Tankar sendt til medlemmar av Naturvernforbundet og andre som har arbeida for naturen og reindrifta i Biedjovággi, 18.12.2013.

Biedjovággi, gruvedrifta og framtida

Mandag 16.12.2013 var ein historisk dag, både for Guovdageaidnu, for naturvernet i Noreg – og for mineralnæringa. Med det knappast moglege fleirtal har kommunestyret i Guovdageaidnu sagt frå at norske kommunar og lokalsamfunn ikkje treng å legge seg flatt verken for internasjonal gruvekapital eller for ein mineralstrategi med mål å tømme ut alt som finst av verdiar i norske fjell i løpet av ein generasjon. Og i mineralnæringa har ein forhåpentligvis lært at ein ikkje kan få alt ein peikar på, men at det også finst andre omsyn enn deira profitthunger.

Det store spørsmålet no er jo om vedtaket vil bli respektert. Både Arctic Gold, Norsk Bergindustri og FrP sin stortingsrepresentant for Finnmark har allereie krevd at regjeringa må overprøve vedtaket. Så det kan dessverre sjå ut til at vi må ta enno ein kamp, denne gongen for kommunane sin rett til å seie nei til store inngrep i sitt eige område. Her vonar eg at også dei som ønska at Biedjovággi-planen skulle konsekvensutgreiast vil stå i lag med oss i at når det er gjort eit vedtak, så skal det respekterast.

Vedtaket som blei gjort i går var ei forbetra utgåve av vedtaket for halvtanna år sidan. Men mens det da var ei ganske spontan og uventa hending, var det no mogna gjennom lang strid, og dei 10 representantane som sto fast gjorde det mot eit stort press og iherdige forsøk på oppkjøp. At Arctic Gold klarte å få ein kommunestyrerepresentant til å snu, viser litt om dei kreftene vi står overfor. At dei ikkje fikk snudd fleire viser at motstanden står på fast grunn og at argumenta bare har blitt styrka i tida som har gått. Her er mange som har bidratt, vi kan vel seie at vi i Naturvernforbundet også har spela ei rolle her.

I innspurten foran det avgjørande møtet blei det spørsmål om eit enkelt ja eller nei. Når vi no kan puste litt ut, er det tid for litt nyansering og ettertanke. Eg meiner på ingen måte vi skal endre konklusjonen i denne saka, men vi skal tillate oss å stille nokre kritiske spørsmål før neste runde.

Mot all gruvedrift?

Ved fleire tilfelle dei siste par åra har eg møtt spørsmålet om Naturvernforbundet er mot all gruvedrift eller påstanden om at vi er det. Vi har da svart at det er vi ikkje, vi har ut frå ei konkret analyse av skadeverknadane gått mot nokre gruveetableringar (Nussir, Biedjovággi, Engebøfjellet i Sogn og Fjordane). Til andre (Sydvaranger m.fl.) har vi stilt krav om anna driftsopplegg eller avfallshandtering. Vi har sagt ein del om kva vi ikkje kan godta, men ikkje så mye om kva vi eventuelt kan godta.

Andre har vore meir konsekvente enn oss. Det finst ei Facebookgruppe med tittelen "Nei til nyetablering av gruvedrift i nordområdene". Mange av oss er medlemmar av denne gruppa, men har vi diskutert spørsmålet om kor konsekvente vi skal vere og kva som er alternativet vårt? Mange av kampfellene våre i Sverige har og ein meir konsekvent nei-politikk, med parolar som "Inga gruvor i Jokkmokk!". Burde vi ha "Ingen gruver i Finnmark!"? Eg meiner derfor tida er inne til å sjå på spørsmålet: Skal vi ta steget fullt ut og seie nei til all gruvedrift, eller skal vi diskutere kva vilkår som må oppfyllast for å godta eller ønske gruver?

