Dette er trulig den mest omfattande samla framstillinga av det undertittelen seier: "Natur- og miljøvernets historie i Norge". Likevel er undertittelen meir bastant enn boka klarer å leve opp til. På forsida er tittelen "Grønne linjer" skrive med ufullstendige bokstavar, slik at noko manglar på kvar bokstav. Eg veit ikkje om det var tilsikta, men for meg står det som symbol på det som manglar i boka. Og det er det eg mest vil ta for meg her. Ikkje i første rekke som ein kritikk av forfattaren. Det er ikkje til å unngå at eit historieverk for eit slikt omfattande område må ha ein del manglar, særlig når det er skrive av ein einskildperson og prega av bakgrunnen og synsvinkelen til denne.
![]() |
Forfattaren har sitt utgangspunkt i hovudstaden, mens underteikna har eit noko nær motsett utgangspunkt, som lokallagsleiar for Naturvernforbundet i Noregs største kommune. Guovdageaidnu er samtidig den kommunen i landet der størst andel av folkesetnaden er samar, med ein annan naturbrukstradisjon og anna natursyn enn det som til vanlig kjem fram i miljørørsla og også i denne boka. Når eg les "Grønne linjer" med det utgangspunktet, slår det meg kor totalt fråverande synspunkta til samiske utmarksbrukarar er i boka.
Mangelen på forståing for og interesse for tradisjonell utmarkshausting kjem og fram i at boka stadig gjentar den forslitte frasen "urørt natur". Dette usynliggjør dei naturbrukstradisjonane som har vore i hundrevis og tusenvis av år, og som framleis i stor grad er levande, ved bruk av utmarka til jakt, fiske, vedhogst, sanking av vekster til mat og husflidsmaterialer, beite for sau og tamrein. Denne bruken har vore over heile landet, men kanskje best bevart i samiske bruksområde, den har sett sitt preg på naturen og gjort at det tilsynelatande urørte i røynda er kulturlandskap. Når denne bruken blir usynlig både for miljøvernarar og for miljøstyresmakter, får vi unødige konfliktar både om bruk og vern. Slike konflikter står vi naturvernarar i nord midt oppe i, men om vi les "Grønne linjer" som bakgrunn, blir dagens konfliktar uforståelige.
Ein kan innvende at dette er miljørørsla si historie, ikkje motstandarane, men ei slik innvending kan ikkje brukast overfor den dårlige behandlinga av den ytre venstresida. Manglande forståing av venstresida kjem fram allereie i framstillinga av røttene på 1850-talet: "Thranitterbevegelsen oppsto rundt 1850, men forsvant snart igjen." Nei, Thranittarrørsla "forsvann" ikkje, ho blei knust av styresmaktene, og det er faktisk noko heilt anna. Frå starten i 1923 har Norges kommunistiske parti spilt ei større eller mindre rolle i norsk politikk, men partiet er i denne boka ikkje nemnd med eit ord. Partiet var starta som del av den kommunistiske internasjonale og forblei ein del av rørsla leia frå Moskva til samanbrotet i Sovjetunionen. Fleire stadar i boka nemnast det at dei kommunistiske statane spela ein negativ rolle i internasjonalt miljøarbeid. Det kunne da vore interessant å få vite kva rolle dei norske kommunistane spela i den samanhengen.
Dei siste 40 åra har vel likevel ei anna rørsle på venstresida spela ei større rolle; AKP(m-l)/RV/Raudt. I Grønne linjer er denne rørsla bare nemnd ein gong, i ei sterkt tendensiøs framstilling på side 298: "Aksjon Kyst-Norge ble lagt ned som organisasjon allerede i 1975 fordi Arbeidernes Kommunistparti (AKP-ml) ødela organisasjonens tverrpolitiske preg. AKP-ml var i denne perioden et mareritt for alt ordinært organisasjonsarbeid med sine kupplaner og intriger." Utanom desse tvilsomme påstandane er det ikkje eit ord å finne i boka om kva miljøpolitiske standpunkt dette partiet sto for. Det er heller ikkje noko å finne om dei omtalte "kupplaner og intriger" var noko som også andre miljøorganisasjonar blei ramma av. Sjølv om forfattaren kan vere uenig i både prinsipp og praksis hos AKP/RV, hadde det mest redelige vore å behandla partiet i lag med SV og Venstre som dei partia i Noreg som har hatt mest samanfallande synspunkt med miljørørsla.
Svein Lund