Så langt bare publisert på eigne sider her og på Facebook, 22.12.2017

Eit lite eventyr om gruvas erobring, vekst og fall

Eit prospekteringsselskap er ein ungkar som vandrar rundt i verda, på leiting etter stadar der han kan bidra til å skape barnet sitt, gruva. Nokre prospekterarar har mange eventyr bak seg, nokre av dei har det blitt lausungar av, men som regel klarer dei å stikke av frå bidrag og andre forpliktingar. Stadig er ungkaren på leiting etter meir eller mindre jomfruelig mark. Når han finn eit riktig fristande offer startar han på friarferda. Det er no ikkje grenser for kva kompliment han ausar over den utkåra, og kor stort engasjement han har for å utvikle nettopp dette området. I friarkista si har han både skatteinntekter, arbeidsplassar, tilskot til kultur og skole og meire til. Den utkåra lar seg som regel snakke rundt, og friaren får bore seg inn. Ofte prøvar han seg der det har vore bora før, og gjerne vore drive gruver med meir eller mindre resultat, andre gongar kan han vere heldig og finne ei virkelig jomfruelig mark, der ingen før har vore.

I dei fleste tilfella blir det ikkje noko resultat, men av og til slår det til, og ei gruve er på veg. Ventetida kan variere, oftast går det fleire år, ettersom det skal både geologiske undersøkingar og politisk påverknad til før fødselen kan bli gjennomført. Når da så gruva er i gang, tar det gjerne litt tid før det er full drift, men så gjeld det å stå på så mye remmar og tøy kan halde. Jo fortare ein kan tømme, jo fortare kan ein rømme vidare.

Det jomfruelige landet blir meir og meir øydelagt, og vil i framtida ikkje kunne friste nokon som helst. Det bekymrar ikkje ungkaren så veldig, han har allereie seld selskapet og marka, og er på leiting etter nye jomfruer å utnytte. Gruva, som no allereie har sin andre eller fjerde eigar, byrjar å slite tungt. Dei høge prisane som ga gode inntekter både til den opprinnelige ungkaren og etterfølgarane hans, har ramla ned og snart går det heile med underskot. Ein vakker dag trekk gruva sine siste sukk og arbeidarane blir sendt heim.

Av stein har du kome, til avfall skal du bli, seier bustyraren og så kastar han eit par spadar med sement på gruveinngangen. Siste eigaren sit allereie på flyet til Bahamas. Ingen betaler rekninga til gravferdsagenten, så det blir ikkje noko kiste å kaste blomar på. I staden blir liket liggande å rotne for rev og ramn. Og snipp, snapp, snute .... Så var eventyret ute, men ruinlandskapet låg igjen, skreik i dei opne brota og rann giftige væsker av alle såra. Og ingen hadde ansvaret for noko.

Til sist eit lite spørsmål for dei som hugsar så langt tilbake som til 2013: Kva heitte næringsministeren som la fram den norske mineralstrategien?

Svein Lund


Til hovudsida.