Det er sagt at "Hele vår materielle sivilisasjon - og en god del av den åndelige med - hviler på en grunnvoll av jern." [H. O. Christophersen: Fra jernverkenes historie i Norge. Grøndahl 1974] Når Norsk Bergindustri hevdar at vi treng metall, har dei rett i det, men dei skiljer ikkje mellom behov og etterspørsel. Da vi påpeika at det ikkje er behov for å utvinne meir gull på kanskje 100 år, svarte dei at så lenge det er etterspørsel er det behov. Dei har også uttalt at det som finst av verdfulle mineral, det skal takast ut. Utgangspunktet deira er å tappe ut mest mogleg og tjene mest mogleg pengar i vår generasjon, om det er slik at "etter oss kjem Syndfloden", så er det ikkje deira problem. Regjeringa sin mineralstrategi er her ikkje anna enn bergindustrien sine ønske litt betre innpakka enn dei seier det sjølv. Vi må ha eit anna utgangspunkt, at gruvedrift skal vi drive når det er nødvendig for å skaffe materiale som vi treng, ikkje kvar gong internasjonale investorar ser ein sjanse til å tjene pengar. Forbruket av mineral, olje og andre ikkje fornybare ressursar er i dag alt for høgt, og vi må arbeide for å redusere det, blant anna gjennom å stanse unyttig og skadelig produksjon, produsere varer som varar lengre og resirkulere meir. Målet må vere å redusere behovet for uttak av mineral. Likevel vil det også i framtida vere eit visst behov for gruvedrift, og da må stille strenge krav både til det einskilde prosjektet og til lovverk og forvaltning.

Nokre generelle vilkår for gruvedrift

Kva er utgangspunktet for å starte ei gruve? Her er to ting som bør vere til stades:

1. Det er eit reelt behov for dei minerala vi kan ta ut. Det vil seie at dei vil gå til nyttig bruk for menneska, til å lage ting vi treng, som hus, kjøretøy, verktøy, elektriske kablar eller datamaskinar osv.osv. Vi bør ikkje starte ei gruve for å ta ut mineral som bare eller i alt vesentlig har skadeleg verknad, som f.eks. til atomvåpen og atomkraft, eller som vesentlig skal utvinnast for å brukast til verdilagring og spekulasjon. Vi bør heller ikkje ta ut millionar av tonn med masse dersom vi bare kan utnytte ein liten prosent eller promille av dette.

2. Det er sannsynlig at gruva kan gå med økonomisk overskot eller i balanse. Det skal vere svært viktige grunnar til det dersom ei gruve i utgangspunktet skal baserast på å bli halde oppe av skattepengar. Rekneskapen må omfatte alle sider ved gruvedrifta, frå den første leitinga til opprydding og restaurering av gruveområdet etter avslutta drift, samt evt. utgifter til oppreinsking etter forureining til luft, vatn og jord, og erstatning til interesser som blir ramma. Vi bør ikkje akseptere ei gruve som gir bedriftsøkonomisk overskot bare dersom samfunnet betaler store delar av utgiftene som gruvedrifta fører med seg.

Dersom desse to forutsetningane er tilstades, kan vi opne for ein diskusjon om korleis ei slik gruve kan drivast på ein måte som gir akseptable verknadar for naturen og på andre næringar, på kort og lengre sikt. Da går vi over på kva vilkår som bør stillast for å sette igang ei gruve:

3. Gruva må ikkje fortrenge eksisterande næringar, verken gjennom arealbruk eller gjennom forureining av naturgrunnlaget for desse næringane. Ei viss grad av ulemper kan aksepterast, så sant desse er mogleg å kompensere gjennom erstatning for tapt inntekt eller ekstra arbeid. Men det er ikkje akseptabelt dersom inngrepet fører til at nokon blir tvunge til å gi opp næringa på sitt gamle bruksområde eller hovudtrekka i bruksmønsteret. Gruva skal ikkje fortrenge personar, næringar eller folkegrupper som har tradisjonelle rettar til området dei brukar.

