Debattinnlegg sendt Nationen 19.12.2019.

Grønt skifte for mineralutvinning?

Under tittelen «Mineraler for grønt skifte» argumenterer generalsekretær Anita Hall i Norsk Bergindustri for driftskonsesjonen til Nussir ASA med dumping av gruveavfall i Repparfjorden. Hovudargumentet hennar er at vi treng koppar for det grøne skiftet, dermed treng vi denne gruva, og ho må få løyve på dei vilkåra gruveselskapet sjølv ønsker.

Men kva er samanhengen mellom gruvedrift og grønt skifte? I overskrifta har eg snudd saka, for min påstand er at Norsk Bergindustri og deira allierte ikkje er for mineralutvinning av omsyn til det grøne skiftet, dei er for det grøne skiftet fordi dette kan brukast som påskot for auka mineralutvinning. Det har vore kopparutvinning i Noreg mesteparten av tida sidan 1600-talet. Nussir-prosjektet har vore planlagt i omlag 20 år. Motivet for å sette i gang gruve har heile tida vore sjølvsagt: Å tene pengar for aksjonærane. For å få støtte lokalt la ein etterkvart til at dette kunne gi lokale arbeidsplassar og skatteinntekter. Omgrepet «Det grøne skiftet» er derimot så nytt at det i 2015 blei kåra til «Årets nyord». Året etter fann mineralnæringa ut at dei kunne ta det i bruk i argumentasjonen sin for styrka mineralutvinning. På rekordtid er argumentet tatt i bruk over nesten heile linja, av gruveselskap, NHO, LO, regjeringsparti og opposisjonsparti. I 2013 kom regjeringas mineralstrategi, i 2015 mineralstrategi for Finnmark. Ingen av desse nemner grønt skifte med eit ord. I 2019 kom mineralstrategien for Nord-Noreg. Denne er stappfull av «grønt skifte» og gir inntrykk av at dette er heile motivet bak at vi bør utvinne meir mineral. Men den totalt endra grunngivinga endrar ikkje ein tøddel ved konklusjonen: Meir mineralutvinning, og miljø, fiskeri og reindrift må vike for gruver.

Norsk Bergindustri er organisasjonen til eigarane av selskap som driv eller vil drive gruver. Dei ønsker sjølvsagt best mogleg vilkår, minst mogleg hinder i form av avgifter, skattar, miljøkrav og rettar for grunneigarar og brukarar av områda der dei vil etablere gruve. Anita Hall er tilsett som generalsekretær i denne organisasjonen og jobben hennar er å argumentere mot alle krav som kan hindre lønsemda for aksjonærane. Det er ei ærlig sak, men Norsk Bergindustri syns ikkje dei kan seie dette rett ut. Derfor gjeld det å finne andre argument å skyve føre seg. Først var det omsynet til arbeidsplassar. Som om nokon verkeleg trur at dei som investerer i Kvalsund den eine dagen og i Burkina Faso eller Chile den neste gjør det av omsyn til arbeidsplassar for lokalbefolkninga. No har «Det grøne skiftet» kome til dei som manna frå himmelen og blir brukt for alt det er verdt og vel så det. Det er eit høvelig uklart omgrep som alle kan legge kva dei vil i. NB sin definisjon er: «Det grønne skiftet handler om å kutte utslipp av klimagasser gjennom å erstatte fossil energi i transport, kraftproduksjon og industri med fornybar energi fra vann, vind, sol, og andre utslippsfrie løsninger.» Målet blir da ikkje å stanse den globale oppvarminga eller kutte utsleppa av klimagassar i seg sjølv, men å bygge ut «fornybar energi». Energiøkonomisering blir uønska, da det er det auka forbruket som gir meir etterspurnad etter mineral. Desse løysingane gir i beste fall mindre utslepp enn dei fossile, men utsleppsfrie er dei langt ifrå.

Norsk Bergindustri har lenge fortalt oss kor nyttige og nødvendige minerala er for oss alle. For mange mineral er det sant, i alle fall delvis. Det hindrar dei likevel ikkje i å støtte opp om mineralutvinning som ikkje har anna hensikt enn spekulasjon, som f.eks. gull. Da eg spurte Norsk Bergindustri om korleis dei kan forsvare gullutvinning, var svaret frå daverande generalsekretær: «Så lenge det er etterspørsel er det behov.» Det dreier seg altså verken om å fylle menneska sine reelle behov eller om å redde verda og klimaet gjennom eit grønt skifte. Det dreier seg om å forsvare gruveindustrien sin rett til å tene pengar på kostnad av miljø og menneske. Dette kallar eg å sigle under falskt flagg, og har omtalt det nærare i ei bok eg nettopp har gitt ut: «Gull, gråstein og grums 4 – Under falskt flagg», sjå http://gruve.info.

Svein Lund


Til hovudsida.