Bokmelding sendt Klassekampen 27.03.2011, prenta i forkorta utgåve som debattinnlegg 04.04.2011.

Klassekampen-historie sett frå Oslo

Alf Skjeseth si bok "Sykle på vatnet" har blitt grundig presentert i avisa, med samme perspektiv som boka sjølv, sett frå redaksjonen. Men skal tru om det ikkje og burde vere plass for eit anna perspektiv, sett utafrå, frå ein av dei mange rundt i landet som på forskjellig vis har deltatt i arbeidet med avisa.

Boka har undertittelen "Historia om Klassekampen", i bestemt form, altså den eine Historia med stor H. Og det skal seiast at store delar av Klassekampen si fantastiske historie no er samla mellom to permar. Skjeseth har gitt ei levande historie om korleis eit lite parti utan rike støttespelarar klarte å få på beina ei månadsavis som blei vekesavis og dagsavis, og som mot alle odds har kome ut utan avbrot i over 42 år til no. Vi får ei levande skildring av korleis redaksjon, typografar og mange andre sleit for å få ut avisa dei første åra, med lønns- og arbeidsvilkår som avisa sjølv ville slått opp som skandaløse om dei hadde vore i ein vanlig kapitalistisk bedrift. Ei anna bakside av medalja kjem og godt fram i boka, nemlig dei interne stridene blant redaksjonsmedlemmar, styre og eigarar, og korleis sentrale personar i avisa si historie har vore langt flinkare til å skape konflikter enn til å løyse dei. Alf Skjeseth skriv godt både som forfattar og journalist, og all ære til han for det han har skrive, men eg skal heller seie litt om kva som manglar på at dette virkelig blir HISTORIA om Klassekampen, og ikkje bare ei av mange moglege vinklingar.

Gjennom tidene er vi tusenvis som har bidratt til Klassekampen på ein eller fleire måtar, med pengeinnsamling, spreiing av avisa og ikkje minst tips, innlegg og artiklar. Noko av dette kjem fram i boka, men etter lesinga sit ein igjen med inntrykket av at innsatsen først og fremst har vore i hovudstaden. Og det er den viktigaste innvendinga mi mot boka: Utan innsats over heile landet hadde avisa ikkje overlevd, men dette er konsekvent undervurdert i boka. Klassekampen si julemesse i Oslo er behørig omtalt. Men ikkje eit ord om at det i mange år blei arrangert julemesser til inntekt for avisa i alle fall nord til Hammerfest. Verre er det at stoff frå andre enn dei tilsette i redaksjonen knapt er nemnd i boka. Arbeidarkorrespondentane blir behandla som ein kuriositet. Her manglar ei analyse av kva dei faktisk bidro med til avisa, og korleis mange som starta med små og ikkje alt for gode artiklar, utvikla seg til flinke skribentar og ein del av dei blei journalistar i Klassekampen eller andre aviser.

Lokalredaksjonane er nærast bare nemnde da dei blei lagt ned, her er ingen ting om korleis dei arbeida og kva dei bidro med. Nokre periodar var det redaksjonsgrupper eller einskildpersonar som jobba gratis for Klassekampen. Andre gongar var det journalistar tilsette i full eller deltidsstilling, men stasjonerte i Bergen, Trondheim eller Hammerfest. I boka kan vi lese at alle stillingane utafor hovudstaden blei inndratt i ei av dei mange økonomiske krisene, men det er inga vurdering av kva som gikk tapt med dette og av kvifor desse stillingane aldri blei gjenoppretta når økonomien betra seg. Det store engasjementet i diskusjonar om innhaldet i avisa kjem og lite fram. Dette har kome til uttrykk som underskriftsaksjonar, som aksjelag, som oppretting av diskusjonsforum på internett. Felles for desse var at kritikarane sjeldan eller aldri fikk redaksjonen eller avisa sitt styre i tale. Dei fleste redaktørar og mange journalistar har sett kritikk av avisa som ein uting, og framstilt det som kritikarane var ute etter å øydelegge avisa, ikkje å forbetre henne. Ein einaste redaktør har aktivt arbeida for å få kritikken fram, men det er heller ikkje nemnd i boka.

Striden om skiftet av styreleiar og redaktør i 1997 har fått stor plass i boka, og her kjem fram mange interessante opplysningar. Likevel er det her og einsidig prega av kampar og intriger i Oslo. Det kjem ikkje fram at Klassekampen sine venner rundt i landet var engasjerte i dette, på den eine eller andre sida, og at motiva for kritikken av den redaksjonelle linja ofte kunne vere ein annan enn den som kom frå AKP/RV i hovudstaden. Eg var sjølv med på eit opprop "Finnmarkingar for ny KK-redaktør", som fikk stor oppslutning fordi vi opplevde ein redaksjon som verken brydde seg om å skrive om saker frå distrikta, følge opp tips eller høre på kritikk.

Skjeseth legg ikkje skjul på at nokre av redaktørane har vore vanskelig å samarbeide med. Spesielt får Sigurd Allern gjennomgå, og ut frå eiga røynsle kan eg bekrefte den kritikken. Men den kritiske sansen synast å vere borte når vi kjem til dagens redaktør, som knapt kan seiast å vere mindre einerådig og arrogant. Heile tre gongar har han gjort sitt beste for å knekke forskjellige diskusjonsforum om avisa. Ein massiv kritikk av manglande distriktsdekking blei fullstendig avvist og kritiske bidragsytarar erklært uønska. Mens skarpe progressive spaltistar har blitt fjerna etter tur, har ein EU-tilhengar frå Oslo fått klippekort på å spreie sin urbane uforstand og fullstendig motarbeide avisa sitt føremål.

For oss som i mange år har kritisert Oslo-dominansen i Klassekampen kjem denne boka som enno ei bekrefting. Redaksjonen ser ikkje ut over Oslo-gryta, og vil ikkje sjå lenger. Dette er ikkje HISTORIA om Klassekampen, det er ei partisk historie sett frå innsida og sett frå ei side i redaktørstriden, og her er mye igjen å skrive før ein får ei balansert historie om avisa som sykla på vatnet.

Svein Lund

Tidligare bidragsytar i Klassekampen og "Arbeidarkorrespondent Hammerfest"


Til hovudsida.