4. Gruva må ikkje føre til varig vesentlig svekking av naturen i området, som grunnlag for biologisk mangfald, naturopplevingar og utmarkshausting. Avfall frå produksjonen må i størst mogleg grad brukast som ressurs, eller fyllast tilbake i gruva. Dette må sikrast gjennom påbod eller avgiftsordningar som gjør det nødvendig for gruveselskapa å utvikle slike løysingar framfor avfallsdumping. Ein gruveplan må innehalde full kjemisk, fysisk og biologisk restaurering av området, og det må til ei kvar tid vere gitt økonomisk garantiar for dette som tilsvarar dei inngrepa som er gjort. Arbeidet med restaurering av natur må gjørast etter kvart, ikkje utsettast til ei gruve blir lagt ned etter mange år.

Dersom no alle gruveeigarar var opptatt av dette og gjorde slike tiltak frivillig hadde det vore vel og bra. Men gruveindustrien er internasjonal og opererer på ein beinhard marknad, der låge miljøkrav blir sett på som eit konkurransefortrinn. For å sikre ei forsvarlig gruvedrift, er vi derfor nøydd å stille to krav til:

5. Det skal vere eit lovverk som sikrar naturen og naturbaserte næringar mot uheldige verknadar av gruvedrift, som sikrar at gruveavfall blir minimert og i størst mogleg grad blir utnytta som nyttig ressurs.

6. Det skal vere eit offentlig godkjennings- og kontrollapparat, som ser det som si oppgåve å ta vare på natur og biologisk mangfald, og sørge for at lovar, forskrifter og internasjonale konvensjonar blir overheldt og ikkje uthula.

Dette var krava av omsyn til naturen, men sett i ein samfunnsmessig samanheng bør det vere eit krav til:

7. Lovverket må sikre at lokalsamfunn og regionar får ein garantert inntekt av gruvene, som avgift på omsetning, uavhengig av formelt og reelt overskot.

Dersom desse krava er oppfylt kan eg gjerne vere med på gruvedrift, også i Finnmark. La oss da gå over til å sjå på korleis dette ser ut konkret i dag.

Prinsippa brukt på gruver i Finnmark

La oss så sjå på dei gruvene som er i drift eller planlagt i Finnmark, i kva grad dei oppfyller desse krava.

Sydvaranger oppfyller etter mi oppfatning krav 1 når det gjeld bruk av jern, men ikkje for bruk av gråberg og avgang. Ved ei omlegging av avfallshandteringa kan ein også oppfylle krav 2. For krav 3 er skadane for reindrifta i stor grad allereie gjort, men dette må vurderast konkret i samband med planlagt utviding. I forhold til pågåande sjødumping er denne klart i strid med både fiskeri og naturmangfald i Bøkfjorden, og det er derfor nødvendig med omlegging til gjenfylling av dagbrot evt. alternativ bruk av masse. For krav 5 er lovverket her kanskje ikkje så klart som ønskelig, men likevel er det opplagt at det ikkje blir følgt i dag, og at hovudproblemet ligg på punkt 6, eit kontrollapparat som gir løyve til ulovlige utslipp.

Austertana oppfyller trulig punkt 1 og 2, for punkt 3 vil ei vidare utviding kunne føre til problem for reindrifta, og utslipp har ført til redusert fiske i fjorden. Selskapet har ikkje oppfylt vilkåra for inngrep i naturen, men kontrollapparatet har ikkje fungert. (Det vil seie at vi bør sjå nærare på denne gruva og konkretisere krav til forbetring og evt. avgrensing.)

Nussir kan seiast å oppfylle punkt 1, ut frå stort behov for koppar. Det ser også ut til at punkt 2 kan oppfyllast, men bare dersom ein finn ein annan måte å gjøre av avfallet. Derimot ryk dei tvert ut på punkt 3, fordi dei både vil fjerne grunnlaget for reindrifta i området og for fjordfisket. Vidare på punkt 4 fordi gruva vil øydelegge livet i fjorden og grunnlaget for laksebestanden i Repparfjordelva. Behandlinga saka har fått hittil av Miljødirektoratet viser at vi heller ikkje har eit forsvarlig kontrollapparat til å sette igang eit slikt eksperiment.

