Debattinnlegg sendt Klassekampen 07.08.2013. Nekta inntatt med følgande grunngiving: "Takker nei til innlegget. Du har ikke tilsvarsrett og bringer lite nytt til diskusjonen. For øvrig er det allerede publisert på nett."

Er kritiske vener fiendar?

Underteikna er ein venstreprovokatør. Eg visste det ikkje frå før, men no har eg blitt stempla av Klassekampens redaktør, som jo er venstresida sin største autoritet, og da må det vel vere sant.

Kva er så det provokatoriske eg har gjort, i lag med mange andre: Jo, vi har tillatt oss å ha ei meining om den avisa vi har lest i mange år, og rekna som vår, "venstresidas dagsavis", ikkje "redaksjonens dagsavis" eller "redaktør Braanens dagsavis". Mange av oss har også skrive i avisa, både på debattsidene og på andre sider i den grad vi har sluppe til der.

I gamle dagar var det noko som heitte "arbeiderkorrespondentar". Om du i gamle aviser finn noko underteikna "Arbeiderkorrespondent, Hammerfest" er det sannsynligvis meg. Seinare blei eg korrespondent under eige namn, og ei kort tid journalistvikar i avisa, før eg igjen blei korrespondent. Til saman har eg skrive eit par hundre artiklar av forskjellig art i Klassekampen frå 1974 fram til Braanen overtok som redaktør og eg og andre korrespondentar rundt i landet ikkje lenger var ønska. Sidan har eg vore henvist til debattsidene, men der blir også stadig vanskeligare å slippe til. Siste året har eg sendt 6 innlegg. 2 av dei er tatt inn, begge er av avisa forvrengt til det ukjennelige, slik at dei sto fram som faktisk feilaktige eller meiningslause. Og noko retting var sjølvsagt ikkje mogleg å få inn.

Tidligare redaktør Jon Michelet oppretta ein gong ei eiga rådgivingsgruppe for Klassekampen. Han ønska å høre kva eit utval av abonnentar frå forskjellige miljø meinte om avisa og ta i mot råd frå dei. Braanen derimot, ønsker ingen råd. Han veit alt best sjølv, og jo mindre lesarane har eigne meiningar, jo betre er det. I alle fall skal ikkje avisa bidra til at slikt kjetteri kjem ut.

Det har vore gjort atskillige forsøk på å få til eit diskusjonsforum der vi som bryr oss om Klassekampen, og det gjør vi virkelig, kunne få diskutere MED redaksjonen og oppleve at vi kunne bidra til utviklinga av avisa. Men Braanen har konsekvent lukka øra for alle innspel og forsøkt å knekke dei forskjellige debattfora som har oppstått. Angrepet hans no er ikkje noko nytt, det er bare ei gjentaking og forsterking av det vi har hørt før.

Dette forsøket på å kvele debatten står i grell motsetning til dei prinsippa om demokrati og openheit som avisa elles har forfekta. Her gjeld ei lov borte, men ei anna heime.

Kan årsaka til redselen for open kritikk vere at Klassekampen under noverande leiing har bevega seg langt bort frå sin eigen formålsparagraf, som synast å vere så totalt gløymd at det er naudsynt å gjenta han: "Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn."

Lar dette seg sameine med den rolla avisa har hatt i 8 år, som støtteparti for den såkalla raud-grøne regjeringa (med halehenget Raudt)? Går dette i hop med ei innretting av innanriksstoffet mot Oslogryta med hovudvekt på Stortinget, departementa, Litteraturhuset og Universitetet? Med å forsømme dei store miljøøydeleggingane som trugar i nord og teie ihjel det samiske folket og striden om sameretten? Er det i samsvar med denne formålsparagrafen når dei som framleis forsvarer denne blir sett på avisa sine fiender?

Eg skal på ingen måte forsvare alt som skjer på det nemnde debattforumet. Alle slike debattforum har sine kverulantar og spalteplagarar, og debatten kan ofte hamne langt frå utgangspunktet. Som ein diskusjon om Klassekampen kunne forumet ha vore strengare styrt. Men når redaktøren no klagar over at forumet diskuterer alt anna enn Klassekampen, lyder det ganske falsk, for det er nettopp ein diskusjon om Klassekampen han ikkje vil ha. Frå redaksjonen er det stilt krav om at debattforumet skal bytte namn. Eg undrar om ikkje det er dagens avis som skulle bytte namn. Kva med "Monolitten"?

Svein Lund
Tidligare Klassekampen-medarbeidar, no "venstreprovokatør"


Til hovudsida.