Debattinnlegg publisert på internett 14.12.2013.

Kva meiner Arbeiderpartiet om gruvedrift?

For eit par dagar sidan spurte Naturvernforbundet i Ávjovárri i eit ope brev kva Norske Samers Riksforbund og Samefolkets parti meiner om gruvedrift. Bakgrunnen var at det mildt sagt ikkje var heilt samsvar mellom dei sentrale vedtaka og den konkrete praksisen særlig i samband med Biedjovággi gruver. No bør vi vel ikkje einsidig gå laus på ein part. For dei er slett ikkje aleine om inkonsekvent politikk. Eg vil derfor tillate meg å følge opp med litt søkelys på ei anna gruppe og spørre kva står Arbeiderpartiet for – lokalt, sentralt og på Sametinget.

Den sentrale politikken til Arbeiderpartiet på landsplan er klar nok: "Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i. Myndighetene skal bidra med gode rammebetingelser". (http://arbeiderpartiet.no/Politikken-A-AA/Arbeid-og-naeringspolitikk/Mineralnaeringen) Her er ingen forbehold om samerett eller reindrift eller andre hinder for mineralsatsinga.

Det samme partiet gikk hausten 2013 til val til Sametinget på eit program der det sto: Sametingets mineralveileder er et viktig verktøy for hvordan mineralleting- og utvinning skal kunne foregå i de samiske områdene. Arbeiderpartiet vil arbeide for at vern av beitenæringenes arealer er førende i forhold til lete- og utvinningstillatelser. (http://www.ap-sametingsgruppe.no/hele-programmet.295626.no.html)

Presidentkandidat og gruppeleder Vibeke Larsen skriv: Mineralvirksomhet må skje i sameksistens med eksisterende tradisjonelle næringer og kulturbasert høsting, og ikke til fortrengsel av disse. (http://www.ap-sametingsgruppe.no/hvordan-moeter-vi-mineralnaeringen.5268556-295625.html)

I Kautokeino har Arbeiderpartiet to representantar i kommunestyret. Dei har konsekvent arbeida for å få igang igjen gruva i Biedjovággi, trass i at denne heilt opplagt vil komme til fortrengsel for reindrifta og motstanden frå reindrifta er stor. Korleis har dei så løyst denne konflikten? Jo, Kautokeino Arbeiderparti gjorde 23.09.2012 eit vedtak om Biedjovággi som sikrar at ein kan vere både mot og for på ein gong:
1. Kautokeino Arbeiderparti kan ikke støtte gruvedrift i Kautokeino kommune så lenge gjeldende minerallov gjelder.
2. Kautokeino Arbeiderparti vil støtte at konsekvensutredning for Biedjovággi gjennomføres, men vi vil stille store krav til lokal sysselsetting og bidrag til kommunekassa før oppstart av gruvedrift kan godkjennes.

Konklusjonen overlatast til lesarane.

Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri


Til hovudsida.