Debattinnlegg sendt Klassekampen 02.10.2016.

Urfolk – bare på bortebane?

29.09.2016 hadde Klassekampen ein utmerka artikkel om kampen som urfolk i USA fører mot ei oljeleidning som skal byggast gjennom fire statar. Kampen har fått stor merksemd i verda, også i Noreg, og Klassekampen refererer at Samerådet har engasjert seg i saka.

Det er jo bra at urfolk i Noreg, Sverige, Finland og Russland engasjerer seg i naturinngrep i andre land, for her heime har dei vel ikkje slike problem? I alle fall ikkje synest det ikkje i Klassekampen. For denne avisa har i lang tid nesten konsekvent utelukka samiske spørsmål frå spaltene. Likevel skjer det mye som ikkje Klassekampen ser, og ikkje vil sjå. Av plassomsyn må eg nøye meg med nokre få eksempel:

1. Gruveselskapet Nussir vil bygge den største koppargruva i norsk historie i Kvalsund, kaste avgangen på sjøen og beslaglegge reinbeiteområde. Mange har protestert, deriblant Sametinget, som har bede investorar trekke seg. – Ikkje interessant for Klassekampen.

2. Kommunestyret i Guovdageaidnu sa nei til gullgruve av omsyn til reindrifta, men gruveselskapet forsøker stadig å få vedtaket omgjort eller overprøvd. – Ikkje interessant for Klassekampen.

3. Staten ville legge ned Sameskolen i Hattfjelldal, og det blei reist ein kraftig motstand og demonstrert ved Stortinget. – Ikkje interessant for Klassekampen.

4. Landbruksdepartementet pressar no gjennom tvangsslakt av rein for å få ned reintalet i Finnmark, mange reineigarar må slutte, ein har gått til rettssak der han vann i første instans. – Ikkje interessant for Klassekampen.

5. Høgsterett har nylig dømt at reineigarar ikkje får eigedomsrett på Seiland, og erklært at Staten har vore rettmessig eigar – ei anerkjenning av at okkupasjon gir rett. – Ikkje interessant for Klassekampen.

6. På Fosen i Trøndelag kjempar sørsamar og naturvernarar mot ein gigantisk vindmølleplan som vil rasere reindrifta på Fosen. – Ikkje interessant for Klassekampen.

7. To av dei fremste debattantane om samar og samerett har i sommar gitt ut kvar si bok – med stikk motsette syn. – Ikkje interessant for Klassekampen.

8. Også i Sverige og Finland har samar kjempa mot gruver, vindkraft, skogshogging og andre naturinngrep – Ikkje interessant for Klassekampen.

9,10 osv....

Ingen har vel oversikt over kor mange tips Klassekampen har fått om desse sakene, men eg har sjølv gitt nokre og veit at fleire andre forgjeves har forsøkt å nå fram, men bare møtt stengte dører. Vi er mange som kunne bidratt, men slike bidrag er uønska.

I tillegg til aktuelle stridsspørsmål som gjeld næringar og natur, skjer det svært mye interessant innafor samisk litteratur, musikk, biletkunst osv., men dette finn heller ikkje vegen til Klassekampen, med eit mogleg sjeldant unnatak om det samiske teateret har førestilling i Oslo. Bøker som handlar om samiske spørsmål blir konsekvent ikkje anmeldt i Bokmagasinet, og samisk musikk blir ikkje nemnd i Musikkmagasinet. Det synest å vere ein konsekvent politikk som gjennomsyrar heile avisa. Klassekampen har dermed tatt standpunkt med makta mot samane med at livet, kulturen, språket og kampane deira blir halde usynlige i offentlige rommet. Dette er sagt fleire gongar før både av meg og andre, så redaksjonen kan ikkje late som dei ikkje veit. Tør dei så å prente dette og klarer dei å svare på det?

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til hovudsida.