at før ein drar på friarferd, så skal ein vite at svaret er ja, eller enno betre: at ein ikkje treng å spørre ein gong. No synast friarforeninga å meine at det skal vere lov å valdta slike trassige jenter. Men ikkje nok med det. No har også ei av jentene sine foreningar byrja å snakke om "forutsigbarhet"[15]. Og jenta spør sjølvsagt: Kven i denne verda kan ein stole på?

Det spør også forfattaren av dette lille eventyret: leiaren for Naturvernforbundet i Guovdageaidnu, Svein Lund.


[1] Lars-Åke Claesson, Verkställande direktør i Arctic Gold AB
[2] Guovdageaidnu kommunestyre har behandla planprogram for gruvedrift i Biedjovággi to gongar, og fleirtalet har avvist programmet begge gongar. Det skal no opp igjen i kommunestyret for tredje gang.
[3] Det er planlagt omlag 100 arbeidsplassar i gruva, omtrent like mange arbeidsplassar som det er i dei reinbeitedistrikta som vil bli berørt.
[4] Ved tidligare gruvedrift i området har fiskevatn blitt øydelagt av forureining, og det er stor frykt for avrenning både til Reisadalen og til Stuorajávri og vidare mot Alta-Guovdageaidnu-vassdraget.
[5] Arctic Gold hevda at fleire kommunestyrerepresentantar var inhabile fordi dei hadde samband med reindrifta i det berørte området, samt at eit kommunestyre ikkje kunne seie nei til konsekvensutgreiing. Sjå bl.a. Ávvir 04.05.2012 s. 6
[6] Det første planprogrammet omfatta også utvinning i eit område i lia sør for det tidligare gruveområdet, ned mot Ráisjávri. Dette blei fjerne frå planen i den utgåva som kommunestyret fikk til behandling andre gongen. Sjå bl.a. Altaposten 15.05.2012 s. 4.
[7] Kommunen stilte tidlig krav om at konsekvensutgreiinga skulle omfatte dei samfunnsmessige verknadane for lokalsamfunnet. Dette avviste gruveselskapet, først etter at kommunestyret hadde sagt nei til planprogrammet, gikk dei med på å ta dette inn i konsekvensvurderinga.
[8] Altaposten 08.06.2012 s. 6
[9] Innlegg av Lars-Åke Claesson, Ságat 06.09.2012, s. 16. Artikkel i Ávvir 31.08.2012 s. 6, innslag i NRK Sápmi 06.09.2012.
[10] http://www.arcticgold.se/sida4.html
[11] Det er da planlagt kommunestyremøte der saka skal tas opp igjen. Varaordføreren sier at årsaka er nye opplysningar i saka, gruvedirektøren at det er pga. saksbehandlingsfeil tidligare.
[12] Intervju i Natur&miljø 4-2012, gjengitt i http://naturvernforbundet.no/finnmark/gruvedrift/dragkamp-om-gullgruve-i-kautokeino-article27583-2023.html
[13] http://nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.8308750
[14] http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.8190529
[15] Ávvir 12.06.2012. s. 10, Finnmark Dagblad 01.06.2012 s.4


Til startsida

sveilund@online.no