Kronikk prenta i Klassekampen 07.02.2020.

Klondike på norsk?

No skal Klondike komme til Noreg. I form av den største gullgruva som nokon gong har vore her i landet. Kommunen som skal få oppleve dette heiter Bindal og ligg lengst sør i Nordland. Det var så tidlig som i 2004 at daverande ordførar uttalte til NRK: „Vi håper selvfølgelig på et Klondike nå.” Sidan har det gått opp og ned med planlegging og eigarskifte, men no er det klart: Reguleringsplanen er ute til høring med frist 31.01.2020.

Kva var så dette Klondike? Det var det mest kjente av gullrusha i Nord-Amerika på 1890-talet. Omlag 100.000 folk frå mange land dro for å leite gull. Av omlag 30.000 som kom fram, fikk omlag 10.000 virkelig grave etter gull og under halvparten av dei fann noko som helst. Bare eit par hundre blei virkelig rike. For det store fleirtalet blei det ei tragedie og fleire titusen omkom i jakta på gullet. Når antatt ansvarlige politikarar kan ønske seg eit lokalt Klondike må ein spørje om dei veit kva dei gjør.

Til samanlikning er gruva i Bindal berekna å gi 15–20 arbeidsplassar over ein 10–15-års-periode, så heldigvis har ho ikkje potensiale til å bli ei like stor menneskelig tragedie som Klondike. Skadane kan likevel bli store for både natur og for andre næringar.

Gullgravarane i Klondike kom ikkje til ei villmark utan folk. Dei kom til eit område busett av urfolk, og utan hjelp av desse hadde gullgravarane aldri kome fram til gullfelta. Takka var at gullgravarane utrydda viltet urfolket levde av, brann opp all skogen og brakte inn sjukdommar, alkohol og rasediskriminering. Problema med forsyningar til gullfeltet var så store at det blei rekruttert rein og reindriftssamar frå Noreg for å føre fram nødvendige varer. Klondike var det mest ekstreme gullrushet, men langt frå det einaste. Av over 60 gullrush i mange land har dei fleste gått på kostnad av den opprinnelige befolkninga i områda.

I Bindal finst det også urfolk, i form av sørsamar som driv reindrift. Gullgruva skal vere i det same reinbeitedistriktet der det var planlagt eit stort vindkraftanlegg ved Kalvvatn. Dette blei stoppa av OED i 2016: „Departementet har blant annet vurdert utbyggingen opp mot vernet folkeretten oppstiller for urfolks næringsutøvelse.” Eit par år etterpå kjem så neste trugsmålet mot det same området, og ingen ting tyder så langt på at verken gruveselskap eller lokale styresmakter vil ta dette inn over seg. Klondike på norsk. 

Gruveplanen bygger på at eit par millionar tonn skal dumpast i næraste fjord. Gruveselskapet kan knapt vere ukjent med at det i gjeldande regjeringserklæring er sagt at det ikkje skal giast nye utsleppsløyve til sjødeponi i perioden. Ein går tydeligvis ut frå at dette ikkje er så alvorlig meint, sidan dumping av gruveavfall er eit kjernepunkt i den norske mineralstrategien og Noregs fremste lokkemiddel for å trekke utanlandsk kapital til mineralutvinning. Heller ikkje har søkarane sett det som noko hinder at prosjektet vil vere i strid med både naturmangfaldlova, vassdirektivet og FN sine bærekraftsmål. Mens det meste av gruveplanar no blir marknadsført som del av det grøne skiftet og det eine mineralet etter det andre blir stempla som grønt, er dette ikkje mogleg med gull. Av verdsproduksjonen av gull blir bare omlag 15 % nytta til industrielle og medisinske behov, resten går til utsmykking eller helst til gullbarrar som investering og spekulasjon.

Med dei lagra som finst av gull i verda er ei kvar vidare utvinning totalt unødvendig for i alle fall ein generasjon eller to framover. Like fullt blir det investert enormt i gullutvinning i alle verdsdelar.

I verda er det til no tatt ut omlag 100.000 tonn gull. Dette har gitt mange milliardar tonn avfall, i stor grad blanda med svært giftige kjemikaliar som cyanid og kvikksølv, samt arsen, sulfid og andre skadelige mineral frå malmen. Dette er slept ut i vassdrag eller plassert bak demningar, som ofte har brote saman med katastrofale resultat. Knapt noko mineral har vore knytt til så mye skadar, dødsfall og krigar som gull. Sjølv om det er typisk norsk å vere sjølvgod, er ikkje norsk gullmalm reinare enn utanlandsk, og malmen i Bindal har eit arseninnhald som overgår alle grenseverdiar.

Dei fleste gullgruver i verda er no opne dagbrot, som øydelegg landskapet for alltid, og sjeldan blir det gjort noko for å reparere såra i naturen. I tillegg kjem alle ressursane som blir brukt til å leite etter gull, bore, sprenge, transportere, knuse og skilje ut. Prosessar som bidrar kraftig til utslepp av drivhusgasser og anna forureining.

Dette hindrar ikkje norske gruvemiljø i å satse på gull. Da Norges Geologiske Undersøkelse og Norsk Bergindustri gikk saman om eit magasin om mineralutvinning, så sto det på førstesida: „Det er gull jeg vil finne”. På spørsmål om det er behov for gull, svarar Norsk Bergindustri: „Så lenge det er etterspurnad er det behov.” Gullgruveselskapa og organisasjonane deira arbeider aktivt for å auke etterspurnaden etter gull, og slik gjøre det meir lønsamt å ta ut enno meir. Blant dei som investerer mest i gull finn vi det norske Oljefondet.

Eg bur fire mil frå den gruva i Noreg der det er utvunne mest gull. Nærare bestemt 6,2 tonn, eller knapt ein tredels kubikkmeter. Dette såg aldri vi i „gullkommunen”, det var i eit konsentrat som gikk til smelteverk i Finland, eigd av det finske gruveselskapet, som også tok all profitten. Vi sit igjen med ei nedlagt gruve og eit rasert og forureina naturområde.

Gruveindustrien fortel oss heile tida kor viktig det er for oss alle at vi har tilgang til alt frå jern, koppar, nikkel og sjeldne jordmetall til kalkstein og pukkstein, og at vi derfor må gjøre det lettare å starte nye gruver. Dei likar da ikkje å snakke om gull, fordi denne utvinninga ikkje kan grunngiast med menneskelige behov. Ho kan bare grunngiast med spekulantane si grådigheit.

Svein Lund
Redaktør http://gruve.info


Til hovudsida.