Debattinnlegg sendt Klassekampen 07.08.2013. Samme dag fikk eg melding om at avisa ikkje vil ta det inn. Her følger svaret:
Hei,
vi vil ikke trykke dette innlegget. Alle får samme redaksjonelle behandling hos oss. Det er synd at du mener at kronikken din ikke ble presentert på riktig måte, men dette er gjort i beste hensikt og på samme måte som vi behandler alt stoff vi får inn.
Du er velkommen til å sende oss flere innlegg.
Beste hilsen,
Ingrid Grønli Åm
kronikk- og debattredaktør (vikar)
KLASSEKAMPEN

Min kommentar: Det kunne vel like godt stått: "Du er velkommen til å sende flere innlegg til vår søppelkasse, der er alltid plass."

Flytt Sápmi til utanriksredaksjonen!

Klassekampen har 07.08.2013 ein utmerka artikkel om overgrepa mot urfolksbarn i Canada. I artikkelen fortel utanriksjournalist Sissel Henriksen at 150000 urfolksbarn frå 1870 til 1996 blei sendt til internatskolar der dei blei nekta å snakke sitt eige språk, og utsett for mange andre overgrep.

Kva tenker vi så når vi les slike forferdelige historier? Så grusomt, godt at slikt ikkje har skjedd her! Men det har det faktisk. I Noreg blei dei første internata oppretta omtrent på samme tida, frå 1900 fikk vi eit systematisk program for internatbygging. Det siste internatet blei stengt i 1999. Også i dei norske internata blei urfolksbarna nekta å snakke eige språk og opplært til å bli norske i eitt og alt. Også i Noreg har statsministeren bede om orsaking for assimileringspolitikken.

Det er derimot to viktige forskjellar: For det første har ikkje Noreg fått noko sannings- og forsoningskommisjon. Derimot har norske styresmakter vist minimal interesse av forsking og informasjon på dette området. For det andre er dei overgrepa som har foregått i Noreg og arbeidet for å dokumentere desse ikkje av interesse for Klassekampen sin redaksjon.

Den siste påstanden bygger eg på at eg i vel ti år har deltatt i arbeidet med å dokumentere den samiske skolehistoria i Noreg og dei overgrepa som er begått her. Dette arbeidet har ført til 6 store bind av verket Samisk skolehistorie, utkome i tida 2005-13, samt tilsvarande og meir til på internett. Dei sentrale skolestyresmaktene har heile tida vore negative til dette arbeidet, og riksmedia har vore uinteresserte, med unnatak av eit intervju i Dag og Tid, samt at Klassekampen har hatt ein kort notis da første bindet kom ut, gjengitt ei innsendt bokmelding av bind 3. Fleire gongar undervegs har eg forsøkt å få Klassekampen interessert, men blitt sendt på runde mellom kultur, bokmagasin, nyheitsredaksjon osv. og det einaste klare svaret har vore at bokserien ikkje skal meldast i avisa. Til sist hamna saka i debattredaksjonen, der underteikna allernådigast fikk lov å skrive ein kronikk i sommar. Da denne kom på prent, var overskrift og ingress endra til det ugjenkjennelige. Da eg ba om å få inn ei retting, blei eg nekta dette. Lesarane skulle sjølvsagt ikkje få sjå korleis redaksjonen forvrenger innsendt stoff.

Eg er dessverre ikkje aleine om slike røynsler med Klassekampen. Det er mange som har slitt med å få inn stoff frå Nord-Noreg og om samiske forhold spesielt. Eg har no gitt opp å få noverande innanriksredaksjon til å forstå. Norske styresmakter har i prinsippet innrømt at staten Noreg er tufta på territoriet til to folk – det norske og det samiske. Klassekampen synast derimot ikkje å ha tatt dette til seg. For dei er det samiske komplett uinteressant, om reindrifta, fjordfisket og det samiske språket går til grunne er det uviktig i forhold til plasseringa av eit malerimuseum i Oslo.

Ut frå den utmerka artikkelen i dagens avis vil eg derfor foreslå følgande løysing på problemet: Sidan innanriksredaksjonen i Klassekampen ikkje anerkjenner samane som ein del av Noreg, får ein ta konsekvensen av dette og overføre samiske spørsmål og gjerne heile Nordkalotten til utanriksredaksjonen. Der er i alle fall folk med interesse for urfolksspørsmål. Svein Lund
Guovdageaidnu, Sápmi


Til hovudsida.