Brev sendt redaksjonen i Klassekampen 09.01.2018.

Farvel til Klassekampen.

Eg har vore fast lesar av avisa Klassekampen sidan ho byrja å komme ut i 1969, og abonnent nesten heile tida. Eg har vore bidragsytar og skrive artiklar av nesten alle slag frå reportasjer og bokmeldingar til usignerte leiarartiklar. Eg har vore tilsett i avisa i nokre månadar men elles bidratt som frilansar. Dei siste åra har eg ikkje vore velkommen som frilansar, men av og til sluppe til på debattsida. Heile denne tida har eg arbeida for at avisa skulle bli betre på dekking av Noreg utafor Oslo-gryta, særlig Nord-Noreg og samiske område. Dette har under noverande redaktør vore eit arbeid i sterk motvind. Det har vore umogleg å få redaktøren i tale, og sjølv på debattsida har det vore vanskelig å få noko inn. Da det endelig blei oppretta ei stilling for Nord-Noreg, var ikkje samiske spørsmål med i instruksen for det som skulle prioriterast.

Samtidig har eg sett meg meir og meir irritert over korleis avisa har lagt seg tett opp til den tidligare raud-grøne regjeringa og framstilt Arbeiderpartiet som del av "venstresida" trass i ein konsekvent høgrepolitikk. Det virkar no som det er ein samanheng her. Høgredreiinga har ført til at avisa har fått støtte langt inn i det AP-dominerte LO, som har finansiert Nord-Noregs kontoret. Og da bit ikkje hunden den handa som gir mat. Derfor skal det ikkje skrivast om at dei gruvene som LO ønsker seg forureinar naturen og raserer grunnlaget for samisk reindrift. Derfor kan innlegg som påpeikar desse manglane ikkje takast inn i avisa.

I dag sendte eg følgande innlegg til debattgruppa "Vi som bryr oss om avisa Klassekampen":

- også der KK teier står det i headinga til denne gruppa.
Eg vil derfor fortelje om eit alvorlig eksempel av at KK teier – og nektar å fortelle kvifor. For vel ei veke sidan skreiv eg eit innlegg til avisa med tittelen "Reindrifta og Klassekampen", der eg viste korleis denne næringa og kulturbæraren er fullstendig forsømt av avisa. Eg skreiv det som ope brev til redaksjonen og sendte til redaktøren og debattredaksjonen.
Frå redaktøren har eg ikkje hørt eit ord.
Frå debattredaksjonen har eg fått standard svar om at eg hører frå dei innan ei veke dersom dei vil prente innlegget. Da eg krevde grunngiving dersom det blir refusert, fikk eg til svar at eg skulle få høre frå dei. Men ingenting har eg hørt og veka har gått.. I mellomtida la eg innlegget ut på denne gruppa og på eiga Facebookside og har fått ein masse positive og ingen negative tilbakemeldingar. Det er inspirerande at folk faktisk heilt nede på Austlandet og Vestlandet etterlyser slikt stoff og seier eg om fortel viktige hendingar og kampar som riksmedia ikkje opplyser om.

Konklusjonen må dessverre bli: Det er ikkje nok at Klassekampen boikottar reindrifta og naturinngrep i reindriftsområde på redaksjonell plass, men dette emnet skal altså også utelukkast frå debatten. Ikkje nok med det: Dei nektar å grunngi kvifor.

I innlegget tar eg opp konfliktar og kampar rundt etablering av gruvedrift og vindkraft i reinbeiteområde. Desse sakene har også mange andre sider som heller ikkje blir belyst i Klassekampen. Kan det ha noko å seie at LO no er sterkt inne på eigarsida i Klassekampen og at avisa legg seg tett opp til LO sin industripolitikk? Som går ut på meir gruver, meir vindkraft og alt som ser ut som det kan gi industriarbeidsplassar. Uansett kva som måtte bli verknaden for naturen og for samisk kultur.

Men dette kan dei sjølvsagt ikkje skrive, fordi det ville møte stor motstand blant store delar av avisa sine lesarar. Derfor må heile spørsmålet teiast i hel. Som sagt, eg vonar eg tar feil, men når redaksjonen nektar å grunngi boikotten, kan eg ikkje finne anna forklaring. Eg skreiv at etter at etableringa av redaksjon i Nord-Noreg tok eg opp igjen betalinga til Klassekampens Venner. Det blei ein kort visitt. Utmeldinga blir sendt i dag.

Under her følger det refuserte innlegget, for den som ikkje har fått lest det.

Reindrifta og Klassekampen

Ope brev til redaksjonen i Klassekampen

Redaktøren i Klassekampen skriv nylig i melding til abonnentane at avisa kvart år og kvar dag får ein sjanse til å forbetre seg. Ved starten av eit nytt år vil eg derfor minne redaksjonen og lesarane på eit område der avisa har eit enormt forbetringspotensiale. Det gjeld den næringa og den kulturen her i landet som avisa aller mest har forsømt dei seinare åra.

