Fedrelandet vårt har noko som få land i Europa har: Ei venstreradikal dagsavis, i følge formålsparagrafen til og med revolusjonær. Det er av uvurderlig verdi å ha ei slik avis. Uansett kor vi bur og kjempar, så treng vi denne avisa. Og eg skulle tru at avisa treng abonnentar og venner og folk som bidrar til avisa på mange måtar. Men dessverre ser det ikkje alltid slik ut.
Det meste er nord, sa diktaren og ministeren klappa. Kva sa Klassekampen? Snarare "Det aller meste er sør." I Klassekampen har nordområdesatsinga bare slått inn gjennom innsendte kronikkar og innlegg. I stoffet skrive av redaksjonen er det så godt som kjemisk fritt. Etter mange år med heile redaksjonen i Oslo, har avisa no oppretta journaliststilling i vår gamle hovudstad Nidaros. Vel og bra med betre dekking av Trøndelag, men det er ikkje der nordområdesatsinga og nordområdekampen går.
Avisa kan sjølvsagt ikkje ha journalistar overalt, men om ein tar styresmaktene si satsing på alvor, er det no vanskelig å komme utanom å ha ein nord for polarsirkelen. I tillegg finst det andre måtar: I gamle dagar hadde avisa lokalredaksjonar, frittståande korrespondentar og ei mengde tipsarar. Sjølvsagt kom ikkje alle tips på prent, men så stor del at folk såg ei meining i å fortsette.
Det var da det, og itte nå, for å sitere ein annan diktar. Den siste tida har eg forsøkt å tipse Klassekampen om tre saker som gjeld nordområda. I alle tilfella lova ein å ta saka. Deretter blei det musestille. Når eg så skriv ei felles etterlysing etter dei tre sakene, kva skjer så? Ikkje ein lyd.
Skal tru om det bare er eg som opplever dette? Her om dagen fikk eg brev frå ein kjenning som óg har forsøkt å bidra til Klassekampen: "På meg virkar det som om KK er totalt upåvirkeleg av folk som tek kontakt for å få dei til å skrive om noko." Tidligare blei lesarane oppmoda til å tipse, til å seie si meining om avisa og til å bidra på forskjellig vis. Det siste tiåret har eg ikkje registrert andre oppmodingar enn å kjøpe aksjer, gi pengar til Klassekampens venner og gi bort abonnement. Er det virkelig det einaste Klassekampen ønsker av lesarane sine?
Vi treng avisa, men avisa treng og oss før ho blir så uinteressant for oss i nord at vi gir henne opp.
Svein Lund
Tidligare Klassekampen-korrespondent
Guovdageaidnu
sveilund@online.no