Biedjovággi ryk ut allereie på krav 1, da hovudmotivasjonen for å sette igang gruva er å ta ut gull. Det finst allereie 100000 tonn gull på lager i verda, da kan det ikkje forsvarast å sette i gang ei gruve for å ta ut 4 tonn til. Bortsett frå gull vil ein bare ta ut koppar. Dei metalla dei vil bruke utgjør omlag 1% av det ein vil ta ut, 99% blir altså liggande i terrenget som avfall, dels med stort innhald av giftige stoff. Til krav 2 kan nemnast at om vi ser på heile perioden 1952-2013 samla, er det ikkje tvil om at drifta har gått med samfunnsøkonomisk underskot. (Eg forsøker å finne ut kor mye, men det er ikkje lett å finne alle tala.) I første driftsperiode var det og eit bedriftsøkonomisk underskot på omlag 70 millionar, som tilsvarer rundt 500 mill. i dagens kroneverdi. Når Arctic Gold no har forventa bedriftsøkonomisk overskot, bygger det for det første på ein allereie passert topp i metallprisane, for det andre på at utgifter til restaurering av området ikkje er tatt inn i reknestykket. Punkt 3 er opplagt ikkje oppfylt, hinder for reindrifta var hovudgrunnlaget for kommunestyret sitt nei, ved sida av dei naturøydeleggingane som vi allereie har sett (punkt 4). Heller ikkje her er dei tre siste punkta oppfyllt. Min konklusjon er at Biedjovággi kanskje oppfyller punkt 2 i dag, men ingen av dei andre krava som må stillast til forsvarlig gruvedrift.

Grunnlaget for minerallovgivinga

Mange har undra seg over korleis det er mogleg at utanlandske selskap kan sikre seg retten til å leite og utvinne mineral i Noreg og at eit kanadisk selskap no har undersøkingsrett på omtrent halve Finnmarksvidda. Forklaringa finn vi i minerallova. Gjeldande lov er vedtatt av Stortinget i 2008, men hovudprinsippa har stått fast sidan den første bergverkslova blei gitt i 1539 av Kong Christian 3. Lova var basert på at Kongen/Staten hadde eigedomsretten til alle metall og malmar, kombinert med prinsippet om bergfridomen, som innebærer at einkvar kan leite etter metallforekomster, også på andre sin grunn, og at den som fann som hovudregel skulle ha rett til å ta det ut. Ingen har seinare våga å røre desse to hovudprinsippa.

Dei to viktigaste endringane som har skjedd i lovgivinga sidan, er at konsesjonslovane av 1917 sa at utlendingar ikkje hadde rett til å ta ut mineral i Noreg utan konsesjon, og at EØS-avtala førte til at dette forbeholdet blei oppheva i 1994. Derfor er det i dag fritt fram for gruveselskap og spekulantar å kjøpe opp mineralrettar i heile Noreg.

Det bør no vere på tide å stille spørreteikn ved om desse prinsippa er eigna for å styre forholdet mellom mineralnæringa og resten av samfunnet i vår tid.

Samar og metall

Det har vore ein tendens, både frå samiske, ikkje-samiske og anti-samiske miljø, til å framstille det som metallutvinning og metallbearbeiding er noko som er framand for samane. For nokre år sidan skreiv eg boka "Jernarbeid i samisk tradisjon", og eg syns det kan passe å trekke dette fram når det no er snakk om gruver i samiske område.

Det finst ein lang tradisjon i samisk metallarbeid. Arkeologar snakkar til og med om ein "samisk jernalder" der ein meiner å kunne skilje visse reidskaps- og våpentyper ut som spesielt samiske. Vi kjenner til typisk samiske jerngjenstandar (bl.a. jiehkku – S-forma skinnskrape) med over tusen år gamle røter. Det er kjent ei rekke namngitte samiske jernsmedar gjennom fleire hundreår, over store delar av Sápmi. Messing har også ei spesiell rolle i samisk historie og folketru. Metall og metallarbeid er derfor ikkje noko framandelement i samisk historie.