40 % av arealet i Noreg er i bruk til reindrift. Reindrifta gir oss det beste og sunnaste kjøttet som er å få her til lands, og ei rekke andre produkt av innmat, skinn, horn og bein. Reindrifta er ei samisk næring og ein stor del av den samiske kulturen og språket er knytt til reindrifta. Men år for år minkar areala til reindrifta gjennom bygging av bustadar, forretningsbygg, vegar, kraftverk, gruver og andre inngrep. Når reindriftssamar må gi opp går bare ikkje ei næring tapt, men det er eit stort tap av kultur, språk og kunnskapar om natur og naturbruk.

Nylig gikk ei sak for Høgsterett, der ein ung reindriftssame hadde gått til sak for å få kjent ugyldig styresmaktene sitt pålegg om at han måtte slakte ned halve reinflokken og i praksis ikkje lenger kunne drive reindrift. Denne saka har blitt ei stor prinsippsak om retten til reindrift. Kan staten på eine sida kaste reindriftssamar ut av næringa fordi det er for mye rein i forhold til beitegrunnlaget, samtidig som ein godtar inngrep som reduserer dette grunnlaget. Reineigaren vann i to rettsinnstansar, men tapte i Høgsterett, ettersom Høgsterett aldri går mot statsmakta. Under rettssaka stilte søster til reineigaren ut eit kunstverk av 400 reinhovud på Stortingsplassen. Saka fikk stor merksemd, til og med Aftenposten skreiv på leiarplass at denne dommen betyr at reindrifta må endrast.

Kor var så Klassekampens redaksjon? Dei var ikkje i rettssalen. Dei var ikkje på Stortingsplassen og såg kunsten og hørte apellane. Dei sat vist på sine kontor og klipte inn "nøytrale" NTB-meldingar om saka og serverte som utfylling på nyheitssidene. I den siste NTB-meldinga om dommen var forøvrig bare landbruksministeren sitt syn funne verdt å referere, utan at det syntest å gjøre Klassekampen noko.

Over heile reindriftsområdet kjempar reindriftssamar i dag for si eiga framtid. Men samtidig kjempar dei også for naturen og for oss alle som ønsker at det skal vere inngrepsfri natur igjen i Noreg. I Trøndelag har dei slåst mot vindkraftutbygging på Kalvvatnet og i Meråker og vunne begge stadar, i ein allianse med bl.a. Naturvernforbundet. Kor var Klassekampen da? Framleis kjempar dei mot Fosen-utbygginga, der saka går for retten, men der utbygginga enno har byrja. Kor er Klassekampen da?

I Nordland kjempar reindriftssamar, med støtte frå naturvernarar, mot gruveplanar på Saltfjellet. I Klassekampen har det ikkje stått eit ord. I Troms har det blitt bygd ut svært øydeleggande vindkraftanlegg i reinbeiteområde og fleire er under planlegging. Klassekampen har ikkje sett det.

I Finnmark er det bygd fleire vindkraftanlegg i reinbeiteområde, som har tatt frå reindrifta store beiteområde. Her har reindrifta klart å stanse tre vindkraftanlegg, mens det aller største no er under planlegging. Det møter kraftig motstand, nylig er det levert inn høringsuttalar frå både reindrift, bygdelag, naturvernorganisasjonar, samiske organisasjonar og mange fleire. Samtidig kjempar reindrifta i lag med andre mot gruveplanar i Kvalsund og utviding av gruve i Tana. Kampen mot gruva i Kvalsund har pågått i 7-8 år. Klassekampen har klart å forteie dette heilt.

Som abonnent på Klassekampen frå starten har det vore mye både å glede seg over og ergre seg over med avisa. Som så mange andre rundt i landet ergra eg meg stort over Oslo-dominansen og gleda meg tilsvarande over oppretting av tre distriktsredaksjonar, derav to skal dekke reindriftsområde. Eg var til og med så optimist at eg tok opp igjen betalinga til Klassekampens venner. Mens eg venta og venta på at no skulle spørsmål om reindrift, samerett, samisk kultur og språk bli tatt på alvor i avisa. Eg må dessverre seie at ventetida er over. Både hovudredaksjonen i Oslo og redaksjonane i Tromsø og Trondheim har fått så mye tips om samiske saker, men det blir lite av det. Jo, nokre artiklar har det vore, tildels ganske gode, men det blir einskilde eksotiske innslag, så ein kan seie at vi har da skrive om samiske spørsmål. Men når avisa med namnet Klassekampen møter ein reell samisk kamp, for reindrifta, for språket, for naturen, da skyggar ein unna. Det må vere mange år sidan Klassekampen tok standpunkt i ein kamp som gjeld samiske interesser. Kor lenge må vi vente til neste gong? Sakene står i kø.

Svein Lund, Guovdageaidnu, sveilund@online.no

--- Om nokon framleis heng med her, så skal eg avslutte med at det er med sorg eg med dette avsluttar mitt snart 50 år lange forhold til Klassekampen. Eg har stoppa betalinga til Klassekampens venner, når abonnementet går ut no er det slutt. Eg vil halde fram arbeidet for naturen og for ei betre verd, men må innrømme at den avisa eg har hatt sånn tru på ikkje lenger står på rette sida og heller ikkje er tilgjengelig for innlegg, så får ein sjå om det finst eller oppstår andre forum.


Til hovudsida.