Dei aller fleste malmfunna som har ført til gruver frå Røros og nordover, er gjort av samar. Nokre av dei tjente litt på å påvise malmårer for styresmakter eller spekulantar, men det aller meste av rikdomen var det andre som tok. Det har vore gruvedrift i samiske område i alle fall sidan 1635. På eine sida har desse gruvene vore med å gi arbeid og inntekt, både til samar og andre. Dei har gitt opplæring i forskjellige fagområde og røynsler frå fagforeningsarbeid og vernearbeid, røynsler som mange har tatt med seg vidare i livet og over til andre arbeidsplassar. På andre sida har gruver ført til store naturinngrep, forureining og øydelagte reinbeite og naturområde. For samisk språk og kultur har gruvene også ofte ført til stor innflytting utafrå på kort tid og bidratt til språkskifte og usynliggjøring av samisk kultur og historie i samfunn som Sør-Varanger og Sulitjelma. Det er ei samansett historie, med både gode og dårlige sider, og vi skal ta med oss begge.

Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole med forløparar har utdanna mekanikarar sidan 1960. Ein del av dei har seinare jobba i Biedjovággi eller i bedrifter med oppdrag for gruva. Andre Biedjovággiarbeidarar fikk si opplæring på industrimekanikarkurset på AMO-senteret i Alta, og dei utgjorde grunnstammen i dei lokale fagfolka ved Biedjovággi i to driftsperiodar og ikkje minst i å halde anlegget vedlike i mellomperioden. I spørsmålet om det burde bli ny gruvedrift delte dei seg, nokre la mest vekt på arbeidsplassane, andre på naturøydeleggingane og problema for reindrifta. Eg kan godt forstå begge sidene.

Eg har sjølv vore elev og lærar ved Samisk videregående skole og reindriftsskole. Blant dei fleire hundre som der har fått utdanning i mekaniske fag, var vel omlag halvparten frå Guovdageaidnu kommune. Eit lite mindretal av dei fann arbeid i faget i bygda. Nokre dro ut i verda til vidareutdanning og mekanikararbeid i Kirkenes, Alta eller Nordsjøen, andre omskolerte seg til heilt andre yrke, nokre starta eigne bedrifter med skuterreparasjon og diamantboring. I forhold til mengda med folk med meir eller mindre utdanning i mekaniske fag, er det i dag stor mangel på slike arbeidsplassar i Guovdageaidnu. Eg har derfor ikkje vanskelig for å forstå dei som ønsker ei gruve velkommen. Da leiaren for Arctic Drilling nylig lanserte sin plan for ein større mekanisk verkstad i Guovdageaidnu, må eg seie at eg hadde eit ganske delt syn på dette. Eg ønsker at det skal vere mogleg å få til ein slik verkstad, men at det kan gjørast utan at vi treng å rasere reindrift og natur for å få desse arbeidsplassane.

Konklusjon

På dette grunnlaget kjem eg til at det dessverre ikkje er noko von om ei forsvarlig gruvedrift i Biedjovággi i overskodelig framtid. Kanskje ein gong i framtida, dersom behovet, teknologien og lovverket blir endra, og vi har revegetert dei gamle skadane på toppen av Časkias, at vi kan gå inn i tunnell frå sørsida og ta ut malmen i ei underjordsgruve, med produksjonsanlegget inne i fjellet og med utnytting av all steinen som blir tatt ut. Men dit er det langt fram. Om vi ein gong vel å gjøre det, skal det i alle fall ikkje overlatast til eit utanlandsk spekulantselskap som trur dei kan komme her med gulrota i eine handa og pisken i den andre.

I dag kan i alle fall Arctic Gold pakke saman og reise heim for å pleie konkursen sin og Lars-Åke Claesson kan søke førtidspensjon. Guovdageaidnu-samfunnet kan starte arbeidet med å lækje dei såra som denne opprivande striden har ført til i kommunen. For vi skal leve i lag i framtida også, og no bør vi legge dette bak oss og gå i lag om å arbeide for andre alternativ til utvikling og arbeidsplassar, arbeidsplassar som bygger på og ikkje trugar det som så fint er uttrykt av Samerettsutvalet si innstilling: "Naturgrunnlaget for samisk kultur".

Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri / Ávjovári luonddugáhttenlihttu


Til hovudsida.